lørdag 22. mars 2014

4380 dagar - den 22.mars 2014

For 4380 dagar sidan kom denne vakre jenta til verda. Då hadde ho tjuvtrent 3 gonger allereie - men hadde latt seg overtale til å vente til termin. Vel, nesten då. Men det klarte ho ikkje heilt, ho simpelthen måtte snike seg innpå med 4 dagar. Då var det stopp - og ho kom til verda med dei største, klokaste og vakraste blå auga eg nokon sinne har sett.

Og sidan har ho prata - non stop! Ein skulle tru at nummer fire i ein søskenflokk på fem kanskje forsvann litt i mengda? Men nei, ikkje denne jenta. Ho vinn fram med sitt blide vesen, store klokskap og enorme taleevne, fullstendig fri for redsle for noko. Kayla-Roos vart det spesielle namnet ho vart tildelt, og dette namnet er like vakkert som det er sjeldent. Nett som jenta sjølv. Vakker og sjelden!

Å vere mamma og pappa til denne vakre sjela - har ikkje vore fri for utfordringar, men for ei glede! Som lita var ho mykje sjuk, men det har på ingen måte sett ho tilbake. Ho vaks av seg sjukdommen, men tok med seg lærdommen, nemleg at alle kan ikkje gjere alt like godt - men ingenting treng stoppe deg frå å prøve. Ho har dagleg utfordra oss - og til tider overtala oss til ting vi vaksne ikkje har vore klar for. Men vi har måtte gjett oss. Du skal ha gode grunnar på lager for å få denne jenta til å tenke at noko er umuleg. Som då ho 11 år gamal fekk prøvetime på turn - etter 1 års ventetid. Eg var skeptisk, og meinte det var for seint, at ho kanskje ikkje ville komme med og var så redd for skuffelsen ho kunne møte. Då set ho desse store, varme blå i meg, og seier - "Ja, eg kjem no i alle fall ikkje med om eg ikkje får prøve!"

Etter prøvetimen sender ho meg tekstmelding i hui og hast på veg til Tween Sing. "Trur kanskje det ikkje blei så verst - eg jore jaffal mitt beste! Veitsj om eg kjem med." Så ringer telefonen etter ein halv time, det var turninstruktøren som kan fortelle at ho fekk plass i turngruppa. Ikkje fordi ho var så veldig god - men fordi ho var så uredd. Det var det viktigaste meinte instruktøren, øving gjer betre - det er berre å øve mykje.

Slik fortset denne bratte læringskurva som mamma til Kayla. Eg blir stadig korrigert, møter ofte meg sjølv i døra i diskusjonar med henne - og eg er så stolt (!) over denne jenta. Mange gonger for dag kan eg ta meg i å tenke kor fattig livet vårt ville vore uten henne.


Besta var med på 1.skuledag og tok dette biletet
Kayla knyt nære band til omgjevnadane sine, og forholdet ho hadde til Besta si, var heilt unikt. Det var faktisk så sterkt at dei andre søskena heilt roleg og heilt utan sjalusi aksepterte at Besta og Kayla hadde noko heilt spesielt. Så i 2012 fekk Kayla vere med til Gran Canaria med Besta og Moffar, eigentleg før det var hennar tur - men slik berre blei det. Når då ho mamma blei sjuk same haust, og døydde etter 4,5 mnd'ar - har denne turen vore så viktig for Kayla i ettertid. Minna er mange og unike, til og med pappa seier han vart litt utestengt frå den turen der. Det var liksom dei to!

Vi valde å vere brutalt ærleg med ungane då ho mamma blei sjuk - vi fortalte at levetida var kort, og at vi måtte nytte tida vår godt. Kayla fekk ikkje lov å leve seg for langt inn i draumane om at ein mirakelkur kunne dukke opp. Ho måtte forhalde seg til at døden var nær. Også her synte Kayla så stor modenheit og klokskap at det nesten slo meg over ende. Ho kraup godt inn i fanget på ho mamma på sjukehuset, og spurte om dei kunne lage ei minnebok frå tida deira saman. Dette gjorde ho før ho mamma sjølv sette ord på at ho skulle døy. Og på denne måten fekk mamma verbalisert si verste frykt -for aller første gang. Minneboka rakk vi ikkje i den intense og travle tida som fulgte, men Kayla minnast sterk augeblikket dei snakka om det.

Kayla har ei styrke og ein varme einkvar vaksen kan misunne henne. Ho har masse kunnskap, og ingen redsle for å bruke den. Sjølvsikker og sterk, flink å snakke for seg - heile verda ligg for hennar føtter. Og i alt av galskap eg begjer meg ut på - har ho vore min største heiagjeng, ukritisk og støttande. Ho oppdreg gutane i heimen, og let ingen sove "på vakt." Den strenge peikefingen hennar har og vore sett utallige gonger av familiens kjerne. Den kjem raskt og utan forvarsel. Det same med hendene på begge hoftene - saman med eit litt strengt blikk - kjem korreksen raskt. Og sjeldan er det utan fundament. Som regel ligg den moralske kjerne klart til grunn, og motargumenta fell på sin eigen urimelegheit. Dette er ei jente som  er vant til å bli høyrt!

I vår familie blei det laga to omgrep i si tid. Det eine var familieløyndom og den andre er for familien. Ein familieløyndom er den kunnskapen vi måtte få i familien om kvarandre, som ikkje er allment kjent. Slike ting vi finn ut - kun fordi vi bur saman, Til dømes det å ikkje klare å halde seg for å gå på do om natta. Dette er kunnskap vi erverver oss gjennom å vere i familie, men vi "eig" ikkje denne løyndommen. Det er evt den som har problemet med sengeveting som "eig" den informasjonen, noko som tyder at utenfor husets fire vegger, så er det kun eigaren som kan bestemme om andre skal vete det. Altså, vi fortel ikkje noko om kvarandre utenfor familien, uten at den det gjeld har godkjent det.

Dette var Kayla si oppfinning etter ho hadde vore med å erta ein bror, på skulen, i 2.klasse. Den andre - for familien, er husets oppgåver som vi kan pålegge kvarandre uten å krevje betaling. Oppvask, tømming av boss, rydding av rom og fellesareal etc. Dette skal ingen lønnast for å gjere - altså vi gjer det for familien. Også eit av Kayla's oppfinningar då ho gjekk i 1. & 2. klasse. Dette er hellige omgrep i vår familie. Gud nå oss om nokon glipper på det - då møter vi Kayla's vrede - den er også viden kjent!

Vakre, fine Kayla mi - eg kan ikkje få sagt ofte nok kor viktig du er for meg - for oss ALLE! Vi er så stolt over deg, og så glad for at du er vår! Takk for kvar dag med diskusjonar, krangling, smil, latter og tårer. Du gjer oss alle til betre mennesker - berre ved å vere nær deg. Håpar dagen din hos pappa blir strålande! Så skal vi feire deg i neste veke her. Vi har ein haug med pakkar liggande på lur her heime - som du får på mandag morgon.

                           GRATULERER SÅ MYKJE MED 12-ÅRS DAGEN DIN !!!!!
Og tusen takk for at du er mi <3




Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar