mandag 29. september 2014

Løva i spegelen ...

Det å vere redd for nokon er ei heilt spesiell kjensle. Men som flukt-responsen vår, trur eg dette er ei nyttig kjensle, og at den har ein misjon. Det parasympatiske nervesystemet vårt er satt ut av spel, og du kjenner konstant på aktiviteten i den andre delen av det autonome nervesystemet. Pulsen sler akkurat litt fortare enn det som er behageleg, og kjensla av å "ha glømt noko" veks. Du har ei uro i kroppen som triggar evna sjølvransaking.
bilde lånt av tidsskriftet.no

Eg vurderer vala eg har tatt dei siste åra, den uroa eg har kjent på - redsla for å stagnere. Når no livet har slakka tempoet mitt, nærast tvunge meg til å vere heime, så lurer eg litt på det tempoet eg har halde dei siste åra. Kva er det som har drive meg? Sjølv har eg meint at eg har vore "grådig" på kunnskap, på å lære noko nytt, men no undrar eg litt...

Dei 2 siste åra har vore tøffe, men på same tid har dei handla om det som er viktig. Sjølv om der har vore mykje død i kulissane, så har kvardagane handla meir om det å leve, enn døden sjølv. Det har vore enormt energikrevjande, men samstundes har desse åra gjett meir enn dei har teke. Når no tempoet mitt er roa til 1/3 del av det opprinnelege, så kjenner eg at desse åra har vore meir gode enn vonde. Det er ei god erkjenning. Eg har kanskje berre fokusert på kor sliten eg har vore, istaden for å fokusere på kor mykje kvar dag har gjett meg av erfaring,

I desse dagane går eg litt i ei boble, fokuset er i heimen, på familien og banda vi har oss imellom. Det demrer plutseleg for meg at eg har det uvanleg bra?! Borna våre er heimekjære, og glad i å vere saman med oss, sjølv om venene i periodar trekker sin del av merksemda deira. Vi har 6 born i alderen 11 - 19 i hushaldninga, og det skulle ein tru ville by på meir utfodringar enn kva godt er? Men her er det faktisk veldig fredeleg. Alle går godt overeins, og alle har respekt for kvarandre. Og søskenbanda er knytt på tvers av blodsband. Det er godt å oppleve.

Tilfeldigheiter har eg aldri trudd på, eg leitar alltid etter ei meining, eller eit bodskap i det som skjer. Ordtaket "alt har ei orsak" har alltid stått hjartet mitt nært. Og desse dagane er ikkje eit unntak. Eg har undra meg litt over kvifor vi no behøvde ei runde til med "vanskeleg", og eg vel å forstå desse siste månadane som ein ny erfaring, kor eg skal lære noko heilt konkret. Det heilt openbare eg ser eg skal lære, trur eg er at vi veit ikkje kva morgondagen bringer, så nyt dagen i dag!

Men eg har gått djupt i meg sjølv, og eg ser at grunna oppussing og barn som skal delta på alt mogeleg, og karrierejag, at eg har blitt veldig overfladisk i tanken og målsettingane mine. Eg har vore oppteken av lønn, status og eg skal utmerke meg. Gleda over å studere, har blitt erstatta med behov for å bli sett, for å vere spesiell. Eg ser kor lett det har vore for meg å vere egoistisk og utakknemleg.

Kva nytte gjer ei grad, dersom eg blir overfladisk og sjølvopptatt? Kva nytte har det å tene 600 000,- dersom du ikkje har tid til å nyte det? Kva nytte har ein fantastisk kjæreste og familie, når ein ikkje har tid til å setje pris på det? Eg har havna i ein "loop" kor eg måla min verdi i kva eg presterer. Det fører berre til at sjølvtilliten min synk, og eg nærast vart oppslukt av meg sjølv og mine feil.

Fokuset framover har skifta totalt, Eg har verdas flottaste jobb, med dei beste kollegaene ein kan ynskje seg. Jobben i seg sjølv er av dei viktigast som fins, og du ser kvar einaste vakt kor viktig og spennande den er. Familien min trur eg knapt det finnast maken til, vi er mange og vi er opptatt av kvarandre. Eg har dei flottaste, kjærligast og mest intelligente bonusdøtrene nokon kan drøyme om, berre ein gjev dei plass til det. Borna mine er eg oppriktig stolte over, og ingenting i verda er viktigare enn dei! Og Torbjørn - han fins det ikkje dekkande ord for å beskrive. Han er sjølvoppofrande, kjærleg og ubeskriveleg klok - og det beskriv ikkje meir enn ein liten del av han.

"Eg skal berre" - har gått igjen i livet mitt, og kva grunnen til det er trur eg aldri eg heilt kan forstå. Sjølverkjenninga slår innover meg som ein tsunami Eg har ikkje gjort det beste eg kan. Ikkje i familien eller nokon annan plass.

         Alle desse dagane som kom og gjekk - ikkje visste eg at dei var sjølve Livet 

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar