tirsdag 29. oktober 2013

Influensavaksine???

Klokka er berre så vidt passert ni om morgonen. Og eg kjenner allereie at dagen har begynt å slite på tålmodet. Har kava sidan i går kveld med å få fatt i tidspunkt for utviklingssamtale med minsten. Dette har eg enno ikkje  lukkast med. Ser skjemaet for meg, det var i dag han skulle vere der, og eg meiner han var første mann. MEN skjemaet er berre ein visjon for mitt indre auge. Det er i alle fall ikkje her i huset! For det har eg endevendt x antall gonger. Pappaen til junior har 45 min køyretid for denne samtala, og eg har ikkje peiling på kortid den startar. Jaja - får vel slå meg til ro med at det blir minsten og meg, utan pappa.

Veit ikkje om det er denne samtala som er årsaka til at eg har vakna gud veit kor mange gonger i natt. Men det gjorde eg. Nokre gonger var det fordi eg var potte-tett i nasa, noko som førte til nokre gutterale kvelningslydar - etterfulgt av lyden av papir som vart knurva saman. Den lyden kom som følger av at eg lukka munnen mens eg prøvde svelge. Partneren ved sida av meg i senga er enten for sensitiv til å sei noko, eller så er den nedsette hørselen hans ei skjult velsigning! Det å vakne av at det kjennast ut som om du kvelast, er ein smule ubehageleg. Det tek litt tid før ein sovnar att! Først må pusten roast ned, deretter hjartefrekvensen. Når det er oppnådd er munnhola så vidt byrja å bli så fukta att eg klarar opne munnen att rett etter eg har lukka den. Berre så vidt - men det går. Då er eg sjølvsagt vaken nok til å registrere den dundrande hovudpinen, som sannsynleg kjem av for lite O2-tilførsel til hjernen. DÅ er eg klar for å sove att.

Hørselen min har forresten ikkje vore på topp den siste veka heller. Var på jobb laurdagskveld, mens eg meinheldt på IBUX-boksen i eine handa, og halspastillane i andre. Det å svare nødtelefonar med ei stemme som kunne vunne konkurransar i australske urbefolkningsframføringar, og med øyre som hørdes ut som om dei befinn seg inni dei største fossefalla Noreg har å by på - var mildt sagt spennande! Det legg slett ikkje grunnlag for god og trygg kommunikasjon - kan du sei!

Midt i stresset med å overtale den yngste håpefulle i å kle seg i regnbukse, kjem den yngste tenåringen inn døra. Han lurer på om eg har sett busskortet hans???? Hmm, trur faktisk ikkje eg veit kor det ser ut ein gong. Eg trive skulesekken ut av hendene hans, fordi eg veit jo kor god dei er til å leite desse framtidas håp, og merkar meg litt uroleg stamping og trakking frå framtidshåpet, mens eg møysommeleg opnar lomme etter lomme i sekken. Busskortet finn eg ikkje, men 2 (!) meloingsbøker dukker opp, ei tyskgloseprøve med 0 rette, og fleire brev frå skulen som skal sikre dette gode heim-skule samarbeidet. Ikkje eitt av dei var yngre enn 3 veker. Masse kjekk informasjon om turar, oppmuntring til deltaking i div aktivitetar etc. Og fleire målark, (som visst er hjelpemiddel i ulike fag han har prøver i), prøver som han enno ikkje har begynt å ha!!!!! Prøver som gjev karakterer han enno ikkje har fått. Jmf den nye ungdomsskuleeleven i heimen.

Eg innser at eg nok ein gong har latt tvilen komme til gode - FOR TIDLEG! Guten skjelver i buksene ser det ut for, men med den begrensa stemma eg har for tida, er det ikkje mykje nyting i det. Eg kvekkar noko som kan minne om "Skal sei det til faren din- han får teste deg til tyskprøva i morgon", og konstater med det same eit lettelsens sukk gli over heile kroppen til guten. Han såg ut som om nokon som nett har sett frelsa.

Vi fekk info om influensavaksine på jobben for ei tid tilbake. 4 datoar vi kunne berre møte opp å ta denne vaksina. Eg lurte litt på om eg skulle ta den, sidan min pasientkontakt no er begrensa til telefonen? Før klokka har slått ni i dag tidleg, skjønar eg at eg for all framtid - MÅ og SKAL ta denne vaksina. Lurer på om eg skal be om spesiell innkalling kvart år. Hushaldninga vår er i størrelsen på ein mellomstor grendaskule - korleis i himmelens navn klarte eg å oversjå dette? Her går det ikkje an å legge seg ned med noko så trivielt som influensa. Ein må befinne seg på barrikadane, væpna til tennene med mistru og antakingar om at ein blir lurt. For sannsynlegheita er svært stor for at søv du litt i timen - så blir du det!

Du og du kor eg gler meg til desse utviklingssamtalene!

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar