fredag 31. oktober 2014

Ei uendeleg veke...

Denne veka har vore av dei lengre vekene. Ein samlar alt ein har av mot og energi - og likevel kjenner ein at det ikkje held til mål. Vi er igang med utprøving av ny medisin, og eg kan desverre ikkje sei at den har revolusjonisert situasjonen på nokon måte. På smerteskalaen skårar han desverre enno høgt, endå medisinhaugen berre veks.


I fleire augeblikk denne veka har eg kjent på at tolegrensa har vore nær. Men ein samlar i hop det man klarar av energi, og heldt ut eit augeblikk til. Eg kvidde meg litt til flyttelasset til Charlotte. Men tenkte som eg ofte gjer, det er berre å begynne i ein ende. Så går det meste ofte av seg sjølv. Og det gjorde det. Vi jobba så svetten silte, og fekk det meste gjort på ein dag. Vi jobba systematisk, og rydda ho på plass - lass etter lass. Og då dagen var over - var eg så letta. Energien heldt, og vi fekk jobben gjort. Så - dagen etter, fekk vi beskjed om at leiligheita ho fekk tildelt var feil! Og heile flyttelasset måtte flyttast - ein gong til, opp i andre etasje! For denne feilen, som heilt og haldent var huseigars - fekk vi heile 1500 i rabatt på 1.husleiga.

Elias klarar seg bra - dag for dag. Vi er vel på eit punkt no - kor vi er slutta å håpe på betring. Han toler dei sterkaste smertene ved å tolmodig vente på at dei avtek. Og når han er smertefri - eller lågt på smerteskalaen - nyt han kvart sekund som om der ikkje kjem ein morgondag. Og eg, eg tenkjer ikkje på morgondagen, Eg held meg til dagen i dag. Slik orkar eg kvar dag.

Og så strikkar eg. Det har blitt nokre ponchoar dei siste tre vekene, og ja - eg har byrja på ein ny. I går køyrde eg Alex til Florø, og der overleverte eg den siste ferdige ponchoen til ei eg er veldig glad i. Mens vi står der, kjem ein eg ikkje har snakka med på mange år, og gjev meg ein bjørneklem. Heilt utan grunn, og heilt uforventa. Mailboksen på facebook inneheld dagleg meldingar frå uventa hald, og i går dukka det opp ein rosebukett og ein ny favorittkopp på kjøkenbordet mitt.

Dei siste vekene har eg fått telefonar, besøk og fleire meldingar enn eg nokon gong har fått, frå mange som bryr seg - og som lurar på korleis det går med oss. Blomster blir levert på døra - omtanken er enorm. Dette varmar så inderleg, og denne veka har tårene rent fleire enn ein gong, på grunn av denne omtanken. Eg er ikkje open om alt som skjer med oss for å sanke omtanke eller merksemd, men eg vel å dele denne vanskelege tida med dei som lurer. Slike periodar har vi alle, og for meg iallefall, hjelper det å vere open om alt.

I vanskelege periodar, er det lett å lokke seg inne i ein boble - og det er jammen lett å bli der! Eg er typen som blir høgare og høgare i skuldrane, og blir meir og meir introvert når livet buttar i mot. Slik toler eg, og slik klarar eg gå vidare. I kvar ei melding eg mottek, enten det er tips om metodar å behandle, nye typar medikament, eller rett og slett ei melding om at nokon tenker på deg - ligg det ei forløysande kraft. I går snudde for meg ei møkkaveke trill rundt av ein Florø-tur, med eit kvarters stopp på Eurospar på Krokane. Hadde eg visst korleis eg skulle kjenne meg etter denne turen, skulle eg jammen tatt den turen mange gonger i veka.

I dag er det helg, og eg strikkar som vanleg. Elias får for 1.gong lov til å gå Halloween, berre fordi at om han klarar det - skal han jammen få lov! Eg legg vekk alle mine meiningar om den amerikanske tradisjonen, og stikke nedom Nille å handlar til eventuelle skumle besøkande her i dag. Fordi vi veit ikkje kva historien til borna som står på trappa - utkledd, med bønn om snop - er. Eg innser at eg ikkje har alle svara i dag heller - legg beina på bordet, slår kaffi i den nye koppen min i dag, og leverer skuleoppgåva mi seinare i helga. I dag prioriterar eg å vere. Fordi vi ikkje veit kva morgondagen bringer - og det er alt eg orkar i dag!


Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar