tirsdag 30. september 2014

Korleis har du det?

Kor sterkt eg skulle ønske eg hadde evner til å fjerne smerter! Tenk å hatt magiske evner, slik at barnet ditt slapp erfaringa med smerter dag ut og dag inn. Smertene i seg sjølv er ein ting, men alt det medfører av ekstra byrde, kjennast nesten utoleleg.

Normalgrensa er flytt for lenge sidan, og han toler allereie meir enn han burde. Eg skulle så gjerne ønske at han ikkje visste kva smerter i størrelsesorden 9 på VAS-skalaen var. Setninga "eg har vondt, mamma" - burde løyse eit skred av reaksjonar hos meg. No reagerer eg nesten ikkje lengre. Eg trøystar nesten før eg spør kor det gjer vondt.

Auga  har svarte ringar rundt,  og hovne posar under. Innimellom gnistrar dei av livskraft, men oftare og oftare - er dei matte og blanke. Det slit i eit volumøst mammahjarte! Oftare og oftare ser eg inn i desse matte auga, at smerten toppar seg, før han seier noko til meg. Eg ser han kvir seg for å sei frå.

Eg fyller ut smerteskjema, med oversikt over medikament og søvn.  Eg må distansere meg frå kva eg eigentleg skriv ned. Kan ikkje forhalde meg til det faktum at det er hjartesteinen min eg vurderar. Berre skriv ned - mange gonger for dag. Må prøve få legen til å skjønne - vi kan ikkje sjå det an, eller vente lengre.

Skulle så veldig gjerne ynskje han var smertefri. Dei få gongane han er det, er det ikkje råd å nyte, for verken han eller meg. Fordi vi veit smerta kjem att, og då kjennast dei sterkare. For kvar gong han fell frå toppen - den smertefrie timen - er fallet høgre og litt hardare enn sist.

No renn ikkje tårene lengre, sjølv om hjartet blør for skatten min. Eg kan ikkje gråte, når han ikkje gjer det! Det kjennast dessuten som det er tomt for tårer. Spørsmålet om kva det kan vere, har sluppe taket. Det er nesten blitt underordna smertene. Og alle undersøkingane ei engsteleg lita sjel skal gjennom. Det er berre kvar gong ein sit på korridoren å ventar på tur, at tanken sveipar innom sjela - og set klørna sine i den. Tenk om....? Tanken bles vidare, kan ikkje tenke den, må berre fortsette å trøyste. Å prøve finne meining i det vonde!

Oftare og oftare kjenner eg ei lita lubba, engsteleg hand i mi. No tør han ikkje sovne aleine om kvelden, mamma må ligge å stryke han over luggen. Då sovnar han som ein stein. Liggande med hendene over hovudet, som han gjorde då han var baby. Eg ligg å studerer han - den bekymra nyva mellom augebryna glattast langsomt ut. I draumen besøker han Harry Potter, får ein fritime frå det vonde og vanskelege. Og mamma slappar av og....

Tankane følgjer meg gjennom natta, eg søv tungt og draumelaust. Ladar opp til neste dag, og neste runde. I morgon skal han også vekkast, nytt skjema skal fyllast ut, og eg spør for n'te gong - "Korleis har du det?"


mandag 29. september 2014

Løva i spegelen ...

Det å vere redd for nokon er ei heilt spesiell kjensle. Men som flukt-responsen vår, trur eg dette er ei nyttig kjensle, og at den har ein misjon. Det parasympatiske nervesystemet vårt er satt ut av spel, og du kjenner konstant på aktiviteten i den andre delen av det autonome nervesystemet. Pulsen sler akkurat litt fortare enn det som er behageleg, og kjensla av å "ha glømt noko" veks. Du har ei uro i kroppen som triggar evna sjølvransaking.
bilde lånt av tidsskriftet.no

Eg vurderer vala eg har tatt dei siste åra, den uroa eg har kjent på - redsla for å stagnere. Når no livet har slakka tempoet mitt, nærast tvunge meg til å vere heime, så lurer eg litt på det tempoet eg har halde dei siste åra. Kva er det som har drive meg? Sjølv har eg meint at eg har vore "grådig" på kunnskap, på å lære noko nytt, men no undrar eg litt...

Dei 2 siste åra har vore tøffe, men på same tid har dei handla om det som er viktig. Sjølv om der har vore mykje død i kulissane, så har kvardagane handla meir om det å leve, enn døden sjølv. Det har vore enormt energikrevjande, men samstundes har desse åra gjett meir enn dei har teke. Når no tempoet mitt er roa til 1/3 del av det opprinnelege, så kjenner eg at desse åra har vore meir gode enn vonde. Det er ei god erkjenning. Eg har kanskje berre fokusert på kor sliten eg har vore, istaden for å fokusere på kor mykje kvar dag har gjett meg av erfaring,

I desse dagane går eg litt i ei boble, fokuset er i heimen, på familien og banda vi har oss imellom. Det demrer plutseleg for meg at eg har det uvanleg bra?! Borna våre er heimekjære, og glad i å vere saman med oss, sjølv om venene i periodar trekker sin del av merksemda deira. Vi har 6 born i alderen 11 - 19 i hushaldninga, og det skulle ein tru ville by på meir utfodringar enn kva godt er? Men her er det faktisk veldig fredeleg. Alle går godt overeins, og alle har respekt for kvarandre. Og søskenbanda er knytt på tvers av blodsband. Det er godt å oppleve.

Tilfeldigheiter har eg aldri trudd på, eg leitar alltid etter ei meining, eller eit bodskap i det som skjer. Ordtaket "alt har ei orsak" har alltid stått hjartet mitt nært. Og desse dagane er ikkje eit unntak. Eg har undra meg litt over kvifor vi no behøvde ei runde til med "vanskeleg", og eg vel å forstå desse siste månadane som ein ny erfaring, kor eg skal lære noko heilt konkret. Det heilt openbare eg ser eg skal lære, trur eg er at vi veit ikkje kva morgondagen bringer, så nyt dagen i dag!

Men eg har gått djupt i meg sjølv, og eg ser at grunna oppussing og barn som skal delta på alt mogeleg, og karrierejag, at eg har blitt veldig overfladisk i tanken og målsettingane mine. Eg har vore oppteken av lønn, status og eg skal utmerke meg. Gleda over å studere, har blitt erstatta med behov for å bli sett, for å vere spesiell. Eg ser kor lett det har vore for meg å vere egoistisk og utakknemleg.

Kva nytte gjer ei grad, dersom eg blir overfladisk og sjølvopptatt? Kva nytte har det å tene 600 000,- dersom du ikkje har tid til å nyte det? Kva nytte har ein fantastisk kjæreste og familie, når ein ikkje har tid til å setje pris på det? Eg har havna i ein "loop" kor eg måla min verdi i kva eg presterer. Det fører berre til at sjølvtilliten min synk, og eg nærast vart oppslukt av meg sjølv og mine feil.

Fokuset framover har skifta totalt, Eg har verdas flottaste jobb, med dei beste kollegaene ein kan ynskje seg. Jobben i seg sjølv er av dei viktigast som fins, og du ser kvar einaste vakt kor viktig og spennande den er. Familien min trur eg knapt det finnast maken til, vi er mange og vi er opptatt av kvarandre. Eg har dei flottaste, kjærligast og mest intelligente bonusdøtrene nokon kan drøyme om, berre ein gjev dei plass til det. Borna mine er eg oppriktig stolte over, og ingenting i verda er viktigare enn dei! Og Torbjørn - han fins det ikkje dekkande ord for å beskrive. Han er sjølvoppofrande, kjærleg og ubeskriveleg klok - og det beskriv ikkje meir enn ein liten del av han.

"Eg skal berre" - har gått igjen i livet mitt, og kva grunnen til det er trur eg aldri eg heilt kan forstå. Sjølverkjenninga slår innover meg som ein tsunami Eg har ikkje gjort det beste eg kan. Ikkje i familien eller nokon annan plass.

         Alle desse dagane som kom og gjekk - ikkje visste eg at dei var sjølve Livet 

søndag 28. september 2014

Paris - in my heart...

4 dagar i Paris med verdas beste kjæreste. Det var som ein draum, Ein draum med mange vassblemmer rett nok, men likefullt ein kjempefin tur. Kor mange kilometer vi gjekk desse dagane, anar eg verkeleg ikkje. Metroen var eit greitt system å finne ut av, og dei siste 2 dagane nytta vi den noko, men det er noko med å rusle hand i hand langs Paris'es gater, som rett og slett berre er heilt fantastisk.

Utsikta frå hotellvidauget
Vi budde på Hotel des Arènes midt i Paris, og rett ved sida av Seinen. Om ein ynskjer det, var ein gåavstand til det meste. Utsikta frå hotellvinduet var til ein ekte oldtids kamparena, gøymt midt i Paris sentrum. Grunna 25-30 grader på dagtid kvar dag, sov vi med opent vidauge, og det var heilt stille! Hotellet var reint og pent, med hyggeleg personale. Vi bestemte oss for opphald uten mat, fordi vi ville ete ute, og på den måten bli kjent med dei franske bistroane. Og det var ei oppleving. Kontinental frukost besto av omelett, juice, 1/4 pariserloff el crepe med syltetøy og ein kopp kaffi. Skulle du unngå den gyselege espressoen, måtte du enten be om cafe americano, eller cafe au lait. Den frukosten heldt deg igang til du var klar for middag utpå seinettermiddagen. All verdas frukt og grønnsaker stod utstilt utenfor butikkar på kvart hjørne, så du grabba med deg eit lite mellommål der, til å ete i ein eller anna fantastisk svær park. Parkane stod tett og var store grønne områder med fontener, rikt utrusta med solstolar og benkar ein kunne sitte på, om ikkje graset tilfredsstilte krava dine. I alle desse parkane fekk du kjøpt drikke, belgiske vafler, crèpes og anna småtterier. Hygienen på desse små stadane var svært ulik, så vi lærte vel at handsprit i væska var eit "must".

Døme på ein middag vi et
Ein frukost for oss to havna på ca 25 euro kvar dag, inklusive frukost på hotellet måtte vi ut med 16 euro, for to. Difor var valet enkelt, vi et ute. Ein middag som denne på biletet, med drikke som vin eller øl og vatn, inklusive dessert (som berre er nydeleg), kom ca på 100 euro for to, men vi var ikkje kritiske på pris, vi fulgte berre magen. Ei anbefaling når det gjeld desserten, er å prøve ostekaka, den er super over alt!

Vi sat ute på aller restaurantane vi var på, maten på biletet er frå eit Brasserie, dei hadde klart høgare standard på maten enn alle dei andre plassane. Det einast som var ein smule plagsomt, var at i Paris er den største delen av moten, om ein ser vekk frå stiletthælar på alle kvinner, er sigaretten. "ALLE" røykte, så vi brukte å velgje bord etter vindretning, og korleis borda stod.

Mi desidert største oppleving, blandt mange store, var å finne grava til Voltaire i Panthèon. Det var ei oppleving, sidan vi eigentleg snubla over den tilfeldig. Panthèon er under store renovasjonar, då errosjonane er store på det praktfulle bygget.
Toppen av bygget var dekka av store presenningar og
Grava til Voltaire
Grava til Marie Curie  
stillas. Det var nok difor eg ikkje heilt skjønte kor vi var komme. Vi gjekk lenge rundt i kyrkja, og kom også over Marie Curie si grav - spennande! Eg var nesten ekstatisk!.

Det var nok det uventa i dette skattekammeret som gjorde at eg blei så fascinert av funna "våre". Og sjølvsagt det å gå i denne kalde "katakomben", lukta litt fuktig, gammel kjellar der. Store skilt takka for at ein var stille og viste respekt på denne måten. Ein vart nesten andektig. Alle desse store kjente, som du berre har lest om, vart med eitt nesten verkelege.

Vi utforska Paris etter innfallsmetoden. Det vil sei, vi bestemte oss for bydel, og korleis vi skulle komme dit under frukosten. Alt anna blei styrt over kva vi ramla over. Sjølvsagt var Louvre eit mål i seg sjølv. Ein kan simpelthen ikkje vere i Paris uten å besøke Louvre. Utsmykkinga var nesten av ei
Tak i ein av hallane i Louvre
anna verd. Bygningen i seg sjølv er nesten vakrare enn kunstverka som er inni, garanterer kink i nakken når du går inn der.

Eg mitt toskehovud er jo ikkje så kulturelt bevandra, og når vi kom inn i Louvre vart eg heilt paralysert av ein svær sakrofag som stod akkurat der vi gjekk inn. Så eg lente meg inntil den, fordi eg hadde lyst til å sjå oppi. "DON'T TOUCH!!!" skreik ei vakt - lyden jalla i veggane. Eg skvatt som om eg hadde brent meg. Og i det første lyden forsvann over leppene hans, skjønte eg for ei gedigen tabbe eg hadde gjort. Skamraudmen blenka i kinna mine, og eg nesten hoppa vekk fra sakrofagen. Så, grunna fråver av tankar - eg har tatt på ein av figurane i Louvre!

Louvre kan ein ikkje forlate før ein har vore å sett på ho Mona. Det er berre sikkert. Vi gjekk mange kvadratmeter før vi fann ho, og etter mitt hjarte var ikkje alt like interessant. Den einaste plassen vi opplevde kø i Louvre, var foran biletet av Mona Lisa. Eg kom meg fram etter 15 min,
Mona Lisa
akkurat lenge nok til at eg fekk tatt nokre bilete. Ikkje snakk om å stå å nyte biletet på noko vis, det var berre å overlate plassen ved sperringane til neste mann i køa. Men eg må innrømme at pulsen var litt høgre enn vanleg. Eg kjente meg nesten litt andektig der eg stod.

Nokre tips eg kjenner hadde vore nyttig å vite før vi nærast etter impulsmetoden innok Louvre, er at det er lurt å bestemme seg for kva ein skal sjå, før ein går inn! Louvre har ein anteken størrelse på ca 60 000 m2, av den grunn får du og utdelt kart ved inngangen. Vi holdt på å gå oss ihjel inni der, hadde det ikkje vore for Torbjørn si overnaturlege geografiske evne, hadde vi sikkert leita etter utgangen enno.


Utsikt frå Eiffeltårnet
Eiffeltårnet er ei anna sjølvfølge "when in Paris", og der snakkar vi om kø. Noko heilt vanvittig! Men vi kom no opp, og sjølvsagt var det kult, men det var litt sånn "sild-i-stim"-kjensle. Det var vannvittig med folk, og du måtte ta to heisar for å komme heilt i toppen. Vi gjekk så mykje gatelangs, at vi var einige om å ta heisen opp og gå ned att. Men som sagt, du måtte ha to heisar, og det var vel fort 45 min ventetid til kvar heis. På toppen var det lite og trangt om plassen. Ja, og så var det 45 min venting for å ta heisen ned att til det planet vi kunne gå frå! Men bevares - det var flott utsikt, var berre så liten tilgang til den. Og det er klart, opplevinga ville eg ikkje vore foruten. Vi gjekk trappene ned att, og der var det ikkje kø.

Triumfbuen
Eiffeltårnet frå Triumbuen
Triumf-bua er ei heilt anna sak. Der var det god plass, ingen heis, men sjølvsagt ikkje like høgt. Men der var det også flott utsikt over Paris. Veiret var nydeleg, og formen var fin. Ein flott dag i Paris's gater. Der er gatemusikkanter over alt, eit yrande folkeliv, og alle verdas ulike folketyper. Ei oppleving. Der var god plass oppe på sjølve monumentet, og vi hadde utsikt over heile Paris.

Hengelåsen "vår"
Ein anna ting ein berre må gjere når ein er i Paris, det er å gå langs elvebredden til Seinen. Gatemusikkantane står tett, og der er teiknere, tiggere, bokselgarar og andre. Stemninga var "Sydensk" - og livet kunne ikkje vore lettare å bære. Vi tusla hand-i-hand, og sette oss ned der det kjentes naturleg. Dette er berre så romantisk så det kan bli. Brua Pont des Arts er blitt eit kjærleikssymbol, kor faktisk bruene sakte blir øydelagt av at forelska par heng opp hengelåser med navn og dato på. Dette er sjølvsagt ikkje kommunen Paris glad for, men det er likefullt ein populær tradisjon. Dette skal vere eit romantisk symbol for par som opplever Paris som det mest romantiske som fins.

Gjorde vi det? Sjølvsagt! Vi gjekk forbi hengelåsselgarane som sel svindyre hengelåsar sikkert 20 gonger, før vi ga etter for den romantiske impulsen. Vi er med å øydelegge Paris vi og. Vi betalte fire ganger prisen i butikkane lengre vekke, og vi hengte opp ein lås vi og.
Kart med inntekna turar

Fire dagar i Paris, berre vi to, var som ein draum. Det skal ikkje meir til. Vi har sju born vi forgudar, alle som ein. Men det å få ein pause frå kvardagens storaktivitet, og det er ikkje til å stikke under ein stol at det er hardt arbeid, var nesten magisk i seg sjølv. Det å reise til Paris desse dagane, gjorde det rett og slett eventyrleg. Levde Paris opp til forventningane? Paris grusa alle forventingar, det innfridde på alle punkt. Paris er ein kulturskatt midt i Europa, og byr på seg sjølv - eksentrisk og sjarmerande.
Alle turane vi har markert i kartet er teken til fots, med små unntak. Og vi fekk ein ny glød i ein aktiv kvardag, og fekk samla masse energi til denne fantastiske, elskelege banden vi har heime. Dei som gjer kvardagane våre magiske, og betydningsfulle! Men jammen var det deilig å få vere berre Torbjørn & Ann-Kristin i nokre dagar, heilt utn forpliktingar eller krav - berre kjærastar.

                                                      Paris in my heart - with my heart <3











fredag 26. september 2014

Det stormar ...

Veiret i dag er verkeleg hardt. Det bles ikkje så mykje rundt huset her, men regnet fell som frå opne sluser. Det lynar og tordnar, og innimellom haglar det. Ingen overrasking, då media i forkant har varsla om den "første hauststormen". Hausten er den deiligaste tida, då er det tid for tjukkelubbar.

Eg kunne lett gått i tjukkelubbar heile året. Dei lunar, varmar og gjev masse omsut. Det passar akkurat. Kjenner du deg einsam og litt nedfor skal du berre finne fram lestene. Ei vid og god kosebukse, te i koppen med sukker i, og noko godt på bordet. Litt fyr i peisen, er prikken over i'en. Då kjenner du deg brått ikkje einsam eller forlatt lengre.


Elias og Charlie frå ein tur i fjor
Elias starta dagen med å ha ein "møkkadag", som han sjølv sa det. På smerteskalaen låg han på 8-9, og låg eigentleg berre utlsegen på sofaen, og var lei seg. Då e det fram med tjukkelubbane veit du. Vi fyrte i peisen, sette bolledeig (dvs. eg gjorde det, for han orka ikkje), og sette på tv'en på Cartoon Network. Eg kjenner at eg er drittlei den anstrengte tonen på den kanalen. Kvar gong eg kjenner den kjensla den kanalen gjer meg, så blir eg brått klar over kor store ungane mine er blitt. Før Elias vart sjuk, har den kanalen så og sei aldri vore på. No lurer eg på om eg må bannlyse den, slik eg har gjort med Paradise Hotel. Det er grenser for kva ein skal forsøple Tv'en med.

Lyset kom og gjekk, og det vart tid for fysioterapitimen i Naustdal. Det regna kattungar! Vi diskuterer litt engelske ord og uttrykk i bilen. Må stappe inn det eg kan av kunnskap i den slitne guttehjernen, som kompensasjon for manglande skule. "It's raining cats and dogs" synast Elias er bortimot det teitaste uttrykket han har høyrt. Og litt morosamt. Difor heiter det no at det regnar kattungar.

Elias traskar inn til Ida, til fysiotime, og eg sit att ute på verdas tristaste venterom. Tenkjer litt på dei svarte ringane under auga til guten, og antydninga til posar han kommenterte. Det er ikkje ofte han misser motet, men i dag trur eg han var nær. Sukkar litt og tek fram strikketøyet. Men i dag rekk eg ikkje strikke meir på julegåva til den likje Sandeguten, for telefonen er ikkje stille. Ein av telefonane melder at eg i neste veke må i gravferd. Kjenner eg vert trist av tanken, og litt stressa. Eg har ein dag i neste veke, som ikkje dreiar seg om undersøking eller andre avtalar som skal betre situasjonen hans. Denne dagen blir no å reise i gravferd.

Eg kjenner at i desse dager liker eg gravferder enno mindre enn vanleg. Eg har det same med gudstenester. Jepp, eg går faktisk tidvis i kirka.  Mest sannsynleg grunna ein eller annan unge som skal gjennomføre eit eller anna, men eg kjenner faktisk at kyrkja er ein god plass å vere. Men dei siste gongane har eg opplevd  at tårene byrjer å renne, heilt uten grunn. Det er litt flaut å sitte der å sippe, heilt ut av det blå. Men i ei gravferd blir no ikkje det eit problem. Det er verre med tankane og assosiasjonane det framkallar.


Då vi kom heim frå turen vår til Naustdal, stekte vi bollane og lagde kakao med krem. Det luktar himmelsk i huset. Eg spurte Elias kva dei hadde gjort på i fysiotimen, og han fortalte at Ida hadde massert han. På spørsmål om kva han synast om det, svara han litt tørt; Det er litt sånn som heile livet mitt for tida - litt godt, men samtidig vondt og irriterande. Eg spurte om korleis livet hans var godt, og han svar med det luraste smilet at han fekk så mykje Harry Potter-greier fordi han hadde vondt. Difor litt godt og vondt.

Det er sterkt av ein gut som denne veka ikkje har vore under 5 på smerteskalaen å sei noko slikt. Eg får berre større og større respekt for denne unge herremannen. Det er jammen ikkje mykje klager å høyre frå den kanten, Det er eg som klagar! Og sjølvsagt så måtte eg då introdusere han til ordtaket, "Det er aldri så gale - at det ikkje er godt for noko".

 Elias hadde sansen for dette, og meinte heilhjerta at dette var eit fornuftig ordtak. Heile vekas lyspunkt for han, var ei annonse på Finn.no i går. Han sat og søkte etter Harry Potter-greier, og fann plutseleg ei annonse frå ei Charlotte i Oslo som ville gje vekk tre innramma bilder av stjernene i Harry Potter. Han vart aldeles i fyr og flamme, så eg sa til han at han fekk no sende eit svar til ho. Mailen han sendte såg slik ut:

Hei eg heiter Elias eg er snart 11 år og eg samla på alt av Harry Potter eg ville blitt kjæmpe glad om du ga meg bildane og eg er verdens største Harry Potter fan
Hilsen
Elias
Herlege Charlotte svarte før timen var omme, og lang historie kort - i morra blir bilda postlagt til "Verdens største Harry Potter - fan".

I kveld sit vi med tjukkelubbar på, mette og gode, og kosar oss saman. Eg skulle vore på skulen i kveld, men fann det fornuftigast å vere heime. Elias har hatt nokre fine timar med ein klassekamerat på besøk, og regnet pøser fortsatt ned. Livet er ikkje det verste vi har...

torsdag 25. september 2014

Når fokuset skiftar ...

På denne tida, i oktober månad for 2 år sidan, sat eg å lagde perm med oversikt over mamma sine avtaler med sjukehuset, og oversikt over medisinbruken hennar.  Og i fjor, tett oppunder jul, gjorde eg det same for svigerfar, Ola. Same permen, same innhald. Begge desse permane står i hylla på kontoret mitt, med namnet deira på permryggen. Mamma sitt sjukdomsforløp tok 4,5 mnd'ar, mens Ola sitt tok knappe 3. I løpet av dei 9 månadane sidan Ola døydde, har eg tatt meg i tanken på om eg måtte lage ein slik perm i 2014 også. Torbjørn har fnyst av meg, og kjefta litt på meg, når eg har turt å sei desse tankane høgt.

I går kveld sat eg å lagde ein ny perm, med oversikt over timeavtalar, sjukemeldingar og medisinbruk. Det slo meg med full tyngde då eg sat med permen i hendene. Denne gongen har vi rett nok ikkje diagnose då permen blir laga. Heldigvis - hadde eg så nær sagt! For denne gongen er ikkje permens eigar meir enn 10 år.


Kalendaren er nok ein gong full av avtalar med legar og sjukehuset. Angsten ligg som ein knute i mellomgolvet, og tårene er aldri langt unna. Eg er nok ein gong sjukemeld, heile livet er sett på vent, og vi er nok ein gong i kampmodus. Men denne gongen er det det kjæraste vi har, nemleg barnet vårt det gjeld. Tankar trenger seg på, tankar ein ikkje heilt klarar å ta heilt ut, men som ein likevel ikkje heilt klarar å skyve unna.

1.runde av kampen - i alle kampane  - er den same. Den startar med at ein langsomt blir klar over at noko er gale, og meir enn gale. Då startar trakket på legekontoret! Denne gongen tok det 1 månad før vi fekk forståinga der, og det kan eg jo forstå - sidan guten er berre 10. Så er fastlegen ute av stillinga si, og ein må oppsøke ein ny lege, som overhovudet ikkje kjenner til deg og di historie. Han tok veldig fort signala. og det tok berre nokre veker med tårer og hyppig kontakt - før han slo på stortromma. Som i dette tilfellet var ein CT av hovud og hals. Vi blir sendt inn på sjukehuset - poliklinisk, og sit i korridorane på SSSF i 2 fulle dagar. Her tek dei fram lupe, kvar lege, på kvart sitt spesialfelt, så studerer dei guten, bit-for-bit. Ingen løfter hovudet ut av sitt spesialfelt for anna enn å henvise vidare til neste spesialområde.

Og guten blir frikjent, område for område. Og på sett og vis er jo dette bra, men problemet med det er at samstundes veks uvissa. CT-bilete blir omgjort til ein ultralyd, grunna stråling på barn i vekst. Heile sommaren går, guten hanglar seg gjennom, og funksjonsnivået hans fell. Smertene aukar, jamnt og trutt, og tilslutt fungerar han ikkje utom huset i det heile. Ferien hos far må avlysast fordi smertene hans overtek for sysken og stesysken. Han kjem heim att til meg - og får nyte enebarnslivet i ei veke, mens mamma jobbar som gal gjennom sommaren. Kiropraktoren tener tusenvis av kroner på oss i denne perioden, og jobbar med ein teori - kor vi ser at det nyttar - litt, ei stund. Når det sluttar, er osteopat neste stopp, fortsatt svinn den aktive guten hen, med nesen begravd i bøkene og verda til Harry Potter. Det er det einaste effektive mot dei verste smertene,

Vi har ein gut som berre er ein skugge av seg sjølv, og "veggen" er eit regelmessig treffpunkt. Skulen startar, lærarane streikar, BUP bli innkopla sidan alle ting må vurderast. Og BUP blir eit møtepunkt for meg, der eg får prate og gråte frå meg. Straks streiken er over, blir det tindrande klart at skulen klarar han fortsatt ikkje. No er fråværet oppe i 3 månader,  og guten makter berre å takle smerter. 1 gong pr veke har han heldigvis besøk eller reiser på besøk, men han blir tilslutt litt redd for det også, fordi han veit at etter besøket drar, har han fleire dagar i kjellaren, kor han ikkje fungerer skikkeleg.

Torbjørn og eg bestiller oss 4 dagar i Paris, vi er utslitte og treng anna fokus. Pappa til Elias flyttar inn hos oss, og tek over Elias, sysken og hundar. Og siste dag i Paris, mens vi står å vurderer å stille oss i kø for katakombene, får eg endeleg kontakt med barnelege ved SSSF, og midt i kaoset frå trafikken i Paris'es gater får eg endeleg forståing for at ein MR av hovudet er nødvendig. ENDELEG tenkjer eg, og kjenner lettelsen som ei bølgje gjennom kroppen. Utredinga han no skal gjennom blir omfattande, vi tek blodprøver, avføringsprøver og urinprøver. Det ramlar inn i postkassen timar til Ultralyd og røntgen, og no til sist - MR med kontrast.

Då slår det meg plutseleg, kva kjem denne MR til å vise? Eg må berre kapitulere, innimellom alle timane på FSS, BUP, psykolog, fysioterapeut og skule. Tolegrensa er nådd! Eg kan endeleg starte å bekymre meg for KVA alle testane vil vise, istaden for å slåss for å få gjennomført dei. Masteren og jobben må settast på pause, for dette er ei krevjande øving. Ein skal forberede seg på svara - på kva årsaken til desse smertene som set livet til ein 10-åring heilt i pausemodus. Redsla skal endeleg få lov å bevege seg fritt!

Eg sende ei tekstmelding til den nye fastlegen til Elias i går, der eg spurte - kva skal eg vere redd for at dei finn ? Eg fekk til svar, at inntil det motsette er bevist, er han å ansjå som "frisk". Dette får meg til å tenke. Klart vi har eit helsevesen som gjer det nødvendig å tenke slik, men kva forårsaker denne tankegangen av forseinking av diagnose? Elias har vore fulltidssjuk sidan midten av april. Hadde dette gått fortare om alle hadde tenkt, at inntil det motsette er bevist, så er han for alvorleg sjuk å rekne?


Stillt ovenfor moglegheita av at noko alvorleg feilar sonen min, så ser eg plutseleg kor uviktig alt anna er. Mastergraden min som har vore det viktigste målet mitt, kunne eg heilt ærleg ikkje brydd meg mindre om. Eg har klamra meg til jobben, med nebb og klør, men eg innser at heller ikkje den er viktig. Det einaste som betyr noko er ungane. Familien. Det er her eg vil vere, enten Elias blir frisk att eller ikkje. Det betyr lite kor flink eg er i andre delar av livet mitt. Det er i familien eg vil vere flinkast. Kan andre trur og meiner om meg og mine prestasjoner er likegyldig. Berre så synd at sonen min måtte bli sjuk før eg klarte sleppe den tanken.

Kva om dette blir ein følgjetong av dei 2 føregåande åra? Kva om "årets oppgåve" er Elias? Bisarre tankar treff meg, fordi eg er nødt å tenke tanken. Eg ser gravferdene vi har planlagt dei siste åra, må vi planlegge ei til? Både mamma og Ola fekk diagnosane sine i slutten av september og i oktober. Kva om vi får ein slik diagnose til? MR skal gjennomførast 10.oktober.

Då blir fokuset kvar dag å gjer den einskilde dagen så fin vi klarar. Vi skal ivareta alle borna våre. Samstundes som at Elias skal ha trygginga han treng, Eg set meg ned med strikketøyet, og må bite meg i tunga for å ikkje spørre Elias om korleis han har det. Han er så lei av dette spørsmålet! Eg svelgjer gråten og redsla for døden, rasjonaliserar det eg klarer, og gjer dagen så fin eg kan. For at Elias ikkje skal bli reddare enn det han er. Fordi eg er mor hans - og eg difor må tåle kva som enn kjem!


torsdag 4. september 2014

Mammahjertet

Som sjukepleiar med erfaring frå palliasjon, og no som AMK-operatør, blir ein godt vand med kriser og løysingar av desse. Eg reknar meg eigentleg for å ha gode ressursar på desse områda. Både gjennom erfaring personleg og jobbmessig. Men det siste halve året har eg fått kjenne på når desse ressursane ikkje dekker ein godt nok lengre, at ein ikkje meistrar.

Når barnet ditt blir sjukt, tenker ein "worst-case-scenario" ganske så umiddelbart. Du blir hardt og brutalt stilt ovenfor spørsmålet - "mistar vi han no?" Denne kjensla utløyser eit skred av katastrofetankar, og berre moglegheiten for å miste barnet sitt kan skremme vetet den modigaste. Vi er heldig, og kan (sannsynleg) utelukka dei alvorlegaste diagnosane, men det å sjå barnet ditt som ikkje meistre kvardagen sin, gjer noko med deg!

Mammarolla er ei fiksarrolle. Mamma ordnar opp i vanskelege situasjonar. Mamma har ikkje alltid svaret på alle spørsmål, men ho veit alltid kor svaret kan finnast. Ei mamma veit alltid kor ein skal henvende seg for å prøve å finne svar. Kva gjer ein då når mamma ikkje veit kor svaret kan ligge? Når mamma går tom for idear? Kva gjer det med mamma sitt hjarte å ikkje klarer å finne ei leveleg løysing?

Når bornet ditt har sterke smerter og du ikkje kan fikse dette, då knuser hjartet ditt! Kvart våkent augeblikk følgjer alle sanser bornet, og fokuset ditt er berre der. På eit punkt blir dei gode augeblikka berre ventesoner til neste nedtur, og du nyttar dei til å forberede deg mentalt til neste smerteri!

Harry Potters eventyr har vist seg å bli ein redningsplanke. Ved å diskutere, leve og puste desse eventyra, held ein smertene på ein armlengs avstand. Alle "spella" er nytta kvar dag, nokre gonger for å trylle vekk det ubehagelege, og andre gonger for å sette plagene i baksetet. Karakterane blir venner og familiemedlemmar, som til dagen er med i middagsserveringa.

Mamma sine planar og dagdraumar settast og i baksetet, og ein innser at "Akademia" blir ubetydeleg med all sin pump, prakt og uendelege eigenglede. Jobben, som krevar sin mann og kvinne, blir fristaden ein ikkje har tid til å leve i barnets smertereseptorar. Den blir eit friminutt og helande i samme funksjon. På jobb kan ein iallefall gjere noko! Der løyser ein situasjonen på den eine eller andre måten. Åh som eg skulle ynskje at løysinga låg like lett tilgjengeleg heime. At hardt og intenst arbeid, skaffa ei avklaring ein kan leve med. I eit knips snur prioriteringsrekka trill rundt, og det som tidlegare var viktig blir plutseleg heilt underordna.

Når mammahjertet strevar, er det ein fulltidsjobb. Kvart slag endrar fokus, og sansane rettast mot det viktigaste, Men når mammahjartet ikkje fiksar lengre, kven fiksar då mammahjartet?