søndag 19. januar 2014

Lærdal i brann

Brann i Lærdal
Bilde frå NRK Sogn og Fjordane
Vaknar i dag til nyheitene om at Lærdal brenn! Kastar meg nesten ned trappa for å slå på TV2-Nyheitskanalen, der dei usannsynlege katastrofebilda frå i natt treff netthinna. Eg har ein kollega frå Lærdal, som no befinn seg på den andre sida av verda på oppdrag frå Noregs Røde Kors, og dei første tankane mine går til han. Korleis har han det no, når han sit på oppdrag i katastrofeområde, og får høyre om katastrofa heime? Eg får raskt bekrefta via hans prisgjeving av facebook som budbringar, at han har fått bekrefting om at hans familie er i sikkerheit. Pustar letta ut på hans vegne.

Bilda frå i natt rullar over skjermen, eg surfar over mange facebookveggar, og får på denne måten eit slags oversiktsbilete. Det er heilt uverkeleg! Katastrofeplanane i Sogn har verkeleg fått køyrt seg det siste halvåret! Bussulukke i Fardal, tunnelbrann i Gudvangen, dei umennesklege drapa på bussen i Årdal - og no storbrann i Lærdal? Kva er dette? Hjartet mitt blør, og eg ser på reaksjonane rundt omkring i cyberspace, at det er mange med meg. Eg kjenner at verketrangen kriblar. Kva kan vi gjere?

Eg var på kontroll etter operasjonen i foten i Lærdal på fredag, min kjære køyrde meg - og vi kommenterte faktisk den spesielle bygda i det vi køyrde gjennom den. Husa står kjempetett i bunnen av dalen, og isande vind gjekk i kast gjennom sentrum. Prata om veirmeldingane med radiografen då eg tok røntgen, då vinden var lova å bli mykje sterkare gjennom helga. Men kven skulle trudd at katastrofen rammar nesten i same andedrag?

Her er dog nokre lyspunkt i denne triste saken. SÅ LANGT er det ikkje gått menneskeliv, men ein skal ha respekt for røykskader, det er ikkje gitt at det går bra. Men så langt, så vel. Noko anna som gledar mitt hjarte, er at pressa ikkje kjem inn i området enno. Vi treng ikkje alle desse bilda inn i stova vår. Syn respekt for ei bygd i krise. Vi må no kunne klare å innbille oss kor gale det er, utan at landets ukritiske pressekorps skal sikre seg sjåartal og lesarar på andre si katastrofe! La det massive redningsapparatet vår flotte nasjon har, få jobbe i fred - og redde det ein kan.

Eg las ein kommentar frå ein facebookvegg, kor det var referert til "kun materielle ting" - og tru meg, det er eit litt forenkla syn. For desse menneska er det liva deira som blir pulverisert. Alt ein har opparbeidd av minner og verdiar, borte i eit blaff. Det gjer noko med deg. Men eg er einig i at det er absolutt underordna menneskeliv, men tenker at vi ikkje skal undervurdere kor alvorleg dette kjennast.

Mine tankar går til Lærdal og alle som på nokon måte kjenner seg berørte av denne katastrofa. Takk dei øvrige makter for at det så langt ikkje har gått menneskeliv, men det er ikkje berre - berre å miste heile livet sitt heller. Eg håpar inderleg at etterkvart som dagane går, og nyheitenes interesse legger seg, at vi som har eit ansvar for våre medfylkingar, klarar å ta vare på innbyggarane i Lærdal.

Eit vers av Arnulf Øverland illustrere sterkt kva eg kjenner no, legg det ved som ein påminnar om at vi ikkje må gløyme når media reiser frå den lille bygda. Vi har ein jobb å gjere i Sogn og Fjordane framover:

Du må ikke sitte trygt i ditt hjem
og si: Det er sørgelig, stakkars dem!
Du må ikke tåle så inderlig vel
den urett som ikke rammer dig selv!


 Jeg roper med siste pust av min stemme:
Du har ikke lov til å gå der og glemme!
Våre hjerter gret for Lærdal!


Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar