torsdag 30. januar 2014

Den vakraste gåva...

Ei intens veke er over, eg kan formeleg kjenne trøytheita på cellenivå. Den kjensla ein har etter å ha halde pusten akkurat litt lengre enn ein trur ein toler, og trekk inn at lufta i første innandinga. Eg verker i alle muskelfibrar, og emosjonane er utsletne av å stadig bevege seg i den enden av skalaen kor redsle, utmatting og tristheit befinn seg.

For tre månader sidan gav eg eit løfte, og tysdag kveld fullførte eg den lovnaden i lag med familie og nære naboar. Løftet var prega av store mengder usikkerheit, men eg lova å nytte all min kunnskap, arbeidskapasitet og erfaring til det beste for dette mennesket. Og eg såg at løftet vart ei redningsplanke for fleire. Dette var eit av dei to viktigaste løfta eg i heile mi levetid har ytra til nokon.

Vi har eit helsevesen som lovar oss store val. Vi kan velge sjukehus, fastlege og i stor grad behandling. Så lenge det ikkje er akutt iallefall. Som sjukepleiarstudent for nokre år sidan vart vi og fortalt at pasientautonomi (pasientens rett til å sjølv bestemme) er den sterkaste retten, og at vi som helsepersonell må først og fremst sikre denne. Som lærar på sjukepleiehøgskulen foreles eg til mine studentar om det same - kor viktig pasientens eigne tankar er. Og med denne retten, så er vi i vårt rause system så uendeleg sikker på at retten til å velge kor vi vil døy - er sjølvsagt.

Men er den det? Reellt sett? Vi har heimesjukepleie, vi har fastlegeordning og vi har palliativt team. Masse ressursar og kompetanse. Er dette nok til at dette valet er reellt?

I løpet av 12 månadar har eg no stått som palliativ sjukepleiar ved ei sjukeseng i ei privat stove, 2 gonger. Det er ei enorm og skremmande oppgåve. Eg står der som sjukepleiar med stor kompetanse i lindring, og med kunnskap om dei mogelege komplikasjonane som kan oppstå i sluttfasen av livet. Det er opp til meg å skaffe alle dei rette medikamenta på førehand, og vere forberedt på kva som kan skje, men dei pårørande til stades - og med meg sjølv som ein av dei pårørande. Ein forklarar og begrunnar det spesielle i den lindrande behandlinga i sluttfasen av livet. Fleire gonger kvar dag, nokre gonger fleire gongar kvar time. Samtidig rullar det gjennom hovudet alle mogelege scenario som kan oppstå, eg forberedar meg, prøvar å detektere symptom - nesten før dei oppstår.

Søvnen er minimal, kvila eksisterar ikkje - fordi ein må vere klar. Klar til å stå i ei stove, langt unna ekspertisen, med telefonkontakt og elles lite ressursar. Ein må vere klar til å takle alle komplikasjonar som kan oppstå, med den ro og tryggheit den døyande fortener.

Eg har hatt mange samtalar med både dei som skjønar kva ei slik oppgåve inneber, og med dei som ikkje heilt har oversikten over kva dette fagleg vil sei. Og eg blir litt overraska. Dei som sit på ekspertisen, spør om heimesjukepleien er innkopla? Eg svarar at joda, dei er no innom. Men kva kan dei gjere? Avlaste, ta ein del av byrda. Avlastar på kva? At den sjuke må snuast annankvar time? Eller til å lese teikna på at no bygger angsten seg opp, og ein må gje beroligande? Til å vurdere kor tid slimlydande på lungene er så store at ein må starte opp med slimdempane medikament? Eller smertene, eller obstipasjonen? Klart at heimesjukepleien er ein nyttig instans. Men å sei at du kan sende ein døyande pasient heim med heimesjukepleie, at det er nok, er etter mitt syn å legge opp til at ein ikkje skal klare å gjennomføre pasienten sitt siste ønske. Det blir nesten som ei kvilepute for spesialistane til pasienten blir innlagt att, og døyr i ei eller anna avdeling. Eit komplisert sjukdomsforløp, krev kontinuerleg vurdering. Og alle som har jobba i heimesjukepleien veit at arbeidslistene er sett opp med ein tidsmal. Kva belastning hadde det ikkje vore for den sjukepleiaren som måtte korta ned ei samtale med ein døyande pasient nettopp fordi telefonen ringer, eller lista di driv deg vidare? Ein har jaggu nok dårleg samvit i dette yrket!

Nei, svarar eg - dei er kopla inn, men behovet er så stort, vi gjere noko stort sett kvart kvarter i einkelte periodar, og vurderingane må gå fortløpande - kontinuerleg. Og du må opparbeide deg så mykje kunnskap om den sjuke, at du kan lese kroppspråket. Lindrande behandling omhandlar å vere i forkant av dei symptoma du veit kan dukke opp. Du må kjenne sjukdomsprogresjonen, du må kjenne medikamenta, du må kjenne pasienten og du må ha nok erfaring til å tørre. Dette klarar ikkje heimesjukepleien å stille opp med i heimen, for då må dei sette inn døgnskift i gjeldande heim.

Av høgt kvalifisert personell, fekk eg også begge desse gongane spørsmålet om korleis sjekkar du medisinane då? Eg såg at svaret mitt sjokkerte djupt! Som sjukepleiar er det eit krav at medikament skal kontrollerast av anna sjukepleiar før du gjer det til pasienten. Det er klart at ein ikkje kan gjere det i heimen til den døyande. Eg er den einaste sjukepleiaren der! Og har eg tilgang på ein sjukepleiar til - så er vedkommande der når eg søv.

Vårt høgkvalitets helsevesen klarar ikkje dekke inn det største og viktigaste behovet i livet - nemleg å døy heime, omgjett av våre kjære og dei omgjevnadane vi kjenner så godt. Det å delta i ei bårestund ei eiga stove er noko av det vakraste eg har opplevd. Det å få følgje eiga sorg, i eige tempo for heile familien er stort. Borna kan komme å gå , både før under og etter døden. Det har ei slik helande kraft at sorga blir til å bære. Men det krev vanvittige ressursar som i dag ikkje ligg til rette for meir enn nokre ytterst få.

Eg ynskjer meg ei ny grein av helsevesenet. Som kan flytte inn til pasienten den siste veka det er naudsynt. Og stelle den døyande på deira premiss, ikkje omvendt. Og berre slik kan vi klare å snu utviklinga med ei stor overvekt av dødsfall i institusjon. Og eit stadig dyrare helsevesen. Berre slik kan vi gje den ultimate gåva til dei vi bryr oss om. Og det skulle ikkje vore opp til kor vidt ein har ressursane og kunnskapen i eigen omgangskrets. Eg vil ha valet! Og eg vil at alle andre også skal kunne velge det same!

#heimedød#palliasjon#kvardagens galskap#helsevesen

søndag 26. januar 2014

Godt nok?

Er det godt nok å vere gjennomsnittleg god? Eller må man faktisk alltid vere best? I mitt 43. år har eg såvidt begynt å forstå at ein ikkje alltid treng gjere dobbelt så mykje som naboen. For første gang kan eg og med handa på hjartet sei at eg bryr meg berre passelig om kva naboen måtte meine om prestasjonane mine og. Mitt beste kan fullt ut aksepterast, sjølv når mitt beste er lite oppsiktsvekkjande.

Eg foreleste forleden dag til eit kull med vaksne damer som studerer psykososialt arbeid med barn og unge, om korleis det var å vekse opp med eit søsken med funksjonshemming. Eg trur eg sjokkerte dei litt. Eg fortalte om belastninga å hate eit syskjen då kvardagen vart stri. Om dei gongane eg ynskte at han skulle dødd. Å innrømme at ein i ramme alvor har tillete slike tankar, trur eg er noko ein ikkje skal gjere. Det passar ikkje inn i lukkerusen vi presenterar på Facebook og andre medier i same sjargong. Der skal lukka formeleg tyte ut mellom kvar bokstav, og iallefall ut av alle fint redigerte og optimalisete bilete.

Berre så det er sagt, så har eg og hatt dagar der eg glatt hadde seld alle ungane mine - for i underkant av kr. 2,50! Heldigvis går dei augeblikka raskt forbi. Tek i dei verste høva berre 24 timar. Han eg bur ilag med og. Men det er litt sjeldnare. Han er litt flinkare enn ungane til å tenke over kva eg treng, og kva som gjer meg glad. 

Om vi ikkje besøker dei svartaste krokane av personligheita vår, korleis skal ein då klare å gjere noko med det som ligg der? Eg trur at ved å erkjenne at eg har svært dårleg moral i einskilde delar av personlegheita mi - så kan eg faktisk forbetre dei delane. Sakte men sikkert. For eg er faktisk lukkeleg - iallefall innimellom. Når eg tenker meg om - så er eg faktisk lukkeleg oftare enn eg er misnøgd. 

Men enkelte dagar, då er eg ikkje det! Då er som sagt snittverdien på borna 2,50! Og min kjære - enno mindre. Og eg - eg er eit uempatisk hespetre! Eg er faktisk godt over gjennomsnittet god på å vere det. Ikkje middelmådighet å spore då, nei.

Eg bur i lag med min beste ven. Eg har 5 supre ungar, og 2 nydelege bonusdøtre. 2 sympatiske "svigersønner" har eg og. Ein heilt spesielt korka hund og ein sær katt høyrer og med i denne kabalen.  Arbeidsmengda er uendeleg - og når eg blir redd for at den skal drukne meg - reiser hespetreet seg i all si prakt. Då imperfeksjonen bankar på - og trugar med å slå sprekker i gloria - då bryt helvete laust. Ein ynskjer seg brått ein ny kvardag, med Facebookglans og redigerte "selfies" til!

Nei, på tide å la sanninga reise seg i all sin prakt. Tipper eg ikkje er heilt aleine i mi lille kaotiske verd!


fredag 24. januar 2014

Per Fugelli - vår tids supermann?

Eg las i dag referat frå Per Fugelli's siste foredrag. "Norge har blitt eit feigare land" - seier han. Vi manglar dei modige stemmene som tør sei klart ifrå - og som tør stå for det dei seier!

I dag er vi modige på Facebook. Der legg vi inn statusane etter kva vi trur "allmuen" forventer. "Heimelaga pizza"  - "kosar oss med familien" eller " min kjære har kjøpt blomster". Kritikken sparar vi til dei anonyme kommentarfelta i avisene - eller legg ut som personlege statusar på vår eigen Facebookvegg. Vi modifiserer og og ordnar fasaden, slik vi antek andre vil beundre. Nesten like desse "dagens outfit" - bileta i toppbloggerverda. Desse bileta er med flotte sponsa klær, nydelege jenter, etter uant mengde tid foran speilet, og evigvarande "foto-shoot'er". Det tek seg flott ut - bevares! Men jenta på 14 har (vanlegvis) ikkje råd til veske til 2000,-, eller tid til 3 timer på badet for "styling"? Eller???

Vi har blitt så opptekne med å framstå som perfekte, at vi har ikkje tid til å strebe etter å bli betre! Fugelli er blitt mitt store forbilete, fordi han orkar stå fram med sitt imperfekte og den sjuke delen av livet sitt. Han vågar å fronte døden - samtidig som informerer om det naturlege og ubehandlbare som vi alle må godta - før eller seinare. Den sterke stemma hans ber langt. Ein må liksom berre ta til seg klokskapen han formidlar. 

No ropar han "varsko her - vakn opp"! Eg kjenner at eg høyre! Det er på tide å sleppe den uniforme massa sitt krav om likskap. Vi må tør å reise oss i våre eigne meiningar - og legge ut den usminka sanninga. Eg trur eg kan garantere at vi også der finn mange meiningsfeller og dei som er i likelydande situasjon. Nokon må berre tørre å starte.... 


torsdag 23. januar 2014

Mens vi ventar...

Så sit ein å ventar - stille. På kva? At noko skal skje. Det blir slørete for auga. Augeloka tynges. Pusten høyrast - vesande - så er det stille. Til den kjem att. Klokka på kjøkkenet tikkar, tikk-takk-tikk-takk. Ventar. I det stille - på slutten. Den forløysande freden, som fjernar plagene. Lindrar uroa og angsten. Ventar på kvile. 

Kva om noko skjer? Kva når kvila kjem? Kva skal ein då vente på? Pusten vesar - så stilnar den - og kjem att. Kampen fortset i stilla. Ingen ser, forstår eller kjenner den. Kvart andedrag varslar den. Ikkje enno - er ikkje klar. Kan ikkje sleppe.  

Med kvila kjem sorga - saknet og tårene. Taust og voldsomt. Trekk pusten djupt ned i lungene, ventar. Er klar. Døden bankar på - i kvart hjarteslag. Opnar ikkje enno - vi ventar litt til... 

søndag 19. januar 2014

Lærdal i brann

Brann i Lærdal
Bilde frå NRK Sogn og Fjordane
Vaknar i dag til nyheitene om at Lærdal brenn! Kastar meg nesten ned trappa for å slå på TV2-Nyheitskanalen, der dei usannsynlege katastrofebilda frå i natt treff netthinna. Eg har ein kollega frå Lærdal, som no befinn seg på den andre sida av verda på oppdrag frå Noregs Røde Kors, og dei første tankane mine går til han. Korleis har han det no, når han sit på oppdrag i katastrofeområde, og får høyre om katastrofa heime? Eg får raskt bekrefta via hans prisgjeving av facebook som budbringar, at han har fått bekrefting om at hans familie er i sikkerheit. Pustar letta ut på hans vegne.

Bilda frå i natt rullar over skjermen, eg surfar over mange facebookveggar, og får på denne måten eit slags oversiktsbilete. Det er heilt uverkeleg! Katastrofeplanane i Sogn har verkeleg fått køyrt seg det siste halvåret! Bussulukke i Fardal, tunnelbrann i Gudvangen, dei umennesklege drapa på bussen i Årdal - og no storbrann i Lærdal? Kva er dette? Hjartet mitt blør, og eg ser på reaksjonane rundt omkring i cyberspace, at det er mange med meg. Eg kjenner at verketrangen kriblar. Kva kan vi gjere?

Eg var på kontroll etter operasjonen i foten i Lærdal på fredag, min kjære køyrde meg - og vi kommenterte faktisk den spesielle bygda i det vi køyrde gjennom den. Husa står kjempetett i bunnen av dalen, og isande vind gjekk i kast gjennom sentrum. Prata om veirmeldingane med radiografen då eg tok røntgen, då vinden var lova å bli mykje sterkare gjennom helga. Men kven skulle trudd at katastrofen rammar nesten i same andedrag?

Her er dog nokre lyspunkt i denne triste saken. SÅ LANGT er det ikkje gått menneskeliv, men ein skal ha respekt for røykskader, det er ikkje gitt at det går bra. Men så langt, så vel. Noko anna som gledar mitt hjarte, er at pressa ikkje kjem inn i området enno. Vi treng ikkje alle desse bilda inn i stova vår. Syn respekt for ei bygd i krise. Vi må no kunne klare å innbille oss kor gale det er, utan at landets ukritiske pressekorps skal sikre seg sjåartal og lesarar på andre si katastrofe! La det massive redningsapparatet vår flotte nasjon har, få jobbe i fred - og redde det ein kan.

Eg las ein kommentar frå ein facebookvegg, kor det var referert til "kun materielle ting" - og tru meg, det er eit litt forenkla syn. For desse menneska er det liva deira som blir pulverisert. Alt ein har opparbeidd av minner og verdiar, borte i eit blaff. Det gjer noko med deg. Men eg er einig i at det er absolutt underordna menneskeliv, men tenker at vi ikkje skal undervurdere kor alvorleg dette kjennast.

Mine tankar går til Lærdal og alle som på nokon måte kjenner seg berørte av denne katastrofa. Takk dei øvrige makter for at det så langt ikkje har gått menneskeliv, men det er ikkje berre - berre å miste heile livet sitt heller. Eg håpar inderleg at etterkvart som dagane går, og nyheitenes interesse legger seg, at vi som har eit ansvar for våre medfylkingar, klarar å ta vare på innbyggarane i Lærdal.

Eit vers av Arnulf Øverland illustrere sterkt kva eg kjenner no, legg det ved som ein påminnar om at vi ikkje må gløyme når media reiser frå den lille bygda. Vi har ein jobb å gjere i Sogn og Fjordane framover:

Du må ikke sitte trygt i ditt hjem
og si: Det er sørgelig, stakkars dem!
Du må ikke tåle så inderlig vel
den urett som ikke rammer dig selv!


 Jeg roper med siste pust av min stemme:
Du har ikke lov til å gå der og glemme!
Våre hjerter gret for Lærdal!


fredag 17. januar 2014

Med døden i handveska

Eg er palliativ sjukepleiar, i sjel og hjarte. Ikkje i autorisasjon - for det er ikkje ein beskytta tittel. Men det er det eg er, kjenner eg. Frå eg som vaksen mamma til 5 starta på sjukepleiarutdanninga, og eg hadde min 1. sjukehuspraksis på medisinsk mage/tarmavdeling. Der traff eg den vaksne dama med cancer pancreas (bukspyttkjertelkreft), og dei store og vakre - blå augene. Ho hadde store smerter, og dei vakraste, reddaste augene eg nokon gong har sett. Ho låg for det meste i ei seng, og sa lite. Som sjukepleiarstudent fekk eg utfordra mine største redsler i "lære" hos denne kvinna. Eg hadde ein sjukepleiarkontakt som var heilt suveren i kommunikasjon, som også lærte meg mykje. Det sterkaste augeblikket var ikkje i døden til denne kvinna, men då sonen hennar drog meg, studenten, til side utpå gongen, og spurte fortvila "Døyr ho no?" Tankane raste rundt i hovudet mitt, og eg tenkte "Kva gjer eg?" Det var ingen tvil om at kvinna var døyande på dette tidspunktet - men det er ikkje noko kjekt å sei til sonen - ein framand eg ikkje kjente. Eg såg han direkte inn i auga, knea mine skalv, og eg kjente ein diger lump i halsen. Prøvde å svare, men stemma var "muta" - kremta forsiktig, la handa mi rundt albogen hans - lett, men fast. "Dette kan vi aldri sei sikkert," svara eg, mens eg tenkte - Herregud, eg har jo inga erfaring i dette! "Sjukepleiar på vakt seier at ho syner alle teikn på at det no er nært foreståande, så om du klarer, bør du gå inn å vere med henne." Auga hans fyldes med tårer, og han såg takknemleg på meg, før han sa takk for at eg gav beskjed. Eg trur dette er augeblikket eg forstod at dette er mitt fag. Men det var og, utan unntak det vanskelegaste eg nokon gong har sagt til nokon.

Sidan den tid har eg hatt mange samtaler med døden, og dei som befinn seg på dørstokken hans. Eg er blitt dyktig i symptomlindring, i kommunikasjonen rundt dette og har fått mykje verdifull erfaring. Meir enn ein gong tenkte eg at eg hadde verdas beste jobb. Betydningsfull og viktig. Det er vanskeleg å vandre rundt med døden heile tida. Du kan liksom ikkje gøyme deg frå den. Mange gonger har eg tenkt at eg har betydd ein skilnad, at eg har vore viktig for nokon. At eg har fått til noko som andre ikkje har klart. Og det er jo difor mange av oss vel sjukepleiaryrket?

Ein anna ting eg verkeleg elskar med denne delen av sjukepleiefaget, var at her var det rydda meir rom for pasienten, og pasienten sitt behov. I resten av faget vårt strippar vi desse faktorane, bit for bit, i  innsparing og effektivisering, i eit stadig større helsevesen. I det palliative (lindrande) faget er fokuset "Av og til forlenge tida, i størst mogleg grad lindre, og ALLTID trøyste" - og etter mitt syn,, er det ikkje alltid likemykje rom for alle desse komponenta i resten av faget vårt. Det palliative feltet, ihvertfall delar av det, har og meir økonomiske tilskot enn andre felt også. Vi blir liksom romslegare når vi høyrer at eit menneske skal takle døden.

Men dette er eit fag som tærer på krefter. Også på dei som skal behandle - forenge, lindre og trøyste - blir sliten. Men eg har kjent at dette har vore eit godt felt å jobbe i, at vi har hatt eit godt system - kor dei som ville - har kunne velge å døy heime. Så for eit år sidan vart eg pårørande sjølv. Då endra dette seg for meg - mine krefter for faget tok slutt.

 
Når man lever med eit palliativt forløp, blir livet svært uforutsigbart. Det kjenner eg er nesten sjølvmotsigande, fordi legen som gjev deg denne dommen, fortel deg i tydelge ordelag at dette er svært så endeleg. Det fins ingen helbreding, døden er trådt inn i livet ditt - og kva er meir endeleg enn det? Men sjukdomsforløpet er svært så uforutsigbart. Symptomar skal behandlast, der dei dukkar opp som ugras i eit blomsterbed. Nokon er du forberedt på og kan forebygge, andre tek deg litt på senga. For pasienten er dette skremmande, sjølv om ein klarer å lindre symptoma. Og det er difor nesten eit krav å prøve å lindre dei, FØR den som er sjuk heilt forstår kva som skjer. På denne måten unngår ein noko av angsten den som er sjuk må kjenne på. Skal ein gjere dette i heimen må ein ha nokon i familien som kan ta denne pleierolla, som kan faget, kan gje medisinar og som har erfaring nok til å fange opp desse symptoma - nesten før dei oppstår! Sjølv om mange kommunar har oppretta lindrande sengar og team, så treff ikkje desse tilboda dei som er heime  og som fortsett ynskjer å vere det til livet tek slutt. Fordi desse teama har vanlege sjukepleiefaglege oppgåver i tillegg. Som pårørande så er vi ikkje hjulpne med avtalte besøk, ein må få denne hjelpa då behova er der, og dei oppstår ikkje til avtalte tider. Heimesjukepleien kan bidra til ei viss grad då pas er fullstendig sengeliggande - men det er likevel svært uforutsette behov som dukkar opp.

I fjor fekk vi det til, dels fordi vi hadde min kunnskap, og mykje fordi vi er ein ressurssterk familie. Fastlegen og spesialistlegen var på "speeddial" på telefonen - og vi klarte det! Men det har tatt eit år å komme seg energimessig og sorgmessig etter eit slikt forløp. Alle mine krefter har gått til dette. Då var eg næraste pårørande. I år - nøyaktig eit år etter forrige dødsdom - får vi ein ny...

Denne gongen er det min beste ven og kjæraste som er næraste pårørande. Også denne gongen er det ein svært ressurssterk familie -  og nok ein gong er min fagkunnskap til fri disposisjon. Fastlegen er på ny på "speeddial" på telefonen - og ein ser velvillegheit og støtte over alt. Men sanninga er at det offentlege systemet ikkje passar til desse pasientane - som ynskjer å døy heime. Vi kjem til å klare det som er mogeleg i denne situasjonen, nettopp fordi vi er heldige. Men kva med alle dei som ikkje er det? Fordi det står ikkje berre på vilje - det står desverre på manglande kunnskap om korleis det er å bere døden med seg i handveska - kvart sekund på døgnet.


onsdag 15. januar 2014

Dagen derpå

I går formiddag sat eg - slik eg brukar i desse sjukemeldingsdagar - med foten på bordet og strikketøyet i fanget, mens radioen stod å dura på kjøkkenet. Brått kjem nyhetene med ekstraordinær melding - eit Luftambulansehelikopter har havarert! Klumpen i magen var på plass på eit sekund - Nyhetskanalen slått på i same andedrag, og dette vart alt mitt  fokus resten av dagen.

Vi lever i eit av verdas flottaste helsevesen, sjølv om ein knapt skulle tru det når ein ser på den daglege sjikanen mot alle delane av helsevesenet vårt i media - både dei som tener pengar på det, og dei meir sosiale delane som Facebook. Når eg blir sjuk, enten det er akutt kritisk, eller noko fredeleg og ufarleg som eg ikkje har kunnskap nok til å skjøne er ufarleg og udramatisk, spør ikkje vårt helsevesen etter årsinntekt eller rang då vi henvender oss for hjelp. Men bruk ein dag på tilfeldige facebookveggar eller bla litt i nettavisene, så får ein jammen eit anna inntrykk. Inntrykket ein då kan få, er at det norske helsevesen består av likegyldige, arrogante, arbeidsskye amøber, med ingen eller lite empati. ALLE har ei historie om "grove" feil, dårleg behandling, latterleggjerande kommentarar om operasjonar som blir utsett, eller glømt. Og vi har då eit rævva helsevesen! Folk som er avhengige av kontrollar grunna meir kroniske tilstandar, fortel om mistillit og same "grove" tabbene, at ein må jammen vere frisk for å vere sjuk. Dei må følge med heile tida, ellers så skjer feil.

Har de nokon sinne vore inne på ei travel dagkirurgisk avdeling? Kor kalenderen er stappa full med inngrep på samleband? Og då meinar eg ikkje som pasient - men som skuggen til ein vilkårleg sjukepleiar eller lege? Eller på legevakta og sett kva legen der tek unna i løpet av ein 6 timars periode? Kva med akuttmottak i hælane på turnuslegen der? Eller på medisinsk avdeling når den er trakkande full av akutt-kritisk sjuke, og gruppeleiar har 45 intravenøs medisinar som skal hengast opp kvar 6 time?

Vel, det har eg! Eg har til og med innimellom vore den som har utført dette. La meg då fortelle om den kjempeinnsatsen som blir utført på ALLE desse plassane. Ein forheld seg til at det eine øyeblikket så jobbar ein med begge hendene, nesten på to pasientar samtidig. I det eine sekundet så forheld ein seg til det lille barnet som har eit kutt som treng eit sting, og i det neste sekund skal ein gjennomføre hjerte-lungeredning på ein stans. Mens dette skjer skal ein forhalde seg til den sinte pappaen som ikkje skjøner kvifor legen må avbryte syinga, og løpe. Ein skal ta imot kjefta frå ein redd pappa, med ein harmlaus tilstand. Samtidig som ein ikkje har lov til å forklare så mykje, då det kan vere i strid med den strenge tausheitsplikta.

Eller når du sit på legevakta og nektar gje ut ein time for ein urinvegsinfeksjon, fordi legen er ute i oppdrag på ei trafikkulukke. Klart er det vondt og ubehageleg å ha urinvegsinfeksjon, men du døyr ikkje av det første døgnet. Og det må ein innimellom ta hensyn til. Vi står oss sjølv nærast heile tida, og med det ventar vi at heile verda skal stå klar for å behandle våre små skavankar. NO! Få vi det ikkje, er det nokon som har gjort ein feil - og det er IKKJE oss sjølve som har overvurdert alvoret i alle fall. Helsevesenet er nemleg slik, at ein må dele inn i hastegrader, for kvart sekund er nokon i krise.

I dag skal vi ha behandling for alt. Las nettopp i går ei fortvila melding på facebook, frå ei mor som no hadde omgangssjuka for 10 gong i hus sidan julafta. Veit du kvifor det skjer? Fordi at i dag passar det ikkje inn at vi må vere heime i 48 timar etter siste oppkast eller diare. Man er nemleg mest smittsom 24 timar etter at man har kasta opp. Så aksepterer vi heller ikkje at vi har omgangssjuka. Det skal vi ha medisin for. Og for å få det, så må man til legen. Får man ikkje den legetimen, så legg ein berre til eit symptom som gjer at legevaktssentralen føler at dei ikkje tør "sile" henvendelsen. Så sit ein som ei massiv virusbombe på venterommet då. Og der må ein gjerne sitte ei stund, fordi legen må assistere i livredning og akutte tilstander. Prøv å tenke deg kva legen tenker når du kjem med urinvegsinfeksjonen din, eller omgangssjuka rett etter at han har stått opptatt med hjerte-lungerdning.... Og forestill deg kva han seier til den sjukepleieren som har gjett deg time, fordi du enten ikkje aksepterte at du ikkje fekk time, eller at du overdreiv symptoma slik at du fekk komme til legen.


Så i går, fekk vi sjå baksida av medaljen. Kven hadde tenkt over at dei risikerer sitt eige liv då dei rykker ut på oppdrag? Men det gjer dei - oftare enn nokon skjønar. Og dei gjer det, gong på gong. Piloten har siste ord i om dei kan fly, men har nokon tenkt over kor ofte veiret skiftar her til lands? Situasjonen endrar seg mange ganger i løpet av ein flytur. Men dei rykker ut, gong på gong. Eg skulle ønske at vi i respekt for desse heltane, både dei som forulukka, men ikkje minst dei som resten av det døgnet som har gått, har sett seg i helikopteret, rykka ut for å redde liv - etter ei slik katastrofe - brukta tida framover til å reflektere over kor heldige vi eigentleg er. For det er ikkje berre helseersonellet på luftambulansane rundt om som risikerer livet for  hjelpe. Tenk over heltane våre på ambulansane rundt omkring, når dei køyrer med blålys, er det ikkje akkurat ufarleg. Dei rykker ut til dei mest vanvittige situasjonar! Dag og natt.

Helsevesenet vårt er fullt av heltar. På luftambulansen, på ambulansen, på legevakta, i institusjon og i heimesjukepleie. Tenk om vi kunne ha fokus på det, istadenfor å klage over alt som ikkje er som vi meiner det skulle. Det er ingen som går inn i det norske helsevesenet som gjer det for ære og berømming - det kan alle vere heilt trygg for. Det er ingen plass man får meir klager enn der! Prøv å tenke på kva vi skulle gjort uten dei? Kva er alternativet?

I dag går tankane mine til familiane til dei som blei ramma i går, til Norsk Luftambulanse, til alle kollegaer og vener og til alle som jobbar i det norske helsevesen. Og eg kjenner meg takknemleg for alle som er klar, i tilfelle meg og mine treng det. TUSEN TAKK!

tirsdag 14. januar 2014

Det Herrens år 2014

Ja - så skriv vi 2014. Og det er forbausande enkelt å legge bak seg 2013 når vi skal signere med dato på noko. Lurer på om det er underbevisstheita som prøver å fortelle "good riddens?" Men 2013 har vore eit godt år, innhaldsrikt og berikande - både på plussida, og på minussida. Eg tok mange avgjerdsler dette året, nokre ser eg passa godt, andre må eg gjere om på i år. Eg signerte eit papir i går som var litt skummelt, og lurte veldig på om den beslutninga var rett. Men kjenner at ei natt med djup søvn, drøymelaus og kvilande, at det sannsynlegvis var rett. Men det erfarer eg jo etterkvart.

I år har eg for første året på lenge eit nyttårsforsett. Eg skal teste ut kjøpestopp i eitt år. Ser jo at personleg forbruk skyt fart, og at ein reflekterer mindre og mindre over kva ein "spar" ut pengar på. Eg har jo set nokre avgrensingar på denne kjøpestoppen, grunna at vi har konfirmasjon dette året, ungar som no over nokre år har spara til datautstyr av ulik karakter - og eg har gått inn nokre 50-50 betalingsdelingsopplegg, og så har eg fortsatt 3 podar som veks 3 størrelsar i månaden i periodar. Så nokre avgrensingar er der, men det personlege forbruket skal ha eit sabbatsår. Så får vi sjå.

Det er jo litt typisk då, at på 13. dagen inn i dette sabbatsåret - så avgår oppvaskemaskina med døden! Og med 6 heimebuande ungar og 2 regentar i hus, er det ikkje snakk om å vaske opp ei kjørle for hand!!! Så då den vart erklært avliden av husbonden kl 17.34 i går ettermiddag, og middagskjørla sto i stablar på benken, då var vegen kort ned til EL-KJØP i Førde. Det eg hadde glømt i fobien for oppvask, er jo den eksepsjonelle servicen man vanlegvis får der. Då vi hadde plukka oss ut den største og mest effektive maskina, med minst desibel, best energiklasse og bestikkorg (ikkje skuff) og 3 nivå på stablinga, hadde vi enno ikkje sett noko til den rette butikktilsette. For der nede har dei tilsette eigne soner må vete. Vi hadde nok stått der å diskutert og vurdert i nærare 30 min, då vi rekk ein travel ungdom som joggar forbi i uniform. "Hei, kan vi få litt hjelp med oppvaskmaskin?" spør vi forhåpningsfullt. "Han som har med dei å gjere er ikkje her nett no", svarar ungdommen høfleg, " han er sikkert ute på lageret." Som den naive kunden eg er, så innbiller jo eg meg at det er sjølvsagt at sidan eg har planar om å legge att 10 000 kontant der, så tek han svippturen ut på lageret å melder vårt behov for assistanse. Det vi eigentleg skal, er jo berre å betale. Men nei, det hørte nok heller ikkje til i sona til denne høflege og tilsynelatande hyggeleg unge mannen. Han haster vidare, det er igrunn fleire tilsette i butikken enn kundar, men vi ser jo raskt at dei kundane som er der (3 utanom oss) er alle i forhåpning om å få hjelp i "vår" seksjon. Og der er det berre ein tilsett kan det sjå ut som.

Vel, lang historie kort - eg vaska opp for hand i går ettermiddag. Magne Aase var desverre stengt då vi kom ned der, men dei får seg ein god kunde i ettermiddag. Har ikkje han rette maskina til oss - får vi køyre utabygds å kjøpe. Det ER ikkje berre billege prisar og lett tilgang som tel på markedet i dag - og skal eg legge igjen 10 store nokon plass, så skal eg JAGGU ha litt service og. Så i dag kjemper eg med gamle fobiar.

Kjøpestoppen ser i alle fall ut til å vere vanskeleg å gjennomføre i praksis. Men ein får kalle dette eit lite "set-back", og starte med ny frisk. Med denne utgifta blir det jo mindre moglegheit til å kjøpe noko anna? Det får vere "the silver lining"!