mandag 5. mai 2014

Når ein ikkje er så flink til å vere flink lengre ....

Denne bloggen skal alltid nyttast til å utfordre meg sjølv, og stadig sprenge grenser. Det å sette ord på dei delane av livet som ikkje alle delar like gjerne, er eit av tiltaka eg kan bidra med i "kampen" mot den perfekte framstillinga av liva våre - som florerer på sosiale medier. Det å framstille liva våre som perfekte utstillingsvindauge, kan skade meir enn kanskje intensjonen er. Vi tenkjer berre ikkje over det. Og eg har rettferdigheitssans nok til å innsjå at skal eg dele det eg meistrar - så må eg og dele då eg ikkje meistrar. For å skape balanse. Så i dag skal eg "drodle" litt rundt det å ikkje bli funne god nok.

Eg blir ansett som ein ressurs (av dei fleste), og mange ser på meg som flink. Eg har i alle fall kapasitet til å vere det. Men for å vere flink, så må man også gå på trynet innimellom. Eg vil påstå at jo flinkare ein er, jo oftare må man ha gått på trynet! Sjølv så ser eg ikkje meg sjølv som spesielt flink, eg er heller hardtarbeidande. Så er eg glad i meistringskjensle - og det å jobbe meg dithen at eg kjenner eg meistrar. Og slik kjem er rundt til den oppfattinga som kanskje rår - nemleg at eg er flink!

Ein av dei tinga eg kjenner eg er god til, er å undervise. Eg finn først og fremst glede i det, og det igjen gjer at eg blir oppteken av formidling. Eg har hatt mange jobbar som eg verkeleg likar, men detå undervise har vore ein av dei mest allsidige utfordringane eg har hatt. Eg har hatt augeblikk i den jobben kor eg verkeleg har kjent at det eg formidlar - når mottakaren, og dei verkeleg skjønar kva eg ynskte å formidle.

Så når eg då søker på jobb på Høgskulen, etter å ha jobba der i 2,5 år, og ikkje ein gong blir innstilt som vara, då gjer det noko med meg. Er eg likevel ikkje så flink som eg trudde? Først blei eg sjokka, og tenkte - dette kan då ikkje vere rett. Eg veit jo at det ikkje er kompetansen min som har stoppa prosessen. Den einaste forklaringa er at dei verkeleg ikkje vil ha meg som lærar der.

 Neste reaksjon som følgjer då, er at eg blir lei meg. Oppriktig lei meg fordi leiinga må ha ansett jobben min som så elendig, eller meg som så vanskeleg å jobbe med, at dei heller tilsetter nokon som må ha full opplæring i jobben. Det løyser jo sjølvsagt eit skred av sjølvgransking hos meg. Eg må jo berre erkjenne at det aldri er røyk utan eld! Uansett kor einig eller ueinig eg kan vere i kva årsak som blir lagt til grunn for ein slik slutning, så må eg jo innsjå at eg eig noko av årsakene til same slutning.

Eg seier så kjekt at eg er for stor i kjeften til å få jobb der, men innerst så svir det. Det er jo ei gigantisk avvising, og eg kjenner ingen som likar å bli avvist. Initialreaksjonen min var ikkje betre enn at eg tenkte: " då droppar eg alt arbeid for, og med dei!" Men det ville jo ramma flotte studentar, som berre har nokre veker att i praksis. Og eg er faktisk komme i mitt siste år på min veg til mastergraden - og det ville vore for dumt å snu no. Så eg besinnar meg, svelgjer tungt og møter opp på gjeldande institusjon i dag. Der gjer eg jobben eg er sett til å gjere, og reiser heim att for å forberede meg til 2 dagar med kritikk av eit arbeid eg slett ikkje kjenner eg beherskar enno, i same gjeldande organisasjon.

Kva kan ein gjer då? Når nokon ikkje vil ha deg? Svelgje tungt - og innsjå at nok ein gang har ein ikkje var så flink som ein trudde ein kunne vere. Eg bruker nokre krefter på å prøve å forstå beslutninga som såra, og går i tenkeboksen for å finne korleis ein kan unngå å komme i ei slik klemme ein gong til! Så til slutt svelgjer eg ein flokk kamelar, med allergiframkallande ull - på tvers! Ein ting er i alle fall sikkert. Ein blir berre så flink som egoet tillet, eg håpar berre at mitt ikkje kjem i vegen for mi læring. Eg må berre ta nokre runder til i denne boksen - så kjem ein vel ut att i andre enden - litt klokare??!??

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar