onsdag 21. mai 2014

Uendeleg kjærleik og klokskap

Eg sit i desse dagar med ein prosjektplan, som eg har hatt i overkant dårleg tid med. Hovudet heng ikkje med, tankane rasar og kjenslene mine er "all over the place"! Samsundes har eg avslutta praksis med 10 flotte studentar, og har i løpet av den siste veka gjennomført sluttevaluering på desse. Den siste evalueringa avslutta eg med ei samtale på tomannshånd, med ein student som har gjort stort inntrykk på meg. Han hadde noko på hjartet han ville diskutere med meg, kjensler han ville "nullstille" - og vi hadde ei fin samtale i etterkant av dette. Dette opplevdes som ei verdig og fin avslutning på mi lærargjerning, som blei kortare enn eg skulle ynskje - men som til gjengjeld har gjett meg så enormt mykje tilbake, både i den positive og i den negative retningen.

Når ting ikkje går i mi planlagte retning - og skal eg vere ærleg skjer vel det oftare enn ikkje - lener eg meg tilbake i ei sterk tru på at eg alltid får akkurat det eg treng. At alle ting eg opplev, sjølv dei negative, skjer fordi erfaringa har ein innsikt eg treng akkurat då, eller fordi den erfaringa vil gje meg ein ny dimensjon i mi forståing av min kvardag. Difor ignorerer eg aldri innskytelsar eg får, fordi dei kan vere viktige for meg. I forgårs var innfallet mitt at eg skulle opp på Høgskulen, for å sjå etter det mennesket som har inspirert meg mest fagleg, og som i stor grad har ansvar for at eg blei lærar og formidlar av det positive. Ho har nett skrive ei bok, som eg har gått rundt med i veska for signering. I tillegg hadde eg eit eksemplar til eit menneske som betyr svært mykje for meg, som og skulle signerast.

Siv Førde møtte eg for første gang då eg var i slutten av mitt andre studieår som sjukepleiarstudent. Ho kom inn på forelesingssalen "Sunnfjord" med gitaren sin i handa, og skulle forelese i eit tema om flyktningar. Som den flittige studenten eg var, hadde eg benka meg på første rad, noko eg angra stygt på då eg såg gitaren. Då hadde eg berre lyst å gøyme meg på siste rad. Dette blir kleint tenkte eg! Det blei ein av dei sterkaste førelesingsopplevingane eg har opplevd! Siv prata om positiv psykologi, det å løfte nokon over nullpunktet - og korleis motgang kan styrke. Eg hadde ei kjensle av å for første gang finne ei viktig brikke i eit puslespel! Eg var sliten av 3 ulike praksisperiodar, kor ein møtte vekslande kvalitet på både lærar, kontaksjukepleiarar og praksisstadar. Eg vart vurdert opp og ned og i mente, og fokuset var ofte på det negative. Denne førelesinga tenkte eg for første gong på at lærar er det eg vil bli - og eg skal vere lærar med fokus på det positive
.

Gjennom det neste året hadde eg gleda av å bli inspirert av Siv gjennom både praksis, førelesingar og gode samtalar i etterkant. Ho inspirerte meg, og lærte meg at man kan ta utgangspunkt i det positive - og at dette utgangspunktet faktisk gjer læringskurva brattare.

Eg fekk både mi bok, og boka eg skulle gje vekk i gåve signert. I mi bok skreiv Siv - fortset å halde fana høgt for det du trur på. Eg gjekk rett heim, og byrja lese ... Dette er ei faglitterær bok, men Per Fugelli beskriv den i forordet som ei kjærleiksfortelling forkledd som sakprosa. Den handler KUN om kjærleik, skriv han. I mine siste dagar rett før eksamen har eg altså sitte med nasa begravd i ei bok som ikkje har særleg mykje med eksamen å gjere. Eg har ikkje klart å legge den frå meg! Tårene har rent på fleire plassar over desse beskrivingane av levde liv. Ho beskriv sterke historiar, men det som har rørt meg meir enn noko anna i denne boka, er kvar gang ho møtte sine eigne kjensler som sperrer for vidare utvikling, kvar gong fortvilinga hennar dreiv henne ut av retning, så snur ho seg til litteraturen for svar. Siv erkjenner ALLE kjensler, ho vurderer alle situasjonar, både sin eigen påverknad og andre sin - og startar å lese. I litteraturen finn ho svara ho treng, forklaringane alle behøver for å kunne gå vidare. Med same retning - berre med nye innsiktar og nye kartreferansar. Det er i sterk bok, både fagleg - men ikkje minst i mellommenneskeleg verdi. Ho fortel om einslege mindreårige, men beskrivingane hennar om reaksjonar og mellommennesklege prosessar kan overførast i alle kvardagar. Også i min og din!


Enno ein gong har du inspirert meg Siv. Du inspirerar til å bli eit betre menneske - til å halde fana høgt for det ein trur på. Nok eingong kjenner eg meg erbødig over innsatsen din, og ansvaret du tek kollektivt i samfunnet. For meg handlar ikkje denne boka berre om kjærleik - for meg handlar den om enorm kjærleik og uendeleg visdom. Boka rører ved det inderlege ønsket vi alle har om å bli betre, kjenne betre og det å eige kunnskap. Tusen takk for at du deler din kunnskap så ubetinga - og for at du finn meg ein verdig mottakar av denne! DU inspirerer meg!

mandag 5. mai 2014

Når ein ikkje er så flink til å vere flink lengre ....

Denne bloggen skal alltid nyttast til å utfordre meg sjølv, og stadig sprenge grenser. Det å sette ord på dei delane av livet som ikkje alle delar like gjerne, er eit av tiltaka eg kan bidra med i "kampen" mot den perfekte framstillinga av liva våre - som florerer på sosiale medier. Det å framstille liva våre som perfekte utstillingsvindauge, kan skade meir enn kanskje intensjonen er. Vi tenkjer berre ikkje over det. Og eg har rettferdigheitssans nok til å innsjå at skal eg dele det eg meistrar - så må eg og dele då eg ikkje meistrar. For å skape balanse. Så i dag skal eg "drodle" litt rundt det å ikkje bli funne god nok.

Eg blir ansett som ein ressurs (av dei fleste), og mange ser på meg som flink. Eg har i alle fall kapasitet til å vere det. Men for å vere flink, så må man også gå på trynet innimellom. Eg vil påstå at jo flinkare ein er, jo oftare må man ha gått på trynet! Sjølv så ser eg ikkje meg sjølv som spesielt flink, eg er heller hardtarbeidande. Så er eg glad i meistringskjensle - og det å jobbe meg dithen at eg kjenner eg meistrar. Og slik kjem er rundt til den oppfattinga som kanskje rår - nemleg at eg er flink!

Ein av dei tinga eg kjenner eg er god til, er å undervise. Eg finn først og fremst glede i det, og det igjen gjer at eg blir oppteken av formidling. Eg har hatt mange jobbar som eg verkeleg likar, men detå undervise har vore ein av dei mest allsidige utfordringane eg har hatt. Eg har hatt augeblikk i den jobben kor eg verkeleg har kjent at det eg formidlar - når mottakaren, og dei verkeleg skjønar kva eg ynskte å formidle.

Så når eg då søker på jobb på Høgskulen, etter å ha jobba der i 2,5 år, og ikkje ein gong blir innstilt som vara, då gjer det noko med meg. Er eg likevel ikkje så flink som eg trudde? Først blei eg sjokka, og tenkte - dette kan då ikkje vere rett. Eg veit jo at det ikkje er kompetansen min som har stoppa prosessen. Den einaste forklaringa er at dei verkeleg ikkje vil ha meg som lærar der.

 Neste reaksjon som følgjer då, er at eg blir lei meg. Oppriktig lei meg fordi leiinga må ha ansett jobben min som så elendig, eller meg som så vanskeleg å jobbe med, at dei heller tilsetter nokon som må ha full opplæring i jobben. Det løyser jo sjølvsagt eit skred av sjølvgransking hos meg. Eg må jo berre erkjenne at det aldri er røyk utan eld! Uansett kor einig eller ueinig eg kan vere i kva årsak som blir lagt til grunn for ein slik slutning, så må eg jo innsjå at eg eig noko av årsakene til same slutning.

Eg seier så kjekt at eg er for stor i kjeften til å få jobb der, men innerst så svir det. Det er jo ei gigantisk avvising, og eg kjenner ingen som likar å bli avvist. Initialreaksjonen min var ikkje betre enn at eg tenkte: " då droppar eg alt arbeid for, og med dei!" Men det ville jo ramma flotte studentar, som berre har nokre veker att i praksis. Og eg er faktisk komme i mitt siste år på min veg til mastergraden - og det ville vore for dumt å snu no. Så eg besinnar meg, svelgjer tungt og møter opp på gjeldande institusjon i dag. Der gjer eg jobben eg er sett til å gjere, og reiser heim att for å forberede meg til 2 dagar med kritikk av eit arbeid eg slett ikkje kjenner eg beherskar enno, i same gjeldande organisasjon.

Kva kan ein gjer då? Når nokon ikkje vil ha deg? Svelgje tungt - og innsjå at nok ein gang har ein ikkje var så flink som ein trudde ein kunne vere. Eg bruker nokre krefter på å prøve å forstå beslutninga som såra, og går i tenkeboksen for å finne korleis ein kan unngå å komme i ei slik klemme ein gong til! Så til slutt svelgjer eg ein flokk kamelar, med allergiframkallande ull - på tvers! Ein ting er i alle fall sikkert. Ein blir berre så flink som egoet tillet, eg håpar berre at mitt ikkje kjem i vegen for mi læring. Eg må berre ta nokre runder til i denne boksen - så kjem ein vel ut att i andre enden - litt klokare??!??