torsdag 6. februar 2014

Gje meg handa di ven ...

Denne setninga frå songen har dei siste vekene fått ei heilt ny tyding for meg. Eg nytta den instinktivt i ein situasjon kor eg såg at nokon trengde hjelp, men ikkje heilt var klar for å motta denne. Så istaden for å forklare kvifor eg måtte få lov å hjelpe - nytta eg denne setninga i det eg rekte fram handa mi. I belønning fekk eg eit vakkert og takksamt smil, og ei stor, sterk og trygg hand blei plassert i mi. Etter dette augeblikket vart denne setninga sagt mange gonger kvar dag, nokre gonger av meg, og nokre gonger av han som behøvde støtta. Alltid med eit smil, og kjensla av ei sterk hand i mi.

I dag høyrde vi denne sangen i kyrkja - av den flotte sangaren og skodespelaren Kathrine Lunde - og i eit sekund kjende eg denne trygge gode handa i mi att. For meg tyder no denne sangen verdigheit, omtanke, modigheit og sterke kjensler. Aldri vil eg gløyme smilet som fulgte desse orda, kvar einaste gong dei vart ytra.

Gje meg handa di, ven

Gje meg handa di, ven,når det kveldnar,
det blir mørkt og me treng ei hand.
La dei ljose og vennlege tankar
fylgje oss inn i draumars land.
Lat varmen frå ein som er glad i deg
tenne stjerner i myrkaste natt.
Gje meg handa di, ven,
når det kveldar,...

det blir mørkt og me treng ei hand.

Varme tankar og hender som trøystar
er som sol over frosen jord.
Kjenne varmen frå ein som er nær deg
gjev langt meire enn store ord!
Lat varmen frå ein som er glad i deg
tenne stjerner i mørkaste natt!
Gje meg handa di, ven, når det kveldar,
det blir mørkt og me treng ei hand.
 
Ei trygg og varm hand kan fortelle så mykje. Kjærleik, takksemd og kraft - sjølv etter at kreftene svinn. Ei trygg og kraftig hand kan utrykkje omsorg og vilje - også etter at orda er vekke. Det einaste rette er av og til å rette fram handa di, og tilby trøyst og styrke. "Lat varmen frå ein som er glad i deg tenne stjerner i mørkaste natt ...."
 
Eit sterkt far vel til den siste reisa. Og attende står frukten av eit langt liv, med sorger og gleder, og hundre-tusenvis av små minner. Som satt saman spelar ei livstid av stoltheit, audmjukheit og omsorg, samt fleire kjærlege handlingar enn nokon hjerne er i stand til å registrere.
 
Takk for det du var - og for alt du etterlet deg av taus storheit.
 
 

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar