lørdag 1. februar 2014

Alternativet kan vere så uendeleg mykje verre

 Dei siste dagane har vore i refleksjonens teikn. Eg tenkjer mykje på dette å ta kvarandre for gitt. Å tenkje over kor vidt livet slik vi kjenner det - kan snuast på hovudet i neste sekund. Nærheit til døden skapar liksom denne dimensjonen. Når eg ser på familien min blir eg då livredd for morgondagen. No har vi hatt to oktobermånader etter ein annan med katastrofale beskjeder. Kor meldingane har vore så kraftig kost at ein ikkje klarar å absorbere det som blir sagt til deg. Du må liksom lene deg litt bakover, i vissheit om at i ettertid vil eg skjønne kva desse meldingane inneber. Ein får diagnosen og dødsdommen på same tid. Ingen kur, kanskje i beste fall ein kan kjøpe seg litt tid. Etter slike opplevingar, blir den naturlege tanken er; "Kva blir det neste?"

Det å gå inn i dei tankane som ein er mest redd for, kan sjåast på - på to måtar. Ein kan velge å gjere det i destruktiv hensikt, kor ein lar det bryte seg ned. Eller ein kan besøke desse delane av redslene sine, for å nytte dei som ei rettesnor til kva man ikkje ynskjer å miste. For å sette pris på det man har, uten å ta det som noko sjølvsagt..

Ordtaket seier at livet er ei gåve - ikkje ei selvfølge. Mange av oss får denne vissheita brått og utan forvarsel i løpet av livet. Gjennom å miste eit barn, eller noko anna tilsvarande uventa eller unaturleg. Kvifor er det då slik at vi går gjennom livet, som den største selvfølge, at det ikkje skal skje oss? Like fullt, vi gjer det, alle som ein. Alle klarar vi å tenke at dette gjeld ikkje oss. Så viser det seg, brått og uten forvarsel, at det gjer det!

I dag såg eg ein lang status på facebook, vedkommande var fortvila og utkjørt. Såg ikkje løysing, visste ikkje si arme råd. Ikkje veit eg kva saka gjaldt, men at dette var eit menneske som kjente seg i enden av tolegrensa - det var tydeleg! Eg blei lei meg på vedkommande sine vegner, fekk eit sterkt behov for å hjelpe - og å støtte. Og mange med meg, etter antal kommentarer under statusen å dømme.

Dette fekk meg og til å tenke på korleis vi ser livet. Som noko som skal gå av seg sjølv - uten større problem, enn det vi klarar å løyse. Men så er det slik, at av og til kastar livet oss ein "curveball" som sler beina under oss. Då er vi nesten ikkje rusta til å ta imot den. Fordi vi ikkje forutsåg den.

Så i dag har eg tenkt på korleis livet mitt ville bli utan min beste venn og kjæraste. Kva om neste "curveball" var at han fekk ein slik beskjed? Eller han vart utsett for ei ulukke? Han blir lettare irritert når eg vandrar ned denne imaginære vegen. Og eg skjønnar han! "Kva skal det vere godt for?" spør han. Det har eg gått å fundert litt på i dag. Og eg har funne svaret, trur eg. Det er ikkje berre min tidvise morbide tendens til sjølvplaging. Det har faktisk ein misjon.

Ved å tør å tenke tanken, så får eg forestille meg korleis dette ville påverke meg. Eg smakar såvidt på kjenslene av kaos og fortviling, og eg ser då med litt andre auger korleis kvardagen vår no ser ut. Min fantastiske bestevenn, som toler alle delane av meg. Også dei som det er utfordrande å elske. Det er ikkje grenser for kva han vil gjere for meg og familien vår. Kor fortapt ville ikkje alle vi vore uten han?

Det skjerpar meg, og gjer meg takksam for kvart minutt han gjev av seg sjølv til oss. Han får meg til å yte maksimalt - heile tida, fordi eg har jo han som rollemodell! Og eg gjev av meg sjølv - like uforbeholdent som han gjer. Difor vågar eg innimellom å tenke på det utenkelege - fordi det skjerpar meg. Det set ting i perspektiv - og gjer meg takknemleg. Og det trur eg mange med meg kunne hatt godt av. Alternativet kan vere så uendeleg mykje verre !!!

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar