onsdag 15. januar 2014

Dagen derpå

I går formiddag sat eg - slik eg brukar i desse sjukemeldingsdagar - med foten på bordet og strikketøyet i fanget, mens radioen stod å dura på kjøkkenet. Brått kjem nyhetene med ekstraordinær melding - eit Luftambulansehelikopter har havarert! Klumpen i magen var på plass på eit sekund - Nyhetskanalen slått på i same andedrag, og dette vart alt mitt  fokus resten av dagen.

Vi lever i eit av verdas flottaste helsevesen, sjølv om ein knapt skulle tru det når ein ser på den daglege sjikanen mot alle delane av helsevesenet vårt i media - både dei som tener pengar på det, og dei meir sosiale delane som Facebook. Når eg blir sjuk, enten det er akutt kritisk, eller noko fredeleg og ufarleg som eg ikkje har kunnskap nok til å skjøne er ufarleg og udramatisk, spør ikkje vårt helsevesen etter årsinntekt eller rang då vi henvender oss for hjelp. Men bruk ein dag på tilfeldige facebookveggar eller bla litt i nettavisene, så får ein jammen eit anna inntrykk. Inntrykket ein då kan få, er at det norske helsevesen består av likegyldige, arrogante, arbeidsskye amøber, med ingen eller lite empati. ALLE har ei historie om "grove" feil, dårleg behandling, latterleggjerande kommentarar om operasjonar som blir utsett, eller glømt. Og vi har då eit rævva helsevesen! Folk som er avhengige av kontrollar grunna meir kroniske tilstandar, fortel om mistillit og same "grove" tabbene, at ein må jammen vere frisk for å vere sjuk. Dei må følge med heile tida, ellers så skjer feil.

Har de nokon sinne vore inne på ei travel dagkirurgisk avdeling? Kor kalenderen er stappa full med inngrep på samleband? Og då meinar eg ikkje som pasient - men som skuggen til ein vilkårleg sjukepleiar eller lege? Eller på legevakta og sett kva legen der tek unna i løpet av ein 6 timars periode? Kva med akuttmottak i hælane på turnuslegen der? Eller på medisinsk avdeling når den er trakkande full av akutt-kritisk sjuke, og gruppeleiar har 45 intravenøs medisinar som skal hengast opp kvar 6 time?

Vel, det har eg! Eg har til og med innimellom vore den som har utført dette. La meg då fortelle om den kjempeinnsatsen som blir utført på ALLE desse plassane. Ein forheld seg til at det eine øyeblikket så jobbar ein med begge hendene, nesten på to pasientar samtidig. I det eine sekundet så forheld ein seg til det lille barnet som har eit kutt som treng eit sting, og i det neste sekund skal ein gjennomføre hjerte-lungeredning på ein stans. Mens dette skjer skal ein forhalde seg til den sinte pappaen som ikkje skjøner kvifor legen må avbryte syinga, og løpe. Ein skal ta imot kjefta frå ein redd pappa, med ein harmlaus tilstand. Samtidig som ein ikkje har lov til å forklare så mykje, då det kan vere i strid med den strenge tausheitsplikta.

Eller når du sit på legevakta og nektar gje ut ein time for ein urinvegsinfeksjon, fordi legen er ute i oppdrag på ei trafikkulukke. Klart er det vondt og ubehageleg å ha urinvegsinfeksjon, men du døyr ikkje av det første døgnet. Og det må ein innimellom ta hensyn til. Vi står oss sjølv nærast heile tida, og med det ventar vi at heile verda skal stå klar for å behandle våre små skavankar. NO! Få vi det ikkje, er det nokon som har gjort ein feil - og det er IKKJE oss sjølve som har overvurdert alvoret i alle fall. Helsevesenet er nemleg slik, at ein må dele inn i hastegrader, for kvart sekund er nokon i krise.

I dag skal vi ha behandling for alt. Las nettopp i går ei fortvila melding på facebook, frå ei mor som no hadde omgangssjuka for 10 gong i hus sidan julafta. Veit du kvifor det skjer? Fordi at i dag passar det ikkje inn at vi må vere heime i 48 timar etter siste oppkast eller diare. Man er nemleg mest smittsom 24 timar etter at man har kasta opp. Så aksepterer vi heller ikkje at vi har omgangssjuka. Det skal vi ha medisin for. Og for å få det, så må man til legen. Får man ikkje den legetimen, så legg ein berre til eit symptom som gjer at legevaktssentralen føler at dei ikkje tør "sile" henvendelsen. Så sit ein som ei massiv virusbombe på venterommet då. Og der må ein gjerne sitte ei stund, fordi legen må assistere i livredning og akutte tilstander. Prøv å tenke deg kva legen tenker når du kjem med urinvegsinfeksjonen din, eller omgangssjuka rett etter at han har stått opptatt med hjerte-lungerdning.... Og forestill deg kva han seier til den sjukepleieren som har gjett deg time, fordi du enten ikkje aksepterte at du ikkje fekk time, eller at du overdreiv symptoma slik at du fekk komme til legen.


Så i går, fekk vi sjå baksida av medaljen. Kven hadde tenkt over at dei risikerer sitt eige liv då dei rykker ut på oppdrag? Men det gjer dei - oftare enn nokon skjønar. Og dei gjer det, gong på gong. Piloten har siste ord i om dei kan fly, men har nokon tenkt over kor ofte veiret skiftar her til lands? Situasjonen endrar seg mange ganger i løpet av ein flytur. Men dei rykker ut, gong på gong. Eg skulle ønske at vi i respekt for desse heltane, både dei som forulukka, men ikkje minst dei som resten av det døgnet som har gått, har sett seg i helikopteret, rykka ut for å redde liv - etter ei slik katastrofe - brukta tida framover til å reflektere over kor heldige vi eigentleg er. For det er ikkje berre helseersonellet på luftambulansane rundt om som risikerer livet for  hjelpe. Tenk over heltane våre på ambulansane rundt omkring, når dei køyrer med blålys, er det ikkje akkurat ufarleg. Dei rykker ut til dei mest vanvittige situasjonar! Dag og natt.

Helsevesenet vårt er fullt av heltar. På luftambulansen, på ambulansen, på legevakta, i institusjon og i heimesjukepleie. Tenk om vi kunne ha fokus på det, istadenfor å klage over alt som ikkje er som vi meiner det skulle. Det er ingen som går inn i det norske helsevesenet som gjer det for ære og berømming - det kan alle vere heilt trygg for. Det er ingen plass man får meir klager enn der! Prøv å tenke på kva vi skulle gjort uten dei? Kva er alternativet?

I dag går tankane mine til familiane til dei som blei ramma i går, til Norsk Luftambulanse, til alle kollegaer og vener og til alle som jobbar i det norske helsevesen. Og eg kjenner meg takknemleg for alle som er klar, i tilfelle meg og mine treng det. TUSEN TAKK!

3 kommentarer :

  1. Et utrolig flott blogginnlegg, som beskriver også min opplevelse av helsevesent. Det er helt suverent! Intet mindre.
    og hadde vi sutret litt mindre, hadde vi gitt dem bedre rom til å jobbe med de situasjonene som virkelig er kritiske.

    SvarSlett
  2. Jeg har og opplevd sjukehuse, leger og sykepleiere på godt og vondt som kroniker i mer enn 40 år. Jo det fleste leger er flinke, og sjukepleierene springer beina av seg - men må få si at noen leger er så inn i granskauen arrogante og lytter ikke til asientene. De kan lyge pasienter hudenfull go si at en er frisk når en ikke er frisk. Men jeg har og hatt leger som har stått på til de grader. . Både primærleger og spesialister. Men der er noen få som ødelegger inntrykket for de mange flinke! Jeg kan bare si at den seksjonen jeg er til behandling ved hadde på Haukeland for 40 år siden 5 leger og 20 pasienter. Var vi innlagt fikk vi snakke med en lege hver dag, Så skiftet jeg til Oslo, der var 7 leger og 10 innlagt til samme tid og samme service fikk vi. God kontakt og forklaring med legen like frem til det nye sykehuset ble tatt i bruk. Det er nesten aldri innleggelser ved kontroller (hormonprøver som tidligere ble tatt flere ganger for dag for døgnkontroll), En skal være glad en får samme lege til hver kontroll og vikarierende lege leser bare de to øverste arkene. Der er ingen helhet. Det hjelper ikke hvor mye leger springer når det ikke er helhet i det de gjør. Da er det systemfeil. For mye kontorarbeid som kunne bli utført av andre, og for mye møtevirksomhet.
    Jeg har ikke en gang de siste årene opplevd at legen jeg har vært til kontroll med har lest så mye av journalen at de vet foreløpet for det de skal kontrollere. Har til og med blitt erklært frisk mens jeg fremdeles har makro adenom og tiltagende hypofysesvikt! Kall det sutring, men det er ett uttrykk for frustrasjon for det måten helsevesenet blir organisert på. Og er du kroniker med en vanskelig sykdom så blir det vurdert om det er "lønnsomt " å operere/medisinere med kostbar medisin.. En vurdere den skatteinngangen personen kan tilføre samfunnet opp mot de utgiftene en har med en operasjon/dyr medisin kontra forventet levetid og utgift ter til pensjon. Og er du så uheldig at begyne dine kontroller ved ett sykehus i en annen helseregion enn du kom i ved opprettelsen av helseregionene etter år 2000 blir du ofte avvist ved forsøk med ny behandlingsmetoder når de ikke har hatt noe behandlingsalternativ før med begrunnelsen at du hører til en annen helseregion og da blir det for dyrt -selv om behandlende sykehus ikke vil at du skal flytte til et spesialistsykehus innenfor egen region.
    La legene forske, men bruker de sine pasienter i forskningen får de og ha såpass kutyme at de tar samtalene med pasientene og og slutt med dillet med regioner og la pasientene selv velge.

    Menneskene er slik av natur at noen har bedre kjemi med noe n , mens andre har bedre kjemi med andre. Det er alfa og omega at pasienter føler seg hørt og forstått, for da kommer roen og har en pasient vært syk i 10-20 år eller mer vil de i de fleste tilfeller være like godt informert om sin sykdom og muligeheter som legen i denne dataalderen!

    Tror nok at de fleste foreldre forstår at det ikke haster så mye med å sy ett kutt i panna/en finger dersom legen eller sykepleier sa i farten, vi må løpe for der kom en trafikkskadd/hjerneblødning osv. Om ikke så er de enten i en sjokktilstand selv eller dum!

    SvarSlett
  3. Takk for dine betraktninger, og beklager at du har dårlege erfaringar. Det har også eg, både som pasient - og helsearbeidar. Min tanke bak dette innlegget var nok ikkje å framstille eit eintydig perfekt helsevesen som ikkje gjer feil - for det ville vere ei uriktig framstilling. Mitt poeng var nok heller det faktum at vi har eit helsevesen som fungerer betre enn dei fleste land i verda, då vi har rett på legehjelp kor vi enn måtte befinne oss, lønnsmessig eller forsikringsmessig. I USA til dømes får du ikkje treffe legen om du ikkje har forsikring, då må du takle dine sjukdommar uten hjelp. Blir borna dine sjuke, må du ha betalt dine forsikringar for å få sjukehusbehandling. Dette er ikkje sjølvsagt, og det gjer vårt helsevesen unikt. Det fins ulike typar i alle kategoriar, både av legar, andre helsepersonell OG av pasientar. Og tru meg - MANGE gongar klarar ikkje pappaen forstå at bornet med kuttet må vente. Fordi at for HAN er behovet prikært! Dette var min måte å sjå vassglaset som halvfullt istadenfor å sjå det som halvtomt. Vi kunne og ha levd i ein heilt anna kvardag, slik som mange andre land.....

    SvarSlett