onsdag 1. oktober 2014

Uvisse ...

                              Halleujah med the Canadian Tenors & Celine Dione

Startar dagen med musikk som tek pusten frå ein. Dagen blir god, Elias har fått orden på døgnet sitt (ser iallefall slik ut), og eg starta dagen med beskjed frå Eikefjord'en om at Harry Potter-kaka er i boks til bursdagen hans i neste veke. Det var nok til at mammahjartet svulmar i dag.

Trur ikkje vi prøvar oss på skulen i dag, han misser så lett motet for tida.  Han var i ok form i går føremiddag, og reiste opp til storefri begynte. Men læraren ringte, ho var kjempelei seg, men han fekk veldig vondt etter berre ein halvtime. Då er det inga anna råd enn å hente han heim att. Og Elias var så lei seg! Han ville så gjerne vore der, med klassekameratane. På skulen, slik 11-åringar skal midt i skuleveka. Det gjorde vondt å sjå. Så i dag prøver vi ikkje ein gong.

Han kosa seg med å gå på kino med ein kamerat i går, og klarte heile filmen uten at smertene øydela for han. Slike små augeblikk blir så dyrbare! Vi lever nesten for desse små glimta, som kjem ein til to gongar i veka. Og vi tenkjer nesten ikkje over det lengre, men så lite toler han. Kvardagen hans er innskrenka til nokre få augeblikk på PC, og resten av tida ligg han med nesa ned i Harry Potter si verd. Det merkelege er at dette tek alle kreftene våre, både mine og hans.

Uvissa er svært vanskeleg. Skuldrane er høge heile tida, ein forbereder seg på det verste, samtidig som ein bagatelliserar. Det er nesten som å køyre berg- og dalbane. Du set deg inn i vogna med ei forventning om at dette er noko du overhovudet ikkje kjem til å takle, sidan så går det i rasande fart opp og ned. Eine sekundet tenkjer du: "Dette går då heilt fint?" Deretter blir du kasta inn i ein loop, kor du eine sekundet tygg på mageslimhinna di, og i neste er tom for blod i hovudet. Og redsla for å ikkje mestre det som kjem - heile tida heng over hovudet ditt som ei mørk sky.

Men uvissa er og trygg - god. I den har det definitive gøymt seg, som sola bak skyene. Å vere redd for noko, er så mykje betre enn å skulle prøve å akseptere det uakseptable. Så for no er uvissa eit betre alternativ.

familieprat.no
Haustfargane har farga fjella på utsida av vindauget. Berre skaparverket kan lage ein palett så fantastisk. Vi sit inne og nyt dagane i fulle drag. Denne dagen er god!


Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar