lørdag 15. februar 2014

Flisa i andre sine auger ...

I dag har eg stått med høyreklokker og pussa trapp, og slik avstenging frå omverda får meg alltid til å gruble på ting og tang. Tema i dag, etter å ha lese ein status på Facebook, blir då vår ibuande trang til å meine noko om andre sine val. Dei fleste av oss har sterke meiningar om kva andre brukar tida si på - og korleis dei gjer ting, eller rettere sagt om korleis dei burde ha handla...


Sjølv har livet mitt bestått av nokre kloke, og andre mindre kloke val. Eit par val har eg faktisk angra på, og nokon ytterst få - later eg som om aldri har skjedd. Men dei fleste ting eg har gjort, eller latt vere å gjere, kan eg faktisk stå for den dag i dag. Og om eg skal dra ein tråd gjennom mi berg og dalbane gjennom livet, så er eg stort sett nøgd. Både med vala og resultata av dei gjeldande val.

Men kva er det som skjer når folk går berserk i andre sine liv? Og meiner mykje og mangt om andre? Kva er det då for krefter som tek laust i oss? Alle har vi ved eitt eller anna høve vore utsett for rykter på eit eller anna punkt, også eg. Nokre har vore sanne (!), andre har vore uten feste i verkelegheita i det heile, og eg har delteke hemningslaust i diskusjonane om andre ved, enkelte høve. Men kva er det i oss som får oss til å skvaldre i veg om andres ulukke, eller dårlege (ihvertfall i våre auge) val?

Eg trur at når misunninga startar å bevege sitt grønne hovud i vårt indre, så kjem overdrivingane og sannsynlegheitsberekningane som perler på ei snor. Etter avundssjuka vår gjer sitt inntog, følgjer ofte denne foreldrelause tre-åringen som bur i vårt indre på - med full kraft og tyngde, slik berre hemningslaust rasande treåringar kan! Og slik mine vener, blir vi alle til heksa som pratar over seg av rykter og løgner om andre, som kanskje meir eller mindre fortener det. Og min påstand er, at slik kan vi alle bli. Om vi let denne umodne og kravstore treåringen i vårt indre, bevege sitt stygge hovud. For uansett kva vi unnskuldar oss med, så ER det faktisk ingenting tiltrekkande eller klokt med denne treåringen. Han berre handlar på instinkt. Same instinkta som fortel oss at naboen sin nye bil skulle vore vår. Eller årets sydentur nummer tre til venninna di, eigentleg burde vore din første.

Våre meir eller mindre velmeinande "råd" til omgjevnadane våre, har vel kanskje heller noko med kva vi meiner er dårleg i våre eigne liv? Ting vi ikkje vil heilt innrømme for oss sjølv, plagar oss - ender gjerne opp som meir eller mindre gode råd - til andre. Og då ofte servert ved kjøkkenbordet til naboen, utan at gjeldane tilrådde er tilstades.

Ingenting skremmer oss meir enn dei som meistrar, som er suksessrike og vakre, eller tør gjere dei tinga vi sjølve ikkje klarar. Då blir dei jo gåande rundt som praktiske døme på alt ein sjølv ikkje klarar! Og hånar deg med all sin suksess på området. Og der kjem denne treåringen inn att med all si prakt. Og er du ikkje obs på han - så går du fem på - nok ein gang. Mens du høgtideleg bedyrar at "Nehei - eg er jo ikkje slik!!!" Dagens dårlege nyhende er nemleg at det er du!

Det einaste som skil oss frå kvarandre, er kor vidt ein er vaksen nok til å tørre å innrømme desse mindre delikate eigenskapane ved personlegdomen vår. Og gjennom det - søke å gjere noko med det. Kun på denne måten kan man forbetre slike udelikate personlegdomstrekk.

Mitt poeng er at vi alle pratar og meiner noko om andre sine liv. Og vi alle blir såra av dei som gjer det same mot oss. Men kva er poenget? Kvifor brenn vi energi på slikt? Kven som forlet kven, kven som ligg med kven og kven som har råd til ferie eller ikkje - må då vere opp til den enkelte? Pratar vi så hardt om andre for å dra fokuset vekk frå våre eigne tabber? Eg trur det.

Eg har jaggu fylt tabbekvoten min, både på eine og andre måten. Og den einaste måten eg kan ha noko igjen for alle dei flaue og fornedrande opplevingane, må jo vere å nytte dei som erfaringar i høve å unngå nye? Så slepp eg å drite på same leggen ein gong til? Så folkens - dagens oppfordring:

Slutt i å meine noko om alt og alle, kost trammen du har foran eiga dør - og konsentrer deg om det. Kva som ligg på trappa til naboen burde vere deg likegyldig. Med mindre du har lyst å ringe på der borte, og spørre om dei treng hjelp til å flytte på noko då? Det tenker eg vi alle kunne bli flinkare til å gjere .....

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar