tirsdag 30. september 2014

Korleis har du det?

Kor sterkt eg skulle ønske eg hadde evner til å fjerne smerter! Tenk å hatt magiske evner, slik at barnet ditt slapp erfaringa med smerter dag ut og dag inn. Smertene i seg sjølv er ein ting, men alt det medfører av ekstra byrde, kjennast nesten utoleleg.

Normalgrensa er flytt for lenge sidan, og han toler allereie meir enn han burde. Eg skulle så gjerne ønske at han ikkje visste kva smerter i størrelsesorden 9 på VAS-skalaen var. Setninga "eg har vondt, mamma" - burde løyse eit skred av reaksjonar hos meg. No reagerer eg nesten ikkje lengre. Eg trøystar nesten før eg spør kor det gjer vondt.

Auga  har svarte ringar rundt,  og hovne posar under. Innimellom gnistrar dei av livskraft, men oftare og oftare - er dei matte og blanke. Det slit i eit volumøst mammahjarte! Oftare og oftare ser eg inn i desse matte auga, at smerten toppar seg, før han seier noko til meg. Eg ser han kvir seg for å sei frå.

Eg fyller ut smerteskjema, med oversikt over medikament og søvn.  Eg må distansere meg frå kva eg eigentleg skriv ned. Kan ikkje forhalde meg til det faktum at det er hjartesteinen min eg vurderar. Berre skriv ned - mange gonger for dag. Må prøve få legen til å skjønne - vi kan ikkje sjå det an, eller vente lengre.

Skulle så veldig gjerne ynskje han var smertefri. Dei få gongane han er det, er det ikkje råd å nyte, for verken han eller meg. Fordi vi veit smerta kjem att, og då kjennast dei sterkare. For kvar gong han fell frå toppen - den smertefrie timen - er fallet høgre og litt hardare enn sist.

No renn ikkje tårene lengre, sjølv om hjartet blør for skatten min. Eg kan ikkje gråte, når han ikkje gjer det! Det kjennast dessuten som det er tomt for tårer. Spørsmålet om kva det kan vere, har sluppe taket. Det er nesten blitt underordna smertene. Og alle undersøkingane ei engsteleg lita sjel skal gjennom. Det er berre kvar gong ein sit på korridoren å ventar på tur, at tanken sveipar innom sjela - og set klørna sine i den. Tenk om....? Tanken bles vidare, kan ikkje tenke den, må berre fortsette å trøyste. Å prøve finne meining i det vonde!

Oftare og oftare kjenner eg ei lita lubba, engsteleg hand i mi. No tør han ikkje sovne aleine om kvelden, mamma må ligge å stryke han over luggen. Då sovnar han som ein stein. Liggande med hendene over hovudet, som han gjorde då han var baby. Eg ligg å studerer han - den bekymra nyva mellom augebryna glattast langsomt ut. I draumen besøker han Harry Potter, får ein fritime frå det vonde og vanskelege. Og mamma slappar av og....

Tankane følgjer meg gjennom natta, eg søv tungt og draumelaust. Ladar opp til neste dag, og neste runde. I morgon skal han også vekkast, nytt skjema skal fyllast ut, og eg spør for n'te gong - "Korleis har du det?"


Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar