lørdag 22. mars 2014

4380 dagar - den 22.mars 2014

For 4380 dagar sidan kom denne vakre jenta til verda. Då hadde ho tjuvtrent 3 gonger allereie - men hadde latt seg overtale til å vente til termin. Vel, nesten då. Men det klarte ho ikkje heilt, ho simpelthen måtte snike seg innpå med 4 dagar. Då var det stopp - og ho kom til verda med dei største, klokaste og vakraste blå auga eg nokon sinne har sett.

Og sidan har ho prata - non stop! Ein skulle tru at nummer fire i ein søskenflokk på fem kanskje forsvann litt i mengda? Men nei, ikkje denne jenta. Ho vinn fram med sitt blide vesen, store klokskap og enorme taleevne, fullstendig fri for redsle for noko. Kayla-Roos vart det spesielle namnet ho vart tildelt, og dette namnet er like vakkert som det er sjeldent. Nett som jenta sjølv. Vakker og sjelden!

Å vere mamma og pappa til denne vakre sjela - har ikkje vore fri for utfordringar, men for ei glede! Som lita var ho mykje sjuk, men det har på ingen måte sett ho tilbake. Ho vaks av seg sjukdommen, men tok med seg lærdommen, nemleg at alle kan ikkje gjere alt like godt - men ingenting treng stoppe deg frå å prøve. Ho har dagleg utfordra oss - og til tider overtala oss til ting vi vaksne ikkje har vore klar for. Men vi har måtte gjett oss. Du skal ha gode grunnar på lager for å få denne jenta til å tenke at noko er umuleg. Som då ho 11 år gamal fekk prøvetime på turn - etter 1 års ventetid. Eg var skeptisk, og meinte det var for seint, at ho kanskje ikkje ville komme med og var så redd for skuffelsen ho kunne møte. Då set ho desse store, varme blå i meg, og seier - "Ja, eg kjem no i alle fall ikkje med om eg ikkje får prøve!"

Etter prøvetimen sender ho meg tekstmelding i hui og hast på veg til Tween Sing. "Trur kanskje det ikkje blei så verst - eg jore jaffal mitt beste! Veitsj om eg kjem med." Så ringer telefonen etter ein halv time, det var turninstruktøren som kan fortelle at ho fekk plass i turngruppa. Ikkje fordi ho var så veldig god - men fordi ho var så uredd. Det var det viktigaste meinte instruktøren, øving gjer betre - det er berre å øve mykje.

Slik fortset denne bratte læringskurva som mamma til Kayla. Eg blir stadig korrigert, møter ofte meg sjølv i døra i diskusjonar med henne - og eg er så stolt (!) over denne jenta. Mange gonger for dag kan eg ta meg i å tenke kor fattig livet vårt ville vore uten henne.


Besta var med på 1.skuledag og tok dette biletet
Kayla knyt nære band til omgjevnadane sine, og forholdet ho hadde til Besta si, var heilt unikt. Det var faktisk så sterkt at dei andre søskena heilt roleg og heilt utan sjalusi aksepterte at Besta og Kayla hadde noko heilt spesielt. Så i 2012 fekk Kayla vere med til Gran Canaria med Besta og Moffar, eigentleg før det var hennar tur - men slik berre blei det. Når då ho mamma blei sjuk same haust, og døydde etter 4,5 mnd'ar - har denne turen vore så viktig for Kayla i ettertid. Minna er mange og unike, til og med pappa seier han vart litt utestengt frå den turen der. Det var liksom dei to!

Vi valde å vere brutalt ærleg med ungane då ho mamma blei sjuk - vi fortalte at levetida var kort, og at vi måtte nytte tida vår godt. Kayla fekk ikkje lov å leve seg for langt inn i draumane om at ein mirakelkur kunne dukke opp. Ho måtte forhalde seg til at døden var nær. Også her synte Kayla så stor modenheit og klokskap at det nesten slo meg over ende. Ho kraup godt inn i fanget på ho mamma på sjukehuset, og spurte om dei kunne lage ei minnebok frå tida deira saman. Dette gjorde ho før ho mamma sjølv sette ord på at ho skulle døy. Og på denne måten fekk mamma verbalisert si verste frykt -for aller første gang. Minneboka rakk vi ikkje i den intense og travle tida som fulgte, men Kayla minnast sterk augeblikket dei snakka om det.

Kayla har ei styrke og ein varme einkvar vaksen kan misunne henne. Ho har masse kunnskap, og ingen redsle for å bruke den. Sjølvsikker og sterk, flink å snakke for seg - heile verda ligg for hennar føtter. Og i alt av galskap eg begjer meg ut på - har ho vore min største heiagjeng, ukritisk og støttande. Ho oppdreg gutane i heimen, og let ingen sove "på vakt." Den strenge peikefingen hennar har og vore sett utallige gonger av familiens kjerne. Den kjem raskt og utan forvarsel. Det same med hendene på begge hoftene - saman med eit litt strengt blikk - kjem korreksen raskt. Og sjeldan er det utan fundament. Som regel ligg den moralske kjerne klart til grunn, og motargumenta fell på sin eigen urimelegheit. Dette er ei jente som  er vant til å bli høyrt!

I vår familie blei det laga to omgrep i si tid. Det eine var familieløyndom og den andre er for familien. Ein familieløyndom er den kunnskapen vi måtte få i familien om kvarandre, som ikkje er allment kjent. Slike ting vi finn ut - kun fordi vi bur saman, Til dømes det å ikkje klare å halde seg for å gå på do om natta. Dette er kunnskap vi erverver oss gjennom å vere i familie, men vi "eig" ikkje denne løyndommen. Det er evt den som har problemet med sengeveting som "eig" den informasjonen, noko som tyder at utenfor husets fire vegger, så er det kun eigaren som kan bestemme om andre skal vete det. Altså, vi fortel ikkje noko om kvarandre utenfor familien, uten at den det gjeld har godkjent det.

Dette var Kayla si oppfinning etter ho hadde vore med å erta ein bror, på skulen, i 2.klasse. Den andre - for familien, er husets oppgåver som vi kan pålegge kvarandre uten å krevje betaling. Oppvask, tømming av boss, rydding av rom og fellesareal etc. Dette skal ingen lønnast for å gjere - altså vi gjer det for familien. Også eit av Kayla's oppfinningar då ho gjekk i 1. & 2. klasse. Dette er hellige omgrep i vår familie. Gud nå oss om nokon glipper på det - då møter vi Kayla's vrede - den er også viden kjent!

Vakre, fine Kayla mi - eg kan ikkje få sagt ofte nok kor viktig du er for meg - for oss ALLE! Vi er så stolt over deg, og så glad for at du er vår! Takk for kvar dag med diskusjonar, krangling, smil, latter og tårer. Du gjer oss alle til betre mennesker - berre ved å vere nær deg. Håpar dagen din hos pappa blir strålande! Så skal vi feire deg i neste veke her. Vi har ein haug med pakkar liggande på lur her heime - som du får på mandag morgon.

                           GRATULERER SÅ MYKJE MED 12-ÅRS DAGEN DIN !!!!!
Og tusen takk for at du er mi <3




torsdag 20. mars 2014

Heroismen er ikkje død!

Denne veka har den lokale media vore full av oppslaga om ungdommane som havna med bil i sjøen, ved Hella i Sogn. For nokre vart det verste verkelegheit denne ettermiddagen. Bransjen eg tilhøyrer er fulle av slike hendingar, og er og fulle av menneske som reagerer ulikt i kritiske situasjonar. Men det er lengre mellom historia som utspelte seg på Hella fergekai - og det er synd. Eg legg ved ein link til eit av oppslaga - som syner med gode bilete veir og føreforhald på staden. Kilda mi er NRK Sogn og Fjordane.

Kvardagsheltar


Det har vore mykje snakk om kor overfladisk samfunnet vårt er blitt, og kor sjølvopptatte vi alle er. Feminismedebatten sentrerer rundt "grevinneheng" og kor vidt kvinna blir krenka av ord og uttrykk, som sentrerer rundt utsjåande og aldersvedlegg.


Bloggverda er full av "selfies" og "dagens outfit" - og no er jaggu vi kvinner for positive i uttala om kvarandres prestasjonar og utsjånad og. Ungdommen vår er av curling-generasjon, som yter lite, krev mykje og er håplause. Og dette er nyare nytt! Slik var ungdommen ikkje før!
 

”Ungdommen nå for tiden foretrekker luksus. De har dårlige manerer, fornekter autoritet, har ingen respekt for eldre mennesker og prater når de egentlig burde arbeide. De unge reiser seg ikke opp lenger når eldre folk kommer inn i værelset. De motsier foreldrene sine, skryter i selskaper, sluker søtsaker når de sitter ved bordet, legger beina over hverandre og tyranniserer sine lærere.”
                                                                                   Kilde: Daria.no

Dette er orda til Sokrates for 2450 år sidan. Og eg er heilt sikker på at du kan finne nesten ordrett den same uttala i kva som helst medieforum frå vilkårleg tiår. Dette er jaggu gamalt nytt.

Så hender ei katastrofe, midtvinters i iskaldt fjordvatn havnar 3 ungdommar i sjøen. 2 kjem opp att, og får signalisert at det er ei att under vatn. Og ho kjem ikkje opp att. Heltane i denne historia er utvilsomt desse to kameratane - på veg på fest. Der den eine klatrar ned i fjorden, og må ned i to runder for å få opp att ungjenta. Som utan denne handlinga hadde vore fortapt. Hjelpeapparatet ville brukt tid på å komme ut til fergekaia, tid som ville vore fatal utan handling. I tillegg ville det tatt endå lengre tid å få dykkarar på plass. Dette tvilar eg denne unge mannen tenkte på, då han klatra ned stigen og ut i fjorden. Og redda med dette eit menneskeliv - som elles ikkje hadde den minste sjanse til overleving.

Og i alt fokuset rundt desse to kameratane i ettertid - fortent som berre det - kva er dei oppteken av? At der var så mange andre "namnlause" tilstades, som var viktige for utkomme til denne jenta - då ho faktisk var død då ho kom opp av fjorden. Utan kontinuerleg hjarte/lunge - redning hadde ho heller ikkje kunne gjort dei intervjua ho har gjort denne veka. Dette er dei lei seg for, i alt oppstyret som kjem i media i etterkant av den enorme heltedåden som var utført på kaia ved Helle i Sogn 14.mars. At ikkje alle får den skryten dei fortener - og at berre dei to er ansikta utad i ettertid. Og då blir eg heilt stum!


Då denne unge mannen valde å hoppe i sjøen, hadde han ikkje lang tid til å vurdere risiko eller eigenfare, og det er kanskje bra - for då ville han gjerne ikkje gjort det! Det som ber til stykket i ein slik situasjon - er ryggmargsrefleksen. Og med det meinar eg instinkta dine. Korleis handlar du - då du er fråteken moglegheiten å gjere ei initialvurdering? Den avslørar svært ofte våre "sanne fargar", og elles andre refleksar som sjølvforsvar og eigen overleving. Overlevingsinstinktet vårt stikk djupt og er kraftig - og er gjerne det som taler sterkast i ein slik situasjon. Denne karen - han "berre gjorde da"!

Og det er nok fleire med han som ville gjort det same - ikkje mange - men heldigvis fleire.  Dette syner stort heltemot! Men den største heroismen i denne saka - synast eg likevel er desse to heltane si beklaging i etterkant, om at ikkje alle var blitt framheva slik dei fortener. Då blir eg stolt! Stolt over å vere medmenneske, stolt over å vere vestlending, stolt over menneskeheita! Rollemodellane vi så lenge har ropt etter - er jo rett i nærleiken vår. Dei som gjer, tenker og seier det vi alle skulle vore usjølviske nok til å gjer, tenke og sei!

Ei mor og ein far slepp å følgje si dotter til grava så alt for tidleg. Ei ung jente får leve opp til livspotensialet sitt, og vi andre har fått bevist ein gong for alle at det er håp. Menneska er ikkje verre enn før, kan jammen hende vi er blitt betre? Ungane mine får sjå kvardagsheltane i sitt rette lys, og vi andre har rollemodellar vi kan berre drøyme om å etterleve handlingane til. Eg håpar så inderleg at alle som var tilstades under alle heltedådane som vart utført på fergekaia denne ettermiddagen, får påskjønning, heder og ære. Kven andre kan sei at dei har spela ei avgjerande rolle i liv og død for nokon? Eg veit kva eg synast bør delast ut av heder - men det er dessverre ikkje opp til meg.

Men eg vil i alle fall rette ei stor takk til desse menneska - for å ha gjennomretta trua mi på at vi som samfunn ikkje er så ute å køyre likevel. Vi bryr oss om kvarandre, og er alt anna ein likegyldige. Det har denne heltedåden vist i si fulle prakt. Det fins menneske som risikerer livet sitt for ein framand, utan å tvile eit sekund på handlinga si. Og som til alt overmål er så beskjeden i etterkant, at dei forstår at dette er ei handling dei ikkje klarte utrette aleine. Det må jo vere sjølve definisjonen på heroisme! Den lever i alle fall, i høgste grad, den er ikkje død. Tusen- millioner takk for det!

fredag 7. mars 2014

Undringens strandlinje veks...

Eg er nett ferdig med ein stim av nattevakter no - og blir som alltid svært reflektert og tenksam når eg lever omvendt av resten av verda. Ja, og litt sur, må eg vel vedkjenne meg. Til helga skal eg til fjells, uten å ha lov å gå noko særleg på ski, men å vere saman med gode vener og den kjæraste er vel også ein god nok grunn? Så fins der jo spa-avdeling også då. Og den kan jo eg bli kjend med når dei andre er på ski? Eg gler meg!

Livet er hektisk for tida. Jobben går døgnkontinuerleg, og er mildt sagt travel! Dag og natt pratar du med blide helsearbeidarar, som med stor innsats reiser ut i verda og assisterer alle behov. Førre natt ringde vi nokre av dei klokka halv seks, og får ei kvitrande stemme på øyret som lurer på om "...XX... ikkje har hatt det så godt i natt?" Ingen sure miner for å bli vekka på grunn av noko semi-kritisk i morgontimane der i gården nei. I slike augeblikk er jobben verdt alt! Og du går heim eit par timar seinare, og legg hovudet på puta med reint samvit. Og på grunn av andre - kjenn du deg som ein verdsmeister.


Men så har eg eit arbeidskrav eg eigentleg ikkje skjønar, og heller ikkje har tid til å gjere. Og for å vere ærleg, så har eg vel heller ikkje særleg lyst til å gjere det. Og dette arbeidskravet skal jo og kulminere i ein eksamen om ein knapp månad. Kjenner eg får snev av hjartebank berre ved tanken. Så eg tenker - i morgon, DÅ skal eg gjere det! Må berre sove av meg nattevakta først. Og så er det utviklingssamtaler på skulen, kor ein nok ein gong får beskjed om at ein har rikeleg å strekke seg etter, som heim. Men etter det, får eg nok tid til å reise ned på skulen å rette opp att denne oppgåva som eg ikkje har klart å få rett ut av statistikkprogrammet eg ikkje klarer å laste inn på PC'en heime? Nei, det fekk eg ikkje tid til, eg hadde gløymt kva krav ein 43 år gamal kropp har etter 3-delt turnus i 6 dagar i strekk - kor ein er innom alle skifta. Eg måtte då innom han knekkaren for å få på plass at ting og tang, så oppgåva vart ikkje gjort etter dette heller.



Masterprosjektet mitt står også å hostar litt i desse dager. Eg skulle vore ferdig med foreløpig prosjektplan, skulle avtala møte med rettleiaren min, skulle hatt avtale med prosjektgruppa. Men dette er også ei av oppgåvene eg heng etter med tunga som eit slips på bringa. Should have - would have - could have !!! Så er det jo 13-åringen med RLE prøve og 12-åringen med engelsk innlevering, og 19-åringen med bursdag på laurdag. Desse timane eg faktisk søv - ligg eg ca 30 cm over madrassa og flyt - vaknar av at folk pratar høgt i draumane mine.

Verdsmeisterkjensla bleiknar. Realitetane sler innover kroppen - som lange dønningar frå havet. Har ein for store krav til livet kanskje?!? Min kjære ber meg om å prioritere kva som er viktig for meg, men har eg eigentleg denne luksusen? Eg trur i alle fall ikkje noko på at eg har eit reellt val. Den lille jenta, som sit djupt inn i kjerna, som så inderleg behøver denne rosen og kjensla av å meistre alt - ho ligg å pirkar med ei nagl i ryggraden - heile tida. Skal berre - skal berre - SÅ skal eg ta det med ro! Eg og Albert Åberg - vi skal berre ...


I mellomtida har eg og  hatt tid til å søke på PPU til hausten, altså praktisk pedagogisk utdanning. MÅ jo ha litt pedagogisk påfyll? For å ha moglegheitane opne. Ja, og så underviser eg jo fortsatt på Høgskulen innimellom. Og då treng eg jo pedagogikken. Eller?

Eg har jo berre eit år igjen kor eg skal skrive masteroppgåve - så då har eg jo tid? Grådigheit! Eg får liksom ikkje gjort nok eller lært nok. Må ha meir - heile tida. "Jo lenger kunnskapens øy er, jo lenger blir undringens strandlinje", sa Ralph W. Sockman. Og denne strandlinja har eg nok gått til kamp på. Dess meir ein ynskjer å lære, og faktisk lærer - dess meir forstår ein at ein ikkje kan. Det er ei audmjukande øving i livet. Og eg lærer aldri, trur eg. Ikkje enno i alle fall.

                                         Snart, ikkje heilt enno - eg skal berre ....