onsdag 18. september 2013

Sakn....

Lenge sidan eg har skrevet noko no. Livet har vel bevegd seg i full galopp, med meg rundt halsen som eit slips (som vanleg). Beklagelegvis ser eg ut som om eg har full kontroll der eg heng - noko eg ikkje har. På langt nær. Eg ber heng der, med ansiktet i rolege folder, og ser ut som om eg forventar alt som skjer. Slik er det IKKJE. Og no - no heng eg der igjen. Kan forklare og begrunne - men kjenner ingen tilfredsstilling i det. Kjenner at det å hevde min rett - faktisk er heilt ubetydeleg - verknaden er som den er likevel. Kjenslene er der, plagene er der, konsekvensane er der - sjølv om eg kan begrunne vala mine, hevde min rett på dei - så er det inga hjelp.

I løpet av dei siste 12 månadane, kjennast det ut som om eg har budd inne i ein tørketrommel. Varmt og godt - men har blitt kasta nådelaust hit og di. Har berre måtta ta meg føre, før eg vart kasta i ein annan retning. Opp til fleire blåmerker har det blitt, men dei forsvinn vel med tida. Eg legg ansiktet mitt i rolege folder, og ser ut som om eg har full kontroll. Livsmottoet mitt har vore: "Enten så går det - eller så går det over". I dag ser eg at dette livsmottoet må opp til revisjon. Det går faktisk ikkje over - det fortset. Og då er det jo lite hjelp i å vente på at det skal gå over.

To gravferder har det blitt dette året - til to av dei mest markante menneska eg veit om. Desse to menneska har prega livet mitt i ei grad eg aldri heilt skjønte, før dei var vekke. Enno har eg telefonnummeret til den eine på mobilen min, klarar ikkje slette det - fordi det då er som om eg avsluttar forhaldet mitt til henne. Fredag var det 7 månader sidan ho døydde, og livet har endra seg drastisk berre ved at ho forsvann. Men forhaldet vårt fortset, via daglege samtaler og tankar rundt, kva hadde ho ville gjort i denne situasjonen. Eg har mentale telefonsamtaler med henne, og følgjer fortsatt dei råda eg trur ho ville gjett. Støtta hennar hadde eg, uansett kva eg bala med. Støtta hennar hadde eg hatt i dag og, sjølv om eg hadde fått ei og anna meiningsytring på vegen.

Det har gått sju månader, og no opplev eg for første gang at det innimellom går ein dag der eg ikkje tenker at eg saknar ho. Ikkje mange - men ein og annan. For eit par veker sidan kom eg plutseleg på tanken at eg ikkje hadde vore innom ho i tankane dagen før. Det var både trist og godt. Godt fordi eg endeleg kan fokusere på andre ting, og trist fordi eg då lurer på om eg er klar for å gå vidare utan hennar støtte?

Ved alle store vegskiller har ho vore der - med råd og meiningar. Ikkje alle har alltid vore velkomne, men dei ærlege utsagna kom alltid frå ho. Uansett kor brutalt, avvæpna ho meg alltid med sin kunnskap om meg. Klarer man eit vegskille utan denne ærlegheita? Fordi ho kjende meg så godt, på godt og vondt, så mista eg noko av meg sjølv når ho
døydde.  Klarar ein seg utan slikt kompass? Og meir enn noko anna, klarar eg å etablere denne graden av kunnskap om mine eigne ungar? Vener og bekjente er oftast svært forsiktige og vage når det kjem til større beslutningar og vegskiller. Slik er eg sjølv også. Passe på å ikkje støte nokon, og ta høgde for at dersom utkomme av situasjonen blir ein anna enn det du råder til, så kan ein fortsette venskapet.

Når eg no står ved eit nytt vegskille - så saknar eg henne. Sterkt!