torsdag 20. februar 2014

Raknande illusjonar...

No har livet endra seg - ugjenkalleleg. No er eg redd det er offisielt. Eg har vore redd for at dette skulle vere tydeleg for alle i lengre tid - då eg gradvis har merka at det har vore vanskelegare å vanskelegare å skjule utviklinga. Men i helga klarte eg uforvarande, i eit overmodig augeblikk, å avsløre alt sjølv.

I mitt grådige overmot - og i mi grenselause tru på meg sjølv - kasta eg meg over ei tilsynelatande uskuldig oppgåve. Fredag starta eg pussing av trappa ned til kjellaren i den andre delen av huset, som vi no held på å renovere, for så å slå saman med den delen vi allereie bur i. Trappa skal først pussast GRUNDIG ned, for så å beisast til akkurat den nyansen eg har hatt på netthinna den siste tida. For så til sist å lakkast. Denne pussinga foregjekk då sjølvsag med pussemaskin, og eg blir like besett av dette som eg blir av det meste eg gjer. Iallefall til eg er lei, og ikkje gidde lengre. Så eg var nok i overkant grundig, skal seiast. MEN eg har og lært at eg har ein kropp som fort seier ifrå, og at eg må vere nøysom i val av arbeidsstillingar når eg gjer ulike ting - iallefall dersom eg ynskjer å gå nokon lunde oppreist i dagane etter dei ulike oppgåvene.

Vel, pussinga blir igangsett, dette går radigt, og blir akkurat så lekkert som eg forestille meg kvar gong eg må blunke vekk litt pussestøv. Og ja, eg blir nok lite vetta besett, men eg gjer det sjølvsagt korrekt, og jobbar i god stilling ...bla-bla-bla.

Fornøgd med dagens arbeid, tek eg meg ein dusj, og etterkvart legg eg meg. Dagen etter er eg jo litt støl, vondt her og der, men gjer no mine greier, i det tempo eg klarer. I førre veka stakk eg ein tur innom ein ny ven. Hatt hovudverk i eit par veker, og kjente no at det var stramt og godt bak i ryggen. Så eg blei no lei av Ibux'en då, og bestillte meg ein time til kiropraktor. Og hadde jo då heldigvis time måndag ettermiddag. Då måndag kom, kreka eg meg ned til kiropraktoren att. Denne dagen hadde eg litt problem med å sitte, og å stå i visse stillingar. Svimmel var eg, og tenkte at dette blir jo greitt når eg berre får knekka meg opp att litt. Joda, han kastar tre blikk på meg, og seier "Hmm, har visst ein liten låsning i hofta di du gitt".

Eg kikka litt overraska på han, og lurte på om han ikkje var heilt i lodd. Her har eg født fem ungar utan så mykje som  lukte på bekkenløysing. Neste spørsmål kjem kjapt. Hatt dette lenge eller? Eg blir litt raud i toppen, og mumlar eit kvart litt utydeleg. Mnja.... nokre ..dagar... ikkje så gale... mmnnn...

Så kjem det oppklarande spørsmålet, det som gjer meg litt svimmel, og rett og slett tek frå meg alle illusjonane eg så møysommeleg har bygd meg opp i det siste året. "Har gjort noko utenfor det normale dei siste dagane du?" Eg dreg på det, og kjem liksom ikkje på noko. Før det slår meg med full tyngde. "Jau, har no pussa ei trapp då." Han ser på meg med eit litt oppgjett smil, og spør om eg tenkte det var så lurt?

Tusen tankar rasar gjennom hovudet mitt. Eg kjenner meg naken og heilt avslørt. Litt flau, før eg kjenner at eg blir litt irritert! "Ja, sidan trappa trengte pussen, så syns no eg igrunn det", svara eg lett ironisk. Han himler nesten med auga til meg, og fortel meg heilt utan omsvøp at prisen for den løysinga sannsynleg var låsning i hofta. Himmel-fri-og-bevare-meg-vel, tenker eg. Kan eg verkeleg ikkje pusse ei trapp? Kva faen - er eg 90???!!!!

Sidan har eg no hatt hyppige treff med han karen der. Han blir nok aldri ein favoritt hos meg, verken på grunn av dei iherdige forsøka på å knekke nakken min, kvar gang han ser meg. Ei heller fordi han anser meg som ubrukeleg i høve trappepussing. Utan å sei det med reine ord, så skjønar eg jo kor han ville hen...

Og med dei dagane eg har bak meg, så ser eg jo poenget hans. Eg har hatt så ilt at eg nesten har sett fanden på veggen. Og trappa - uansett kor fin ho blei, har eg hatt sterke impulsar om å sette fyr på!

Så her sit eg då. For gamal og fragil til å kunne pusse trapp uten å bli invalidisert i etterkant, og i behov for tusenvis av kroner i knekking, og eit smertehelvete etterpå. Eg hadde forleden rettleiing av ein ung (23 år) og "smashing" student, som skulle vurdere blodtrykk på ein tenkt pasient, slank og 38 år gamal. Eg spør kva blodtrykk han kunne forvente på denne kvinna. Han drog litt på det, fordi sidan ho var så GAMAL, så ville han jo forvente noko aterosklerotisk åresystem, med dertil forhøga blodtrykk!

Jepp, eg har starta ny tidsrekning. FØR eg vart krøpling av å pusse ei trapp i 4 timar, og ETTER. Så heretter er det berre å ta på seg brillene før ein sminker seg om morgonen. Det har inga hensikt å la dei ligge på benken, for å ikkje ha sanninga trykt i trynet. Ei heller desse raske 3 sekunds-blikka i speilet, før ein "travelt" hastar vidare, for ein har jo ikkje tid å stå der å studere seg sjølv i evigheiter?! Ei heller er utsjånaden viktig for ein! Berre så det er sagt. Her er vi meir oppteken av innsida, og kvalitetane der. For ein er jo berre akkurat så gamal som ein kjenner seg? Eller???

1 kommentar :

  1. Akk ja, det er ett lite helvete å bli gammal. Men alternativet er ikkje aktuelt.

    SvarSlett