tirsdag 4. februar 2014

Eksistensiell livskrise?

Eg har etter sjukeleie til ho mamma i fjor lurt veldig på kva eg ynskte drive med i livet mitt. Eg starta å jobbe på AMK januar i fjor, og grunna dødsleie til ho mamma, kom eg vel eigentleg ikkje heilt i gong med denne jobben før utpå våren. Samtidig jobba eg på Sjukepleiarhøgskulen som lærar. Etter gravferda gjekk eg inn i eit slags vakum, der sorga og tilhelinga etter 4,5 mnd'ar i ei emosjonell berg- og dalbane var over. Eg hadde eit augeblikk nokre månader etterpå - kor det ringte på døra mi. Eg låg på sofaen i djup søvn midt på ettermiddagen, og var nok noko sein i celledelinga då eg brått stod i opa dør foran to hyggelege damer frå Jehovas vitne. Damene såg jo at eg var halvt komatøs - så dei slapp meg raskt "fri" frå frelsa deira, men ho eine bad så pent om å få lese eit bibelvers til meg. Verset hugsar eg ikkje - men orda ho nytta for å grunngje at ho ville lese det til meg, festa seg.

"Dette verset har betydd så mykje for meg, og på ein måte oppklara alt for meg", så ho så trygt og sikkert. Eg vart i det augeblikket litt slått ut - og svara ho indereleg at ho var heldig, som hadde svara så klart og tydeleg for seg. Eg såg ho støkk litt i det same eg sa det, for eg var nok litt intens i tyngda eg nytta bak desse orda. Lang historie kort - eg har ikkje verken sett eller hørt noko frå desse damene sidan, men har vel litt i det stille lurt på om dei ansåg meg som ei tapt sak? Ein blir no sannsynleg litt av ein menneskekjennar etter å banke på mange uvillege dører for å predikere trua si, vil eg tru.


Etter denne episoden, gjekk eg i tenkeboksen. "Kva ville eg med livet mitt?" Eg trivdes ikkje i jobben på Høgskulen lengre, og fann meg liksom ikkje tilrette på AMK heller. Men det at eg fullstendig miste all motivasjon med studentane, og ikkje kjente meg engasjert i jobben som sjukepleiar lengre, førte til slutt til at eg valde å sei opp jobben på Høgskulen. Er det nokon plass ein må brenne for jobben som sjukepleiar - så er det iallefall der! Ein skal liksom spre litt glød for den fantastiske jobben vi har. Sidan har eg jobba på AMK - og alle som på nokon måte er inne på ulike medier, enten det er sosiale-, TV eller aviser, veit kva kjør AMK-Førde har hatt det siste halvåret. For å seie det slik, har ikkje arbeidet der vore prega av takknemlegheit. Noko som igjen sette tankane i sving hos meg.


Er sjukepleiaryrket rett for meg? Er all kjefta og mangel på takksemd for den
vanvittige jobben ein faktisk gjere, i dei ulike delane av dette yrket - kvar dag og kvart sekund man er på vakt - fortent? Som sjukepleiar står du med hovudet ned i bekkenpanna, kor kroppens avfallsstoff ligg å flyt. Vi observerar, tek prøver og analyserer "møkka" som kjem ut. Vi vaskar og steller - og la meg berre sei - eg har sannsynlegvis sett meir penisar enn ei dreva skjøge på strøket i Antwerpen i gamle, gode dagar. Dette blir gjort med den største sjølvsagtheit, og utan tvil. Ein held handa i djupaste sorg, ein snakkar om alle dei forbudte temaene - med villt fremmande mennesker. Du steller og pleier og medisinerer menneska langt inn på andre sida. Og kva er fokuset alle vegar? Kor bortskjemte og krevande sjukepleiarane er! Arbeidskye og vanskelege å tilfredsstille. Gjer du ein feil i alle desse vanvittige oppgåvene du handterar kvar dag - så kan denne feilen bli førstesidestoff over heile landet. Ein kan faktisk bli strafferettsleg ansvarleg, med alle dei konsekvensane det kan gje. Er det rart ein blir litt forvirra?


Eg opplevde at meir og meir av mi fritid og familietid - gjekk med til å "kvitte" meg med alt dette fokuset i media. Ungane mine får ei stadig meir mentalt fråverande mamma, og kjæresten forheld seg til omtrent berre sutring og bekymring. Og gjeldande familietid skrumpar no og forresten inn - veke for veke. I haust har eg jobba 3 av 4 helgar, fordi eg går i redusert stilling, slik dei fleste sjukepleiarar gjer. Det einaste som då er tilgjengeleg er ekstra helger - og du kan ikkje sei nei, for lånet skal betenast denne månaden også. Gunstig situasjon for arbeidsgjevar - men ikkje for familien!

Alle desse fantastiske augeblikka kor ein faktisk reddar liv, eller klarar å lindre og trøyste dei verste sorgar og plager, blir ikkje førstesidestoff. Til det er tausheitsplikta for streng. Det er grenser for kor lenge ein profesjon kan leve på vissheita om at ein gjere ein god jobb - når kjeften "haglar" rundt øyra dine. Og dei politiske fora blir i tillegg, med GOD grunn, stadig meir bekymra for korleis ein skal ivareta alle dei eldre som kjem dei næraste åra. Det siste no er at dei må belage seg på å klare seg sjølv. Jaggu - eg syns eg ser det. I eit system kor ein klagar på at den planlagde operasjonen må vike for dei akutte - i eit system kor barnet med omgangsvirus MÅ til lege på 2.dag med oppkast. Og får ikkje far eller mor den timen - så vankar det gjerne ei klage. Kven er det då som kjem til å stå i fystelinja for kjeften? Eg har eit forslag - HELSEPERSONELLET som er så syndig å ønske å jobbe ute med dei sjuke. Dei som ikkje kan forsvare seg - fordi tausheitsplikta stoppar, eller krav frå arbeidsgjevar om absolutt lojalitet.

Så 13.januar sa eg opp mi einaste faste inntekt. Medio april er eg arbeidsmessig "a free agent". Eg har ingen klar plan om kva eg skal gjere vidare, og eg har ikkje vunne i lotto. Men eg kjente berre at å jobbe som sjukepleiar, det er eg jammen ikkje sikker på om eg ønsker lengre. Eg har faktisk søkt meg på stilling som gravferdskonsulent - og håpar sterkt at eg skal få denne litt "sære" jobben. Å få lov å jobbe med dei første minna, å få lov å jobbe med menneske i sorg, få gjere ein jobb som blir sett pris på. DET kjenner eg tiltrekker meg litt. Og for å vere heilt ærleg - eg er ikkje så sikker på at denne jobben skil seg så veldig frå sjukepleiaryrket - med unntaket av takksemda då!


Er eg i ei livskrise? Ja, absolutt! og det som skremmer meg - er at eg trur ikkje eg er aleine om å vere det. Vi som samfunn skal ikkje berre jobbe mot å utdanne helsepersonell. Eg skriv om sjukepleiarar fordi det er mitt fag - men det gjeld i høgste grad alle andre helsepersonell og. Ein må jaggu ta seg eit tak for å halde på desse faggruppene i profesjonane sine. Og det trur eg må skje kjapt. Eg er iallefall tilbake for fullt på arbeidsmarknaden! Uten ein plan - men med eit adskilleg lettare hjarte...

2 kommentarer :

  1. Du er flink til å sette ord på viktige tema Ann Kristin!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Hilde - ja eg meiner det er viktig å tør snakke om dei meir "ikkje akseptable"- delane av oss og :)

      Slett