søndag 26. januar 2014

Godt nok?

Er det godt nok å vere gjennomsnittleg god? Eller må man faktisk alltid vere best? I mitt 43. år har eg såvidt begynt å forstå at ein ikkje alltid treng gjere dobbelt så mykje som naboen. For første gang kan eg og med handa på hjartet sei at eg bryr meg berre passelig om kva naboen måtte meine om prestasjonane mine og. Mitt beste kan fullt ut aksepterast, sjølv når mitt beste er lite oppsiktsvekkjande.

Eg foreleste forleden dag til eit kull med vaksne damer som studerer psykososialt arbeid med barn og unge, om korleis det var å vekse opp med eit søsken med funksjonshemming. Eg trur eg sjokkerte dei litt. Eg fortalte om belastninga å hate eit syskjen då kvardagen vart stri. Om dei gongane eg ynskte at han skulle dødd. Å innrømme at ein i ramme alvor har tillete slike tankar, trur eg er noko ein ikkje skal gjere. Det passar ikkje inn i lukkerusen vi presenterar på Facebook og andre medier i same sjargong. Der skal lukka formeleg tyte ut mellom kvar bokstav, og iallefall ut av alle fint redigerte og optimalisete bilete.

Berre så det er sagt, så har eg og hatt dagar der eg glatt hadde seld alle ungane mine - for i underkant av kr. 2,50! Heldigvis går dei augeblikka raskt forbi. Tek i dei verste høva berre 24 timar. Han eg bur ilag med og. Men det er litt sjeldnare. Han er litt flinkare enn ungane til å tenke over kva eg treng, og kva som gjer meg glad. 

Om vi ikkje besøker dei svartaste krokane av personligheita vår, korleis skal ein då klare å gjere noko med det som ligg der? Eg trur at ved å erkjenne at eg har svært dårleg moral i einskilde delar av personlegheita mi - så kan eg faktisk forbetre dei delane. Sakte men sikkert. For eg er faktisk lukkeleg - iallefall innimellom. Når eg tenker meg om - så er eg faktisk lukkeleg oftare enn eg er misnøgd. 

Men enkelte dagar, då er eg ikkje det! Då er som sagt snittverdien på borna 2,50! Og min kjære - enno mindre. Og eg - eg er eit uempatisk hespetre! Eg er faktisk godt over gjennomsnittet god på å vere det. Ikkje middelmådighet å spore då, nei.

Eg bur i lag med min beste ven. Eg har 5 supre ungar, og 2 nydelege bonusdøtre. 2 sympatiske "svigersønner" har eg og. Ein heilt spesielt korka hund og ein sær katt høyrer og med i denne kabalen.  Arbeidsmengda er uendeleg - og når eg blir redd for at den skal drukne meg - reiser hespetreet seg i all si prakt. Då imperfeksjonen bankar på - og trugar med å slå sprekker i gloria - då bryt helvete laust. Ein ynskjer seg brått ein ny kvardag, med Facebookglans og redigerte "selfies" til!

Nei, på tide å la sanninga reise seg i all sin prakt. Tipper eg ikkje er heilt aleine i mi lille kaotiske verd!


Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar