tirsdag 14. januar 2014

Det Herrens år 2014

Ja - så skriv vi 2014. Og det er forbausande enkelt å legge bak seg 2013 når vi skal signere med dato på noko. Lurer på om det er underbevisstheita som prøver å fortelle "good riddens?" Men 2013 har vore eit godt år, innhaldsrikt og berikande - både på plussida, og på minussida. Eg tok mange avgjerdsler dette året, nokre ser eg passa godt, andre må eg gjere om på i år. Eg signerte eit papir i går som var litt skummelt, og lurte veldig på om den beslutninga var rett. Men kjenner at ei natt med djup søvn, drøymelaus og kvilande, at det sannsynlegvis var rett. Men det erfarer eg jo etterkvart.

I år har eg for første året på lenge eit nyttårsforsett. Eg skal teste ut kjøpestopp i eitt år. Ser jo at personleg forbruk skyt fart, og at ein reflekterer mindre og mindre over kva ein "spar" ut pengar på. Eg har jo set nokre avgrensingar på denne kjøpestoppen, grunna at vi har konfirmasjon dette året, ungar som no over nokre år har spara til datautstyr av ulik karakter - og eg har gått inn nokre 50-50 betalingsdelingsopplegg, og så har eg fortsatt 3 podar som veks 3 størrelsar i månaden i periodar. Så nokre avgrensingar er der, men det personlege forbruket skal ha eit sabbatsår. Så får vi sjå.

Det er jo litt typisk då, at på 13. dagen inn i dette sabbatsåret - så avgår oppvaskemaskina med døden! Og med 6 heimebuande ungar og 2 regentar i hus, er det ikkje snakk om å vaske opp ei kjørle for hand!!! Så då den vart erklært avliden av husbonden kl 17.34 i går ettermiddag, og middagskjørla sto i stablar på benken, då var vegen kort ned til EL-KJØP i Førde. Det eg hadde glømt i fobien for oppvask, er jo den eksepsjonelle servicen man vanlegvis får der. Då vi hadde plukka oss ut den største og mest effektive maskina, med minst desibel, best energiklasse og bestikkorg (ikkje skuff) og 3 nivå på stablinga, hadde vi enno ikkje sett noko til den rette butikktilsette. For der nede har dei tilsette eigne soner må vete. Vi hadde nok stått der å diskutert og vurdert i nærare 30 min, då vi rekk ein travel ungdom som joggar forbi i uniform. "Hei, kan vi få litt hjelp med oppvaskmaskin?" spør vi forhåpningsfullt. "Han som har med dei å gjere er ikkje her nett no", svarar ungdommen høfleg, " han er sikkert ute på lageret." Som den naive kunden eg er, så innbiller jo eg meg at det er sjølvsagt at sidan eg har planar om å legge att 10 000 kontant der, så tek han svippturen ut på lageret å melder vårt behov for assistanse. Det vi eigentleg skal, er jo berre å betale. Men nei, det hørte nok heller ikkje til i sona til denne høflege og tilsynelatande hyggeleg unge mannen. Han haster vidare, det er igrunn fleire tilsette i butikken enn kundar, men vi ser jo raskt at dei kundane som er der (3 utanom oss) er alle i forhåpning om å få hjelp i "vår" seksjon. Og der er det berre ein tilsett kan det sjå ut som.

Vel, lang historie kort - eg vaska opp for hand i går ettermiddag. Magne Aase var desverre stengt då vi kom ned der, men dei får seg ein god kunde i ettermiddag. Har ikkje han rette maskina til oss - får vi køyre utabygds å kjøpe. Det ER ikkje berre billege prisar og lett tilgang som tel på markedet i dag - og skal eg legge igjen 10 store nokon plass, så skal eg JAGGU ha litt service og. Så i dag kjemper eg med gamle fobiar.

Kjøpestoppen ser i alle fall ut til å vere vanskeleg å gjennomføre i praksis. Men ein får kalle dette eit lite "set-back", og starte med ny frisk. Med denne utgifta blir det jo mindre moglegheit til å kjøpe noko anna? Det får vere "the silver lining"!

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar