mandag 21. april 2014

Alt man ikkje klarar ...

I går var eg på min første fjelltur på lenge, og kunne fort konstatere at eg ikkje har så god lungekapasitet som eg tidlegare hadde. Det var ein ikkje uforventa konklusjon, då eg har i overkant mykje å fylle dagane mine med. Det vil sei - dagane er nok ikkje lengre mine - sjølv om dei i stor grad er fylde med konsekvensane av mine val. Dagane mine, som mange andres, er fylde av jobb (2 stk - der den eine er i 3-delt turnus), skulegang (både ungane sin, og min eigen), ungar og deira fritidsaktivitetar, matlaging, køyring og henting, oppussing, og heilt til slutt ein promille kjærastetid.


Og samvittigheita mi er svart! Svart, når tenåringane i heimen himlar med augene over kor vanskeleg ein er, som ikkje let dei få lov til - eller vi orkar å stå på pinne for dei 24-7. Den er kolsvart når det kjem til studiane, som eg per definisjon tek pr postordre no. Svart når det kjem til energi og overskot for hyggelege familiestunder, som alltid er forstyrra av at ein eller anna overhodet ikkje ønsker å vere tilstades på denne "tvungne" familielukka. Den er mørkegrå over alle leksene ein skulle delteke meir på, alle glosane og verba ein skulle høyrt minst 2 gonger meir enn døgnet tillet. Og ikkje minst, samvittigheita er svartara ein den djupaste grotta når det kjem til trening og eigenpleie. Og så får ein dårleg samvit då - fordi ein er trøytt at ein ikkje orkar å framstille livet sitt som ein lysande globus - der ein ligg som eit slakt på sofaen etter den n'te nattevakta - og det gjer vondt  puste.


På turen i går, innsåg eg, hardt og brutalt, at helsa mi etterkvart sikkert kan samanliknast med ein sprek 70-åring. Eg strevde meg oppover lia med ein respirasjonsfekvens på 35, og tiltakande cyanose. Men akkurat det er noko eg vel å oversjå, då eg antek at noko meir regelmessigheit i utfluktane mine, kan ordne på dei målingane. Verre var det på turen nedover, då alle betente ledd skulle tåle belastninga av ein noko tyngre påskekropp, og det regelrett kjendes som eg fekk innsett glødande nåler i ledda på kvart steg. Det vart eit brått klart for meg, at min strategi med å late som, ikkje lengre nyttar. Eg kan fortsette å late som, men det vil ikkje endre kjennsgjerninga, nemleg at eg lever med sjukdom - og at det krevst at eg tek hensyn til dette.

Det er ingenting eg mislike meir enn alle statusar på Facebook om "vondtar" og sjukdommar. Grunnen til at eg misliker dei så sterkt er sjølvsagt at eg prøver å ignorere mine eigne smerter. Eg fekk ein kommentar forleden - då eg sa til nokon at eg sleit med nokre betennelsar i skuldrane som ikkje ville sleppe taket - og fekk då beskjed om - "velkommen til mi verd"! Eg kjende eg vart veldig provosert over denne uttala, som overhovudet ikkje var vondt meint, nettopp fordi at dette er mi verd også. Sjølv om eg ikkje skriv det på facebookstatusen min kvar dag.

Eg kjenner at eg er avhengig av smertestillande for å klare å fungere på ein ok måte kvar dag, for elles har eg ikkje energi til å meistre noko anna enn smerter. Skal eg klare å halde den farta eg held no, så må eg ta grep. Eg må gjere noko med situasjonen min. Alt dette vart så uendeleg klart for meg på denne turen i går. Alle mine krefter går no til å ha dårleg samvit for alt eg ikkje klarar, eller meistrar godt nok, og fordi eg ikkje har overskot til å nyte kvar dag.

Eg har verdas beste familie, vi har det utruleg godt saman - sjølv om det knirkar i samanføyningane dann og vann. Vi har over gjennomsnittet god råd, sjølv om vi ikkje kan ta oss råd til sydenturar og liknande med den størrelsen vi har på familien. Men vi har meir enn det vi treng av alt. Vi har lært over det siste året, at livet ikkje er ei sjølvfølge - at det når som helst kan oppstå krise. At livet når som helst kan endre seg. Og så bruker eg tida mi på å vere opptatt av at eg ikkje er god nok, eller gjer godt nok???!!??? Fokuset mitt siste halve året har vore alt eg ikkje får til - utan då å sjå på kva eg får til. Kor latterleg er ikkje det?

Nei - eg er jammen glad for at eg gjekk den fjellturen i går. Berre så synd det tok så lang tid før eg tok den, den skulle vore gått i haust ein gong. No skal eg begynne å fokusere på det eg klarar! For det er jo minst like mykje....






1 kommentar :