fredag 26. september 2014

Det stormar ...

Veiret i dag er verkeleg hardt. Det bles ikkje så mykje rundt huset her, men regnet fell som frå opne sluser. Det lynar og tordnar, og innimellom haglar det. Ingen overrasking, då media i forkant har varsla om den "første hauststormen". Hausten er den deiligaste tida, då er det tid for tjukkelubbar.

Eg kunne lett gått i tjukkelubbar heile året. Dei lunar, varmar og gjev masse omsut. Det passar akkurat. Kjenner du deg einsam og litt nedfor skal du berre finne fram lestene. Ei vid og god kosebukse, te i koppen med sukker i, og noko godt på bordet. Litt fyr i peisen, er prikken over i'en. Då kjenner du deg brått ikkje einsam eller forlatt lengre.


Elias og Charlie frå ein tur i fjor
Elias starta dagen med å ha ein "møkkadag", som han sjølv sa det. På smerteskalaen låg han på 8-9, og låg eigentleg berre utlsegen på sofaen, og var lei seg. Då e det fram med tjukkelubbane veit du. Vi fyrte i peisen, sette bolledeig (dvs. eg gjorde det, for han orka ikkje), og sette på tv'en på Cartoon Network. Eg kjenner at eg er drittlei den anstrengte tonen på den kanalen. Kvar gong eg kjenner den kjensla den kanalen gjer meg, så blir eg brått klar over kor store ungane mine er blitt. Før Elias vart sjuk, har den kanalen så og sei aldri vore på. No lurer eg på om eg må bannlyse den, slik eg har gjort med Paradise Hotel. Det er grenser for kva ein skal forsøple Tv'en med.

Lyset kom og gjekk, og det vart tid for fysioterapitimen i Naustdal. Det regna kattungar! Vi diskuterer litt engelske ord og uttrykk i bilen. Må stappe inn det eg kan av kunnskap i den slitne guttehjernen, som kompensasjon for manglande skule. "It's raining cats and dogs" synast Elias er bortimot det teitaste uttrykket han har høyrt. Og litt morosamt. Difor heiter det no at det regnar kattungar.

Elias traskar inn til Ida, til fysiotime, og eg sit att ute på verdas tristaste venterom. Tenkjer litt på dei svarte ringane under auga til guten, og antydninga til posar han kommenterte. Det er ikkje ofte han misser motet, men i dag trur eg han var nær. Sukkar litt og tek fram strikketøyet. Men i dag rekk eg ikkje strikke meir på julegåva til den likje Sandeguten, for telefonen er ikkje stille. Ein av telefonane melder at eg i neste veke må i gravferd. Kjenner eg vert trist av tanken, og litt stressa. Eg har ein dag i neste veke, som ikkje dreiar seg om undersøking eller andre avtalar som skal betre situasjonen hans. Denne dagen blir no å reise i gravferd.

Eg kjenner at i desse dager liker eg gravferder enno mindre enn vanleg. Eg har det same med gudstenester. Jepp, eg går faktisk tidvis i kirka.  Mest sannsynleg grunna ein eller annan unge som skal gjennomføre eit eller anna, men eg kjenner faktisk at kyrkja er ein god plass å vere. Men dei siste gongane har eg opplevd  at tårene byrjer å renne, heilt uten grunn. Det er litt flaut å sitte der å sippe, heilt ut av det blå. Men i ei gravferd blir no ikkje det eit problem. Det er verre med tankane og assosiasjonane det framkallar.


Då vi kom heim frå turen vår til Naustdal, stekte vi bollane og lagde kakao med krem. Det luktar himmelsk i huset. Eg spurte Elias kva dei hadde gjort på i fysiotimen, og han fortalte at Ida hadde massert han. På spørsmål om kva han synast om det, svara han litt tørt; Det er litt sånn som heile livet mitt for tida - litt godt, men samtidig vondt og irriterande. Eg spurte om korleis livet hans var godt, og han svar med det luraste smilet at han fekk så mykje Harry Potter-greier fordi han hadde vondt. Difor litt godt og vondt.

Det er sterkt av ein gut som denne veka ikkje har vore under 5 på smerteskalaen å sei noko slikt. Eg får berre større og større respekt for denne unge herremannen. Det er jammen ikkje mykje klager å høyre frå den kanten, Det er eg som klagar! Og sjølvsagt så måtte eg då introdusere han til ordtaket, "Det er aldri så gale - at det ikkje er godt for noko".

 Elias hadde sansen for dette, og meinte heilhjerta at dette var eit fornuftig ordtak. Heile vekas lyspunkt for han, var ei annonse på Finn.no i går. Han sat og søkte etter Harry Potter-greier, og fann plutseleg ei annonse frå ei Charlotte i Oslo som ville gje vekk tre innramma bilder av stjernene i Harry Potter. Han vart aldeles i fyr og flamme, så eg sa til han at han fekk no sende eit svar til ho. Mailen han sendte såg slik ut:

Hei eg heiter Elias eg er snart 11 år og eg samla på alt av Harry Potter eg ville blitt kjæmpe glad om du ga meg bildane og eg er verdens største Harry Potter fan
Hilsen
Elias
Herlege Charlotte svarte før timen var omme, og lang historie kort - i morra blir bilda postlagt til "Verdens største Harry Potter - fan".

I kveld sit vi med tjukkelubbar på, mette og gode, og kosar oss saman. Eg skulle vore på skulen i kveld, men fann det fornuftigast å vere heime. Elias har hatt nokre fine timar med ein klassekamerat på besøk, og regnet pøser fortsatt ned. Livet er ikkje det verste vi har...

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar