søndag 16. juni 2013

Helgefrukosten - kjerna i det gode liv...

Ein deilig dag i dag! Vi starta med ein god frukost ute i paviljongen. Det er noko heilt eige med å sitte i fred og ro der ute, høyre fuglekvitter og samtidig ete god mat i lag med familien. Vi er litt redusert i mengd i familien denne helga - først og fremst fordi vi har såkalla "barnefri" veke. Desse vekene er gode, fordi vi kan nytte dei til å samle ny energi til ei ny veke kor tempoet er høgt, og hendingane meir kontinuerlege. Det er deilig å få alle inn dørane att sundag kveld, men det skal ikkje stikkast under ein stol at det innimellom er godt når dei fer att også.

 Eg opplev i alle fall at eg blir ei betre mor, når eg får trekke pusten innimellom. Men denne helga var pappa til kidsa opptatt ein kveld, og vi fekk låne Elias og ein kamerat på overnatting. Sagt med Elias sine eigne ord i helga - "Du mamma, eg trur eigentleg eg er skapt for å vere einebarn". Vi opplev at "plageånda" Elias nærast skiftar ham som ein kamelon denne helga. Vi merkar knapt han er i hus, er positiv til alle forslag, med på alt, og veldig kommuniserande. Vekk er kranglane med Kayla. Hovudoppgåva hans frå han sler opp auga når han er i lag med henne, er å irritere henne. Og det skal vere sagt, det er slett ingen tung jobb for han! Det er så koseleg å ha ungane heime berre ein om gongen.

 Når det er så mange i hus på ein gong, merkar vi fort at ein og anna gangen, kjenner ein eller anna seg tilsidesett, og vi har faktisk ikkje moglegheit til å gjere noko med det - fordi tempoet er så høgt rundt oss. Då rekk du liksom berre å konstatere at ein av ungane kjenner seg sår, og du får eigentleg ikkje moglegheit til å rette det opp, før kjensla til ungen er gått over. Det kjennast svært utfordrande av og til, men eg trøstar meg med at vi ser det no i alle fall. Så håpar og trur eg vi klarar å formidle til dei at alle som ein er like viktige for oss.

Helgane våre er hellige, trur det er difor eg kjenner det så vanskeleg å kople seg på turnus-tanken att. Då lagar vi felles frukost, det har vi for så vidt i vekedagane også, men då er 1.bordsete kl.06.15 for dei 4 som tek bussen kl.07.15. Og 2.bordsete er for dei som har 2 min på skulen kl.07.45. Til dette måltidet går det i snitt 1,5 brød med tilhøyrande pålegg. Det ryk med minst 5 youghurtar og nesten 1 l juice kvar dag. Vi burde vore gullkunder hos Rema! Men i helga er det felles frukost kl.11.00 - for å møte alle sine behov om å sove ut. Det er blitt vekas høgdepunkt, og hopper vi over ein av helgadagane, blir fellesen raskt etterlyst av ungdommen.

 No skal vi prøve å stramme inn matbudsjettet - som fort blir over 12.000 pr mnd, ved å lage menyplan månad for månad. Planen er å handle inn mat 1 x pr veke, og middagsmat 1 x pr månad. Å handle kvar dag, ruinerar oss fort. I år blir vi 4 tenåringar i hus, med alle vaner og aktivitetar dei har, og 2 stk i førpubertet. Og tru meg det kostar pengar å halde denne gjengen med Converse og smarttelefonar og ukepengar. Alle (!) har eigne pc'ar. Det er eit ledningskaos over alt. Skal ikkje sei så mykje om kva strømrekninga vår er på kvar månad. Det kan ein jo kanskje tenke seg sjølv. Berre i ukepengar gjev vi ut 2500 pr månad. Då er det inndelt litt etter innsats i heimen - og mest etter alder. Men då må dei også klare seg med desse lommepengane. Det blir ikkje gjett nødhjelp til anna enn nødvendige ting, og då gjeld ikkje argument som "Den kjolen berre e so fin at eg må ha den!"

Det skal jammen bli spennande å gå ned i 60 % stilling i sommar. Men eg anser det som god trening på å halde budsjett. Litt ekstravakter blir det vel kvar månad - og då er det jo absolutt ein fordel å arbeide turnus. Trur nok det er der pengane ligg i alle fall. Så må vi lære oss at når det går tomt for noko, så er det tomt. Det er dei færraste ting ein ikkje klarar seg utan - sjå vekk frå dopapir då. Det er det litt ubehageleg å spare på. (Men skal heller ikkje nemne kor mykje vi brukar av det. Har av og til lurt på om vi ikkje burde innføre kvotering på det også).

Dagane våre er stappfulle av innhald, leksehjelp og organisering av aktivitetar både innafor og utafor skulen. Foreldremøter, og bursdager, dette høyrast ikkje så mykje ut, men det fyller vekene våre. Køyring og henting her og der, moped og bilsertifikat, konfirmasjonsplanlegging og byte av skuler. Spiralen berre veks i høgde og intensitet - men herre Jemini for ein flott gjeng vi har rundt oss. Masse samvær og latter, samtaler om stort og smått, og for ei lærekurve for meg og Torbjørn. Vi anser oss for å vere verdas heldigste foreldre - både for våre eigne og for våre bonusbarn. Innimellom har ein lyst til å springe til fjells - og det gjer vi også for så vidt - men jammen er det lærekurve i ein slik storfamilie. Eg kunne ikkje tenke meg å bytte med nokon. At vi har dei flottaste ungane på jord, er det ingen tvil om. Dei har tatt dei store endringane vi har påført dei med den største ro. Og alt går seg til - dag for dag - månad for månad.

Det siste trekvarte året har spesielt vore tøft, men vi opplev også der at borna syner den største omsorg og hengivenheit. Vi bur i ein familie kor alle stilltiande tek seg av kvarandre uten å gjere noko stort nummer av det. Innimellom pratar vi om det, men ofte ber gjer vi - uten å kommentere. Kvar dag legg alle i familien ned arbeid for dei andre, og det gjer meg veldig stolt! Vi er ein flott familie <3

Men det eg ser som det viktigaste vi gjere kvar veke - er å samle alle til fellesfrukosten kvar laurdag og sundag. Dette bordsetet varar ofte i ein time eller to, og det sit alltid ungar igjen saman med oss etter dette måltidet. Ikkje alle - for tempoet er som sagt høgt - men alltid ein eller anna. Desse stundene pratar vi om alt frå nazisme til religion, kva oppførsel er greit og ikkje. Eg opplev at det er alltid ein av ungane som startar desse djupe samtalene med eit eller anna spørsmål, så sit dei som lys og sug til seg kva vi seier, korleis vi uttrykker oss, og kva haldningar vi har. Eg har måtte lære meg til å alltid veie mine ord på gullvekt i desse situasjonane, då det er så tydeleg at dette er også blitt eit fora for dei kor dei lærer. I desse samtalene får dei øve seg i å argumentere, og vi søker å lære dei å tenke sjølv, ikkje berre følge straumen.

Det viktigste vi kan gjere for ungane våre, er å lære dei å sette ord på ting, og å kjenne empati for alle sin situasjon, uavhengig om vi skjønar eller ei. Kor vidt vi lukkast med dette - gjenstår å sjå. Denne frukostsettinga er eit ypperleg fora for denne type læring har vi erfart så langt. Blir spennande å sjå om dette stemmer? Men dette, og andre episoder i den siste tida har minna meg på ein ting. Ungane lærer av kva dei ser - så vi gjer vel i å alltid ha i mente at slik vi oppførar oss, er sannsynleg deira største læringsplattform. Dømmer du andre, får du fordomsfulle ungar, syner du andre forståing - får du forståelsesfulle ungar med empati for andre. Her får vi att i tifold!
Vær mot andre slik du vil andre skal vere mot deg

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar