tirsdag 29. oktober 2013

Influensavaksine???

Klokka er berre så vidt passert ni om morgonen. Og eg kjenner allereie at dagen har begynt å slite på tålmodet. Har kava sidan i går kveld med å få fatt i tidspunkt for utviklingssamtale med minsten. Dette har eg enno ikkje  lukkast med. Ser skjemaet for meg, det var i dag han skulle vere der, og eg meiner han var første mann. MEN skjemaet er berre ein visjon for mitt indre auge. Det er i alle fall ikkje her i huset! For det har eg endevendt x antall gonger. Pappaen til junior har 45 min køyretid for denne samtala, og eg har ikkje peiling på kortid den startar. Jaja - får vel slå meg til ro med at det blir minsten og meg, utan pappa.

Veit ikkje om det er denne samtala som er årsaka til at eg har vakna gud veit kor mange gonger i natt. Men det gjorde eg. Nokre gonger var det fordi eg var potte-tett i nasa, noko som førte til nokre gutterale kvelningslydar - etterfulgt av lyden av papir som vart knurva saman. Den lyden kom som følger av at eg lukka munnen mens eg prøvde svelge. Partneren ved sida av meg i senga er enten for sensitiv til å sei noko, eller så er den nedsette hørselen hans ei skjult velsigning! Det å vakne av at det kjennast ut som om du kvelast, er ein smule ubehageleg. Det tek litt tid før ein sovnar att! Først må pusten roast ned, deretter hjartefrekvensen. Når det er oppnådd er munnhola så vidt byrja å bli så fukta att eg klarar opne munnen att rett etter eg har lukka den. Berre så vidt - men det går. Då er eg sjølvsagt vaken nok til å registrere den dundrande hovudpinen, som sannsynleg kjem av for lite O2-tilførsel til hjernen. DÅ er eg klar for å sove att.

Hørselen min har forresten ikkje vore på topp den siste veka heller. Var på jobb laurdagskveld, mens eg meinheldt på IBUX-boksen i eine handa, og halspastillane i andre. Det å svare nødtelefonar med ei stemme som kunne vunne konkurransar i australske urbefolkningsframføringar, og med øyre som hørdes ut som om dei befinn seg inni dei største fossefalla Noreg har å by på - var mildt sagt spennande! Det legg slett ikkje grunnlag for god og trygg kommunikasjon - kan du sei!

Midt i stresset med å overtale den yngste håpefulle i å kle seg i regnbukse, kjem den yngste tenåringen inn døra. Han lurer på om eg har sett busskortet hans???? Hmm, trur faktisk ikkje eg veit kor det ser ut ein gong. Eg trive skulesekken ut av hendene hans, fordi eg veit jo kor god dei er til å leite desse framtidas håp, og merkar meg litt uroleg stamping og trakking frå framtidshåpet, mens eg møysommeleg opnar lomme etter lomme i sekken. Busskortet finn eg ikkje, men 2 (!) meloingsbøker dukker opp, ei tyskgloseprøve med 0 rette, og fleire brev frå skulen som skal sikre dette gode heim-skule samarbeidet. Ikkje eitt av dei var yngre enn 3 veker. Masse kjekk informasjon om turar, oppmuntring til deltaking i div aktivitetar etc. Og fleire målark, (som visst er hjelpemiddel i ulike fag han har prøver i), prøver som han enno ikkje har begynt å ha!!!!! Prøver som gjev karakterer han enno ikkje har fått. Jmf den nye ungdomsskuleeleven i heimen.

Eg innser at eg nok ein gong har latt tvilen komme til gode - FOR TIDLEG! Guten skjelver i buksene ser det ut for, men med den begrensa stemma eg har for tida, er det ikkje mykje nyting i det. Eg kvekkar noko som kan minne om "Skal sei det til faren din- han får teste deg til tyskprøva i morgon", og konstater med det same eit lettelsens sukk gli over heile kroppen til guten. Han såg ut som om nokon som nett har sett frelsa.

Vi fekk info om influensavaksine på jobben for ei tid tilbake. 4 datoar vi kunne berre møte opp å ta denne vaksina. Eg lurte litt på om eg skulle ta den, sidan min pasientkontakt no er begrensa til telefonen? Før klokka har slått ni i dag tidleg, skjønar eg at eg for all framtid - MÅ og SKAL ta denne vaksina. Lurer på om eg skal be om spesiell innkalling kvart år. Hushaldninga vår er i størrelsen på ein mellomstor grendaskule - korleis i himmelens navn klarte eg å oversjå dette? Her går det ikkje an å legge seg ned med noko så trivielt som influensa. Ein må befinne seg på barrikadane, væpna til tennene med mistru og antakingar om at ein blir lurt. For sannsynlegheita er svært stor for at søv du litt i timen - så blir du det!

Du og du kor eg gler meg til desse utviklingssamtalene!

onsdag 23. oktober 2013

Nye beskjedar ...

Det siste året har vore eit altoppslukande år. For akkurat 13 månader sidan, fekk vi beskjed om at mamma hadde kun kort tid att å leve. Etter denne beskjeden, fulgte 4,5 mnd kor eg enkelte dagar ikkje hadde tid til å ete. Eg kjende at eg måtte tvinge meg til å puste roleg fleire gangar for dag. Kvart einaste sekund på dagen, levde eg i sterke kjensler, det var aldri fred å få. Ikkje kunne eg stenge av noko av desse kjenslene heller, fordi eg ikkje visste kor lang tid eg hadde å bearbeide desse. Eg hadde nærast eit angstprega forhald til telefonen min. Det stakk liksom i magen kvar gong eg høyrde den starta å ringe. På desse 13 månadane sidan denne beskjeden, har eg lært meir om meg sjølv enn i nokon anna periode i livet. Eg har og lært mykje om faget mitt, som eg kjenner eg har hatt behov for å dele. Derfor roter eg no på med noko som skal vere eit forsøk på ei bok. Men eg har tilsvarande mykje lærdom på den personlege fronten. Vi har ikkje tid å kaste bort. Så eg innvolverer meg ikkje like mykje i trivialitetar lengre. Dette merkar nok omgjevnadane mine mest på at eg tenderer til å bli veldig direkte.

Det som har vore vansklegast dette året, er nok dette at eg ikkje har kunne ta pause frå meg sjølv. Eg er liksom stengt inne i hovudet mitt med tankane mine, og det er aldri fred å få. Eg har oppdaga gode ting med meg sjølv, og ein heil det mindre bra. Men læringa har liksom ikkje på noko punkt slått "seg av". Og det kan eg berre sei, at eg er slettes ikkje ein enkel person å måtte forhalde meg til - 24/7!

Ettersom sommaren har gått på hell, kjenner eg at eg har funnet tilbake til roen min, og kanskje litt distansen til meg sjølv. Det har vore godt. Eg har funnet min plass på den "nye" jobben min, blitt kvittert ut på 2.ledd på vårt utdanningsnivå - som 113 operatør. Ein tøff jobb, kor ein i alle fall skal vere veldig bevisst på kven ein er - både på godt å på vondt. Mastergraden min har begynt å ta form, mest på planleggingsstadiet, men dog er der ein plan. Eg har kjent at kreftene endeleg har komme tilbake. Starten på denne hausten har vore god.

Så i løpet av ei lita veke - blir alt snudd på hovudet att. Ein får ein ny beskjed. Denne gangen er ikkje eg den næraste, men eg er nært tilknytt dei som er det. Kroppen trer på ny i krisemodus, energiforbruket er enormt! Kvart ord blir tidvis vegd og analysert før det forlet leppene mine. Noko som slett ikkje alltid er dumt - men det krev enorme mengder energi. Eg håpar berre at lærdommen min frå alle plan det siste året, allereie er klar for å bli sett ut i praksis? Er eg i stand til å gjere godt rundt meg med utspring i denne kunnskapen eg erverva meg i fjor? Eg får inderleg håpe det, for valet er nok ein gong vekke. Det er berre å brette opp att armane, og søkje gjere alt ein gong til.

onsdag 18. september 2013

Sakn....

Lenge sidan eg har skrevet noko no. Livet har vel bevegd seg i full galopp, med meg rundt halsen som eit slips (som vanleg). Beklagelegvis ser eg ut som om eg har full kontroll der eg heng - noko eg ikkje har. På langt nær. Eg ber heng der, med ansiktet i rolege folder, og ser ut som om eg forventar alt som skjer. Slik er det IKKJE. Og no - no heng eg der igjen. Kan forklare og begrunne - men kjenner ingen tilfredsstilling i det. Kjenner at det å hevde min rett - faktisk er heilt ubetydeleg - verknaden er som den er likevel. Kjenslene er der, plagene er der, konsekvensane er der - sjølv om eg kan begrunne vala mine, hevde min rett på dei - så er det inga hjelp.

I løpet av dei siste 12 månadane, kjennast det ut som om eg har budd inne i ein tørketrommel. Varmt og godt - men har blitt kasta nådelaust hit og di. Har berre måtta ta meg føre, før eg vart kasta i ein annan retning. Opp til fleire blåmerker har det blitt, men dei forsvinn vel med tida. Eg legg ansiktet mitt i rolege folder, og ser ut som om eg har full kontroll. Livsmottoet mitt har vore: "Enten så går det - eller så går det over". I dag ser eg at dette livsmottoet må opp til revisjon. Det går faktisk ikkje over - det fortset. Og då er det jo lite hjelp i å vente på at det skal gå over.

To gravferder har det blitt dette året - til to av dei mest markante menneska eg veit om. Desse to menneska har prega livet mitt i ei grad eg aldri heilt skjønte, før dei var vekke. Enno har eg telefonnummeret til den eine på mobilen min, klarar ikkje slette det - fordi det då er som om eg avsluttar forhaldet mitt til henne. Fredag var det 7 månader sidan ho døydde, og livet har endra seg drastisk berre ved at ho forsvann. Men forhaldet vårt fortset, via daglege samtaler og tankar rundt, kva hadde ho ville gjort i denne situasjonen. Eg har mentale telefonsamtaler med henne, og følgjer fortsatt dei råda eg trur ho ville gjett. Støtta hennar hadde eg, uansett kva eg bala med. Støtta hennar hadde eg hatt i dag og, sjølv om eg hadde fått ei og anna meiningsytring på vegen.

Det har gått sju månader, og no opplev eg for første gang at det innimellom går ein dag der eg ikkje tenker at eg saknar ho. Ikkje mange - men ein og annan. For eit par veker sidan kom eg plutseleg på tanken at eg ikkje hadde vore innom ho i tankane dagen før. Det var både trist og godt. Godt fordi eg endeleg kan fokusere på andre ting, og trist fordi eg då lurer på om eg er klar for å gå vidare utan hennar støtte?

Ved alle store vegskiller har ho vore der - med råd og meiningar. Ikkje alle har alltid vore velkomne, men dei ærlege utsagna kom alltid frå ho. Uansett kor brutalt, avvæpna ho meg alltid med sin kunnskap om meg. Klarer man eit vegskille utan denne ærlegheita? Fordi ho kjende meg så godt, på godt og vondt, så mista eg noko av meg sjølv når ho
døydde.  Klarar ein seg utan slikt kompass? Og meir enn noko anna, klarar eg å etablere denne graden av kunnskap om mine eigne ungar? Vener og bekjente er oftast svært forsiktige og vage når det kjem til større beslutningar og vegskiller. Slik er eg sjølv også. Passe på å ikkje støte nokon, og ta høgde for at dersom utkomme av situasjonen blir ein anna enn det du råder til, så kan ein fortsette venskapet.

Når eg no står ved eit nytt vegskille - så saknar eg henne. Sterkt!

onsdag 3. juli 2013

Forfengeleg? EG ????

Korleis kan det ha seg at ei kvinne - midt i livet - som faktisk er stolt over alt ho har oppnådd, kan kjenne seg så usikker og engsteleg for eigne prestasjonar innimellom? Eg hugsar at eg tenkte som tenåring, "Åh eg gler meg til å bli vaksen og trygg på alt ting!" Så blir ein vaksen, og er innimellom meir utrygg på verda enn nokon gong tidlegare? Når får ein fred for den usikre tenåringen innvendig?

Eg ser på alle bloggane med dagens sminke, dagens outfit, hairextensions og gud veit kva, bles og tenker herregud kor vi øydelegg ungdommen vår. Så går eg forbi heilfigurspegelen i gangen, ser eit bustete formlaust hår, rynker og render i heile trynet, posar på størrelse med søppelsekkar under (og over)  auga, hud som slaknar i elastisitet for kvar time. Alle andre på min alder (40+) ser jo betre og yngre ut enn meg? Korleis har det seg? Eg er i medium aktivitet kvar veke, oversolar meg ikkje, røyker ikkje. Til og med søstrene mine, som er begge er eldre enn meg ser betre ut enn meg! Og vi deler no tross alt same genene.

Er det no berre ungdommen vi øydelegg? Er eg verkeleg så mykje betre enn desse "rosa" bloggarane som berre tenker på dei 40 laga med maskara dei MÅ ha på i dei rette klumpelaga, og berre MÅ finne den rette "posen" før bilete kan takast. Eg har sjølv stadig færre bilete som går gjennom sensuren for publisering på facebook. Heilfigur kan du berre gløyme. Eg ser jo ut som ei middelaldrande (!) kjerring! Og kjem du nærare - syner rynker, fuglehals og leverflekker i trynet for mykje. Då legg eg heller ut blinkskotet frå i fjor eller det for 10 år sidan.

Vi var på Galghøpiggen med spreke ungar forrige veke. Det var så stygt veir at det ikkje var råd å få nokon andre til å ta gruppebilete av oss, dei sat nemleg inne foran ovnen å varma seg i skodda. Så biletet måtte eg ta sjølv. Når 5 stk skal skvisast inn i ramma, og eg held kamera, så må eg jo komme i front. Men dobbelhake, bossekkar og dalsøkk! Kva er viktigast - prestasjonar eller utsjånad? Eg er jo vaksen, så sjølvsagt er utsjånaden uviktig. Forfengeleg ?? Eg??? Nei, er vaksen eg. Det er ungdommen som er slik.... Ikkje eg!!

mandag 1. juli 2013

Prosjekt Galdhøpiggen ...

Vi er nett komme heim at frå ei veke på vegen med 3-kløveret. Vi bestemte oss for ein aktiv ferie i år, kanskje eit resultat av at vi ikkje klarar å vere aktive nok med dei minste gjennom arbeidsvekene elles i året. Vi er ute på turar stort sett kvar veke - men det dårlege samvitet gjev ikkje fred. Ideen fekk vi i fjor då vi reiste frå vår første fellestur til Galdhøpiggen, då vi reiste forbi ein av aktivitetsparkane i Lom. Der var klatreløyper og taubaner i fleng, og eg tenkte med ein gang at dette hadde dei tre små likt godt.

Året som har gått sidan har vore fullstappa av alt livet har å by på. Jobb, studier, flytting, mamma sin sjukdom og hennar dødsfall 4,5 månader seinare. Vi har fokusert mykje på å vere saman som familie, men vi har ikkje orka alle aktivitetane vi så gjerne skulle gjort. Det vil sei, det er vel helst eg som ikkje har orka det. Så denne ferien skulle vi sette oss ambisiøse mål saman med ungane. Og kva er vel meir ambisiøst enn Galdhøpiggen?

Hovudårsaka til at dette blei årets ferie, er nok Askil. Han har dessverre arva nok av mine gener, og då spesielt dei som seier at kiloa elsker deg! Eg bekymrer meg mykje for vekta hans. Mykje på grunn av faren for mobbing og vanskane rundt det å finne pent tøy som passer. Men det eg er mest redd for, er at han skal som konsekvens av vekta, få eit dårleg sjølvbilete, og at han skal tru at han ikkje klarar prestere det han vil. Etter mange år som svært stor, er det ein konsekvens eg har streva mykje med sjølv.

Når vi då bestemte at Galdhøpiggen var målet, så måtte vi planlegge belønning og motivasjon. Så det første vi gjorde, var å bestille 2 dagar på Tusenfryd, med overnatting på Thon's Juniorhotell på Ski. Denne belønninga sette vi på slutten av veka vi skulle på tur, slik at vi hadde ei gulrot å by på.

I fjor gjekk vi frå Juvasshytta, og
leide eit rom der. Men i år valde vi å leige hytte på Raubergstulen, som ligg ei mil før Juvass. Hytta hadde 2 separate soverom, med 2 enkeltsenger på kvar. Og på hemsen var der 3 sengeplasser. I stova var det ein spiseplass og peis, samt ei open kjøkkenløysing, og hytta hadde eigen dusj og toalett. Det var reint og pent i hytta, som hadde alt du trengte av utstyr heilt ned til kaffitrakter, og servicen på Raubergstulen er heilt eksepsjonell. Vi betalte 1000 kroner natta for denne hytta, og tru meg, det er ein heilt akseptabel pris når du kan ta med deg 7 personar om du ønsker. Dei leier og ut enkle rom med matservering og større hytter.

Rett over vegen for Raubergstulen ligg Galdhøpiggen klatrepark som har 6 klatreløyper av ulik vanskegrad. Elias og Kayla som er under 150 cm kunne ta dei 3 første. Askil som over 150 cm kunne ta dei 5 første løypene. Den siste løypa var for dei over 160 cm. Askil betalte vi 290 kroner, Kayla 220 kroner og Elias var 190 kr. Då kunne dei klatre heile dagen om dei ønska.

Men først var det Galdhøpiggen. Onsdag 26.juni 2013 kom, og håp om klarveir brast fort. Men skodde og regn skulle ikkje stoppe oss. Vi betalte 800 kroner for alle fem.
Turen er delt opp i 3 etapper, der første del er over svært grov steingrunn med vekslande snødekke no i juni. Denne delen går i slakk opppver stigning, og er nok ikkje så veldig fysisk krevjande, men litt krev den no av deg. Mest at du ikkje må trakke feil, slik at du vringlar noko. Denne etappa tek 45 min, og guidane set ei grense på 1,5 timar på denne etappa dersom du skal vere med vidare. PÅ denne etappa sleit Askil veldig. Han vart fort sliten, og har nok ikkje pressa kroppen sin så sterkt at han har komme forbi "sliten-punktet" før. Dette gjorde han nok engsteleg for om han kom til å klare resten av turen. Torbjørn og eg vart fort einig om at påbegynte etappar skulle fullførast, så fekk vi heller vurdere kvar etappe for seg. Askil vart sint og sliten. Sliten slik at han vart redd for å ikkje klare fullføre, og sint fordi vi hadde "tvunge" han med på turen. Eg tenkte mykje på kor mykje eg skulle tore å presse han, men vart fort einig med meg sjølv at eg var meir redd for konsekvensane av at han ikkje fullførte.


Askil har det siste året spara til stasjonær gaming-PC. Den han har valgt seg ut kjem på mellom 10 - 12 000 kroner. Avtala vi har gjort med han, er at han sparar opp halvparten til denne sjølv av vekepengar og gåvebeløp, så matcher vi andre halvparten då han har spara opp 6000.

Før vi reiste hadde han 3200 på konto, og eg kjente at no var gode råd dyre. Motivering og "pep-talk" gav han ikkje boosten han trengde, så i desperasjon seier eg til han at eg skal matche det som står på kontoen då vi kjem heim, dersom han nådde toppen. Askil strålte opp som ei sol, og vart så lett i steget at du anar ikkje. Eg fekk eit lite augeblink dårleg samvit fordi eg "lurte" han med ei avtale som eigentleg ikkje gav han noko anna enn det vi allereie hadde avtala, men undertrykte kjensla av tvil,, før den fekk fotfeste. 


Vi kom fram til kanten på Stygge-Breen, kor det var matpause og ein kvil før neste etappe. No skulle ein gå i taulag over breen, grunna fare for å falle i bresprekkar. Denne etappen er den minst krevjande, men går i snø over 45 min, så den krever no sitt den også. Vi var alle fem klare på at vi skulle fortsette med intensjon om å nå toppen, og no var Askil den mest ivrige av heile gruppa.

Andre etappen går i ganske flatt lende heilt til slutten av etappen. Då skår breen oppover foten på Galdhøpiggen, og med litt raust tempo - høyrde eg at Kayla vart svært tungpusten. Tempoet til breguiden var rikeleg, og han gav ikkje sjanse til å tenke seg om, Kayla pesa høglytt bak meg, og eg kjente etterkvart at melkesyra meldte seg i låra mine og. 

Eg rakk å bli forbanna på guiden, og brøle stopp ein gong, slik at vi fekk trekt pusten om ikkje anna, før vi nådde punktet kor vi skulle legge frå oss tauet vi var festa i. Kayla var no så sliten at ho berre ville snu. Ho hadde mista all tru på at dette var mogeleg,  og vi prata litt om kor viktig det var med mat i kroppen no, og at dette ville gå over. Kayla må berre motiverast med at ho er betre enn brødrene, før ho er i vigør att, og det verka også denne gangen. Når eg berre fekk overtala henne til å ete ei skive, og ho fekk kvile litt att, så var ho klar att også.

Som du ser av bileta at sikten var lik null, og guidane var svært strenge med at vi ikkje fekk gå aleine nokre av etappane. Sikten var dårleg, men ungane vart likevel positive til erfaringa, og beskreiv turen etterkvart som den beste dei har hatt.

Siste etappen er svært bratt, først mykje klatring på berg og stein, deretter bratt stigning i snøkave. Elias bestemte seg tidleg på turen for at han skulle vere den første opp på piggen, så han såg vi stort sett berre ryggen på. Han og Torbjørn leia fortroppa vår. Vi fekk nesten 45 min på toppen, noko som seier noko om at vi ikkje var dei siste opp i alle fall.
Kjensla ungane hadde på toppen var fenomonal, dei stråla av meistring og stoltheit over eigen innsats. Eg var undervegs usikker på om eg pressa dei for mykje, men det var tydeleg på toppen at eg ikkje hadde. Dei var så stolte då vi gjekk inn i hytta på toppen for å kjøpe t-skjorte med Galdhøpiggen på. Desse selgast for 200 kroner kontant på toppen. Du kan til nøden få kjøpe ei nede på Juvasshytta om du ikkje har kontantar med deg på toppen, men då må dei vere sikker på at du har gått turen. Denne skjorta var kjempeviktig for dei!

På turen ned att vart Elias høgdesjuk, han vart svimmel, fekk hovudpine og vart til slutt kvalm. Han kjente seg svak i beina, og vart ustø, noko som ikkje var så kjekt i det terrenget. Men han gjekk ned att, nesten heile vegen. Eg mistenker at behovet for å vere først, tok han litt hardt, og at han sprengte seg litt på turen opp. Men, med motivering og masse skryt, pluss ein desperat lovnad om nye hovudtelefonar til PC hans, kom vi oss ned att. Han måtte bærast eit stykke på slutten, men fullførte heile turen på eigne bein den siste halvkilometeren. Og som han sa sjølv: "Eg pusha meg sjølv gjennom vanskane, til og med etter eg kjenta at grensa mi var nådd". Og gjett om han gjorde!

Denne turen lærte meg mykje om tolegrensene til ungane, og endå meir om deira personlege styrker og svakheiter. Trur at turen lærte dei sjølve mykje om det same. Eg lærte også noko om meg sjølv som mamma, nemleg at eg er redd for å presse dei for hardt. Og at det sannsynleg fråtek dei opplevingar og meistringar, fordi eg let dei få gje seg når redsla deira er for stor. Eg kjem nok til å tore å "pushe" dei litt meir, for å bruke Elias sitt eige uttrykk, fordi eg har funne ut at eg har dei tøffaste kidsa i verda! Eg er så stolt over prestasjonane deira etter denne turen, at eg ikkje kan få uttrykt det nok i ord. Og jammen litt stolt over meg sjølv også, eg har gått Galdhøpiggen heilt uten å tenke på eigne prestasjonar, berre vore fokusert på motivering og styrking av andre sine. Det var også ein litt spesiell erfaring som har synt meg at eg klarar meir enn EG trur også...

Dagen etter, då mine giktledd og muskelfestebetennelsar hylte livet av seg, og eg knapt klarte å kravle ut av soveposen, kva gjorde ungane då? Jo, dei kasta seg ut hyttedøra kl ti på føremiddagen, klar for Galdhøpiggen klatrepark.

Elias rasa gjennom løypene, og då han stod fast uten å klare finne metoden han skulle nytte vidare - berre lo han og ga på til han fann den.

Kayla gjekk på meir forsiktig, og då ho stod fast brukte ho pusteteknikkar og sjølvmotivering for å komme vidare.

Askil møtte utfordringane han har med høgdeskrekk så langt han klarte, men er mykje meir forsiktig i måten han løyser problema på.

Det har vore fantastisk å bli kjent med ungane sine på denne måten, og eg kan berre anbefale det på det varmaste. Ein blir jammen overraska, sjølv om ein meiner ein kjenner ungane sine godt.

Dei ressonerer i alle fall i ettertid slik sjølve, at dei har hatt ein kjempeflott tur som har gjort dei usikre, redde for eigne avgrensingar og med masse spennande meistringsopplevingar. Som Kayla sa det etter holdt på å gje seg i eine hinderløypa 10 m over bakken, og ute på nokre tømmarstokkar som ikkje ville samarbeide med beina hennar. "Eg har vore på Galdhøpiggen for søren, ikkje kul at eg gjer meg no!!!"








onsdag 19. juni 2013

Kan ein be om meir?

Har vore slik i villrede om kva og korleis vegen vidare for meg vil sjå ut. Eg kjenner at i dag nærmar løysinga seg :) Det einaste eg har vore sikker på den siste tida - er at eg ønsker å vere lærar. Det er så kjekt å undervise - samtidig som eg er utslitt på turnus. I desperasjon for ei veke sidan søkte eg ppu i Bergen, sjølv om eg trudde det var fulltidsstudie. I dag får eg bekrefta at eg gjer som eg alltid gjer - nemleg les ikkje skikkeleg nokon ting! Eg har då søkt på deltidsstudie frå hausten av. Går det an å ikkje få det med seg????
 

Åh kor glad eg blei no. Då skal eg klare å vere lektor om 2 år. Jeeeiiii!!!!! Søker eg om fritak på masteren for valfaga no - er det eit roleg år framover for der. Då kan eg "konse" om på pedagogikken. Legg eg karakternivået på C området har eg æra i behald og samtidig kan gjennomføre begge deler. Dette vart ein gledens dag. Dette let seg kombinere med 60 % stilling på AMK. Då strammar vi inn livreima då - og let det stå til !!!!!! HALLELUJA !!!!!

Då er eg tilbake med ein klar plan. Om to år er eg kvalifisert til å vere lærar på vidaregåande skule. Med fri om sommaren - og betre betalt enn på høgskulen. I eit fag eg kan! I ein jobb eg verkeleg elskar! Kva meir kan ein då be om?

tirsdag 18. juni 2013

Åja, forresten mamma - eg SKAL skifte skule...

Kl. 09.00 stod Elias og eg klar på Flatene skule for å møte den potensielle (?) nye klassen til Elias. Beslutninga var nok allereie tatt - men ifølge Elias var han ikkje heilt overtydd om at dette var heilt ok, før han traff klassen. Vi helste høgtideleg på klassestyrar og ass.rektor, og vekk var Elias. Fekk berre beskjed om at dersom han ville vere heile dagen, måtte eg komme att med matpakke kl.11.00. Elias hadde ikkje tid til å seie "hadet" ein gong. Eg reiste heim, og smurde niste til han, innstilt på å komme heim att med den.

Då eg kom opp att på Flatene, var alle ungane ute å leika. Eg gjekk rundt og rundt å leita etter guten, men han var ikkje å sjå. Så gav eg no omsider opp - og gjekk mot administrasjonsbygget, for å sjå om han var der med lærar Ørjan. Mammahjertet sank litt, for dersom han var der, så hadde det nok ikkje gått så bra likevel - tenkte eg. Rett før eg nådde inngangspartiet til administrasjonen, hørte eg ei jentestemme som ropte "Hei - er du mammaen til Elias?" Eg kunne jo berre bekrefte det til den lille jenta som stod der, og svarte ho raskt at "han er her borte, han". Jenta prata i vei, om at dei spilte "spark på boks" og at grunnen til at eg nok ikkje såg han, var at han var så flink å gøyme seg.

Elias kjem springande mot meg, berre eit stort smil - riv nesten matboksen ut av hendene mine - mens han roper i forbifarten. "Åja, forresten mamma - eg SKAL skifte skule". Det er lenge sidan eg har kjent på så strålande lukke som den setninga skapte. Eg ropar han tilbake, for å prøve å overtale han til å ta regnjakka si, i tilfelle, og då flokkar ungane seg rundt meg. Helsar høfleg og fortel med iver om bursdagsinvitasjonar som kjem til å dukke opp i løpet av dagen, og om kor kjekt dei har det.

Eg spring vidare då skuleklokka ringer inn att, og kjenner ekkoet av klokkelyden i hjartet mitt. Det syng - han trivast, dette går heilt fint, han får masse nye venner!

søndag 16. juni 2013

Helgefrukosten - kjerna i det gode liv...

Ein deilig dag i dag! Vi starta med ein god frukost ute i paviljongen. Det er noko heilt eige med å sitte i fred og ro der ute, høyre fuglekvitter og samtidig ete god mat i lag med familien. Vi er litt redusert i mengd i familien denne helga - først og fremst fordi vi har såkalla "barnefri" veke. Desse vekene er gode, fordi vi kan nytte dei til å samle ny energi til ei ny veke kor tempoet er høgt, og hendingane meir kontinuerlege. Det er deilig å få alle inn dørane att sundag kveld, men det skal ikkje stikkast under ein stol at det innimellom er godt når dei fer att også.

 Eg opplev i alle fall at eg blir ei betre mor, når eg får trekke pusten innimellom. Men denne helga var pappa til kidsa opptatt ein kveld, og vi fekk låne Elias og ein kamerat på overnatting. Sagt med Elias sine eigne ord i helga - "Du mamma, eg trur eigentleg eg er skapt for å vere einebarn". Vi opplev at "plageånda" Elias nærast skiftar ham som ein kamelon denne helga. Vi merkar knapt han er i hus, er positiv til alle forslag, med på alt, og veldig kommuniserande. Vekk er kranglane med Kayla. Hovudoppgåva hans frå han sler opp auga når han er i lag med henne, er å irritere henne. Og det skal vere sagt, det er slett ingen tung jobb for han! Det er så koseleg å ha ungane heime berre ein om gongen.

 Når det er så mange i hus på ein gong, merkar vi fort at ein og anna gangen, kjenner ein eller anna seg tilsidesett, og vi har faktisk ikkje moglegheit til å gjere noko med det - fordi tempoet er så høgt rundt oss. Då rekk du liksom berre å konstatere at ein av ungane kjenner seg sår, og du får eigentleg ikkje moglegheit til å rette det opp, før kjensla til ungen er gått over. Det kjennast svært utfordrande av og til, men eg trøstar meg med at vi ser det no i alle fall. Så håpar og trur eg vi klarar å formidle til dei at alle som ein er like viktige for oss.

Helgane våre er hellige, trur det er difor eg kjenner det så vanskeleg å kople seg på turnus-tanken att. Då lagar vi felles frukost, det har vi for så vidt i vekedagane også, men då er 1.bordsete kl.06.15 for dei 4 som tek bussen kl.07.15. Og 2.bordsete er for dei som har 2 min på skulen kl.07.45. Til dette måltidet går det i snitt 1,5 brød med tilhøyrande pålegg. Det ryk med minst 5 youghurtar og nesten 1 l juice kvar dag. Vi burde vore gullkunder hos Rema! Men i helga er det felles frukost kl.11.00 - for å møte alle sine behov om å sove ut. Det er blitt vekas høgdepunkt, og hopper vi over ein av helgadagane, blir fellesen raskt etterlyst av ungdommen.

 No skal vi prøve å stramme inn matbudsjettet - som fort blir over 12.000 pr mnd, ved å lage menyplan månad for månad. Planen er å handle inn mat 1 x pr veke, og middagsmat 1 x pr månad. Å handle kvar dag, ruinerar oss fort. I år blir vi 4 tenåringar i hus, med alle vaner og aktivitetar dei har, og 2 stk i førpubertet. Og tru meg det kostar pengar å halde denne gjengen med Converse og smarttelefonar og ukepengar. Alle (!) har eigne pc'ar. Det er eit ledningskaos over alt. Skal ikkje sei så mykje om kva strømrekninga vår er på kvar månad. Det kan ein jo kanskje tenke seg sjølv. Berre i ukepengar gjev vi ut 2500 pr månad. Då er det inndelt litt etter innsats i heimen - og mest etter alder. Men då må dei også klare seg med desse lommepengane. Det blir ikkje gjett nødhjelp til anna enn nødvendige ting, og då gjeld ikkje argument som "Den kjolen berre e so fin at eg må ha den!"

Det skal jammen bli spennande å gå ned i 60 % stilling i sommar. Men eg anser det som god trening på å halde budsjett. Litt ekstravakter blir det vel kvar månad - og då er det jo absolutt ein fordel å arbeide turnus. Trur nok det er der pengane ligg i alle fall. Så må vi lære oss at når det går tomt for noko, så er det tomt. Det er dei færraste ting ein ikkje klarar seg utan - sjå vekk frå dopapir då. Det er det litt ubehageleg å spare på. (Men skal heller ikkje nemne kor mykje vi brukar av det. Har av og til lurt på om vi ikkje burde innføre kvotering på det også).

Dagane våre er stappfulle av innhald, leksehjelp og organisering av aktivitetar både innafor og utafor skulen. Foreldremøter, og bursdager, dette høyrast ikkje så mykje ut, men det fyller vekene våre. Køyring og henting her og der, moped og bilsertifikat, konfirmasjonsplanlegging og byte av skuler. Spiralen berre veks i høgde og intensitet - men herre Jemini for ein flott gjeng vi har rundt oss. Masse samvær og latter, samtaler om stort og smått, og for ei lærekurve for meg og Torbjørn. Vi anser oss for å vere verdas heldigste foreldre - både for våre eigne og for våre bonusbarn. Innimellom har ein lyst til å springe til fjells - og det gjer vi også for så vidt - men jammen er det lærekurve i ein slik storfamilie. Eg kunne ikkje tenke meg å bytte med nokon. At vi har dei flottaste ungane på jord, er det ingen tvil om. Dei har tatt dei store endringane vi har påført dei med den største ro. Og alt går seg til - dag for dag - månad for månad.

Det siste trekvarte året har spesielt vore tøft, men vi opplev også der at borna syner den største omsorg og hengivenheit. Vi bur i ein familie kor alle stilltiande tek seg av kvarandre uten å gjere noko stort nummer av det. Innimellom pratar vi om det, men ofte ber gjer vi - uten å kommentere. Kvar dag legg alle i familien ned arbeid for dei andre, og det gjer meg veldig stolt! Vi er ein flott familie <3

Men det eg ser som det viktigaste vi gjere kvar veke - er å samle alle til fellesfrukosten kvar laurdag og sundag. Dette bordsetet varar ofte i ein time eller to, og det sit alltid ungar igjen saman med oss etter dette måltidet. Ikkje alle - for tempoet er som sagt høgt - men alltid ein eller anna. Desse stundene pratar vi om alt frå nazisme til religion, kva oppførsel er greit og ikkje. Eg opplev at det er alltid ein av ungane som startar desse djupe samtalene med eit eller anna spørsmål, så sit dei som lys og sug til seg kva vi seier, korleis vi uttrykker oss, og kva haldningar vi har. Eg har måtte lære meg til å alltid veie mine ord på gullvekt i desse situasjonane, då det er så tydeleg at dette er også blitt eit fora for dei kor dei lærer. I desse samtalene får dei øve seg i å argumentere, og vi søker å lære dei å tenke sjølv, ikkje berre følge straumen.

Det viktigste vi kan gjere for ungane våre, er å lære dei å sette ord på ting, og å kjenne empati for alle sin situasjon, uavhengig om vi skjønar eller ei. Kor vidt vi lukkast med dette - gjenstår å sjå. Denne frukostsettinga er eit ypperleg fora for denne type læring har vi erfart så langt. Blir spennande å sjå om dette stemmer? Men dette, og andre episoder i den siste tida har minna meg på ein ting. Ungane lærer av kva dei ser - så vi gjer vel i å alltid ha i mente at slik vi oppførar oss, er sannsynleg deira største læringsplattform. Dømmer du andre, får du fordomsfulle ungar, syner du andre forståing - får du forståelsesfulle ungar med empati for andre. Her får vi att i tifold!
Vær mot andre slik du vil andre skal vere mot deg

lørdag 15. juni 2013

Med blanke ark...

Etter nok ei natt med snuing og vending, med av-og-på-søvn vaknar eg trøtt og foran eit "vegskille". Enten så fortsetter eg å sitte i sofaen og vere sliten - eller så må eg gjere noko! Kroppen verker, eg er sleten, hovudet er kaotisk - og det kjem sannsynleg ikkje til å endre seg på ei stund. Slik er det - og korleis kan eg handtere det? Ikkje særleg suksess med dei 2 siste vekenes "approach" til problemstillinga i alle fall. Det som skjer samtidig med at ein er nede i dette "dalsøkket" er nemleg at ein blir litt småparanoid, og kjempeusikker på seg sjølv.

Då eg vakna i dag var eg drittlei! Drittlei meg sjølv og drittlei kjenslene mine. Det er vanskeleg å rømme unna seg sjølv, så betre løysingtiltak må settast i verk. Eg foreles i sjukepleieprosessen til studentane, og understrekar kor viktig det er med evaluering av tiltaka. Den einaste måten å sikre at tiltaka er gode nok - er å evaluere. Vel ved mi evaluering i dag - så er eg like trøytt og utafor som tidlegare, så tiltak sett i verk så langt har tydeleg ikkje effekt. Då må ein revurdere.

Så då blei det opp av senga kl. ni - spenn i gang frukosten, vekke dei heldige som var i hus, for å annonsere planlagt kanotur. 3 vaksne, 2 ungar og ein hund i kanoen - gjekk heilt fint det. Så lenge alle sat i ro. Vi hadde ein strålande tur til Hunsrasta i kano, kor vi grilla, hunden bada og alle kosa seg. Deilig. Så kjekt å kjenne at angsten for inntatte kaloriar avtok i takt med aktiviteten. Så slepp ein no å gå rundt å bekymre seg for å bli feit att i alle fall. Unte meg faktisk eit par ekstra marshmellows i staden.

Dagen er god, faktisk betre enn god. Kanotur og bollebakst saman med dei du er mest glad i, er jaggu ein kur eg skulle tatt for veker sidan. Men drit i det - no er her. Turar 3 dagar i veka - starte på løpetrening med Alex (Måndag altså :) ), få litt fart i systemet att. DET skal jaggu bli godt. Så får eg heller prøve å slite meg ut på fjellturar, og sjå om ikkje det gjere noko med sømnen min.

Måndag er siste dag på Høgskulen. Då skal eg undervise i nokre timar, og elles berre tømme kontoret mitt. Så er det 3 veker med ferie - før ei bratt læringskurve skal inntakast på AMK. AMK på sommaren er visst noko ein lærer mykje av :). Får sjå om ein ikkje heng med då! Eg er i alle fall klar...

Alex held på med siste innspurt på lappen
- så dei neste veken vil vi bli å sjå med feit L på bilen, på kryss og tvers i Sunnfjord. Alle herved advart! Neida, berre tullar, jenta er flink å køyre ho - eg kjeftar nesten ikkje i det heile på turane våre. Oppkøyringa hennar er berre nokre få veker unna, så er ho på vegen aleine. Og eg har ikkje lengre bil. Men det er vel slik det skal vere. Får kjøpe meg sykkel eg då!


Livet er ei snodig affære - ein kan kople seg av ei stund, men ikkje over tid. I alle fall kan ikkje eg det. Men har jo uansett altfor mange "forstyrrande" element i livet mitt, til å trekke meg ut over tid. Og på sett og vis har den lille energien eg har hatt, gått til familien, som seg hør og bør. Men det har blitt litt vel mykje navlebeskuing og - og det har ingen godt av over tid!

onsdag 12. juni 2013

Ein av dei dagane...

Du slår opp auga, og kjenner at det er ein av dei dagane att. Har vore tett mellom dei i det siste. Du berre VEIT at dette er ein dag som byr på konfliktar eller problem. Så veit eg og, at i desse dagar har eg nerveendane mine utapå huda. Noko som gjer meg tilbøyeleg til ein smule overreagering. Nei, "veka" er ikkje på veg....

Er det då slik at eg tiltrekke meg konfliktar, fordi eg ser dei skjult mellom linjene i alt som skjer? Eller er det antydning til synskheit eg opplever?

Dette har eg lurt på i mange runder, og i dag skjer det igjen. Slår opp auga - skulle eigentleg kjenne meg BRA - så er eg berre heilt tappa. Kjenner med kvar fiber i kroppen at dette blir ingen god dag. Har ikkje gjort mykje før eg kan konstatere at kjensla er gått over frå å vere kjensle - til eit faktum! Er det verkeleg meg? Er det min feil at andre "les" meg, og siterer meg utan å be om løyve, angåande mine eigne affærer, for så å konkludere feil? Kva skal eg ta eigarskap i då? - tenker eg. Korleis kan eg då ta ansvar i situasjonen, og endre meg?

Jauda, eg bloggar, då BER du jo om det! Merksemdsjuk! Kan jo vere at det er noko i det? Men kanskje - berre kanskje - tenker eg at eg opplev dagleg ting som mange opplev, og kanskje eg kan snu frå ein anna vinkel, som kan vere lærerik for andre? Eller at eg rett og slett kan sjå ting på ein annleis måte når eg då har fått det ned på papiret. Kvifor blogge om det? Fordi eg syns det er gøy! Eg synast det er kjekt å få reaksjonar, samtaler og dialog med andre, om det eg opplev. Og dei samtalene blir det mange av. Det er så kjekt! Eg har i fleire periodar veld vekk blogginga - fordi det skapar reaksjonar. Men eg saknar det, kvar dag. Så difor: "I'm back" - med mine små og uviktige observasjonar i kvardagens galskap. Og sidan det handlar om meg og mitt - så blir det personleg. Likar du ikkje? Ikke les! Eg har statistikken over alle som faktisk les den - og den er gøy å sjå :)

Men i vårt jantelovsamfunn skal vi ikkje skille oss ut. Det synast eg er synd. Eg likar å vere litt annleis. Eg er meg, vel mine løysingar og får mine resultat på dei. Av og til med suksess - og av og til feilar eg skikkeleg. Men ein ting har livet lært meg: ALLTID stå inne for det du gjer. Alle gjer feil innimellom - og nokre feil har eg nok gjort som ingen andre har - men dei fleste kan mange kjenne seg att i.

Eg er meg, du er deg - og jammen er det fint!

Resten av dagen min? Jau - no skal du høyre. Eg kryp under det nyinnkjøpte kosepleddet eg kjøpte i går. Finn fram snopeskåla, strikketøyet og Dr. Phil på TV'en. Så får ein ut ei og anna tåre på andre sine svære problemsstillingar - gløymer sine eigne bagatellmessigheiter. Slik renser eg systemet mitt i dag - og ladar opp til at trekløveret mitt skal besøke Hallbrend og Flatene skule i morgon - for å sjå om dei vil bytte skule. Denne dagen er for meg - og berre meg!

Stell vel med dykk sjølve - og gjer vel mot andre!

Ein liten matseanse...

Ny dag er emning, eg skulle først av alt sove lenge i dag. Men det gjekk ikkje. Er komme langt ned i min andre kaffikopp før klokka er halv ni. Min nye favorittkopp frå høgskulen. Den fekk eg i avskjedsgåve, og er usannsynleg god eigna til kaffidrikking, Held kaffien lunka lenge, god  å halde i handa, og litt affeksjonsverdi sidan den er ei gåve frå då eg vart takka av for min innsats i 2 1/2 år som lærar.

Dagen i går var koseleg frå ende til anna. Vi fekk det så triveleg ute i paviljongen etter "raida" mine på Kid, Nille og Bohus i går. Så brukte eg resten av føremiddagen til å søke etter gode oppskrifter. Eg måtte ha laks på menyen, sjølvsagt, sidan VG valde å fronte private konflikter på framsida si på måndag. Den vart nok litt standard, sidan eg foliesteiker den kvar veke med sitronpepar, salt og rapsolje. Men i går nytta eg nykverna peppar og revet sitronskal istaden, og skvisa ein båt med sitronsaft på kvart stykke i staden. Vart verkeleg godt. Eg elskar å stå på kjøkkenet å lage god mat, eller bake. Eg får ei slik ro over meg, nyt det verkeleg. Men så eksperimenterte eg litt. Eg fann ei oppskrift på ein litt annleis agurksalat, og den kan eg berre på det varmaste anbefale. Eg er ikkje så begeistra for den vanlege agurksalaten eg brukar lage til laksemiddagen kvar veke. Men denne var kanon. Dette var ein indisk youghurtsaus som vart kalla for Raita. Eg klarte jo å lese litt feil, og hoppa difor over ein ingrediens, men det gjer eg alltid. Men nydeleg god var den!

                                                                        Raita Youghurtsaus :              
                      1 heil agurk 
                      1 boks matyoughurt
                     1 ts frisk koriander, finhakka
                     1 ts malt spisskummin
                     salt, pepper, litt sukker    

Skrell agurken og del den på langs. Skrap ut frøa i midten med ei skei. Grovrasp agurken i ei skål, strø grovsalt over og la trekke i 15 min. Dette trekker ut væske frå agurken som du skal slå av. Bland deretter youghurten saman med koriander, agurk og evt spisskummin. (Det var den eg glømte i går - men Raita'en vart likevel kjempegod!). Smak til med salt, pepper og litt sukker. (Sukkeret er mitt lille bidrag til sausen, den lille teskeia smakte eg berre til). Eg serverte denne til laksen saman med ris kokt i vatn med eit par teskeier gurkemeie - det gjer ein knallgul, artig ris. Fy fasan det var godt. Eg spiste faktisk Raitaen til kyllingen og. Nydeleg!

Eit anna eksperiment eg gjorde i går med god suksess, var å fylle kyllingfileten med ei halv centimeter tjukk Brieskive og ein frisk kvast Timian. Så krydra eg fileten på kvar side, med nykverna salt og pepar, og surra den i serranoskinke. Grillast direkte på grillen i ca 20 min. Det smakte himmelsk! Lei av den vanlege grillmaten? Det er lenge sidan eg har nytt eit måltid mat slik eg gjorde i går, jammen lenge sidan eg har fått så mykje skryt for maten og. ANBEFALAST!

Slik var rammene rundt ein kjempetriveleg kveld, med litt fagprat, og mykje koseleg vis-vas. Slike kvelder gjev ein påfyll ein treng i ein hektisk kvardag. Heilt ok at det er litt overskya i dag. Eg er varm langt inn i sjela på minna i går - TUSEN TAKK!!!
  
 

tirsdag 11. juni 2013

Berre ein kosedag...

I kveld har eg invitert gode kollegaer frå 1.studieår på høgskulen til litt sosialt samvær med grill. Fekk feriepengar i dag - og nytta samvitslaust høvet til å "stæsje" paviljongen litt. Budsjettet er stramt for tida, med pågåande oppussing i heimen. Men rett så koseleg vart det.


Det blir merkeleg å slutte på høgskulen, men eg kjenner at hausten og vinteren har vore hard påkjenningsmessig, så det var nok på tide å flytte fokus litt. Men trist er det! Det har jammen gått 2 1/2 år, og jobben er berre kjempespennande. Eg kjenner på at eg rett og slett er utbrent, og derfor blei det ein av mange beslutningar eg har tatt den siste tida.

Eg er faktisk sjukemeldt av same årsak akkurat no. Den siste tida har hovudverk og uro i kroppen, dårleg sømnkvalitet med masse (!) draumar, konstant kjensle av å vere totalt utmatta, og enormt dårleg konsentrasjon, har vore daglege følgesvenner. Du veit den reklama som går på TV i desse dagar, for Biola? Denne lille jenta som snublar over trerota når ho er på epleslang med dei større ungane. Den kjensla du ser i auga hennar når ho ser huseigaren komme mot henne, den kjensla har eg hatt heile tida i vinter. Storproduksjon av adrenalin 24 - 7. Det er berre heilt utmattande. Så rett etter siste eksamen sa det stopp. Då var det rett og slett heilt tomt. Eg har nesten ikkje klart å løfte strikketøyet, som har vore mi store lindring sidan rett før påske. Det har holdt meg i gong, kopla meg av heile verda, samtidig som tankane har strauma på - utan mål og meining. Det hjalp lenge, heilt til det ikkje hjalp lengre, hadde eg så nær sagt. Og det å gå å sjukemelde seg fordi eg har vore sliten, var neimen ikkje lett. Eg er jo ikkje sjuk? Hjelpe meg for ei kneike det har vore å komme over. Dårleg samvit for at eg let min nye arbeidsgjevar i stikken,eg veit jo at drifta er tung med mange sjukemeldingar. Men skulle eg berge restane av meg, måtte eg berre....


I kveld skal vi grille. Sjølvsagt var det uråd for alle på 1.året å komme. Juni er ein marerittmånad når det gjeld oppfølging av skuleungar og studentane held også på å avslutte. Men vi blir nokre få om ikkje anna. Eg tenkte eg skulle servere fylt kylling med seranoskinke. Den skal fyllast med brie og frisk timian. Torbjørn har laga sin supre heimelaga potetsalat, og for å ha eit alternativ i desse tabloidforsiders dager, så blir alternativet grilla laks med sitron. Må berre ete laks grunna den vanvittige forsida til VG i går. Men dei solgte nok aviser vil eg tru! Nei no må eg ut å handle, skal rekke å lage til alt også .

Så i kveld kosar eg meg med det som er viktig her i livet - familie, vener og god mat og drikke. Kan det bli betre?

Ha ein fin dag alle, og hugs at alle har noko med seg som ikkje alltid er like synleg.  Vi kan derfor alle gjere vel ved å behandle menneska rundt oss med omsorg og forståing, sjølv når vi ikkje forstår.

mandag 10. juni 2013

Påan igjen ...

Då gjer eg eit nytt forsøk på å fortsette blogginga mi om stort og smått i livet mitt. Eg saknar denne måten å sortere på - og håpar at eg skal klare å halde fokus på kva eg synast er greit - og ikkje vere for opptatt av kva andre meiner. Men vær gjerne gode medmennesker, og vis omsyn i måten de vel å kommentere på. Denne bloggen omhandlar det EG meiner er viktig, eller uviktig for den saks skuld - og alle kan velge anna lesestoff dersom dei skulle ønske det. Kos dokke med "drudlinga" mi framover. I heimen er det til ei kvar tid 1000 prosjekt på gang, noko sannsynlegvis bloggen kjem til å bli sterkt prega av :) Enjoy!