fredag 7. mars 2014

Undringens strandlinje veks...

Eg er nett ferdig med ein stim av nattevakter no - og blir som alltid svært reflektert og tenksam når eg lever omvendt av resten av verda. Ja, og litt sur, må eg vel vedkjenne meg. Til helga skal eg til fjells, uten å ha lov å gå noko særleg på ski, men å vere saman med gode vener og den kjæraste er vel også ein god nok grunn? Så fins der jo spa-avdeling også då. Og den kan jo eg bli kjend med når dei andre er på ski? Eg gler meg!

Livet er hektisk for tida. Jobben går døgnkontinuerleg, og er mildt sagt travel! Dag og natt pratar du med blide helsearbeidarar, som med stor innsats reiser ut i verda og assisterer alle behov. Førre natt ringde vi nokre av dei klokka halv seks, og får ei kvitrande stemme på øyret som lurer på om "...XX... ikkje har hatt det så godt i natt?" Ingen sure miner for å bli vekka på grunn av noko semi-kritisk i morgontimane der i gården nei. I slike augeblikk er jobben verdt alt! Og du går heim eit par timar seinare, og legg hovudet på puta med reint samvit. Og på grunn av andre - kjenn du deg som ein verdsmeister.


Men så har eg eit arbeidskrav eg eigentleg ikkje skjønar, og heller ikkje har tid til å gjere. Og for å vere ærleg, så har eg vel heller ikkje særleg lyst til å gjere det. Og dette arbeidskravet skal jo og kulminere i ein eksamen om ein knapp månad. Kjenner eg får snev av hjartebank berre ved tanken. Så eg tenker - i morgon, DÅ skal eg gjere det! Må berre sove av meg nattevakta først. Og så er det utviklingssamtaler på skulen, kor ein nok ein gong får beskjed om at ein har rikeleg å strekke seg etter, som heim. Men etter det, får eg nok tid til å reise ned på skulen å rette opp att denne oppgåva som eg ikkje har klart å få rett ut av statistikkprogrammet eg ikkje klarer å laste inn på PC'en heime? Nei, det fekk eg ikkje tid til, eg hadde gløymt kva krav ein 43 år gamal kropp har etter 3-delt turnus i 6 dagar i strekk - kor ein er innom alle skifta. Eg måtte då innom han knekkaren for å få på plass at ting og tang, så oppgåva vart ikkje gjort etter dette heller.



Masterprosjektet mitt står også å hostar litt i desse dager. Eg skulle vore ferdig med foreløpig prosjektplan, skulle avtala møte med rettleiaren min, skulle hatt avtale med prosjektgruppa. Men dette er også ei av oppgåvene eg heng etter med tunga som eit slips på bringa. Should have - would have - could have !!! Så er det jo 13-åringen med RLE prøve og 12-åringen med engelsk innlevering, og 19-åringen med bursdag på laurdag. Desse timane eg faktisk søv - ligg eg ca 30 cm over madrassa og flyt - vaknar av at folk pratar høgt i draumane mine.

Verdsmeisterkjensla bleiknar. Realitetane sler innover kroppen - som lange dønningar frå havet. Har ein for store krav til livet kanskje?!? Min kjære ber meg om å prioritere kva som er viktig for meg, men har eg eigentleg denne luksusen? Eg trur i alle fall ikkje noko på at eg har eit reellt val. Den lille jenta, som sit djupt inn i kjerna, som så inderleg behøver denne rosen og kjensla av å meistre alt - ho ligg å pirkar med ei nagl i ryggraden - heile tida. Skal berre - skal berre - SÅ skal eg ta det med ro! Eg og Albert Åberg - vi skal berre ...


I mellomtida har eg og  hatt tid til å søke på PPU til hausten, altså praktisk pedagogisk utdanning. MÅ jo ha litt pedagogisk påfyll? For å ha moglegheitane opne. Ja, og så underviser eg jo fortsatt på Høgskulen innimellom. Og då treng eg jo pedagogikken. Eller?

Eg har jo berre eit år igjen kor eg skal skrive masteroppgåve - så då har eg jo tid? Grådigheit! Eg får liksom ikkje gjort nok eller lært nok. Må ha meir - heile tida. "Jo lenger kunnskapens øy er, jo lenger blir undringens strandlinje", sa Ralph W. Sockman. Og denne strandlinja har eg nok gått til kamp på. Dess meir ein ynskjer å lære, og faktisk lærer - dess meir forstår ein at ein ikkje kan. Det er ei audmjukande øving i livet. Og eg lærer aldri, trur eg. Ikkje enno i alle fall.

                                         Snart, ikkje heilt enno - eg skal berre ....

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar