torsdag 4. september 2014

Mammahjertet

Som sjukepleiar med erfaring frå palliasjon, og no som AMK-operatør, blir ein godt vand med kriser og løysingar av desse. Eg reknar meg eigentleg for å ha gode ressursar på desse områda. Både gjennom erfaring personleg og jobbmessig. Men det siste halve året har eg fått kjenne på når desse ressursane ikkje dekker ein godt nok lengre, at ein ikkje meistrar.

Når barnet ditt blir sjukt, tenker ein "worst-case-scenario" ganske så umiddelbart. Du blir hardt og brutalt stilt ovenfor spørsmålet - "mistar vi han no?" Denne kjensla utløyser eit skred av katastrofetankar, og berre moglegheiten for å miste barnet sitt kan skremme vetet den modigaste. Vi er heldig, og kan (sannsynleg) utelukka dei alvorlegaste diagnosane, men det å sjå barnet ditt som ikkje meistre kvardagen sin, gjer noko med deg!

Mammarolla er ei fiksarrolle. Mamma ordnar opp i vanskelege situasjonar. Mamma har ikkje alltid svaret på alle spørsmål, men ho veit alltid kor svaret kan finnast. Ei mamma veit alltid kor ein skal henvende seg for å prøve å finne svar. Kva gjer ein då når mamma ikkje veit kor svaret kan ligge? Når mamma går tom for idear? Kva gjer det med mamma sitt hjarte å ikkje klarer å finne ei leveleg løysing?

Når bornet ditt har sterke smerter og du ikkje kan fikse dette, då knuser hjartet ditt! Kvart våkent augeblikk følgjer alle sanser bornet, og fokuset ditt er berre der. På eit punkt blir dei gode augeblikka berre ventesoner til neste nedtur, og du nyttar dei til å forberede deg mentalt til neste smerteri!

Harry Potters eventyr har vist seg å bli ein redningsplanke. Ved å diskutere, leve og puste desse eventyra, held ein smertene på ein armlengs avstand. Alle "spella" er nytta kvar dag, nokre gonger for å trylle vekk det ubehagelege, og andre gonger for å sette plagene i baksetet. Karakterane blir venner og familiemedlemmar, som til dagen er med i middagsserveringa.

Mamma sine planar og dagdraumar settast og i baksetet, og ein innser at "Akademia" blir ubetydeleg med all sin pump, prakt og uendelege eigenglede. Jobben, som krevar sin mann og kvinne, blir fristaden ein ikkje har tid til å leve i barnets smertereseptorar. Den blir eit friminutt og helande i samme funksjon. På jobb kan ein iallefall gjere noko! Der løyser ein situasjonen på den eine eller andre måten. Åh som eg skulle ynskje at løysinga låg like lett tilgjengeleg heime. At hardt og intenst arbeid, skaffa ei avklaring ein kan leve med. I eit knips snur prioriteringsrekka trill rundt, og det som tidlegare var viktig blir plutseleg heilt underordna.

Når mammahjertet strevar, er det ein fulltidsjobb. Kvart slag endrar fokus, og sansane rettast mot det viktigaste, Men når mammahjartet ikkje fiksar lengre, kven fiksar då mammahjartet?

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar