tirsdag 29. oktober 2013

Influensavaksine???

Klokka er berre så vidt passert ni om morgonen. Og eg kjenner allereie at dagen har begynt å slite på tålmodet. Har kava sidan i går kveld med å få fatt i tidspunkt for utviklingssamtale med minsten. Dette har eg enno ikkje  lukkast med. Ser skjemaet for meg, det var i dag han skulle vere der, og eg meiner han var første mann. MEN skjemaet er berre ein visjon for mitt indre auge. Det er i alle fall ikkje her i huset! For det har eg endevendt x antall gonger. Pappaen til junior har 45 min køyretid for denne samtala, og eg har ikkje peiling på kortid den startar. Jaja - får vel slå meg til ro med at det blir minsten og meg, utan pappa.

Veit ikkje om det er denne samtala som er årsaka til at eg har vakna gud veit kor mange gonger i natt. Men det gjorde eg. Nokre gonger var det fordi eg var potte-tett i nasa, noko som førte til nokre gutterale kvelningslydar - etterfulgt av lyden av papir som vart knurva saman. Den lyden kom som følger av at eg lukka munnen mens eg prøvde svelge. Partneren ved sida av meg i senga er enten for sensitiv til å sei noko, eller så er den nedsette hørselen hans ei skjult velsigning! Det å vakne av at det kjennast ut som om du kvelast, er ein smule ubehageleg. Det tek litt tid før ein sovnar att! Først må pusten roast ned, deretter hjartefrekvensen. Når det er oppnådd er munnhola så vidt byrja å bli så fukta att eg klarar opne munnen att rett etter eg har lukka den. Berre så vidt - men det går. Då er eg sjølvsagt vaken nok til å registrere den dundrande hovudpinen, som sannsynleg kjem av for lite O2-tilførsel til hjernen. DÅ er eg klar for å sove att.

Hørselen min har forresten ikkje vore på topp den siste veka heller. Var på jobb laurdagskveld, mens eg meinheldt på IBUX-boksen i eine handa, og halspastillane i andre. Det å svare nødtelefonar med ei stemme som kunne vunne konkurransar i australske urbefolkningsframføringar, og med øyre som hørdes ut som om dei befinn seg inni dei største fossefalla Noreg har å by på - var mildt sagt spennande! Det legg slett ikkje grunnlag for god og trygg kommunikasjon - kan du sei!

Midt i stresset med å overtale den yngste håpefulle i å kle seg i regnbukse, kjem den yngste tenåringen inn døra. Han lurer på om eg har sett busskortet hans???? Hmm, trur faktisk ikkje eg veit kor det ser ut ein gong. Eg trive skulesekken ut av hendene hans, fordi eg veit jo kor god dei er til å leite desse framtidas håp, og merkar meg litt uroleg stamping og trakking frå framtidshåpet, mens eg møysommeleg opnar lomme etter lomme i sekken. Busskortet finn eg ikkje, men 2 (!) meloingsbøker dukker opp, ei tyskgloseprøve med 0 rette, og fleire brev frå skulen som skal sikre dette gode heim-skule samarbeidet. Ikkje eitt av dei var yngre enn 3 veker. Masse kjekk informasjon om turar, oppmuntring til deltaking i div aktivitetar etc. Og fleire målark, (som visst er hjelpemiddel i ulike fag han har prøver i), prøver som han enno ikkje har begynt å ha!!!!! Prøver som gjev karakterer han enno ikkje har fått. Jmf den nye ungdomsskuleeleven i heimen.

Eg innser at eg nok ein gong har latt tvilen komme til gode - FOR TIDLEG! Guten skjelver i buksene ser det ut for, men med den begrensa stemma eg har for tida, er det ikkje mykje nyting i det. Eg kvekkar noko som kan minne om "Skal sei det til faren din- han får teste deg til tyskprøva i morgon", og konstater med det same eit lettelsens sukk gli over heile kroppen til guten. Han såg ut som om nokon som nett har sett frelsa.

Vi fekk info om influensavaksine på jobben for ei tid tilbake. 4 datoar vi kunne berre møte opp å ta denne vaksina. Eg lurte litt på om eg skulle ta den, sidan min pasientkontakt no er begrensa til telefonen? Før klokka har slått ni i dag tidleg, skjønar eg at eg for all framtid - MÅ og SKAL ta denne vaksina. Lurer på om eg skal be om spesiell innkalling kvart år. Hushaldninga vår er i størrelsen på ein mellomstor grendaskule - korleis i himmelens navn klarte eg å oversjå dette? Her går det ikkje an å legge seg ned med noko så trivielt som influensa. Ein må befinne seg på barrikadane, væpna til tennene med mistru og antakingar om at ein blir lurt. For sannsynlegheita er svært stor for at søv du litt i timen - så blir du det!

Du og du kor eg gler meg til desse utviklingssamtalene!

onsdag 23. oktober 2013

Nye beskjedar ...

Det siste året har vore eit altoppslukande år. For akkurat 13 månader sidan, fekk vi beskjed om at mamma hadde kun kort tid att å leve. Etter denne beskjeden, fulgte 4,5 mnd kor eg enkelte dagar ikkje hadde tid til å ete. Eg kjende at eg måtte tvinge meg til å puste roleg fleire gangar for dag. Kvart einaste sekund på dagen, levde eg i sterke kjensler, det var aldri fred å få. Ikkje kunne eg stenge av noko av desse kjenslene heller, fordi eg ikkje visste kor lang tid eg hadde å bearbeide desse. Eg hadde nærast eit angstprega forhald til telefonen min. Det stakk liksom i magen kvar gong eg høyrde den starta å ringe. På desse 13 månadane sidan denne beskjeden, har eg lært meir om meg sjølv enn i nokon anna periode i livet. Eg har og lært mykje om faget mitt, som eg kjenner eg har hatt behov for å dele. Derfor roter eg no på med noko som skal vere eit forsøk på ei bok. Men eg har tilsvarande mykje lærdom på den personlege fronten. Vi har ikkje tid å kaste bort. Så eg innvolverer meg ikkje like mykje i trivialitetar lengre. Dette merkar nok omgjevnadane mine mest på at eg tenderer til å bli veldig direkte.

Det som har vore vansklegast dette året, er nok dette at eg ikkje har kunne ta pause frå meg sjølv. Eg er liksom stengt inne i hovudet mitt med tankane mine, og det er aldri fred å få. Eg har oppdaga gode ting med meg sjølv, og ein heil det mindre bra. Men læringa har liksom ikkje på noko punkt slått "seg av". Og det kan eg berre sei, at eg er slettes ikkje ein enkel person å måtte forhalde meg til - 24/7!

Ettersom sommaren har gått på hell, kjenner eg at eg har funnet tilbake til roen min, og kanskje litt distansen til meg sjølv. Det har vore godt. Eg har funnet min plass på den "nye" jobben min, blitt kvittert ut på 2.ledd på vårt utdanningsnivå - som 113 operatør. Ein tøff jobb, kor ein i alle fall skal vere veldig bevisst på kven ein er - både på godt å på vondt. Mastergraden min har begynt å ta form, mest på planleggingsstadiet, men dog er der ein plan. Eg har kjent at kreftene endeleg har komme tilbake. Starten på denne hausten har vore god.

Så i løpet av ei lita veke - blir alt snudd på hovudet att. Ein får ein ny beskjed. Denne gangen er ikkje eg den næraste, men eg er nært tilknytt dei som er det. Kroppen trer på ny i krisemodus, energiforbruket er enormt! Kvart ord blir tidvis vegd og analysert før det forlet leppene mine. Noko som slett ikkje alltid er dumt - men det krev enorme mengder energi. Eg håpar berre at lærdommen min frå alle plan det siste året, allereie er klar for å bli sett ut i praksis? Er eg i stand til å gjere godt rundt meg med utspring i denne kunnskapen eg erverva meg i fjor? Eg får inderleg håpe det, for valet er nok ein gong vekke. Det er berre å brette opp att armane, og søkje gjere alt ein gong til.