søndag 2. februar 2014

Har ein rett til å etterleve sitt moralske kompass?

Reservasjonsretten til legane er den mest diskuterte saka i media i desse dager. Og slik eg har forstått det, har no regjeringa kasta denne brennheite poteta ut i kommunane, slik at dei skal få avgjere sjølv kor vidt legane skal få reservere seg mot å henvise abortsøkande kvinner vidare, for å få utført inngrepet.

For det første så er dette blitt miksa opp i to andre parallelle saker, slik eg ser det. Mange har løfta opp att debatten om kor vidt abort skal vere legalt eller ikkje, og eg finn det lett å sjå kvifor dette blir forvirrande for enkelte. Det som overrasker meg større, er at denne utfyllinga av skjema blir samanlikna med eutanasi (aktiv dødshjelp). Og då dett eg fullstendig av lasset. Meinar ein verkeleg at eit foster på 7 veker kan samanliknast med at ei 50 år gamal trebarnsmor vel å reise til Sveits å avslutte livet fordi ho har fått ALS, eller liknande grusom diagnose? Eg skal ikkje gå inn i eutanasidebatten - men eg finn det noko fornærmande mot kvinna som reiser til Sveits at ho blir samanlikna med eit foster på 7 veker, som ein faktisk ikkje kan vete med sikkerheit er levedyktig enno!

Men saka er den: Skal fastlegar kunne reservere seg mot å sende denne søknaden på vegne av den gravide kvinna? Dette er kjerna, verken meir - eller mindre.

Eg må då sei at regjeringa si fantastiske løysing om å kaste dette ut i kommunane, der dette vedtaket vil bli gjort svært så personleg, er billeg. Min fastlege, som forøvrig er tilsett i den forrige kommunen eg budde i, er møtande på bystyremøta i gjeldande kommune. Og han er ikkje den einaste politisk aktive legen, såvidt meg bekjent. Dette vil seie at når bystyret i denne kommunen skal fatte dette vedtaket, så gjer dei det mot eigne bystyremedlemmar, for ikkje å snakke om naboar. Spesielt når  dei har hatt valet om å ta denne avgjerdsla på "nøytral grunn", finn eg dette både feigt og ulogisk.  Denne private dimensjonen kunne vore fjerna, ved at regjeringa vår hadde vore tøff nok til å stå for det dei meinte sjølv!

Som sjukepleiar har eg meir enn ein gong stått i situasjonar kor eg skulle ønske eg kunne reservere meg mot å gå på jobb. Men vi får utrykkeleg innprenta i utdanninga at vi skal behandle alle likt, uansett kva vår personlege oppfatning måtte vere. Difor har eg stella og utført legens ordinasjonar for den antatt aktivt pedofile pasienten då han var akutt kritisk sjuk. Mi overbevising om at eg var med på å øydelegge eit eller fleire liv fordi vi kurerte pasienten, var absolutt.


Eg har satt ved sengekanten i 9 netter etter ein annan, hos den gamle pasienten med delir (akutt forvirringstilstand) som ikkje var aktivt på dagtid, noko som førte til at kvar natt var han desperat av alt han såg, lukta og kjente. Ingen medisinar vart ordinerte på dagtid, og eg og turnuskandidaten måtte løyse dette kvar einaste natt i 9 netter, til han til slutt døydde. Gjett om eg hadde lyst å reservere meg då!

Og eg var med på å redde livet til den voldelege familiefaren, da han fekk hjartestans i avdeling, som banka og terroriserte både kone og born, og behandla han gong på gong då han var innlagt fullstendig nedsleten av rus og utagerande livsstil. Eg har måtte jobbe hardt med mi lære om at alle har lik rett til behandling, uansett kva dei har gjort.

 
Dette omhandlar ikkje ein gong gynekologen som utfører aborten. Dette omhandlar det faktiske augeblikket då eit skjema blir utfylt. Berre for å sette det i perspektiv. Eg kjenner ikkje nok til legane sin arbeidskvardag til å sette meg til doms over kva som er rett og gale i høve dette å reservere seg. Men for meg er forholdet eg har til min fastlege hellig! Eg må vere trygg for at han eller ho står i mitt hjørne når livet blir vanskeleg. Utan å dømme, eller å synast noko om min moral eller mitt liv. Difor reiser eg 6 mil for å treffe min fastlege - fordi vi har opparbeidd oss tillit. No kan det hende eg er blitt for gammal til å stå aktivt i problemstillinga abort/ikkje abort, men min barn har min fastlege, og eg unner dei samme tryggheita eg har.

 
Så tilbake til om fastlegen bør kunne reservere seg? Nei - EG synast ikkje det. Eg synast at som fastlege, så utfører du dei arbeidsoppgåvene som ligg i den rolla. Om du personleg har ei livstru, eller anna overbevisning som gjer deg sjelelege kvaler på grunn av denne problemstillinga - då vel du ein anna del av legeyrket. Du treng ikkje bli fastlege! Men at det er ein menneskerett å reservere seg mot det ein meiner er forkasteleg, eller ikkje i tråd med kva du kan leve med, bevares. Det er det utan tvil!

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar