mandag 17. februar 2014

Bli eit verdifullt menneske

Eg var ein tur på Post to på psykiatrisk avdeling i går, på besøk. Der inne besøkte eg eit av dei sterkaste menneska eg kjenner. Det denne personen har takla, og gjennomgått i løpet av eit liv, er meir enn dei fleste av oss kan forestille oss - samtidig som om vedkommande har vore ansett som ein suksess. For meg har denne personen alltid vore eit rollemodell, og eg har beundra det dette mennesket har fått til, både privat og profesjonelt. Og då eg forlot post 2 etter mitt lille besøk, hadde eg endå meir respekt for dette mennesket.

Vi kjempar mot fordommar mot psykisk sjukdom, enten den er kortvarig eller langvarig. Er det verkeleg slik at det er ein svakheit å strekke ut ei hand, og sei - No treng eg hjelp? Eg veit at fleire gonger i mitt liv har eg hatt behov for slik hjelp, men eg har hatt vansker med å strekke ut den handa. Eg har gjerne hatt nettverk rundt meg som har vore observante på problema mine, men eg har aldri strekt ut ei hand og sagt - No klarer eg ikkje meir, ver så snill å hjelpe meg! Og for dette, veit eg at mange rundt meg anser meg for å vere eit sterkt og oppegåande menneske. Men stemmer dette?

Eg har enno ikkje hatt eit problem som eg med tid ikkje har løyst, ein situasjon eg ikkje har stått i , men gjer det meg sterk? Eg har vore overbevist om det. Men i går ettermiddag byrja eg å lure på dette. Er det verkeleg slik det kan tolkast? Eller har eg berre vore heldig?

Den verkelegheita vi postar på bloggane våre, på Facebook og andre sosiale medier, er eit gullkanta glansbilete av verkelegheita vi ynskjer å presentere for omverda. Vi alle gjer det, enten det er bevisst eller ubevisst. Og mekanismen i det er nok ganske enkel, har eg ein møkkadag - så hjelper det meg å legge ut eit innelgg om bakstedag med ungane, eller den gode tilbakemeldinga på innleveringa/eksamen. Eller den siste flotte genseren vi har prosdusert. Alt dette gjer vi fordi vi trenger eit klapp på skuldra, og nokon som seier - Kor flink du er!

Livet vårt styrast i stor grad av kor mang LIKES vi får på ein posting av noko slag, eg er inget unntak. Kvar gong eg har posta eit innlegg om kva det skulle vere, så held eg pusten til første Likes eller kommentar kjem.Den halvtimen før det skjer, sit eg limt til skjermen og følgjer med. Fordi eg er så opptekne av kva andre trur og tenker om meg. Når første tilbakemeldinga kjem, er alt ok - då er eg på toppen av verda att! Men det er svært mange som ikkje seier noko om det eg skriv, og det er nesten verre enn negative reaksjonar, trur eg. Og dei forrige kommentarane er ikkje gyldige på de nye innlegga mine, då startar eg heilt på nytt.

Fordi eg er sjukeleg oppteken av om andre godkjenner det eg gjer på bloggen min - så har eg montert telleverk på den. Hadde det ikkje vore for det telleverket - hadde eg nok ikkje turt å blogge, trur eg. For der ser eg at kvart innlegg har alt mellom 300 - 20 000 treff! I løpet av nokre døgn. Rett nok er det berre ein gong eg har hatt 20 000 treff - men det kom på 3 døgn. Det var faktisk litt skremmande. I snitt løyser eg ein plass mellom 600 - 700 treff på innlegga mine. Hadde det ikkje vore for det talet, hadde eg nok ikkje turt å blogga slik eg gjer. For dei aller fleste kommenterar ingenting til meg! Og som kvinna eg er - så tolkar eg slik tausheit.

Kvifor skriv eg så? Jo, det er for å trene meg på denne tausheita. Det er for å trene meg på å ikkje få tilbakemelding, slik at eg heilt ultimat stolar på mi eiga tilbakemelding. Og sjølvsagt fordi eg tenkjer mykje og mangt, og fordi eg er eit skrivande vesen. Så har eg mi lille faste tilhengerskare - av både kjente og ukjente, som ilag med meg har stor glede i ordbruken min. Men hovudsakleg øvar eg meg i at det er nok kva eg syns.

På mange områder i livet trur eg mange av oss er for opptekne av kva andre trur og tenkjer. Difor går vi til store steg for å unngå den "negative jungelradaren" som detekterar nesten før vi sjølv gjer det, at vi drit oss ut. Og så startar møllesteinen som drivast av alle som lir av same sjuka, eit patologisk behov for bekrefting. SLADDER!

Det er det vi alle bekymrar oss mest for, kva seier andre om oss når vi ikkje er tilstades. Albert Einstein sa "Prøv ikkje å bli vellukka, prøv heller å bli et verdifullt menneske". I det forstår eg, at jobbar kvar av oss med oss sjølve, så kjem resten av seg sjølv. Skal vi bli eit verdifullt menneske så gjer vi for andre, ikkje snakkar om dei. Og vi er der for dei, ikkje handlar mot dei. På denne måten er der nokon i andre enden når vi har behov for, og tør, strekke ut ei hand, og sei - Hjelp meg, dette klarar eg ikkje sjølv.

Og dette mine vener, trur eg vi alle må trene på. Ikkje ein av oss trur eg, klarar å berre slå på ein brytar som endrar dette i oss sjølve. Når nokon av våre kjære havnar på Post 2, så vil vi tenke, og fundere på kva svakheit dette er? Det gjer vi som står utanfor, og det gjer iallefall den som sit inne på Post 2. Tør å tenke det, for då kan vi jobbe med det. Ved å tenke det utenkelege -  endrar vi haldningane våre.

Då eg sat på besøk i går, overraska eg meg sjølv over å felle nokre tårer. Dei kom like overraskande på meg, som på den eg besøkte. Det var ikkje svakheit som fekk meg å gråte, ikkje fortviling eller redsle. Det var det overdeldande i styrken og klokskapen til den eg sat hos - som rett og slett var så vakker, at tårene byrja å renne. Sjølvinnsikt er det vakraste som fins - så oppfordringa mi i dag er:

                                          Bli vakker!

Albert Einstein sa mange ting - og eg lånar eit ordtak til i dag. Tenk over det - og gjer noko med det!

Verda er ein farleg plass å leve. Ikkje på grunn av det onde, men på grunn av dei som ikkje gjer noko med den.




Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar