onsdag 23. oktober 2013

Nye beskjedar ...

Det siste året har vore eit altoppslukande år. For akkurat 13 månader sidan, fekk vi beskjed om at mamma hadde kun kort tid att å leve. Etter denne beskjeden, fulgte 4,5 mnd kor eg enkelte dagar ikkje hadde tid til å ete. Eg kjende at eg måtte tvinge meg til å puste roleg fleire gangar for dag. Kvart einaste sekund på dagen, levde eg i sterke kjensler, det var aldri fred å få. Ikkje kunne eg stenge av noko av desse kjenslene heller, fordi eg ikkje visste kor lang tid eg hadde å bearbeide desse. Eg hadde nærast eit angstprega forhald til telefonen min. Det stakk liksom i magen kvar gong eg høyrde den starta å ringe. På desse 13 månadane sidan denne beskjeden, har eg lært meir om meg sjølv enn i nokon anna periode i livet. Eg har og lært mykje om faget mitt, som eg kjenner eg har hatt behov for å dele. Derfor roter eg no på med noko som skal vere eit forsøk på ei bok. Men eg har tilsvarande mykje lærdom på den personlege fronten. Vi har ikkje tid å kaste bort. Så eg innvolverer meg ikkje like mykje i trivialitetar lengre. Dette merkar nok omgjevnadane mine mest på at eg tenderer til å bli veldig direkte.

Det som har vore vansklegast dette året, er nok dette at eg ikkje har kunne ta pause frå meg sjølv. Eg er liksom stengt inne i hovudet mitt med tankane mine, og det er aldri fred å få. Eg har oppdaga gode ting med meg sjølv, og ein heil det mindre bra. Men læringa har liksom ikkje på noko punkt slått "seg av". Og det kan eg berre sei, at eg er slettes ikkje ein enkel person å måtte forhalde meg til - 24/7!

Ettersom sommaren har gått på hell, kjenner eg at eg har funnet tilbake til roen min, og kanskje litt distansen til meg sjølv. Det har vore godt. Eg har funnet min plass på den "nye" jobben min, blitt kvittert ut på 2.ledd på vårt utdanningsnivå - som 113 operatør. Ein tøff jobb, kor ein i alle fall skal vere veldig bevisst på kven ein er - både på godt å på vondt. Mastergraden min har begynt å ta form, mest på planleggingsstadiet, men dog er der ein plan. Eg har kjent at kreftene endeleg har komme tilbake. Starten på denne hausten har vore god.

Så i løpet av ei lita veke - blir alt snudd på hovudet att. Ein får ein ny beskjed. Denne gangen er ikkje eg den næraste, men eg er nært tilknytt dei som er det. Kroppen trer på ny i krisemodus, energiforbruket er enormt! Kvart ord blir tidvis vegd og analysert før det forlet leppene mine. Noko som slett ikkje alltid er dumt - men det krev enorme mengder energi. Eg håpar berre at lærdommen min frå alle plan det siste året, allereie er klar for å bli sett ut i praksis? Er eg i stand til å gjere godt rundt meg med utspring i denne kunnskapen eg erverva meg i fjor? Eg får inderleg håpe det, for valet er nok ein gong vekke. Det er berre å brette opp att armane, og søkje gjere alt ein gong til.

2 kommentarer :

  1. eg er forbaska god som slåpute- verbalt snakka- så bare løft tlf om du treng en utblåsning : unni hald kjeft og bare høyr. man trenger det tidvis - kansje ikkje alltid greit at dei næraste får all frustrasjonen :-)) - kan og ta meg kraftig i sammen og late vere komme med velmeinande råd- sjølv om det tidvis kan vere litt vanskelig :-) du veit kor eg er :-)) du e' goe som gull:-)

    SvarSlett
  2. Tusen takk for det :) Det varmar :)

    SvarSlett