søndag 5. oktober 2014

Spørsmål ...

Kor eg skulle ynskje eg akkurat i dag kunne spå i framtida. I dag har det vore tungt å vere mamma. På denne dagen skulle eg så gjerne hatt vissheit. Framtida har stått for meg som trugande, heller enn håpefull. I dag har eg ikkje vore i tvil, og tårene har ikkje vore langt unna, Dei mørkaste tankane pressar seg fram, og alt anna blir diffust.

Når dette pressar seg fram, kjenner ein seg så veldig aleine. Sjølv om støttespelarane står like støtt som vanleg, blir kjensla av einsemd påtrengande. Eg kjenner eg blir sint! Irritabel fordi dei som skal vurdere situasjonen vår, ikkje ser oss godt nok. At mine alarmklokker ikkje når dei på ein slik måte at det blir tatt grep.

Om ei veke skal vi ta MR, og nokre dagar etter denne - skal vi innleggast. I mellomtida blir du bedt om å ta vekk nokre av hjelpemidla som gjer ventetida leveleg. Korleis skal det gå? Når smertene er så sterke, at den sterke modige guten min ikkje veit kor han skal gjere av dei? Når dei pressar han til å kaste opp - berre fordi dei er så sterke? Kva skal mamma - fiksaren - den einaste han kan stole på, gjere då?

Gåve frå Oslo
Sinnet riv i meg, lik stormen i husveggen. Eg blir så rasande, at det mest svartnar for auga mine. All energi i kroppen min nyttast i dette raseriet. Kven kan eg klandre? Spørsmåla haglar, lik regnet ein regnfull vestlandsdag. Fortare og hardare for kvar runde. Eg bit tennene saman, smilar og trøyster, roleg og mildt. Men kjenner eg sviktar! Eg klarar ikkje fikse...

Eit lite lyspunkt kjem, ei bursdagsgåve 5 dagar tidleg. Ein snill fremmed frå Oslo bergar motet til den likje krigaren. Han har venta, og håpa - og alle forventingane blir meir enn innfridde. 3 flotte bilete av helten, kunne hengast på Harry Potter-veggen i kveld. Smertene avtok i takt med spikerslaga på veggen. Eit lite lysglimt i ein heilsvart dag. Tusen takk Charlotte frå Oslo! I dag har du betydd ein skilnad - du har snudd ein vanskeleg dag - og gjort den leveleg.

Eg skulle så gjerne fjerna alle plagar. Det kjennast som om det er jobben min! Og for kvar gong det tek seg opp att, kjennast det som om eg har svikta endå litt meir. Du synk litt djupare for kvar gong, og av og til lurer du litt på kor langt ned vi kan komme? Er det ein botn på denne kjensla, eller når den nokon gong eit makspunkt?

Natta kjem og eg forsvinn i eit tjukt mørke, som pakkar deg inn, lunare enn ei dobbel dundyne. Men i det fjerne, akkurat litt for langt unna til at du skjønar kva det er, spelar ein film om livet og kampen mot plagene. Når du då vaknar, er du fortsatt sliten. Oppbrukt inn til margen! Så startar søket etter det lille lysglimtet - nok ein gong. For vi må finne det i dag og - den lille tingen som tenner gnist i eit slite barneauge, og som klarar lokke fram smilet som gjer at denne dagen også blir til å bere. I dag var dette tre store Harry Potter bileter i sølvrammer. Som ein liten Harry Potter fan i Oslo gav vidare til ein sliten og lukkeleg gut. Berre fordi han syntes desse skulle få glede ein annan fantast - slik han hadde blitt gleda.

Korleis blir det i morgon? Kva tenner smilet i munnvika, og gjev heling og energi i morgon? Ja, ikkje veit eg - men at vi finn det - det veit eg!

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar