onsdag 12. februar 2014

Så var det DEN dagen ...

Ja, då var vi her igjen. Den 12. i månaden. Lønningsdag - tenker nok du. Men nei, det er ikkje det høgaktuelle i dag. Det er dagen då kroppen veg omtrent ti gonger si eiga vekt. Stemma er skjelvande av kjensler, og det brenn i mageregionen. Av alt som er fylt opp der gjennom ein heil månad.  Alle kjenslene du har høyrt om, irritasjonar, tårer, alle gongane du har låst kjeven din for å ikkje seie noko, smerter du aldri har kjent maken til, og ei uendeleg tung tristheit. Knytt i hop av eit sinne som berre kan utløysast av ... ja - ingenting i grunn....

Dette er dagen i månaden ondskapen vi alle har buande i oss, stikk sitt lite flatterande hovud fram. Du kjenner at du verkeleg har lyst å flå omgjevnadane dine. Mannen (i dag er han ikkje min beste ven og kjærast!), ungane (som plutseleg er blitt nokre små ufyslege og irriterande vesen!), naboen( du eigentleg aldri har likt!!) og kjerringa (heksa) foran deg i køa på butikken som faktisk irriterer i måten ho trekk pusten på. Det kriblar og kryp rundt i kroppen, kvar ein millimeter synast å vere i beveging - av ei glødande masse av raseri.

Mannen luktar lunta serdeles raskt for han å vere, og trør rundt deg med glasskoa sine. Og HERREGUD kor irriterande er ikkje det???!!! Han søker å varte opp med omsorg og fløyelsmjuk stemme, og før eg veit ordet av det - utan å trekke pusten ein gong - snerrar mot han, i eit glefs - og så tygg eg familiejuvelane før eg spyttar dei foraktfullt ut att. Hugsar ikkje ein gong kva som vart sagt, berre at angeren sler pusten av meg, nesten før augene er opna att, etter at eg blunkar - for å fjerne den raude tåka foran auga mine. Han er sjanselaus! Likevel forsøker han. Kvar månad, forsøker å løyse på situasjonen - å blidgjere monsteret.

Denne dagen blir ungane mine nesten usynlege. Dei unngår augekontakt, svarar ting som "Ja, mamma - Sjølvsagt, mamma". Ikkje ein gong eit "Eg elskar deg, mamma", dristar dei seg til. Stega er lydlause over golva, og leksene er gjort utan den sedvanlege kjeklinga eller omturane med andre "naudsynte" ærend. Som skye kattungar, nett plasserte i ny heim. Eg kjenner formeleg kor auga deira kviler på meg. Korleis har ho det no? Kva gjer ho? Ser ho meg?

Eg går ikkje på butikken på slike dagar - må unngå det - fordi impulsane til å bite over strupen på framande i køa er nesten overveldande. Den einaste høvelege handlinga denne dagen, er å køyre heim frå jobb, dersom kollegaene mine er så uheldig at eg er på jobb denne dagen, og legge meg under dyna med IBUXboksen tett mot hjartet.  Nokre fordelar har jo dei med at eg jobbar turnus. Det hender eg har fri på denne dagen.

 Raseriet herjar i cellene, og eg vil berre skade! Heilt til kjensla er erstatta med fødselsriene som lammar deg ifrå brystet og ned i knea. Då er det berre å opne boksen med dei kvite avlange, opne gapet - å rope med ynkeleg stemme: "Elskling - kan du finne eit glas vatn til meg?" Er han då litt kort og irritabel - hamrar tårene ukontrollerert - som fossefall nedover kjaken, mens eg hikstar fram: "Kvifor er du så sur? Ser du ikkje kor dårleg eg er?"

Så er det verste over då, med unntak av at ein bruker meir bleier enn ein nyfødt i løpet sine første levemånader. Når dei verste delane av monsteret har lagt seg i dvale att, er det berre å starte kanossagangen med husbonden, for då har ein nøyaktig 30 dagar å gjere bot på - til neste runde med mørkets fyrstinne. Mens tanken på hysterektomien kjem stadig nærare - månad for månad. Den er vel snart like uungåeleg som vatn på vestlandet. Iallefall dersom eg fortsatt skal ha ambisjonar om å bu som ein del av ein familie....

Den kvinnelege frodigheita - å du kor vakker den er !

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar