tirsdag 25. februar 2014

Med orkan i kasta ...

Eg har hatt ein strålande dag. Ein dag kor mykje har lysna i hovudet, og ein dag med berre gode samtalar. Ingen store og livsaltererande ting, ja-ja om du ikkje kallar tema og problemstilling for masteroppgåve livsaltererande då. Men det lyspunktet kom faktisk berre som eit biprodukt av ei god samtale. Så deilig med ein dag fullt av positive augeblikk!

Slike dagar får eg ikkje nok av! Gode oppklarande samtaler, kor eg finn likskap, forståing og felles interesser. Som sagt var det på ingen måte dei store eller djupe samtalane, berre småprat som gjorde så uendeleg godt. Dette får meg til å tenke på presset vi heile tida legg på oss sjølve, press om at alt skal bety så uendeleg mykje, du skal utrette store og viktige ting, og ha dei viktigste og best betalte jobbane. For å i det heile tatt bety noko. Trur vi...

Eine samtala eg hadde i dag, var med ein av studentane mine, som eg nettopp har underkjent eit arbeidskrav til. Når eg sat og retta dette arbeidskravet vart eg irritert på meg sjølv, fordi det var så tydeleg at studenten ikkje hadde skjønt kva eg prøvde formidle i rettleiing. Dette tok eg sjølvsagt, og heilt utan eit einaste sekunds tvil, på eiga kappe. At det sjølvsagt var mi formidling det feila noko. Og at han då ikkje var aleine om å få underkjent arbeidskrav i den gruppa, styrka i alle høve mi tru på den teorien.

Eg spurte han om han hadde behov for meir rettleiing i dette arbeidskravet, og dette svara han benektande på. "Kommentarane du la ved, var veldig logiske då eg fekk dei," svara han, "skulle berre ønske det var like logisk då eg skreiv arbeidskravet i utgangspunktet!" Eg lo litt, og ba han ta kontakt om han trengte det, og gjekk derifra.

Kva er det med oss som gjer at vi så gladeleg underkjenner arbeidet vårt, ved det minste teikn på motstand? Klart at sannsynlegvis så spela mi rettleiing inn på hans resultat, men det handlar vel så mykje om denne studenten si modningsreise. Ikkje berre om kor dyktig eg er? Det vart eit såkalla "lyspære"augeblikk for meg.

Alt vi gjere kvart einaste sekund kan ikkje vere like viktig og stort. Alle handlingar kan ikkje vere like avgjerande heile tida - noko av det vi foretek oss jo nødvendigvis vere litt trivielt og. I livet er det flest kvardagar seiast det - og akkurat difor er det dei dagane vi bør vektlegge mest. Ikkje heltedåden ein kanskje er så heldig å få lov å utføre ein eller to gonger gjennom eit liv.

Dette tek meg litt tilbake til mine grublerier det siste året. Kva blir vel større og viktigare enn å få lov til å ivareta at ein nær deg skal få lov til å døy heime i eigne omgjevnader? Etter ei slik reise er det jo ikkje det minste rart at alt anna er smått og trivielt? Eg har vore så i villreie på kva eg skulle bruke tida mi til etter at ho mamma vart sjuk - og døydde. Det er jo ikkje det minste rart at alt eg gjorde etter det, kjentes uviktig og ubetydeleg?  Og etter at svigerfar fekk same skjebnen, under eit år etter mamma, så begynte eg jo verkeleg å lure på om alt eg styrte med skulle målast opp mot dette.

Eg har vore så redd for at eg har vore utbrent, at det var faget eg ikkje orka meir. Men på same tid har liksom ikkje det stemt heller - fordi eg kjenner jo at kvar fiber i meg, brenn for sjukepleien. Men i dag skjønte eg det - i dag forstod eg plutseleg at eg berre har vore i  villreie etter noko av det største og viktigaste eg nokon gang har gjort, eller ønska å gjere. Det har vore ein overgangsperiode, kor eg har måtte omstille meg etter ei katastrofe. Ingenting har kunne måle seg med dette etterpå. Same kva eg styrte med, så hadde det liksom ikkje same meining eller viktigheit. Og det skulle jo berre mangle! Det kan eg jo berre håpe at ingenting vil i framtida kunne gjere heller. Men akkurat det er eg kanskje ikkje så sikker på.

Kvardagen er heldigvis vanlegvis berre triviell. Du gjer dine daglege ordinere gjeremål, og kjenner at du innimellom koplar inn autopiloten. Og det er nok slik ein vil helst ha kvardagen, stabilt og trygt. Så kjem det innimellom ein og anna storm, med uvisse og redsle for framtida, akkurat nok til at når stormen bles over, så er du så sjeleglad for kvardagen slik den er. Det eg har gått rundt å fundert litt på, er nok kvifor stormen har lagt seg? Kvifor ferdast eg no i lun sjø, og kvifor mørknar han ikkje i horisonten?

Så har eg leita litt etter orkanen eg då. Heilt til i dag, då eg skjønte at det er slik det skal vere. Eg har "fritur" - til neste storm med orkan i kasta. Og frituren den har vi for å fundere litt over tiltaka vi hadde forrige storm, dra erfaringar og lærdom, slik at vi er betre rusta til neste runde. Nyte kvardagen og det litt intetsigande i rutinemessige gjeremål.  Så no sluttar eg å leite etter stormsenteret - eg legg meg på solmadrassa på lading. Prøvar å stålsette meg for neste runde. Puste med magen - som ho mamma alltid sa.

 
 Alle disse dagane som kom og gjekk - ikkje visste eg at dei var sjølve livet

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar