tirsdag 4. november 2014

Du skal få ein dag i morgon ...

Så sit vi her igjen - smertene hans er uhandterlege, det kjennast nærast som eg har blylodd festa til kvar ryggvirvel - og det kjennast litt tyngre å puste enn vanleg. Dette er ei kjensle som etterkvart skulle blitt ein fylgjesven eg etterkvart lærte meg å takle godt. Men kjensla kjennast like tung som vanleg.

Elias klarte berre ein time på skulen, før smertene auka til det sjeldne punktet kor tårene byrjar å renne. Då måtte eg opp å hente han.Vi har fått oss ein ny favorittsang, Elias og eg - "I feel good" av James Brown. Den kom på radioen i går då vi var på veg til skulen, og Elias byrja å le, mens han kommenterte kor godt musikken passa anledninga. I dag på veg til skulen, kom ikkje songen, noko Elias og kommenterte. "Vel", svarte eg, "du får berre nynne den inni deg." Då telefonen frå lærar kom, hev eg meg rundt å reiste opp på skulen for å hente han.

Guten var tung i stega der han kom mot bilen, og såg så lei seg ut at klumpen i halsen spratt opp, lik korken på ei sjampanjeflaske. Eg gav han ein klem då han kom inn i bilen, og sa at han ikkje måtte vere lei seg. Trass alt hadde han jo komme seg opp på skulen i dag og. Men han var så lei seg at ei lita tåre sneik seg nedover kinnet hans. Eg tørka den bort, samstundes som eg svalde hardt, kremta litt og sa: "Kjem ein ny dag i morra! Då går det sikkert mykje betre." I det same eg sa det, høyrde vi James Brown ta i på rasdioen att, det var som om Radio Norge høyrde samtala vår. Eg skunda meg å skru opp lyden, akkurat i same sekundet som både eg og Elias starta å le. Heile vegen heim sang vi så det skralla i bilen!

Eg tenkte i mitt stille sinn at eg må få fatt i ein cd med denne songen på. Humørskiftet hans var så momentant, at hadde eg ikkje vore rett ved sida av han, hadde eg ikkje trudd det skjedde. Heime i stova kryp han saman inni Harry Potter- kappa si, mens han lukker seg inne i verda på Hagworth. Humøret hans vart effektivt snudd frå fortviling til latter av ein song. Skulle ynskje det var like lett å finne att håpet mitt. Eg veit at han har det så bra som eg har det, og difor må eg finne ein måte å tole litt til eg og.

Då eg gjer han smertelinjalen då vi kjem heim, stopper den på 8. Eg tuslar på kjøkenet for å finne medisin, og innser at i dag må vi bake. Mykje og søtt! Sangen som surrar inne i hovudet mitt, er "Du skal få ein dag i morgon". Og eg tenker - vi går for den!



Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar