onsdag 15. oktober 2014

Oppoverdag...

Vi har starta på vårt 4.døgn på Barneavdelinga, og i dag har dei tilsette ved avdelinga sett meir av den Elias vi kjenner og elsker så høgt. Då legevisitten var innom hang han opp-ned utanfor sofaen - peika på dei med tryllestaven og kasta spell - kontinuerleg på dei. Smerter var han ikkje så veldig interessert i å snakke om - og det respekterte dei.

Det er ikkje slik at han har vore smertefri i dag, men han har hatt nok energi til å totalt ignorere dei. Innimellom har han måtta ta seg små pausar frå sprudlinga - kor du nærast ser kor han hurtigladar - før han set igang snakketøyet att, og skvaldrar vidare om stort og smått i Harry Potter-verda. Ein sjukepleiar fortalte han at nokon hadde verdsrekord i å samle på HP-rekvisittar, så i dag har det dukka opp nok eit mål på himmelen for Elias. Han skal samle opp meir enn 4000 HP-rekvisittar, og på den måten få verdsrekorden i samleobjektar av Harry Potter. På den måten meiner han det er heilt udiskutabelt at han ER verdas største Harry Potter-fan!

Når ein nærast blir "innesperra" med eit av borna dine på denne måten - ikkje det at vi ikkje får gå nokon plass, for det står vi sjølvsagt fritt til - men du kjennast nesten litt låst i den situasjonen vi befinn oss i. Då blir du plutseleg var nye sider ved bornet ditt. Elias har alltid vore ein "tenkar/grublar". Han var ikkje gamle karen før han starta å utdebattere lange tankerekker, så eg har alltid vore klar over at han tenker gjennom ting. Men desse siste vekene blir eg kjent med nye sider ved personlegheita hans. Eg har alltid vore klar over at han var ein reflektert gut, men at han er så tøff som eg ser han er - det imponerer meg! Når han ikkje klarar gjennomføre ting som har vore sjølvsagt tidlegare, så aksepterer han det heilt utan nederlagskjensle. I dag fekk eg det ikkje til - kan han sei. Men det er i dag - det kan hende det går i morgon. Eg ser han blir lei seg, men det kostar han av seg
etter nokre minutt, så aksepterer han det, og så er han klar for eit nytt forsøk.

Når smertene står på som verst, så kan han bli litt tenksom, og så kan han sei - No veit eg kva som kan vere årsaken. Og så kjem han med eit forslag som då kan forklare, og gje han ein ny sjanse til at det forsvinn. Som i natt - då låg han å vrei seg i senga for magesmertene var så sterke. Eg trøysta og masserte, og prøvde berre hjelpe han til å slappe av slik at smertene slapp det verste taket. Då seier han plutseleg - eg har sikkert magesmerter fordi eg lengtar slik heim. Kva er det du saknar då ? spør eg. Charlie, svarar han kontant - ja og så sjølve huset. Så klokka halv fem i natt blir vi einige om at i morgon den dag skal vi reise heim for å kose med Charlie - og å "suge" til oss litt heime-atmosfære. Eg kjenner han slappar meir av, så kjem det etter ein liten pause. Men du mamma? Det er jo faktisk bra at eg lengtar slik heim at eg får kjempevondt i magen. Åh? svarar eg litt avventande. Kva er det som er bra med det då? Jau - kom det kjapt, det betyr jo at eg har det veldig bra i heimen min, det. Kva i alle dagar kan ein svare då? Eg svarte, at jammen er vi verdas heldigste som får lov å ha ein slik fantastisk kar i familien vår. Vi er jammen heldige vi! Elias sovna omsider etter denne lille refleksjonen, og sov uforstyrra til monster-mams tvang han inn i dusjen kl åtte, slik at han var klar for skule kl.ni.

Så no i kveld reiste vi heim ein tur, kosa med Charlie, fekk lufta han ein liten tur - og elles "snusa" inn litt heimeatmosfære. Det var sårt å reise ned att på sjukehuset - men vi er skjønt einige om at vi er verdas heldigaste som får lov å vere her, å få hjelp av eit fantastisk flott personale og flinke legar. Så i kveld er vi trøtte og slitne - og klare for ein ny sjukehusdag i morgon!

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar