onsdag 12. juni 2013

Ein av dei dagane...

Du slår opp auga, og kjenner at det er ein av dei dagane att. Har vore tett mellom dei i det siste. Du berre VEIT at dette er ein dag som byr på konfliktar eller problem. Så veit eg og, at i desse dagar har eg nerveendane mine utapå huda. Noko som gjer meg tilbøyeleg til ein smule overreagering. Nei, "veka" er ikkje på veg....

Er det då slik at eg tiltrekke meg konfliktar, fordi eg ser dei skjult mellom linjene i alt som skjer? Eller er det antydning til synskheit eg opplever?

Dette har eg lurt på i mange runder, og i dag skjer det igjen. Slår opp auga - skulle eigentleg kjenne meg BRA - så er eg berre heilt tappa. Kjenner med kvar fiber i kroppen at dette blir ingen god dag. Har ikkje gjort mykje før eg kan konstatere at kjensla er gått over frå å vere kjensle - til eit faktum! Er det verkeleg meg? Er det min feil at andre "les" meg, og siterer meg utan å be om løyve, angåande mine eigne affærer, for så å konkludere feil? Kva skal eg ta eigarskap i då? - tenker eg. Korleis kan eg då ta ansvar i situasjonen, og endre meg?

Jauda, eg bloggar, då BER du jo om det! Merksemdsjuk! Kan jo vere at det er noko i det? Men kanskje - berre kanskje - tenker eg at eg opplev dagleg ting som mange opplev, og kanskje eg kan snu frå ein anna vinkel, som kan vere lærerik for andre? Eller at eg rett og slett kan sjå ting på ein annleis måte når eg då har fått det ned på papiret. Kvifor blogge om det? Fordi eg syns det er gøy! Eg synast det er kjekt å få reaksjonar, samtaler og dialog med andre, om det eg opplev. Og dei samtalene blir det mange av. Det er så kjekt! Eg har i fleire periodar veld vekk blogginga - fordi det skapar reaksjonar. Men eg saknar det, kvar dag. Så difor: "I'm back" - med mine små og uviktige observasjonar i kvardagens galskap. Og sidan det handlar om meg og mitt - så blir det personleg. Likar du ikkje? Ikke les! Eg har statistikken over alle som faktisk les den - og den er gøy å sjå :)

Men i vårt jantelovsamfunn skal vi ikkje skille oss ut. Det synast eg er synd. Eg likar å vere litt annleis. Eg er meg, vel mine løysingar og får mine resultat på dei. Av og til med suksess - og av og til feilar eg skikkeleg. Men ein ting har livet lært meg: ALLTID stå inne for det du gjer. Alle gjer feil innimellom - og nokre feil har eg nok gjort som ingen andre har - men dei fleste kan mange kjenne seg att i.

Eg er meg, du er deg - og jammen er det fint!

Resten av dagen min? Jau - no skal du høyre. Eg kryp under det nyinnkjøpte kosepleddet eg kjøpte i går. Finn fram snopeskåla, strikketøyet og Dr. Phil på TV'en. Så får ein ut ei og anna tåre på andre sine svære problemsstillingar - gløymer sine eigne bagatellmessigheiter. Slik renser eg systemet mitt i dag - og ladar opp til at trekløveret mitt skal besøke Hallbrend og Flatene skule i morgon - for å sjå om dei vil bytte skule. Denne dagen er for meg - og berre meg!

Stell vel med dykk sjølve - og gjer vel mot andre!

1 kommentar :

  1. du er gode du titti:-)) og fortsett å blogge. skit i dei som seier noko anna...

    skrev ett langt innlegg i en tidligere tråd her i uka- der du skrev om utbrenthet...men det klarte eg jo seff slete før det vart sendt :-(( og fysiske plager.
    Har du vurdert å prøve LDN ? Eg har fått en mye bedre hverdag etter at eg startet på dei for nokre mnd siden. sjukdommane er der - men endel av plagene er sterkt redusert. mykje meire energi - dagane med fatiguen er kraftigt redusert . tannverken - vondtane i hver ei nervefiber/muskelfeste som har og tappa meg for energi siste året er borte 80 % av tiden... og mange med meg har en bedre kvardag. kansje verd på prøve både for crons og ledd ??
    LES MER PÅ www.ldn.no eller LDN NORGE på facebook. der er det mange som skriver om hvordan hverdagen nå er . ( effekt - eller ikkje effekt )
    kose deg under teppet. her er dt middag strak- så tenkjer eg dte vert en strekk på meg og :-)

    SvarSlett