fredag 14. februar 2014

Den pedofile, menneskesmuglaren på KLM-flyet som styrta på veg til Amsterdam...

Så sit eg her - med ein klump i magen på størrelse med ei appelsin. Klokka tikkar - seint - det er såvidt sekundvisaren bevegar seg. Ei melding "svushar" inn på mobilen, det er frå eks'en som skriv at no er ho gått ombord i flyet. Hjertet synker, hardt og fort!

Eg har kjørt Kayla til ferga på Laviksida i dag, kor faren plukka ho opp og køyrde henne til Flesland. Der skal ho fly klokka ett - til Schipol, Amsterdam - aleine! Kayla fyller 12 år 22. mars, så ho er enno teknisk sett berre 11 år, og skal fly aleine i 2 timar kvar veg. Åh - slik eg angrar på at eg ikkje sa nei. Det var nemleg det instinkta mine skreik då faren hennar ringte og sa at no var det tid for 12-årsgåva hennar. Kvar ein fiber i kroppen min skrik NEI!!!! Eg smiler og svarar med lett stemme, at "joda - så gøy då" - mens kvalmekjensla nesten kveler meg.

I bilen var ho litt nervøs, og prata litt stakkato om kva som kunne skje. Eg sat på sida av henne, og berre konsentrerte meg om å halde respirasjonsfrekvensen min på ca 14. Det er det vi har lært ligg innforbi normalen. Ho snakka no om flyet som kunne falle ned frå himmelen - og eg svarar bekreftande i mitt indre, og ser på alle bileta eg har på netthinna mi. Det lange, vakre håret som strekk seg ned i korsryggen hennar, bustete og flagrande i det flyet fell ut av himmelen. Redsla i auga hennar, der ho sit aleine i eit flysete. Og eg tenker vidare på neste scenarioet, menneskesmuglaren som heldt ho under oppsikt, og snappar henne i eit augeblikk kor flyvertinna er uoppmerksam. Eller den pedofile som i løpet av turen finn ut at ho er aleine, vinn tilliten hennar, for så å lokke henne vekk fra ankomst, FØR besteforeldra ser ho.
Angsten grip som ei klo rundt hjartet mitt, og eg kjenner det gjer vondt å puste.

Ved sida av meg pratar Kayla vidare. "...men så tenkte eg at dersom eg ikkje skulle gjere alt eg er litt redd for å gjere mamma, så ville eg jo ikkje gjere anna enn å sitte heime med deg!" Eg misser pusten eit lite sekund. Så kikkar eg eit lite sekund bort på det vakre smilet til denne kloke og oppegåande 12-åringen. Eg stryk ho raskt over kinnet - og seier; "Gjett om eg er glad for at eg er mammaen din, Kayla" Og eg får eit raskt - "veit eg vel!" og eit smil tilbake. Resten av vegen er det heilt stille i bilen. Heilt til eg får eit raskt - litt nervøst kyss på fergeleiet. "Hadet mamma - eg elsker deg! Sender ei melding då eg har funne Oma og Opa."

Tilbake står eg på kaia, vinden bles surt rundt øyra mine, eg frys - langt inn i margen. Eg tuslar tilbake til bilen, og køyrer timen tilbake til heimen. Litt nummen, litt engsteleg, men aller mest stolt over den oppegåande og kule jenta eg har. Så då er det berre å vente då, på tekstmeldinga som kjem då ho har funne Oma og Opa... i Amsterdam... Klokka halv fire ca....

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar