lørdag 15. juni 2013

Med blanke ark...

Etter nok ei natt med snuing og vending, med av-og-på-søvn vaknar eg trøtt og foran eit "vegskille". Enten så fortsetter eg å sitte i sofaen og vere sliten - eller så må eg gjere noko! Kroppen verker, eg er sleten, hovudet er kaotisk - og det kjem sannsynleg ikkje til å endre seg på ei stund. Slik er det - og korleis kan eg handtere det? Ikkje særleg suksess med dei 2 siste vekenes "approach" til problemstillinga i alle fall. Det som skjer samtidig med at ein er nede i dette "dalsøkket" er nemleg at ein blir litt småparanoid, og kjempeusikker på seg sjølv.

Då eg vakna i dag var eg drittlei! Drittlei meg sjølv og drittlei kjenslene mine. Det er vanskeleg å rømme unna seg sjølv, så betre løysingtiltak må settast i verk. Eg foreles i sjukepleieprosessen til studentane, og understrekar kor viktig det er med evaluering av tiltaka. Den einaste måten å sikre at tiltaka er gode nok - er å evaluere. Vel ved mi evaluering i dag - så er eg like trøytt og utafor som tidlegare, så tiltak sett i verk så langt har tydeleg ikkje effekt. Då må ein revurdere.

Så då blei det opp av senga kl. ni - spenn i gang frukosten, vekke dei heldige som var i hus, for å annonsere planlagt kanotur. 3 vaksne, 2 ungar og ein hund i kanoen - gjekk heilt fint det. Så lenge alle sat i ro. Vi hadde ein strålande tur til Hunsrasta i kano, kor vi grilla, hunden bada og alle kosa seg. Deilig. Så kjekt å kjenne at angsten for inntatte kaloriar avtok i takt med aktiviteten. Så slepp ein no å gå rundt å bekymre seg for å bli feit att i alle fall. Unte meg faktisk eit par ekstra marshmellows i staden.

Dagen er god, faktisk betre enn god. Kanotur og bollebakst saman med dei du er mest glad i, er jaggu ein kur eg skulle tatt for veker sidan. Men drit i det - no er her. Turar 3 dagar i veka - starte på løpetrening med Alex (Måndag altså :) ), få litt fart i systemet att. DET skal jaggu bli godt. Så får eg heller prøve å slite meg ut på fjellturar, og sjå om ikkje det gjere noko med sømnen min.

Måndag er siste dag på Høgskulen. Då skal eg undervise i nokre timar, og elles berre tømme kontoret mitt. Så er det 3 veker med ferie - før ei bratt læringskurve skal inntakast på AMK. AMK på sommaren er visst noko ein lærer mykje av :). Får sjå om ein ikkje heng med då! Eg er i alle fall klar...

Alex held på med siste innspurt på lappen
- så dei neste veken vil vi bli å sjå med feit L på bilen, på kryss og tvers i Sunnfjord. Alle herved advart! Neida, berre tullar, jenta er flink å køyre ho - eg kjeftar nesten ikkje i det heile på turane våre. Oppkøyringa hennar er berre nokre få veker unna, så er ho på vegen aleine. Og eg har ikkje lengre bil. Men det er vel slik det skal vere. Får kjøpe meg sykkel eg då!


Livet er ei snodig affære - ein kan kople seg av ei stund, men ikkje over tid. I alle fall kan ikkje eg det. Men har jo uansett altfor mange "forstyrrande" element i livet mitt, til å trekke meg ut over tid. Og på sett og vis har den lille energien eg har hatt, gått til familien, som seg hør og bør. Men det har blitt litt vel mykje navlebeskuing og - og det har ingen godt av over tid!

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar