lørdag 8. november 2014

Inne i ei boble...

Vi var til kontroll på torsdag, då den måtte framskundast grunna forverring av smertene. Medisinane hadde nærast slutta å verke, og då står vi att med ein grå gut, som berre tidvis klarar å komme med sine slåande kommentarar og lure smil. Det gjer så vondt å sjå. Han brekker seg og kastar opp nesten dagleg for tida, og tårene er aldri langt vekke. Hos nokon av oss. No står vi i nye rundar med oppauking av medisinar, reaksjonar på desse som i sin tur fører til nye medisinar for å lindre.

Med denne utviklinga kjenner eg at eg dreg meg inni bobla mi. Der innlemmer eg ingen, tankekøyret er i beveging heile tida, og eg jobber eigentleg med løysingar på eit eller anna problem jamnt. Eg blir distrè og fokusert på ein gong. Då eg kjem i denne tilstanden blir eg veldig sjølvsentrert. Eg håpar dette er ei overlevingsmekanisme, og ikkje kven eg er! Om nokon spør meg om korleis det går, gløymer eg i denne tilstanden å spørje tilbake om korleis livet til den andre er. Eg kjem alltid på det - men som regel altfor seint til å "redde ansikt." Eg kan komme på det etter eg er komme heim att - og skjemmast alltid då, fordi vedkommande har synt meg omsorg - uten at eg har gjengjeldt denne på skikkeleg måte. Det gjer meg flau. Eg vil på denne måten så inderleg be om orsaking for slik dårleg oppførsel. Eg er oppdregen betre, men er for tida så sliten av å heile tida vere på vakt for endring, og sliten av å vere redd.

 Redsle er ein tilstand som også har eit føremål. Anna enn å tappe deg for energi, meiner eg. Pulsen din sler raskare, og kvar ein fiber i kroppen din kjennast elektrisk. Dette er fordi forsvarsmekanismane dine er slått på for fullt - og for at om ein trugande situasjon oppstår, så skal du klare å reagere kjapt, for å bevare lekamen sin noverande tilstand. Til dømes om du går på ein mørk veg, og du blir redd for at nokon skal komme etter deg, då sler dette systemet inn, slik at du skal kunne aktivere flukt-responsen din kvikt om det skulle bli nødvendig. Dette er rein fysiologi og biologi.

Men kva skjer med deg når denne tilstanden blir meir normal enn ikkje? Når nærmar ein seg rein angst - og korleis skiljer vi denne frå vanleg og sunn redsle? Dette er tankar eg har gjort meg dei siste månadane. Og eg trur eg vandrar i sfæra til begge delar. Enkelte dagar er ein meir innom det eine, enn det andre. Og eg innser at eg blir "kortsynt" i desse ulike fasane. Då er det vanskeleg å syne omsorg for andre, og kor rart det enn høyrast, så blir det vanskeleg å ta imot omsorg frå andre også.

Som oftast tek eg ein dag om gongen. Dei verste dagane, som tidlegare i veka, er eg nede på ein time om gongen, fordi det kjennast ut som om at du ikkje kjem til å klare meir enn akkurat denne timen. Det syner seg at det gjer du! Ein fokuserer - tek imot, og kastar ut att. Gang på gang. I dag kor Elias har ein betre dag, då tenkjer eg på morgon dagen. Blir den bra også? Får han meir reaksjon på medisinane slik at vi må slutte på dei? Eller legge til endå fleire medikament? Så ringer eg barneavdelinga då eg blir usikker. Eg konfererar med dei - og før det er gått to timar, har eg ein hyggeleg og forståelsesfull lege på tråden. Som lyttar, beroligar og gjer råd. Så klarar vi ein dag til! Anten den blir god eller dårleg.

Forhåpentleg blir eg då også meir omsorgsfull  - slik at eg klarar å vise interesse for andre sitt velvere også - og klarar å spørje korleis dei har det. Men det slepp innimellom, og det er eg lei meg for! Veggane i bobla mi blir for tjukke, men eg jobbar med det!

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar