onsdag 30. april 2014

Sorg

I dag skulle vi feira 72-årsdag. I staden sit eg her med tårer i auga, og "tjukk" hals. Livet går i sin sedvanlege fast-forward, vi har tusen ballar i lufta - og dei færraste fell ned uhandterte. Dei siste dagane har eg hatt det slik eg alltid har det, når det nærmar seg ein merkedag. Eg har slutta å følgje den 13. i kvar månad no - så eg tell ikkje månader lengre, men tankane mine spinn likevel svært ofte innom den som manglar.


Dei siste dagane har eg vore lettrørt og trist, men har liksom ikkje heilt forstått kva som har rørt seg i meg. I går under 1/2-tidsevaluering av studentar skulle eg signere eit skjema, og då slo det meg. Mamma har bursdag i morgon. Då fell draumane på plass den siste tida, sårheita og saknet eg ikkje kan forklare. Eg vakna så voldsomt ei natt, fordi eg såg ho så tydeleg i ein draum. I draumen også var ho også borte, og eg visste at ho kom tilbake frå døden for å fortelle meg å pappa noko. Men eg såg ho så tydeleg som om ho skulle vore i rommet. I draumen tenkte eg; "Åh så godt å sjå deg att!" Og eg vakna dagen etterpå med heilt fersk og ny sorg. Det er gått 14 - snart 15 månader, og innimellom kjennast sorga fortsatt heilt fersk.

Sorg er ein finurleg læremeister. Den skapar slik nærleik til livet ditt, som ein manglar før. Det går nesten ikkje ein dag uten at eg tenkjer på kor heldig eg er. Eg har flotte barn og bonusborn - som eg forgudar! (Og heldigvis har lyst til å vri hovudet av innimellom). Den beste kamerat og følgjesven nokon kunne bedt om, to gjevande jobbar og studier, som vidareutviklar meg og pressar meg, og får meg til å reflektere mykje. Vi har hus og heim, vener og familie som bryr seg om oss, og som vi får bry oss om.

Kva rolle spelar det då med raude minustal i banken, og den fjerne draumen om å få råd til ei sandstrand som kan varme og hele mine såre og vonde ledd? Alle desse opplevingar som ein av og til ynskjer seg ligg der nok i rolegare fasar i livet også. Kvar dag vaknar eg til eit smil og nokre trygge gode armar som fortel meg kor viktig eg er. Kranglande ungar som må ha mamma sitt syn på dei minste ting. Bonusdøtre som av og til let meg få lov til å rettleie dei - og som syner kor viktig eg er for dei også. Vener som treng meg i rådgjeving og som er der når eg er opprådd. Familie som er glad i meg same kva eg måtte finne på. Kor heldig går det an å vere?

På sit eige spesielle vis er eg glad for sorga også. Den gjev meg retning og forståing. Eg skjønar at eg har hatt ein så stor skatt i livet, som er så vond å miste at det aldri heler heilt. Det er sårt og vondt oftare enn det ikkje er det, men kva tyder det? Det tyder at eg har vore så utruleg heldig med livet mitt. Sorga let meg aldri gløyme at ingenting er evig, at ein difor må prøve å sjå livet som den skatten den er. Meir enn ein gong har eg tatt nokre heilt andre val enn eg elles ville gjort, med denne kunnskapen innabords.

Dette siste året har eg også fått følgje andre si sorg. Og det er spesielt ei som har snudd verda mi på hovudet. Mammaen som miste si minstejente, brått og uforståeleg. Ho blir reven vekk i eit blunk, og igjen sit mor, far og søster med ei heilt uforståeleg sorg. Svært tidleg ser eg gjennom felles bekjente at denne mammaen deler si sorg opent, set ord på den, lar verda få lov å få eit lite innblikk i kva ho gjennomgår. Kor fantastisk er ikkje det? At nokon har overskot til å ære sine tap, ved å lære verda rundt om kva som er viktig? Svært raskt viser det seg at denne mammaen blir alvorleg sjuk, og må takle to enorme kampar på same tid. Fortsatt deler ho med alle som ynskjer eit innblikk, og deler styrke og si uendelege klokskap med dei som klarar å ta imot. Eg blir heilt audmjuk!

Ein kan ikkje finne noko fornuft i at ein misser sitt barn, og kor lett vil det ikkje vere å bli oppslukt i alle "kva om" ein sit att med? Men ikkje denne kvinna, ho jobbar opent med sorga til seg og sin familie, og er nok knapt klar over kor viktig ho er for så utruleg mange. Og når då denne enorme ulukka rammar ein annan familie på nesten same måte - strekk ho ut ei hand, og er villeg å dele sin kunnskap om sorga med denne nye familien, som ho overhovudet ikkje kjenner.

Sorg er smertefullt og kan til tider vere grusom. Men på same tid fører sorga til mykje vakkert. Den fører til ein viten om kor viktig livet er. Og kor viktig vi er. Alle saman, uansett politikk, farge eller alder. Sorg gjev klokskap og forståing for dei større og viktigare elementa i livet. Og den set i alle fall ting i sitt rette perspektiv. Eg er takksam for at eg fekk kjenne denne forståinga, sjølv om eg så gjerne skulle fortsatt hatt ho mamma hos meg. Men når ho ikkje kan vere det - så er jammen denne kunnskapen eit verdig alternativ. Du fortsett opplæringa di mamma, sjølv etter at du er borte frå oss.
 Borte - men aldri gløymt!

mandag 21. april 2014

Alt man ikkje klarar ...

I går var eg på min første fjelltur på lenge, og kunne fort konstatere at eg ikkje har så god lungekapasitet som eg tidlegare hadde. Det var ein ikkje uforventa konklusjon, då eg har i overkant mykje å fylle dagane mine med. Det vil sei - dagane er nok ikkje lengre mine - sjølv om dei i stor grad er fylde med konsekvensane av mine val. Dagane mine, som mange andres, er fylde av jobb (2 stk - der den eine er i 3-delt turnus), skulegang (både ungane sin, og min eigen), ungar og deira fritidsaktivitetar, matlaging, køyring og henting, oppussing, og heilt til slutt ein promille kjærastetid.


Og samvittigheita mi er svart! Svart, når tenåringane i heimen himlar med augene over kor vanskeleg ein er, som ikkje let dei få lov til - eller vi orkar å stå på pinne for dei 24-7. Den er kolsvart når det kjem til studiane, som eg per definisjon tek pr postordre no. Svart når det kjem til energi og overskot for hyggelege familiestunder, som alltid er forstyrra av at ein eller anna overhodet ikkje ønsker å vere tilstades på denne "tvungne" familielukka. Den er mørkegrå over alle leksene ein skulle delteke meir på, alle glosane og verba ein skulle høyrt minst 2 gonger meir enn døgnet tillet. Og ikkje minst, samvittigheita er svartara ein den djupaste grotta når det kjem til trening og eigenpleie. Og så får ein dårleg samvit då - fordi ein er trøytt at ein ikkje orkar å framstille livet sitt som ein lysande globus - der ein ligg som eit slakt på sofaen etter den n'te nattevakta - og det gjer vondt  puste.


På turen i går, innsåg eg, hardt og brutalt, at helsa mi etterkvart sikkert kan samanliknast med ein sprek 70-åring. Eg strevde meg oppover lia med ein respirasjonsfekvens på 35, og tiltakande cyanose. Men akkurat det er noko eg vel å oversjå, då eg antek at noko meir regelmessigheit i utfluktane mine, kan ordne på dei målingane. Verre var det på turen nedover, då alle betente ledd skulle tåle belastninga av ein noko tyngre påskekropp, og det regelrett kjendes som eg fekk innsett glødande nåler i ledda på kvart steg. Det vart eit brått klart for meg, at min strategi med å late som, ikkje lengre nyttar. Eg kan fortsette å late som, men det vil ikkje endre kjennsgjerninga, nemleg at eg lever med sjukdom - og at det krevst at eg tek hensyn til dette.

Det er ingenting eg mislike meir enn alle statusar på Facebook om "vondtar" og sjukdommar. Grunnen til at eg misliker dei så sterkt er sjølvsagt at eg prøver å ignorere mine eigne smerter. Eg fekk ein kommentar forleden - då eg sa til nokon at eg sleit med nokre betennelsar i skuldrane som ikkje ville sleppe taket - og fekk då beskjed om - "velkommen til mi verd"! Eg kjende eg vart veldig provosert over denne uttala, som overhovudet ikkje var vondt meint, nettopp fordi at dette er mi verd også. Sjølv om eg ikkje skriv det på facebookstatusen min kvar dag.

Eg kjenner at eg er avhengig av smertestillande for å klare å fungere på ein ok måte kvar dag, for elles har eg ikkje energi til å meistre noko anna enn smerter. Skal eg klare å halde den farta eg held no, så må eg ta grep. Eg må gjere noko med situasjonen min. Alt dette vart så uendeleg klart for meg på denne turen i går. Alle mine krefter går no til å ha dårleg samvit for alt eg ikkje klarar, eller meistrar godt nok, og fordi eg ikkje har overskot til å nyte kvar dag.

Eg har verdas beste familie, vi har det utruleg godt saman - sjølv om det knirkar i samanføyningane dann og vann. Vi har over gjennomsnittet god råd, sjølv om vi ikkje kan ta oss råd til sydenturar og liknande med den størrelsen vi har på familien. Men vi har meir enn det vi treng av alt. Vi har lært over det siste året, at livet ikkje er ei sjølvfølge - at det når som helst kan oppstå krise. At livet når som helst kan endre seg. Og så bruker eg tida mi på å vere opptatt av at eg ikkje er god nok, eller gjer godt nok???!!??? Fokuset mitt siste halve året har vore alt eg ikkje får til - utan då å sjå på kva eg får til. Kor latterleg er ikkje det?

Nei - eg er jammen glad for at eg gjekk den fjellturen i går. Berre så synd det tok så lang tid før eg tok den, den skulle vore gått i haust ein gong. No skal eg begynne å fokusere på det eg klarar! For det er jo minst like mykje....