tirsdag 18. juni 2013

Åja, forresten mamma - eg SKAL skifte skule...

Kl. 09.00 stod Elias og eg klar på Flatene skule for å møte den potensielle (?) nye klassen til Elias. Beslutninga var nok allereie tatt - men ifølge Elias var han ikkje heilt overtydd om at dette var heilt ok, før han traff klassen. Vi helste høgtideleg på klassestyrar og ass.rektor, og vekk var Elias. Fekk berre beskjed om at dersom han ville vere heile dagen, måtte eg komme att med matpakke kl.11.00. Elias hadde ikkje tid til å seie "hadet" ein gong. Eg reiste heim, og smurde niste til han, innstilt på å komme heim att med den.

Då eg kom opp att på Flatene, var alle ungane ute å leika. Eg gjekk rundt og rundt å leita etter guten, men han var ikkje å sjå. Så gav eg no omsider opp - og gjekk mot administrasjonsbygget, for å sjå om han var der med lærar Ørjan. Mammahjertet sank litt, for dersom han var der, så hadde det nok ikkje gått så bra likevel - tenkte eg. Rett før eg nådde inngangspartiet til administrasjonen, hørte eg ei jentestemme som ropte "Hei - er du mammaen til Elias?" Eg kunne jo berre bekrefte det til den lille jenta som stod der, og svarte ho raskt at "han er her borte, han". Jenta prata i vei, om at dei spilte "spark på boks" og at grunnen til at eg nok ikkje såg han, var at han var så flink å gøyme seg.

Elias kjem springande mot meg, berre eit stort smil - riv nesten matboksen ut av hendene mine - mens han roper i forbifarten. "Åja, forresten mamma - eg SKAL skifte skule". Det er lenge sidan eg har kjent på så strålande lukke som den setninga skapte. Eg ropar han tilbake, for å prøve å overtale han til å ta regnjakka si, i tilfelle, og då flokkar ungane seg rundt meg. Helsar høfleg og fortel med iver om bursdagsinvitasjonar som kjem til å dukke opp i løpet av dagen, og om kor kjekt dei har det.

Eg spring vidare då skuleklokka ringer inn att, og kjenner ekkoet av klokkelyden i hjartet mitt. Det syng - han trivast, dette går heilt fint, han får masse nye venner!

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar