torsdag 27. februar 2014

Der forsvann jentene i speilet ...

Sit å høyre på Debatten på NRK1 i kveld, og tema for kvelden er krenking av utsjånaden til unge kvinner. Unge kvinner lir av både bulimi og anoreksi, og unge kvinner blir manipulert inn i skjønnhetsideala skapa av milliardindustrien som sel skjønnheit. Dei pratar om muffinmage, det har eg ikkje høyrt om før - og mange meir eller mindre kreative ord som beskriv mindre tiltrekkende fokus på utsjånad. I den debatten står ei med eit smykke med ordlyden feminist rundt halsen, å snakkar om unge kvinners vanskelege oppvekstvilkår i Noreg i dag, med alt fokus på det perfekte idealet.

Eg blir rett og slett litt mållaus. Fins det ikkje unge gutar med anoreksia og problemer i dette området? Verkeleg? Står vi i 2014 å påstår at den undertrykte kvinna, blir totalt herska av skjønnhetsidealet? Eg har stått å forelest for både unge kvinner og menn, og eg ser ingen skilnad i tid og omhu som blir nytta på utsjånaden. Den unge guten er akkurat like strigla som den unge jenta. No er det faktisk store mørketal på gutar som slit med spisevegring, nett fordi det ikkje er allment akseptert at dei har desse problema.

Tru meg, eg har bikka 40 år, og eg lever i smerteleg erfaring på kva som skjer med blant anna elastisiteten i huda mi, kvar dag. Skarpe vitsar om at det einaste som ikkje sig nedover med tyngdekrafta, er tannkjøtet - det kryp nemleg oppover - kan eg bekrefte STEMMER! Det går ikkje ein dag utan at eg finn nye "knørva" hudfolder rundt auga. Og tannhalsane blir jaggu berre tydelegare og meir framheva kvar einaste veke.

Eg bur i tillegg i lag med tre NYDELEGE ungjenter. Og hadde eg tatt betalt for kvart brukte minutt foran speilet - hadde eg vore rik! Og er dei så smellvakre at eg blir tydeleg klar over eigne "avgrensingar" i høve eigen skjønnhet? Joda. Er eg begeistra for deira oppfatning av eige utsjånad? Overhodet ikkje! Dei skulle sett seg sjølv gjennom mine auger - så hadde dei ikkje bekymra seg eit sekund til i livet over eigen fasade. Og eg hadde nok vore meir begeistra for at dei erstatta noko av sitt reine fokus på eige utsjånad, med dei indre verdiane - og korleis dei blir vakker på innsida. Men veit du? Dei er like fantastiske - både før og etter timen på badet! Og det prøvar vi å formidle til dei - i ein eller anna variant - kvar dag. For ein stor del av ansvaret for korleis dei blir, og kva fokus dei har, ligg i våre hender. Foreldra. Men då må vi faktisk gå foran med eit godt eksempel sjølv. Barn av foreldre som røyker og drikk, røyker og drikk meir enn dei som ikkje veks opp med slike foreldre. Høgt utdanna foreldre, får ofte høgt utdanna barn. Jada, mykje er midlar og vilkår - men det er også heva over all tvil om at eksempelets makt er sterkt!

Kva med oss kvinner som reduserer mannen til ein amøbe som ikkje klarar å føre ei samtale - samtidig som han kler på ungane? Eller omtaler av hentesveis, eller ølmage, eller tyrenakke? Ikkje mykje positivt å hente der heller. Dette kan vi ikkje seriøst gjer om til ein feminismedebatt? Det må jo først og fremst fordre ein ting - nemleg at det IKKJE er kvinnene som kritiserer, og skaper dette fokuset? Og det trur eg nemleg er ein stor del av problemet. Vi kvinner blir så usikre om nokon skil seg ut som spesielt vakre, eller flinke eller kva som helst. Og då er vi ikkje nådige. Så kven skapar slikt fokus?

At ungdommen vår har eit unaturleg stort fokus på utsjåande, skal eg vere den første til å vere einig i. Men Telenorreklama er fantastisk god, den kor landoverflata blir løfta opp og legg seg dobbelt over horisonten. Symbolismen er klar - nemleg at verda krympar - alt blir nærare. Inkludert USA og Hollywood. Då får vi filmindustrien og denne pengemaskina nærare også. Eg skulle ønske at ungdommen fokuserte mindre på korleis dei såg ut - at dei ikkje hadde kun fokus på dei rette klæra, hairexstensions, vippeexstensions etc etc etc. Men dersom eg tenker tilbake til min ungdom, så hørte eg mamma mase om min "naturlege" skjønnheit, at eg ikkje måtte bruke så mykje sminke. Ho holdt på å rive av meg hovudet då eg tok den nye, dyre dongeribuksa mi, og la den på vaskeromsgolvet og kasta klorin over heile. Deretter klipte eg opp saumen på begge sider, og sydde inn nokre lakenstoff med mønster i splitten. Den tiraden som fulgte etter det stuntet - kan eg gjengje nesten ordrett den dag i dag - 25 år etter.

Tilgangen var dårlegare, men vi var nok like radikale vi. På 60-talet sprengte Elvis og hoftevrikken alle grenser, min generasjon gjekk med bleika hår og 1 tonn hårspray, svart kajal og kvite lepper. No ser ungdommen ut som gulerøtter, har Extensions her og der og oppe og nede! Det kallast ungdomstid og rebellering. Skjørtelengden er kortere enn håret på .... og utringinga lågare enn navlen. Og eg reagerer AKKURAT slik mamma reagerte på mitt utsjåande. Men at vi øydelegg jentene våre, DET trur eg ikkje noko på. Då er gutane like godt (eller dårleg) stilt.

Dei veks nok opp og blir folk desse og - enten ord som grevinneheng - som eg første gong hørte om då ho mamma fekk problemet, eller muffinsmage - som eg ALDRI har hørt om - blir vanleg i alle sitt vokabular. Vi vel kva verd vi vil leve i - kvar dag. Og eg trur at ungdomsopprør vil fortsatt vere ungdomsopprør. Men at nokre ord som beskriv kvinneleg utsjånad skal vere avgjerande, nei - det trur eg ikkje. ALT er ikkje diskriminering, vi må i alle fall sjå på kven som diskriminerer. Trur vi skal vere mot andre - slik vi vil andre skal vere mot oss eg. Så får dumme mannfolk og stygge kvinnfolk segle sin eigen sjø. Eg syns no at ho frå Spekter som heller ville ha ein diskusjon rundt kvinner som er tvungen i deltidsstillingar er eit LITT viktigare tema, og at ho var den som kom best ut av heile "debatten". Men det er no MI meining!
KØYR DEBATT!!!

onsdag 26. februar 2014

Teite mødre som rett og slett ikkje skjønar bæret...

Vi har ein pågaånde diskusjon i heimen. Til våren startar vi eit raid av konfirmasjonar. Bonusdotter på 14 står konfirmant i mai. I 2015 er det min 13-åring sin tur, så har vi eit års opphald, før 11-åringen og 10-åringen følger på - år etter år. Årets konfirmasjon er planlagt, snart på detaljnivå - og konfirmanten sjølv er snart ferdig med obligatoriske gudstenester og undervisning. I denne anledning tok eg opp med min son korleis han tenkte at han ville ha sin dag, til neste år. Han svarar ganske så kjapt - at han vil konfirmere seg borgerleg. "Jaja"- svarer eg, "men kvifor det?" Guten svarar så sjølvsikkert og trygt at han er ikkje kristen, så det så. Okay tenker eg, men kvifor då konfirmasjon i det heile?


kilde svensk wikipedia
Dette startar litt tenking, og ei rekke undersøkingar hos meg. Eg svarar sonen min at eg ikkje vil ta stilling til om han skal konfirmere seg i humanetisk ånd, eller i kristelig. Først må han gjere ein jobb. Eg vil at han skal sette seg inn i begge konfirmasjonsformer, for så å begrunne kvifor han vil det ein eller det andre. Eg ser han omtrentleg himlar med auga, for han mumlar noko uforståeleg i sin prepubertale skugge av eit skjegg. Men eg forstår klart og tydeleg kor teit eg er - sånn omtrent den teitaste mora i heile verda!

Vel, først tenke - så Googlar vi, og her er kva eg finn på Wikipedia;


Konfirmasjon - av det latinske confirmare, tydar å bestyrke eller bekrefte. Dette er opprinneleg eit kristen overgangsrituale. Overgangsritualer frå barn til vaksen fins i dei fleste kulturar verda over. Det har fått ulik vekt og utformin innan dei ulike delane av kristendommen. Historisk sett har dette ikkje vore sett som eit overgangsrituale frå barndom til vaksenalder, det har tilkomme i enkelte trussaamfun seinare.

Då er vegen kort til Humanetisk Forbund, og deira forklaringsmodell på den humanetiske varianten;

"Formålet med Humanistisk konfirmasjon er å styrke humanistiske verdiar i samfunnet."

Humanistisk konfirmasjon er eit tilbod til ungdom som ønsker eit kurs i livssyn og etikk, og ein høytideleg seremoni på dette grunnlaget. Målsettinga for kurset er å styrke dei unges evne til sjølvstendig tenking og etisk handling, gjennom å fremje
  • innsikt i eigne opplevingar, haldningar og åtferd
  • evne til refleksjon og til å stille kritiske spørsmål  
  • bevisstheit om livssyn
  • evne til omtanke, respekt, toleranse og til å ta ansvar".
Ja, eg er for alt dette. Men eg heng meg då dessverre opp i ordet konfirmasjon, som tyder å bekrefte eller å validere noko. Guten er døypt, nettopp fordi han skulle få ta dette valet, men når han då skippar rett på konkluderinga - heng eg ikkje med lengre. Eg er såpass enkel i tankegongen, at dersom han ikkje vil gjere dette i kristen tradisjon - kvifor i alle dager skal han gjere det i det heile?

Det er klart at eg skjønar jo kva som foregår i hovudet på 13-åringen. Han har ein gylden anledning til å tene nokre kroner, og jaggu krevs det ein litt oppegåande tankegong å bevisst velgje vekk ein slik anledning. Men det tenker eg faktisk at han kan - dersom det for han ikkje er viktig å stadfeste dåpshandlinga vi utførte 26.mai 2001. Det eg ikkje sa til han, er at eg skal då heller gladeleg betale han det konfirmasjonen ville kosta meg i tid, kroner og arbeid - for dette meiner eg faktisk er heilt prinsippielt.

Vi vaksne er oppteken av manglande verdiar hos ungdommen vår, dei blir kalla curling generasjon, og er sydd puter under armane på. Spørsmålet er då, er eg villeg til å halde ein fest og stor ståhei for noko som for han berre betyr - ingenting? Skal eg då gje etter for slik tankelaus surfing av goder som ein borgerleg konfirmasjon er? Når det er ein tradisjon festa i den kristne tradisjonen som dåpen er?

Skal eg feire hans overgang til vaksenlivet - vil eg heller gjere det når eg ser han nærmer seg. For 60 år sidan, slutta ein skulen, og begynte å jobbe då ein var 15 år. Då var barndommen over. I dagens samfunn er ikkje ein 15 åring vaksen. Og skal eg dømme etter dei i hushaldet som har gått føre han i denne modningsprosessen, så er det året mellom 17 og 18 det meste av modninga skjer. Før den tid er det stakkarslege saker. Då er det hormonar, smelling med dører, himling med auger og "Herregud kor teit du er!" i alle himmelretningar.

Nei takk, eg skal med glede feire guten når han er ferdig med vidaregåande, og gjerne halde fest og betale dyre gåver då han står på farten ut av redet. Men neimen om eg for einkvar pris set han til med ein konto å skusle med på drit og ingenting før den tid. Men vil han feire dåpen sin, og markere at han fortsatt ynskjer å stå ved den kristne dåpen - skal eg med glede gjere det også. Så guten fortvilar, mora skjønar ingenting! - og vil ikkje la han kjøpe den billigste vegen til feit konto. Han må studere alternativa, lære seg kva dei begge tilbyr, for så å ta eit velovervegd val som han må grunngje - til denne teite mora - som rett og slett ikkje skjønar nokon ting! At det går an å ha det så vanskeleg....

tirsdag 25. februar 2014

Med orkan i kasta ...

Eg har hatt ein strålande dag. Ein dag kor mykje har lysna i hovudet, og ein dag med berre gode samtalar. Ingen store og livsaltererande ting, ja-ja om du ikkje kallar tema og problemstilling for masteroppgåve livsaltererande då. Men det lyspunktet kom faktisk berre som eit biprodukt av ei god samtale. Så deilig med ein dag fullt av positive augeblikk!

Slike dagar får eg ikkje nok av! Gode oppklarande samtaler, kor eg finn likskap, forståing og felles interesser. Som sagt var det på ingen måte dei store eller djupe samtalane, berre småprat som gjorde så uendeleg godt. Dette får meg til å tenke på presset vi heile tida legg på oss sjølve, press om at alt skal bety så uendeleg mykje, du skal utrette store og viktige ting, og ha dei viktigste og best betalte jobbane. For å i det heile tatt bety noko. Trur vi...

Eine samtala eg hadde i dag, var med ein av studentane mine, som eg nettopp har underkjent eit arbeidskrav til. Når eg sat og retta dette arbeidskravet vart eg irritert på meg sjølv, fordi det var så tydeleg at studenten ikkje hadde skjønt kva eg prøvde formidle i rettleiing. Dette tok eg sjølvsagt, og heilt utan eit einaste sekunds tvil, på eiga kappe. At det sjølvsagt var mi formidling det feila noko. Og at han då ikkje var aleine om å få underkjent arbeidskrav i den gruppa, styrka i alle høve mi tru på den teorien.

Eg spurte han om han hadde behov for meir rettleiing i dette arbeidskravet, og dette svara han benektande på. "Kommentarane du la ved, var veldig logiske då eg fekk dei," svara han, "skulle berre ønske det var like logisk då eg skreiv arbeidskravet i utgangspunktet!" Eg lo litt, og ba han ta kontakt om han trengte det, og gjekk derifra.

Kva er det med oss som gjer at vi så gladeleg underkjenner arbeidet vårt, ved det minste teikn på motstand? Klart at sannsynlegvis så spela mi rettleiing inn på hans resultat, men det handlar vel så mykje om denne studenten si modningsreise. Ikkje berre om kor dyktig eg er? Det vart eit såkalla "lyspære"augeblikk for meg.

Alt vi gjere kvart einaste sekund kan ikkje vere like viktig og stort. Alle handlingar kan ikkje vere like avgjerande heile tida - noko av det vi foretek oss jo nødvendigvis vere litt trivielt og. I livet er det flest kvardagar seiast det - og akkurat difor er det dei dagane vi bør vektlegge mest. Ikkje heltedåden ein kanskje er så heldig å få lov å utføre ein eller to gonger gjennom eit liv.

Dette tek meg litt tilbake til mine grublerier det siste året. Kva blir vel større og viktigare enn å få lov til å ivareta at ein nær deg skal få lov til å døy heime i eigne omgjevnader? Etter ei slik reise er det jo ikkje det minste rart at alt anna er smått og trivielt? Eg har vore så i villreie på kva eg skulle bruke tida mi til etter at ho mamma vart sjuk - og døydde. Det er jo ikkje det minste rart at alt eg gjorde etter det, kjentes uviktig og ubetydeleg?  Og etter at svigerfar fekk same skjebnen, under eit år etter mamma, så begynte eg jo verkeleg å lure på om alt eg styrte med skulle målast opp mot dette.

Eg har vore så redd for at eg har vore utbrent, at det var faget eg ikkje orka meir. Men på same tid har liksom ikkje det stemt heller - fordi eg kjenner jo at kvar fiber i meg, brenn for sjukepleien. Men i dag skjønte eg det - i dag forstod eg plutseleg at eg berre har vore i  villreie etter noko av det største og viktigaste eg nokon gang har gjort, eller ønska å gjere. Det har vore ein overgangsperiode, kor eg har måtte omstille meg etter ei katastrofe. Ingenting har kunne måle seg med dette etterpå. Same kva eg styrte med, så hadde det liksom ikkje same meining eller viktigheit. Og det skulle jo berre mangle! Det kan eg jo berre håpe at ingenting vil i framtida kunne gjere heller. Men akkurat det er eg kanskje ikkje så sikker på.

Kvardagen er heldigvis vanlegvis berre triviell. Du gjer dine daglege ordinere gjeremål, og kjenner at du innimellom koplar inn autopiloten. Og det er nok slik ein vil helst ha kvardagen, stabilt og trygt. Så kjem det innimellom ein og anna storm, med uvisse og redsle for framtida, akkurat nok til at når stormen bles over, så er du så sjeleglad for kvardagen slik den er. Det eg har gått rundt å fundert litt på, er nok kvifor stormen har lagt seg? Kvifor ferdast eg no i lun sjø, og kvifor mørknar han ikkje i horisonten?

Så har eg leita litt etter orkanen eg då. Heilt til i dag, då eg skjønte at det er slik det skal vere. Eg har "fritur" - til neste storm med orkan i kasta. Og frituren den har vi for å fundere litt over tiltaka vi hadde forrige storm, dra erfaringar og lærdom, slik at vi er betre rusta til neste runde. Nyte kvardagen og det litt intetsigande i rutinemessige gjeremål.  Så no sluttar eg å leite etter stormsenteret - eg legg meg på solmadrassa på lading. Prøvar å stålsette meg for neste runde. Puste med magen - som ho mamma alltid sa.

 
 Alle disse dagane som kom og gjekk - ikkje visste eg at dei var sjølve livet

mandag 24. februar 2014

Kven vil du skal stelle ditt kritisk sjuke barn?

I dag vil eg kommentere ein debatt som har resultert i ein kronikk skrevet av Anne-Grethe Naustdal og medforfattarar - publisert i Aftenposten i dag. Den tek opp systemet skikkaheitsvurdering i ulike profesjonar. Eg er svært oppteken av dette, spesielt i min profesjon - Sjukepleien. Eg legg ved ein link til kronikken deira. Les den og reflekter over følgande.
 Skal kven som helst kunne bli sjukepleiar?

Bilde frå kronikken i Aftenposten 24/2-14


Kven er eigna til å stelle den demente mor di?


For å kunne fordjupe seg i dette, må vi først og fremst sjå på kva ein sjukepleiar er. Utdanning.no beskriv faget slik:


  • Ein sjukepleiar må vere omgjengeleg, snarrådig, sjølvstendig og kunne ta leiinga i kritiske situasjonar

Passar dette på alle landets menneske? Dei fleste er vel omgjengelege - kva no enn det måtte tyde. Spørsmålet er om dette er ein eigenskap du kan slå på når du treng den? EG trur ikkje det, noko som tyder at sannsynleg må dette ligge i den genetiske poolen i personlegheita di.

Det å vere snarrådig, sjølvstendig og å kunne ta leiinga i kritiske situasjonar, meiner eg kan øvast opp i stor grad. Men då må du ha ein del erfaring først, og sannsynleg må det ligge ein basis av desse eigenskapane i "genpoolen" din også.

  • Du må like å arbeide med mennesker

Det burde vere forholdsvis lett å sei noko om - så godt kjenner dei fleste seg sjølve. MEN, her er eit stort MEN.... Det er ikkje det same å arbeide med menneskene som er ute å handlar på Rema eller Cubus, som det er å treffe mennesker i krise, til dømes på eit sjukehus.

  • Du må vere i stand til å syne ansvar og omsorg

Vi snakkar så mykje om evne til empati, og det er "indeed" ein vakker eigenskap, spørsmålet er berre - har alle dette? Etter å ha jobba innan helse store deler av mi arbeidskarriere, og å ha jobba som sjukepleiar i 5 år, og undervist sjukepleierstudentar i 2,5 år - kan eg svare høgt og tydeleg NEI!
Kan vi øve opp desse eigenskapane? Ja, sjølvsagt til ei viss grad - men der må ligge noko fundamentalt i bunn, som ein kan bygge vidare på.

  • I tillegg må du vere innstilt på å lære å nytte datateknologi og teknisk utstyr

Data er dei fleste godt inne på i dag, men her snakkar vi ulike typar teknisk utstyr, alt frå elektiske heisar og rullestolar, til medikamentpumper, hjertestartarar og lista berre strekk seg vidare. I tillegg berre veks krava til dokumentering i alle vinklar, og dette blir berre viktigare og viktigare.

I sjukepleieutdanninga har ein teoretisk ein moglegheit til å vurdere skikketheita til desse mange og flotte menneska vi møter i utdanninga. Og løyser du skikkaheitsvurdering av ein student - løyser du eit skred av rettar i vedkommande si retning.  Når du går i rettleiing med stundentane, spesielt i praksis, blir du godt kjent med deira evne til sjølvrefleksjon, samhandling med andre, og omsorg for menneske i kritiske situasjonar. Du får veldig fort eit hint om korleis den einskilde eignar seg for yrket.

Problemane dukkar opp idet noko begynner å "skurre". I det eg som lærar eller kontaksjukepleiar begynner å ane at denne studenten ikkje eignar seg, må du ha konkrete og lovfesta grunnar for dette. Om ikkje du kan peike på eit konkret krav dei ikkje innfrir - er det opp til studenten å akseptere - eller ikkje akseptere - di meining om at han eller ho er uskikka. Og manglande evne til empati er aleine ikkje ei godt nok grunnlag, i lova sine auger, til å stryke ein student. For kva er empati? Kva syner empati? Prøv å forklare dette i konkrete situasjonsbetinga dømer. Det er ikkje lett. Ofte er det magekjenslene som varslar oss om at noko er heilt feil. Dette må dokumenterast med gyldige dømer - side opp og side ned - i løpet av dei første fem vekene i praksis. Og slik må det vere. For å sikre at ingen blir "dømt uskuldig"!

Men dette fører til studentløp, kor studenten med loven i hand kan ta alle 6 praksisperiodane 2 ganger eller fleire, uten å bli stoppa. Det er ikkje beint fram å fortelle eit menneske at dette eignar du deg ikkje til, det er ei krevande øving. I alle fall dersom vedkommande ikkje er einig sjølv. Eg har sjølv blitt klaga inn til leiinga av studentar som ikkje var einig i måten er irrettesatte deira oppførsel på. Noko som tvang meg i møte med gjeldande studentar for å beklage. Sjølv om eg meinte deira framferd var heilt uakseptabel! Det er ikkje alle som tolerer å bli korrigert. Og det er slett ikkje alle som aksepterer det. Og systemet slik i har det i dag - tek ikkje høgde for det du ikkje kan sette fingeren direkte på, som du finner motsvar i jussen til.

Vi kallar sjukepleien ein dannings-utdanning. Danning tyder jamfør Gyldendals danske ordbok:

" Omgrepet danning viser delvis tilprosessen, gjennom korleis eit menneske ervervar seg eit kulturelt bestem innhald av ein kunnskap, ferdigheiter og haldninger. Samt delvis til resultatet av gjeldande prosess som skal kummulere i ei danning av personlegheita i ei ønska retning."


Spesielt haldningar er viktige i vårt fag, særskilt sidan vi ofte må behandle menneske som vi ikkje, i samsvar med eigne personlege overtydingar, kjenner det er rett å behandle. Som reservasjonsdebatten innafor aborthenvising nettopp har vore eit døme på.

Vi må finne eit effektivt system, som gjev høgskulen løyve til å sei høfleg "takk - men neitakk" - vi ynskjer deg lukke til vidare på ferden din - på andre områder enn i sjukepleiefaget. Vi må iallefall få lov til å "oppdra" studentane våre inn i ønska tankerekke.

Det passar ikkje for alle å sitte ved ei sjukeseng å tilby støtte og tryggleik i krisesituasjonar i livet. Og vi må erkjenne at i det samfunnet vi har skapt, kor vi alle skal ha like rettar - at ikkje alle skal få lov til å få autorisasjon som sjukepleiar.

Eg brukar å sei til mine studentar at dei skal bli den sjukepleiaren dei vil ha sittande ved senga til sitt eige kritisk sjuke barn. Og klarar dei ikkje det - skal dei tenke på å bli noko anna!

søndag 23. februar 2014

Bloggzine.no

Eg har eit ynskje om å nå fram til flest mogeleg med bloggen min - og har difor valgt å registrere meg på Bloggzine.no.

Bloggzine.no er eit nettverk av bloggarar, som saman skapar eit blogg magasin. Målet er å drive ein 100 % bloggdreven nyheits/magasinteneste. Dette for å skape ei plattform for dei bloggarane som deltek, og å gje desse ei ny kontaktflate som skal gje fleire lesarar. Alle innlegg som blir posta på bloggzine.no er signert av kvar enkelt bloggar med deira namn eller alias, og ei lenke tilbake til det originale innlegget.


Det er vanskeleg å skaffe lesarar til "vanlege" bloggar, og eg ynskjer å promotere min nynorske blogg, som inneheld litt "tyngre" stoff enn akkurat dagens outfit og slikt som fenger den yngre generasjon. Det er kjekt med tilbakemeldingar på bloggen min, og eg tek gjerne innspel på tema som fenger.

For tilgang til mange ulike bloggar i alle sjangrar - stikk innom Bloggzine.no

Det er lov å bu i toppetasjen...

...iallefall når der er ledig.

Vi er på teateret 2-3 gangar årleg. Eg elskar teateret av mange grunnar. Ein fordi du får sjå menneske som leverer totalt utan sjenanse, dei byr på seg sjølv på den mest intime og avslørande måten. Eg har stor beundring for denne eigenskapen i andre menneske. Det å ha så stor sjølvtillit at du delar uten forbehold av deg sjølv - er ein kvalitet mange og kanskje alle burde drømme om?

Ein annan fordi det krever innsats å ta imot denne formidlinga. Det er absolutt ikkje ei øving i å passivt motta inntrykk, eller det å inneha denne katatoniske tilstanden du sig inn i, når du senkar deg ned i sofaen foran TV'en. Du må tolke via eigen fantasi og erfaring, nytte eigen formidlingsevne og intellekt, noko som gjer deg til ein aktiv deltakar gjennom heile forestillinga. Ein er faktisk litt sliten, men forhåpentleg tilfreds, når ein forlet teatersalen.

I går kveld var vi å såg  Leve Posthornet av Vigdis Hjort. Den handlar om ei kvinne som finn tilværet noko meiningslaus. Ho tek ingen avgjerdsler sjølv, men driv gjennom livet som ei flytande grein i ei litt stri elv. Ho blir kasta hit og dit, uvilkårleg og tilfeldig, styrt av alle andre enn seg sjølv. Det var svært få kullisser, noko som stiller desto større krav til eiga innleving. Så treff ho ein postmann, med eit brev, som får henne til å sjå på livet med andre auger.

Riksteateret plakat
På eit punkt i forestillinga kjentes det ut som om eg var ei av 10 ulike stemmer i ein schizofren fantasi. Det var rett og slett litt travelt å ta imot alle inntrykka. Men då eg forlot teatersalen, kjente eg meg stimulert, interessa mi var i aller høgste grad vekt, og eg sat att med kjensla av å kjenne meg att.

Kjærasten til Ellinor skreiv brev til seg sjølv, då han ikkje klarte å sette ord på ting som vart vanskelege. Han sa at når han vart redusert til fortellar og brevskrivar - så var det så mykje enklare å sette ord på kjensler og tankar - enn då han stod midt opp i det sjølv. Eit heilt fabelaktig synspunkt i mitt hovud. Løfter vi oss sjølve ut av situasjonen, og studerer ting i metaperspektiv (fugleperspektiv), så får vi ofte ein innsikt som forenklar det komplekse. Og då er det og enklare å adressere det. Når vi fjernar kjensleperspektivet i det som vekker kjensler. Heilt logisk igrunn det!


Postmannen sa noko flott
Dei fleste av oss bur i kjellaren i liva våre, endå det er ledig i toppetasjane.

Eg kjende at den setninga sat som eit skot i medvitet mitt. Så enkelt sagt - og så rett. Dette er jo det eg har kjempa med den siste tida. Eg har kjent på at eg ikkje oppfyller potensialet mitt, at eg berre driv rundt som ei avknekt grein i stri straum - utan kontroll, og utan vilje. Og så når det er ledig i toppetasjen!

Det krevs inga vilje å heve ein lønnsslipp, og utføre den daglege "dunten" - for alle andre enn seg sjølv. Det krevs minimalt med opphaldelsesdrift å flyte med alle eventualitetane i livet ditt, uten å prøve å styre hendingane i ei konstruktiv retning. Då bur ein i kjellaren - mens det er tomt på loftet.

For å flytte inn i toppetasjen, må ein tørre å meine noko. Ein må tørre å spele på eigne kvalitetar, og å risikere å feile. Ved å utsette seg for slik tankegang, må ein ut av butikkvinduet med den perfekte utstillinga - og la heile verda sjå sine små imperfeksjonar. Det blir veldig fort tydeleg at alle ikkje meistrar alt, og at vi faktisk er elendige på enkelte moment i liva våre.

 For å fylle toppetasjen med lys, må ein først og fremst ha plass - men også ha mot til å ikkje fylle alle krokane sånn heilt med ein gong.

torsdag 20. februar 2014

Raknande illusjonar...

No har livet endra seg - ugjenkalleleg. No er eg redd det er offisielt. Eg har vore redd for at dette skulle vere tydeleg for alle i lengre tid - då eg gradvis har merka at det har vore vanskelegare å vanskelegare å skjule utviklinga. Men i helga klarte eg uforvarande, i eit overmodig augeblikk, å avsløre alt sjølv.

I mitt grådige overmot - og i mi grenselause tru på meg sjølv - kasta eg meg over ei tilsynelatande uskuldig oppgåve. Fredag starta eg pussing av trappa ned til kjellaren i den andre delen av huset, som vi no held på å renovere, for så å slå saman med den delen vi allereie bur i. Trappa skal først pussast GRUNDIG ned, for så å beisast til akkurat den nyansen eg har hatt på netthinna den siste tida. For så til sist å lakkast. Denne pussinga foregjekk då sjølvsag med pussemaskin, og eg blir like besett av dette som eg blir av det meste eg gjer. Iallefall til eg er lei, og ikkje gidde lengre. Så eg var nok i overkant grundig, skal seiast. MEN eg har og lært at eg har ein kropp som fort seier ifrå, og at eg må vere nøysom i val av arbeidsstillingar når eg gjer ulike ting - iallefall dersom eg ynskjer å gå nokon lunde oppreist i dagane etter dei ulike oppgåvene.

Vel, pussinga blir igangsett, dette går radigt, og blir akkurat så lekkert som eg forestille meg kvar gong eg må blunke vekk litt pussestøv. Og ja, eg blir nok lite vetta besett, men eg gjer det sjølvsagt korrekt, og jobbar i god stilling ...bla-bla-bla.

Fornøgd med dagens arbeid, tek eg meg ein dusj, og etterkvart legg eg meg. Dagen etter er eg jo litt støl, vondt her og der, men gjer no mine greier, i det tempo eg klarer. I førre veka stakk eg ein tur innom ein ny ven. Hatt hovudverk i eit par veker, og kjente no at det var stramt og godt bak i ryggen. Så eg blei no lei av Ibux'en då, og bestillte meg ein time til kiropraktor. Og hadde jo då heldigvis time måndag ettermiddag. Då måndag kom, kreka eg meg ned til kiropraktoren att. Denne dagen hadde eg litt problem med å sitte, og å stå i visse stillingar. Svimmel var eg, og tenkte at dette blir jo greitt når eg berre får knekka meg opp att litt. Joda, han kastar tre blikk på meg, og seier "Hmm, har visst ein liten låsning i hofta di du gitt".

Eg kikka litt overraska på han, og lurte på om han ikkje var heilt i lodd. Her har eg født fem ungar utan så mykje som  lukte på bekkenløysing. Neste spørsmål kjem kjapt. Hatt dette lenge eller? Eg blir litt raud i toppen, og mumlar eit kvart litt utydeleg. Mnja.... nokre ..dagar... ikkje så gale... mmnnn...

Så kjem det oppklarande spørsmålet, det som gjer meg litt svimmel, og rett og slett tek frå meg alle illusjonane eg så møysommeleg har bygd meg opp i det siste året. "Har gjort noko utenfor det normale dei siste dagane du?" Eg dreg på det, og kjem liksom ikkje på noko. Før det slår meg med full tyngde. "Jau, har no pussa ei trapp då." Han ser på meg med eit litt oppgjett smil, og spør om eg tenkte det var så lurt?

Tusen tankar rasar gjennom hovudet mitt. Eg kjenner meg naken og heilt avslørt. Litt flau, før eg kjenner at eg blir litt irritert! "Ja, sidan trappa trengte pussen, så syns no eg igrunn det", svara eg lett ironisk. Han himler nesten med auga til meg, og fortel meg heilt utan omsvøp at prisen for den løysinga sannsynleg var låsning i hofta. Himmel-fri-og-bevare-meg-vel, tenker eg. Kan eg verkeleg ikkje pusse ei trapp? Kva faen - er eg 90???!!!!

Sidan har eg no hatt hyppige treff med han karen der. Han blir nok aldri ein favoritt hos meg, verken på grunn av dei iherdige forsøka på å knekke nakken min, kvar gang han ser meg. Ei heller fordi han anser meg som ubrukeleg i høve trappepussing. Utan å sei det med reine ord, så skjønar eg jo kor han ville hen...

Og med dei dagane eg har bak meg, så ser eg jo poenget hans. Eg har hatt så ilt at eg nesten har sett fanden på veggen. Og trappa - uansett kor fin ho blei, har eg hatt sterke impulsar om å sette fyr på!

Så her sit eg då. For gamal og fragil til å kunne pusse trapp uten å bli invalidisert i etterkant, og i behov for tusenvis av kroner i knekking, og eit smertehelvete etterpå. Eg hadde forleden rettleiing av ein ung (23 år) og "smashing" student, som skulle vurdere blodtrykk på ein tenkt pasient, slank og 38 år gamal. Eg spør kva blodtrykk han kunne forvente på denne kvinna. Han drog litt på det, fordi sidan ho var så GAMAL, så ville han jo forvente noko aterosklerotisk åresystem, med dertil forhøga blodtrykk!

Jepp, eg har starta ny tidsrekning. FØR eg vart krøpling av å pusse ei trapp i 4 timar, og ETTER. Så heretter er det berre å ta på seg brillene før ein sminker seg om morgonen. Det har inga hensikt å la dei ligge på benken, for å ikkje ha sanninga trykt i trynet. Ei heller desse raske 3 sekunds-blikka i speilet, før ein "travelt" hastar vidare, for ein har jo ikkje tid å stå der å studere seg sjølv i evigheiter?! Ei heller er utsjånaden viktig for ein! Berre så det er sagt. Her er vi meir oppteken av innsida, og kvalitetane der. For ein er jo berre akkurat så gamal som ein kjenner seg? Eller???

mandag 17. februar 2014

Bli eit verdifullt menneske

Eg var ein tur på Post to på psykiatrisk avdeling i går, på besøk. Der inne besøkte eg eit av dei sterkaste menneska eg kjenner. Det denne personen har takla, og gjennomgått i løpet av eit liv, er meir enn dei fleste av oss kan forestille oss - samtidig som om vedkommande har vore ansett som ein suksess. For meg har denne personen alltid vore eit rollemodell, og eg har beundra det dette mennesket har fått til, både privat og profesjonelt. Og då eg forlot post 2 etter mitt lille besøk, hadde eg endå meir respekt for dette mennesket.

Vi kjempar mot fordommar mot psykisk sjukdom, enten den er kortvarig eller langvarig. Er det verkeleg slik at det er ein svakheit å strekke ut ei hand, og sei - No treng eg hjelp? Eg veit at fleire gonger i mitt liv har eg hatt behov for slik hjelp, men eg har hatt vansker med å strekke ut den handa. Eg har gjerne hatt nettverk rundt meg som har vore observante på problema mine, men eg har aldri strekt ut ei hand og sagt - No klarer eg ikkje meir, ver så snill å hjelpe meg! Og for dette, veit eg at mange rundt meg anser meg for å vere eit sterkt og oppegåande menneske. Men stemmer dette?

Eg har enno ikkje hatt eit problem som eg med tid ikkje har løyst, ein situasjon eg ikkje har stått i , men gjer det meg sterk? Eg har vore overbevist om det. Men i går ettermiddag byrja eg å lure på dette. Er det verkeleg slik det kan tolkast? Eller har eg berre vore heldig?

Den verkelegheita vi postar på bloggane våre, på Facebook og andre sosiale medier, er eit gullkanta glansbilete av verkelegheita vi ynskjer å presentere for omverda. Vi alle gjer det, enten det er bevisst eller ubevisst. Og mekanismen i det er nok ganske enkel, har eg ein møkkadag - så hjelper det meg å legge ut eit innelgg om bakstedag med ungane, eller den gode tilbakemeldinga på innleveringa/eksamen. Eller den siste flotte genseren vi har prosdusert. Alt dette gjer vi fordi vi trenger eit klapp på skuldra, og nokon som seier - Kor flink du er!

Livet vårt styrast i stor grad av kor mang LIKES vi får på ein posting av noko slag, eg er inget unntak. Kvar gong eg har posta eit innlegg om kva det skulle vere, så held eg pusten til første Likes eller kommentar kjem.Den halvtimen før det skjer, sit eg limt til skjermen og følgjer med. Fordi eg er så opptekne av kva andre trur og tenker om meg. Når første tilbakemeldinga kjem, er alt ok - då er eg på toppen av verda att! Men det er svært mange som ikkje seier noko om det eg skriv, og det er nesten verre enn negative reaksjonar, trur eg. Og dei forrige kommentarane er ikkje gyldige på de nye innlegga mine, då startar eg heilt på nytt.

Fordi eg er sjukeleg oppteken av om andre godkjenner det eg gjer på bloggen min - så har eg montert telleverk på den. Hadde det ikkje vore for det telleverket - hadde eg nok ikkje turt å blogge, trur eg. For der ser eg at kvart innlegg har alt mellom 300 - 20 000 treff! I løpet av nokre døgn. Rett nok er det berre ein gong eg har hatt 20 000 treff - men det kom på 3 døgn. Det var faktisk litt skremmande. I snitt løyser eg ein plass mellom 600 - 700 treff på innlegga mine. Hadde det ikkje vore for det talet, hadde eg nok ikkje turt å blogga slik eg gjer. For dei aller fleste kommenterar ingenting til meg! Og som kvinna eg er - så tolkar eg slik tausheit.

Kvifor skriv eg så? Jo, det er for å trene meg på denne tausheita. Det er for å trene meg på å ikkje få tilbakemelding, slik at eg heilt ultimat stolar på mi eiga tilbakemelding. Og sjølvsagt fordi eg tenkjer mykje og mangt, og fordi eg er eit skrivande vesen. Så har eg mi lille faste tilhengerskare - av både kjente og ukjente, som ilag med meg har stor glede i ordbruken min. Men hovudsakleg øvar eg meg i at det er nok kva eg syns.

På mange områder i livet trur eg mange av oss er for opptekne av kva andre trur og tenkjer. Difor går vi til store steg for å unngå den "negative jungelradaren" som detekterar nesten før vi sjølv gjer det, at vi drit oss ut. Og så startar møllesteinen som drivast av alle som lir av same sjuka, eit patologisk behov for bekrefting. SLADDER!

Det er det vi alle bekymrar oss mest for, kva seier andre om oss når vi ikkje er tilstades. Albert Einstein sa "Prøv ikkje å bli vellukka, prøv heller å bli et verdifullt menneske". I det forstår eg, at jobbar kvar av oss med oss sjølve, så kjem resten av seg sjølv. Skal vi bli eit verdifullt menneske så gjer vi for andre, ikkje snakkar om dei. Og vi er der for dei, ikkje handlar mot dei. På denne måten er der nokon i andre enden når vi har behov for, og tør, strekke ut ei hand, og sei - Hjelp meg, dette klarar eg ikkje sjølv.

Og dette mine vener, trur eg vi alle må trene på. Ikkje ein av oss trur eg, klarar å berre slå på ein brytar som endrar dette i oss sjølve. Når nokon av våre kjære havnar på Post 2, så vil vi tenke, og fundere på kva svakheit dette er? Det gjer vi som står utanfor, og det gjer iallefall den som sit inne på Post 2. Tør å tenke det, for då kan vi jobbe med det. Ved å tenke det utenkelege -  endrar vi haldningane våre.

Då eg sat på besøk i går, overraska eg meg sjølv over å felle nokre tårer. Dei kom like overraskande på meg, som på den eg besøkte. Det var ikkje svakheit som fekk meg å gråte, ikkje fortviling eller redsle. Det var det overdeldande i styrken og klokskapen til den eg sat hos - som rett og slett var så vakker, at tårene byrja å renne. Sjølvinnsikt er det vakraste som fins - så oppfordringa mi i dag er:

                                          Bli vakker!

Albert Einstein sa mange ting - og eg lånar eit ordtak til i dag. Tenk over det - og gjer noko med det!

Verda er ein farleg plass å leve. Ikkje på grunn av det onde, men på grunn av dei som ikkje gjer noko med den.




lørdag 15. februar 2014

Flisa i andre sine auger ...

I dag har eg stått med høyreklokker og pussa trapp, og slik avstenging frå omverda får meg alltid til å gruble på ting og tang. Tema i dag, etter å ha lese ein status på Facebook, blir då vår ibuande trang til å meine noko om andre sine val. Dei fleste av oss har sterke meiningar om kva andre brukar tida si på - og korleis dei gjer ting, eller rettere sagt om korleis dei burde ha handla...


Sjølv har livet mitt bestått av nokre kloke, og andre mindre kloke val. Eit par val har eg faktisk angra på, og nokon ytterst få - later eg som om aldri har skjedd. Men dei fleste ting eg har gjort, eller latt vere å gjere, kan eg faktisk stå for den dag i dag. Og om eg skal dra ein tråd gjennom mi berg og dalbane gjennom livet, så er eg stort sett nøgd. Både med vala og resultata av dei gjeldande val.

Men kva er det som skjer når folk går berserk i andre sine liv? Og meiner mykje og mangt om andre? Kva er det då for krefter som tek laust i oss? Alle har vi ved eitt eller anna høve vore utsett for rykter på eit eller anna punkt, også eg. Nokre har vore sanne (!), andre har vore uten feste i verkelegheita i det heile, og eg har delteke hemningslaust i diskusjonane om andre ved, enkelte høve. Men kva er det i oss som får oss til å skvaldre i veg om andres ulukke, eller dårlege (ihvertfall i våre auge) val?

Eg trur at når misunninga startar å bevege sitt grønne hovud i vårt indre, så kjem overdrivingane og sannsynlegheitsberekningane som perler på ei snor. Etter avundssjuka vår gjer sitt inntog, følgjer ofte denne foreldrelause tre-åringen som bur i vårt indre på - med full kraft og tyngde, slik berre hemningslaust rasande treåringar kan! Og slik mine vener, blir vi alle til heksa som pratar over seg av rykter og løgner om andre, som kanskje meir eller mindre fortener det. Og min påstand er, at slik kan vi alle bli. Om vi let denne umodne og kravstore treåringen i vårt indre, bevege sitt stygge hovud. For uansett kva vi unnskuldar oss med, så ER det faktisk ingenting tiltrekkande eller klokt med denne treåringen. Han berre handlar på instinkt. Same instinkta som fortel oss at naboen sin nye bil skulle vore vår. Eller årets sydentur nummer tre til venninna di, eigentleg burde vore din første.

Våre meir eller mindre velmeinande "råd" til omgjevnadane våre, har vel kanskje heller noko med kva vi meiner er dårleg i våre eigne liv? Ting vi ikkje vil heilt innrømme for oss sjølv, plagar oss - ender gjerne opp som meir eller mindre gode råd - til andre. Og då ofte servert ved kjøkkenbordet til naboen, utan at gjeldane tilrådde er tilstades.

Ingenting skremmer oss meir enn dei som meistrar, som er suksessrike og vakre, eller tør gjere dei tinga vi sjølve ikkje klarar. Då blir dei jo gåande rundt som praktiske døme på alt ein sjølv ikkje klarar! Og hånar deg med all sin suksess på området. Og der kjem denne treåringen inn att med all si prakt. Og er du ikkje obs på han - så går du fem på - nok ein gang. Mens du høgtideleg bedyrar at "Nehei - eg er jo ikkje slik!!!" Dagens dårlege nyhende er nemleg at det er du!

Det einaste som skil oss frå kvarandre, er kor vidt ein er vaksen nok til å tørre å innrømme desse mindre delikate eigenskapane ved personlegdomen vår. Og gjennom det - søke å gjere noko med det. Kun på denne måten kan man forbetre slike udelikate personlegdomstrekk.

Mitt poeng er at vi alle pratar og meiner noko om andre sine liv. Og vi alle blir såra av dei som gjer det same mot oss. Men kva er poenget? Kvifor brenn vi energi på slikt? Kven som forlet kven, kven som ligg med kven og kven som har råd til ferie eller ikkje - må då vere opp til den enkelte? Pratar vi så hardt om andre for å dra fokuset vekk frå våre eigne tabber? Eg trur det.

Eg har jaggu fylt tabbekvoten min, både på eine og andre måten. Og den einaste måten eg kan ha noko igjen for alle dei flaue og fornedrande opplevingane, må jo vere å nytte dei som erfaringar i høve å unngå nye? Så slepp eg å drite på same leggen ein gong til? Så folkens - dagens oppfordring:

Slutt i å meine noko om alt og alle, kost trammen du har foran eiga dør - og konsentrer deg om det. Kva som ligg på trappa til naboen burde vere deg likegyldig. Med mindre du har lyst å ringe på der borte, og spørre om dei treng hjelp til å flytte på noko då? Det tenker eg vi alle kunne bli flinkare til å gjere .....

fredag 14. februar 2014

Den pedofile, menneskesmuglaren på KLM-flyet som styrta på veg til Amsterdam...

Så sit eg her - med ein klump i magen på størrelse med ei appelsin. Klokka tikkar - seint - det er såvidt sekundvisaren bevegar seg. Ei melding "svushar" inn på mobilen, det er frå eks'en som skriv at no er ho gått ombord i flyet. Hjertet synker, hardt og fort!

Eg har kjørt Kayla til ferga på Laviksida i dag, kor faren plukka ho opp og køyrde henne til Flesland. Der skal ho fly klokka ett - til Schipol, Amsterdam - aleine! Kayla fyller 12 år 22. mars, så ho er enno teknisk sett berre 11 år, og skal fly aleine i 2 timar kvar veg. Åh - slik eg angrar på at eg ikkje sa nei. Det var nemleg det instinkta mine skreik då faren hennar ringte og sa at no var det tid for 12-årsgåva hennar. Kvar ein fiber i kroppen min skrik NEI!!!! Eg smiler og svarar med lett stemme, at "joda - så gøy då" - mens kvalmekjensla nesten kveler meg.

I bilen var ho litt nervøs, og prata litt stakkato om kva som kunne skje. Eg sat på sida av henne, og berre konsentrerte meg om å halde respirasjonsfrekvensen min på ca 14. Det er det vi har lært ligg innforbi normalen. Ho snakka no om flyet som kunne falle ned frå himmelen - og eg svarar bekreftande i mitt indre, og ser på alle bileta eg har på netthinna mi. Det lange, vakre håret som strekk seg ned i korsryggen hennar, bustete og flagrande i det flyet fell ut av himmelen. Redsla i auga hennar, der ho sit aleine i eit flysete. Og eg tenker vidare på neste scenarioet, menneskesmuglaren som heldt ho under oppsikt, og snappar henne i eit augeblikk kor flyvertinna er uoppmerksam. Eller den pedofile som i løpet av turen finn ut at ho er aleine, vinn tilliten hennar, for så å lokke henne vekk fra ankomst, FØR besteforeldra ser ho.
Angsten grip som ei klo rundt hjartet mitt, og eg kjenner det gjer vondt å puste.

Ved sida av meg pratar Kayla vidare. "...men så tenkte eg at dersom eg ikkje skulle gjere alt eg er litt redd for å gjere mamma, så ville eg jo ikkje gjere anna enn å sitte heime med deg!" Eg misser pusten eit lite sekund. Så kikkar eg eit lite sekund bort på det vakre smilet til denne kloke og oppegåande 12-åringen. Eg stryk ho raskt over kinnet - og seier; "Gjett om eg er glad for at eg er mammaen din, Kayla" Og eg får eit raskt - "veit eg vel!" og eit smil tilbake. Resten av vegen er det heilt stille i bilen. Heilt til eg får eit raskt - litt nervøst kyss på fergeleiet. "Hadet mamma - eg elsker deg! Sender ei melding då eg har funne Oma og Opa."

Tilbake står eg på kaia, vinden bles surt rundt øyra mine, eg frys - langt inn i margen. Eg tuslar tilbake til bilen, og køyrer timen tilbake til heimen. Litt nummen, litt engsteleg, men aller mest stolt over den oppegåande og kule jenta eg har. Så då er det berre å vente då, på tekstmeldinga som kjem då ho har funne Oma og Opa... i Amsterdam... Klokka halv fire ca....

Og ALLE hjerter fryder seg .... Eller?

I dag er Alle Hjerters Dag, eller Valentinsdagen, som har si opprinning frå hedenske fruktbarheitsritualer jamfør National Geographic. Dagen vart opprinneleg feira 13.- 15.februar kvart år, og kan sporast tilbake til dei romerske høgtidsfestane. Og kva gjorde dei på? Jau - nokre menn kasta under stor ståhei, alle kleda sine, mens dei sprang halvnakne rundt og piska kvinner med remser av geiteskinn. Dagen blei kalla Lupercalia.

Tidspunktet for denne utagerande festen vart kalla dies februata, og ga difor namnet til heile månaden - februar. Namnet kjem av det latinske ordet februare, som tyder rense. Tidspunktet fall saman med starten på vekstsesongen, og skulle difor sikre fruktbarheit - samt avverge ondskap - det neste året.

I vår tid har dette blitt noko tilpassa endringa i samfunnet. No er det mannen som blir piska, og geitskinnsremsene er bytt ut med kredittkort som nyttast hos gullsmeden og blomsterhandlaren. Det vart i den hedenske tradisjonen smurt geiteblod i panna på mannen, som skulle "viskast" ut med geitemelk, idet mannen brast ut i "spontan" latter. Dette mønsteret er også snudd no, geiteblodet og melka er bytt ut med blomster og smykker, og den "spontane" gledeslatteren er det no kvinna som skal komme med. Men målet for den hedenske skikken er den same, den skal sikre mannen sex og ei blid kjerring. Med litt flaks - og god planlegging av overraskinga - kanskje heile året. Iallefall til mannen klarer å gløyme neste merkedag!

Sagnet seier at det er den katolske kyrkja som har pynta på denne tradisjonen, ved å seie at mannen Valentine vigde par som under forbod ville gifte seg. Og at han blei arrestert og henretta den 14.februar. Dette er vel og delvis gjeldande i dag, skulle mannen dumme seg ut, enten ved å gløyme dagen, unnlate å fri eller anna tilsvaranda uklokt, så har han gjerne ein fot i grava - iallefall ei stund!

Kanskje vi skulle no slutte å kjempe mot denne tradisjonen, som er kommersiellt skapa jamfør dei ivrigaste kritikarane? Handelsstanden har skapt den, seiast det, for å selge. Difor er mange som ikkje vil vete av denne markeringa. Som om vi alle heilt viljelaust følgjer ein straum inn i blomsterbutikken og gullsmeden, leda dit av reklama? Som om ikkje vi kjøper oss ut av alle problemstillingar i vår tid? Ungane er jo nesten slutta å lage morsdagskort - fordi dei må kjøpast? Vi får gåvekort, blomster og spabehandlingar til morsdag. Då eg var unge, skar eg opp ei skjeve, strødde sukker på den, lagde kaffi på 3 skeier kaffi og 200ml vatn, samt kokte eit egg i 1,5 minutt. Så serverte eg mamma i senga. Ho smilte tappert - deretter et ho, og drakk opp alt eg møysommeleg hadde laga  i stand til ho..

Eg synast faktisk at ein dag i året tildelt kjærligheita er ein vakker ting. Men eg treng ikkje blomster eller små firkanta gåver denne dagen. Heller ikkje eit frieri! Her er kva eg fekk av min kjære - kosta ikkje ei krone! (Enno iallefall!). Men han lova på denne måten at han skal vere her for meg - uansett kva eg måtte trenge. Og mine planar for dagen er ei overrasking i merksemd - for å syne han kva han betyr for meg. Og det er ikkje proposjonalt med prisen på ein liten firkanta pakke frå Gullsmeden A/S. Eg skal gje han hjertet mitt - igjen, fordi eg tenker at det er det største eg kan gje. Mi forplikting - til han - kvar dag!

På denne måten håpar eg å unngå å bidra til den kommersielle sida av denne dagen, samstundes som eg gjev min kjære ei heilt spesiell gåve på dagen vi feirar kjærligheita. Eg trur alle kan reservere fleira dagar i året til å dyrke forholdet sitt, og det går faktisk an å gjere utan å maxe ut kredittkortet ditt!

Ha ein fantastisk Valentinsdag! Enten det er kjærligheita til ein spesiell, eller familien ein dyrkar! Mitt hjerte frydar seg - både på Valentinsdag og elles. Eg har mannen eg drøymde om i livet mitt. Men eg tenker å gjere ein innsats dei andre 364 dagane i året også - for å fortelle han kor viktig han er for meg! DET trur eg er den finaste kjærligheitsgåva nokon kan få...


     

torsdag 13. februar 2014

Kjære Mamma

I dag er det ett år sidan vi stod rundt senga som var midlertidig plassert i stova, i Kinnvegen. Den siste veka gjekk vi på skift - døgnet rundt for å passe på deg. Det var ingen enkel oppgåve, og du gjorde den heller ikkje enklare for oss - då du var like sta og egen - som du alltid har vore. Dei siste dagane i helga, var vi usikker på kor mykje du såg, men gå aleine skulle du. Ingen fekk lov å støtte eller hjelpe deg. Vassglasa "sutla" du like mykje med, som du alltid gjorde. Fyllte dei opp, og sette dei frå deg over alt. Og du gjekk rundene dine rundt kjøkenet og stova, sjølv om du "såg" med henda. Prøvde vi å gje deg støtte, fekk vi kjeft. Du klarte deg no sjølv!

Måndag føremiddag bestemte vi at sjukhussenga skulle oppsettast i stova, då var det ikkje mogeleg for oss å sjå på deg ligge samankrøpen i dårleg stilling på sofaen lengre. Og då eg og Vivian tok deg så resolutt mellom oss, og sa at no skal vi hjelpe deg bort på senga, kvass du i: " Ka faen, eg e ikkje dau enno!" Mens du klamra deg til oss, uten av stand til å stå på eigne bein, utan støtte. Vi knakk saman i latter, og fekk lagt deg til rette opp i senga, med dei store stovevindauga, og Knapstadmarka i fritt utsyn frå hovudputa. Med denne utsikta døydde du, onsdag 13.februar akkurat i det kl. skifta frå 13.59 til 14.00.

Å sjå si eiga mor døy, er ikkje eit bilete eg sidan har klart å gløyme. Enno ser eg hendene dine, munnen din og håret ditt. Eg blir ikkje kvitt synet av dei siste andedraga, og kor hardt du heldt att. Eg har vore tilstades på fleire dødsleier enn eg klarar å telle etterkvart, men den kjensla eg hadde for eit år sidan - den har eg berre kjent ein gong. Første kjensla var prega av lette, eg var glad for at det var over, og glad for at vi klarte det. Min første impuls før tårene starta å renne, var ei gledeskjensle som strøyma gjennom heile meg. Eg tenkte: "Ja! Vi klarte det!" Før ei enorm kjensle av einsemd strøymde gjennom meg.

Den eg alltid ringte til då livet baud på motbakke var vekke! Mamma, du var den første eg ringte då A'ane på sjukepleiestudiet straumde inn. Utan unntak, kvar gong, var det deg eg delte det med først. Og kvar gong var du så stolt, at du formeleg var sprekkferdig. Var ungane sjuke, ringte eg deg! Sjølv om eg etter kvart kunne handtere det meir medisinsk rett enn deg, ringte eg likevel alltid til deg.

Mange gongar gjorde du meg rasande med staheita di, og mange ganger var vi ueinige, men vi var aldri uvenner etter eg var vaksen. Du har alltid vore klinkande klar på at uansett kva gale eg fann på, så stod du i mitt hjørne, då eg trengte det. Og då skjebnen snudde alt på hovudet, og du trengde hjelp, ba du pappa ringe meg. Eg fekk lov til å gjere gjengjeld for alle dei gongane du stilte opp for meg. I det året som har gått sidan, har det hjulpet meg mykje.

Vi har hatt mange gode stunder under Røde Kors si fane også. Denne interessa delte vi også, du og eg. Og vi har ikkje få timar saman på Solbakken i prosjektet vårt "Friminutt" - saman med familiar frå andre land. Og noko av det siste vi gjorde i lag der, var å vere på Besøkstenesta si feiring i november saman. Der fortalte Rolf Endestad korleis du var den som vekka interessa hans for omsorg, og hans forståing av viktigheita for omsorg som eit profesjonelt omgrep. Han dedikerte nesten heile sin insats i Røde Kors til deg, og den kvelden då vi reiste heim att var du så glad at tårene rann for den dedikasjonen. Eg trur det var mykje større for deg enn den høgste utmerkinga du fekk frå Sogn og Fjordane Røde Kors - "Bry seg" - prisen i 2008.

Røde Kors Sogn og Fjordane's Bry seg pris 2008

Eg har så mykje å takke deg for. Alt det eg er - og alt eg har potensiale til å bli. Og dette ærer eg ved å forsøke å lære barna mine opp på same måte. Vi snakkar om deg nesten dagleg, og ungane savner deg voldsomt. Kayla uttrykkjer dette ved å plutseleg dukke opp med eit av dei tusen smykka du har gjett ho. I året som har gått - har eg sakna deg nesten dagleg. Og det gjer godt å sjå at det er andre som gjer det også. Eg er stolt over å vere dotter di, og eg lovar å halde fram med å vere akkurat så god som du heile tida krevde av oss. Altså heile tida strebe etter å klare litt betre enn det eg trur eg klarer.

Takk for at du har pressa meg til å alltid yte litt meir enn det eg trudde var nok, og takk for at du alltid trudde på meg. Eg er stolt over å vere dotter di - og eg er enda meir stolt over at du er mammaen min!

onsdag 12. februar 2014

Så var det DEN dagen ...

Ja, då var vi her igjen. Den 12. i månaden. Lønningsdag - tenker nok du. Men nei, det er ikkje det høgaktuelle i dag. Det er dagen då kroppen veg omtrent ti gonger si eiga vekt. Stemma er skjelvande av kjensler, og det brenn i mageregionen. Av alt som er fylt opp der gjennom ein heil månad.  Alle kjenslene du har høyrt om, irritasjonar, tårer, alle gongane du har låst kjeven din for å ikkje seie noko, smerter du aldri har kjent maken til, og ei uendeleg tung tristheit. Knytt i hop av eit sinne som berre kan utløysast av ... ja - ingenting i grunn....

Dette er dagen i månaden ondskapen vi alle har buande i oss, stikk sitt lite flatterande hovud fram. Du kjenner at du verkeleg har lyst å flå omgjevnadane dine. Mannen (i dag er han ikkje min beste ven og kjærast!), ungane (som plutseleg er blitt nokre små ufyslege og irriterande vesen!), naboen( du eigentleg aldri har likt!!) og kjerringa (heksa) foran deg i køa på butikken som faktisk irriterer i måten ho trekk pusten på. Det kriblar og kryp rundt i kroppen, kvar ein millimeter synast å vere i beveging - av ei glødande masse av raseri.

Mannen luktar lunta serdeles raskt for han å vere, og trør rundt deg med glasskoa sine. Og HERREGUD kor irriterande er ikkje det???!!! Han søker å varte opp med omsorg og fløyelsmjuk stemme, og før eg veit ordet av det - utan å trekke pusten ein gong - snerrar mot han, i eit glefs - og så tygg eg familiejuvelane før eg spyttar dei foraktfullt ut att. Hugsar ikkje ein gong kva som vart sagt, berre at angeren sler pusten av meg, nesten før augene er opna att, etter at eg blunkar - for å fjerne den raude tåka foran auga mine. Han er sjanselaus! Likevel forsøker han. Kvar månad, forsøker å løyse på situasjonen - å blidgjere monsteret.

Denne dagen blir ungane mine nesten usynlege. Dei unngår augekontakt, svarar ting som "Ja, mamma - Sjølvsagt, mamma". Ikkje ein gong eit "Eg elskar deg, mamma", dristar dei seg til. Stega er lydlause over golva, og leksene er gjort utan den sedvanlege kjeklinga eller omturane med andre "naudsynte" ærend. Som skye kattungar, nett plasserte i ny heim. Eg kjenner formeleg kor auga deira kviler på meg. Korleis har ho det no? Kva gjer ho? Ser ho meg?

Eg går ikkje på butikken på slike dagar - må unngå det - fordi impulsane til å bite over strupen på framande i køa er nesten overveldande. Den einaste høvelege handlinga denne dagen, er å køyre heim frå jobb, dersom kollegaene mine er så uheldig at eg er på jobb denne dagen, og legge meg under dyna med IBUXboksen tett mot hjartet.  Nokre fordelar har jo dei med at eg jobbar turnus. Det hender eg har fri på denne dagen.

 Raseriet herjar i cellene, og eg vil berre skade! Heilt til kjensla er erstatta med fødselsriene som lammar deg ifrå brystet og ned i knea. Då er det berre å opne boksen med dei kvite avlange, opne gapet - å rope med ynkeleg stemme: "Elskling - kan du finne eit glas vatn til meg?" Er han då litt kort og irritabel - hamrar tårene ukontrollerert - som fossefall nedover kjaken, mens eg hikstar fram: "Kvifor er du så sur? Ser du ikkje kor dårleg eg er?"

Så er det verste over då, med unntak av at ein bruker meir bleier enn ein nyfødt i løpet sine første levemånader. Når dei verste delane av monsteret har lagt seg i dvale att, er det berre å starte kanossagangen med husbonden, for då har ein nøyaktig 30 dagar å gjere bot på - til neste runde med mørkets fyrstinne. Mens tanken på hysterektomien kjem stadig nærare - månad for månad. Den er vel snart like uungåeleg som vatn på vestlandet. Iallefall dersom eg fortsatt skal ha ambisjonar om å bu som ein del av ein familie....

Den kvinnelege frodigheita - å du kor vakker den er !

tirsdag 11. februar 2014

Det umistelege....

I dag tidleg vart nyheitene fulle av det utenkelege. Ei ung jente, nesten ikkje starta på livet, er reven bort frå dei som stod ho nær. Korleis kan ein setje seg inn i kva familien gjennomgår?  Foruten dei som faktisk har opplevd dette? På slike dagar blir deira sår blir opne att, og erindringa er brått verkeleg att. Når katastrofa gjeld ein ungdom - så blir det så tydeleg kor urettvist og harskt det er.

Det er ikkje noko vi foreldre fryktar meir enn dette, og berre tanken på det, skapar uro i det innerste. For dei av oss som ikkje har mista eit barn, kan vi ikkje forestille oss anna enn redsla for at dette skal skje. Og i dag vart denne redsla ugjennkalleleg verkelegheit for foreldra til denne unge jenta. Brått og brutalt, utan mogelegheit til å gjere det om.

Ein kan sjå eit vell av medkjensle over heile facebook, mange tårer blir felt i dag. Nokre har og falle hos meg, for foreldre og syskjen som sit att, og spesielt for det mammahjertet som knuste i dag. Det er det eg er nærast å forestille meg. Ord blir fattige! Ein veit at dette er ei sorg som aldri letnar i styrke. Det blir sagt at på sikt blir den noko ein ber med seg -  og riv ikkje ut sjela kvart sekund, den blir mindre rå - og lettare å leve med. Men den vil aldri forsvinne. I dag vart det skapt eit tomrom - som aldri kan fyllast att.

Det er ei merkeleg trøyst å sjå kor ungdommen uttrykjer seg, kor inderleg dei ber kjenslene sine på ein slik dag.  Vi har fått ei påminning om kor dyrbart og skjørt livet er. Vi lener oss alle  inn i kjensla i det å ha tapt det umistelege. Vi har rett nok berre tapt illusjonen om at det ikkje kan skje oss, men vi sørger saman med dei som miste. I dag har ikkje sorga noko eigerskap, i dag er den berre sterkt tilstades i bortgangen til ein ung blome, som ikkje for vel fekk starta på livsgjerninga si.

Vi har tatt til oss eit rituale med å tenne lys, det gjer oss noko praktisk å gjere, når ein ikkje har anna å stille med. Mange lys er tente i dag. Lysa brenn som eit symbol for for den unge, sterke sjela som kom til vegs ende. Det kan i mange høve symbolisere kor fragilt og tilfeldig livet kan vere, denne spinkle flammen som må vernast mot trekken. Lysa varmar oss bokstaveleg og sjeleleg, og står som ei vakker og lun handling i minne om denne unge jenta som på sitt stillfarne vis, har satt sine spor i verda.

I dag er dagen for ettertanke og omsorg, for dei som miste, og for den som saknast. Vi føler med dykk i sorga.

Tårer

Ei einsleg tåre
stor, blank - utan å lugge
som ein bekk - stille og uskuldig
nesten usynleg uten skugge

den følgjast av fleire
som eit fossefall med makt
av sorg og smerte
med  all si tyngde og kraft

Sorga følgjer tårene
tung og ugjennomtrengeleg
som skodda etter ein regntung dag
hard og nesten ikkje omgjengeleg

Eg ynskjer tårene velkomen
som ein kjær og sakna ven
for i kvar einaste av dei
fins minnet om ein skatt.

                            Ann-Kristin Norstrand




søndag 9. februar 2014

Læra frå mor..

I dag for eit år sidan var vi samla i Kinnvegen hos ho mamma. Vi visste vi var gått inn i hennar siste levedøgn, og vi søstrene var der. Connie reiste denne ettermiddagen nedover til by'n att - i håp om at vi hadde nokre fredelege dagar foran oss, kor ho kunne ordne litt heime. Men ho måtte snu opp att berre nokre timar etter. Morsdagen i fjor er sannsynleg den sterkaste dagen eg har opplevd.

Når eg vaknar i dag, på tampen av arbeidshelga mi er kroppen tung. Hovudet er tungt og eg klarar ikkje setje fingen på kva det er. Dei siste vekene har vore tøffe, samstundes som dei har skapa ein nærheit som er vakker. Vi har levd intenst i augeblikket, og ikkje tenkt for langt fram, berre vore saman. Så går det opp for meg, det er morsdag i dag. Mine born er hos far og vener, og eg forberedar meg til arbeid. Eg kjenner kroppen er sliten.

Dette var og tilhøva i fjor på denne dagen. Vi stelte for, og passa på ho mamma, saman oss tre søstrene, i klar vissheit om at ho snart ikkje var der lengre. Visst var dette trist - men samtidig lo vi mykje av dei raraste ting. Som når mamma sat i sofaen og såg på katten, som vart avliva 1 månad i forvegen, og gleda ho synte når pappa strauk ho over kinnet. Eller når den skarpe og presise kommentaren hennar brått dukka opp av intet, i kaoset som sannsynleg foregjekk i hennar indre. Vi lo og gret om ein annan, og heldigvis hadde vi kvarandre. Eg har to flotte og kloke søstre, som og er mødre og skal feirast på ein slik dag. Vi stod saman, og var der for kvarandre. Det vakraste som er, i ei trist tid.

Ja, så var det denne posen med heimebakt som plutseleg hang på døra vår, då ein eller annan tilfeldigvis var utom døra for å trekke frisk luft. Nydeleg ferskvare som fortsatt var lunken frå ovnen til ein engel. Og den dag i dag kjennes denne personen, som og er mamma, som ei søster for oss som mottok godheita og omtanken hennar i denne vanskelege tida. Mange synte omtanke og viste oss omsorg i denne tida, men det er noko med desse praktiske handlingane som lettar tyngda til eit berbart punkt, og ein klarar dermed neste timen av det uberelege.

Flyktningemammaen som bakte eit spesielt brød og var på besøk i sjukdomstida til mamma. Ho traff ho mamma gjennom eit tiltak for å betre kåra for desse familiane som budde på asylmottaket. Eller tanta vår som plutseleg stakk innom med ein matbete. Alle desse handlingane løfta ein, og ein klarar meir - fordi andre syner omtanke. For meg er det dette som fortel om kva morsdag tyder.

Dette lærast vi av våre mødre, og gjer vi jobben vår, bringer vi det vidare til våre barn. Teikna på at vi har hatt suksess med den lærdommen er allereie der, ein ser dei små glimta, spesielt i vanskelege augeblikk, kor dei syner sin omtanke og omsorg. For meg er ikkje morsdag kun ei feiring av mi mor, eller mitt moderskap. For meg omhandler dette "læra frå mor". Den som blir avlevert frå generasjon til generasjon, gjennom lære og praktisk handling. Som vi kopierer og som blir kopiert.

I dag er denne dagen litt vanskeleg, og eg feirar ikkje denne dagen sjølv av den grunn. Den første etter at mamma måtte forlate liva våre. Men kvar dag er ho der, læra hennar og haldningane vi alle fekk tredd nedover hovudet, både villeg og uvilleg. Gjennom dei vi har blitt, og med alle dei ho fekk påverke gjennom sitt liv, er ho med oss - kvar einaste dag.

Livet er som eit ulendt og krevande terreng innimellom, og morsfigurane i liva våre, enten dei er nabokona, mammaen din, tanta di eller ei venninne - fungerer som eit kompass i dette terrenget. Som syner deg veg. Ta vare på det, for plutseleg er det berre minna om det att.

               Ha ein strålande og litt ettertenksom morsdag alle som ein!

torsdag 6. februar 2014

Gje meg handa di ven ...

Denne setninga frå songen har dei siste vekene fått ei heilt ny tyding for meg. Eg nytta den instinktivt i ein situasjon kor eg såg at nokon trengde hjelp, men ikkje heilt var klar for å motta denne. Så istaden for å forklare kvifor eg måtte få lov å hjelpe - nytta eg denne setninga i det eg rekte fram handa mi. I belønning fekk eg eit vakkert og takksamt smil, og ei stor, sterk og trygg hand blei plassert i mi. Etter dette augeblikket vart denne setninga sagt mange gonger kvar dag, nokre gonger av meg, og nokre gonger av han som behøvde støtta. Alltid med eit smil, og kjensla av ei sterk hand i mi.

I dag høyrde vi denne sangen i kyrkja - av den flotte sangaren og skodespelaren Kathrine Lunde - og i eit sekund kjende eg denne trygge gode handa i mi att. For meg tyder no denne sangen verdigheit, omtanke, modigheit og sterke kjensler. Aldri vil eg gløyme smilet som fulgte desse orda, kvar einaste gong dei vart ytra.

Gje meg handa di, ven

Gje meg handa di, ven,når det kveldnar,
det blir mørkt og me treng ei hand.
La dei ljose og vennlege tankar
fylgje oss inn i draumars land.
Lat varmen frå ein som er glad i deg
tenne stjerner i myrkaste natt.
Gje meg handa di, ven,
når det kveldar,...

det blir mørkt og me treng ei hand.

Varme tankar og hender som trøystar
er som sol over frosen jord.
Kjenne varmen frå ein som er nær deg
gjev langt meire enn store ord!
Lat varmen frå ein som er glad i deg
tenne stjerner i mørkaste natt!
Gje meg handa di, ven, når det kveldar,
det blir mørkt og me treng ei hand.
 
Ei trygg og varm hand kan fortelle så mykje. Kjærleik, takksemd og kraft - sjølv etter at kreftene svinn. Ei trygg og kraftig hand kan utrykkje omsorg og vilje - også etter at orda er vekke. Det einaste rette er av og til å rette fram handa di, og tilby trøyst og styrke. "Lat varmen frå ein som er glad i deg tenne stjerner i mørkaste natt ...."
 
Eit sterkt far vel til den siste reisa. Og attende står frukten av eit langt liv, med sorger og gleder, og hundre-tusenvis av små minner. Som satt saman spelar ei livstid av stoltheit, audmjukheit og omsorg, samt fleire kjærlege handlingar enn nokon hjerne er i stand til å registrere.
 
Takk for det du var - og for alt du etterlet deg av taus storheit.
 
 

onsdag 5. februar 2014

Eg ER sjukepleiar!

I dag har eg eit anfall av rein og pur redsle. Ved å legge ut innlegget i går om at eg har sagt opp jobben min uten sikkerheitsnett, vart det eit ubehageleg verklegheitsskjær over det! Eg som likar å ha full kontroll på alt - har hoppa uten sikkerheitsnett. Å hjelpes kor skummelt dette er!

Angrar eg ? Veit ikkje for å vere heilt ærleg, men eg kjenner at det ikkje er rett å gå på kompromiss med meg sjølv og heile familien heller. Og eg veit heilt ærleg ikkje kva eg skal tenke på som mogelege løysingar heller - for eg har i ganske mange år no vore sjukepleiar i hjarte og i sjel. Og for å vere ærleg, så er eg det enno. I mine auger fins det ikkje betre jobb enn å vere sjukepleiar! Eg kjenner at det gjer meg stolt å sei - at det er det eg er!

Det å få tillit i det mest sårbare og utrygge i liva til mennesker, er noko heilt spesielt. Det gjer ein ærbødig å bli invitert inn i det indre, meist private til mennesker i kriser og vanskelege tider. Det at ein går heim frå jobb og kjenner at i dag har eg gjort ein forskjel for nokon, gjev ei sterk kjensle av sjølvtillit. Og det er ingen byrde. Det er ingen byrde å hjelpe, det er berre kraftgjevande.

Så kvifor har eg sagt opp? Fordi kampen om rettar vi alle skal ha - uansett små eller store plager, klagar på systemet, det at nokre av oss faktisk må - og alle skal - døy ein eller anna gong, og det ikkje blir akseptert av samfunnet, gjer det umulig for meg å fortsette. Visst skal eg vere takksam for at eg har ein jobb å gå til, men jammen skal det norske helsevesen prise seg lukkeleg for at eg jobbar for dei og.

Eg har i mange år sagt at eg ynskjer å jobbe med dei døyande, i heimen deira, kor vi saman skal jobbe for den verdige døden. Men i mine auger har vi ikkje tilrettelagt systemet vårt for at dette skal det vere muleg. Det å avslutte blant sine kjære, i sitt kjente miljø er det flottaste eg kan tenke meg. Men det tyder og at vi som samfunn må løfte fokuset vekk frå kven som har skulda for at vi skal døy, at vi skal behandlast langt inn i døden, og at vi skal kjempe til siste nikk - koste kva det koste vil. På eit punkt må vi legge ned kampvåpna våre og sei - nok er nok. No slåss vi for verdigheit.

I gamle dagar kraup gamlefar på lemmen då han kjende seg trøytt av dage, og ned der i frå kom han ikkje før 14 dagar seinare, etter hans død. Dette var akseptert. Man kjente etter når kroppen var oppbrukt. Eg trur ingen blir klar for å døy, men å leite etter mirakelkuren etter legestanden har sagt stopp, er ikkje alltid den beste løysinga. Som fagfolk i dette gamet, så veit ein kva tilførsel av mat og væske kan gjer med eit dødsforløp. Det kompliserar, og gjer lidinga større. Men likevel kan vi lese nyheitsoppslag frå oppegåande mennesker som skriv om at deira pårørande svalt eller tørsta ihjel. Vi veit at forlenging av livet, ofte medfører voldsom liding og biverknader som faktisk overstyrer vekene eller månaden ein får i "bonus"-tid. Men likevel ser ein over alt desse oppslaga om at vårt rike norske helsevesen ikkje vil betale for ein eller anna medisin.

Eg skulle ønske at det blei normalt å døy att - at ikkje det vart sett på som eit tap og nederlag. Eit tap er det sjølvsagt - men eg er ikkje einig i at det alltid er eit nederlag. Kanskje vi skulle anerkjent ein tru og gamal profesjon att - nemleg sjelesørgaren. Han som hjelper deg med å sørge når livet kjem til endestasjon. Hjelper å akseptere, forstå og ta farvel med det livet vi hadde. No ligg det sterkt inne i fleire profesjonar, den teologiske utdanninga og mykje i sjukepleien. Teologen når dei med livstru - og sjukepleiaren må ofte ta seg av resten. Eg tenkjer at dette skulle vore ein eigen - ikkje religiøs profesjon.

Kjem eg til å fortsette som sjukepleiar? Det veit eg enno ikkje. Men eg vil alltid vere sjukepleiar i marg og sjel. Så eg kjem alltid til å ta med meg verdiane til sjukepleien og medisinen i alt eg gjer.

                    Av og til helbrede - nokon gonger lindre - ALLTID trøyste

Eg er nok ikkje berre ein sjukepleiar - eg er i tillegg idealist. Eg trur vi alle må ha nokre ideal og draumar å leve opp til. Min draum er at alle som vil, skal få døy heime, trygt og godt, med heile støtteapparatet tilgjengeleg rundt pasienten, der pasienten befinn seg. Ikkje slik som no - der pasienten må oppsøke støtteapparatet, der det er! DET er min draum ...