tirsdag 18. november 2014

Avmakt..

Dette er eit finurleg ord. Avmakt. Engelsk-norsk ordbok overset dette "powerlessness". Igjen er det engelske språket flinkare å setje ord på ting, enn det norske. Avmakt! Eit lite ord på 6 bokstavar - når det står slik kjennast det nesten smått og ubetydeleg. Lik den kjensla som veks innvendig. Eg kjenner meg lita og kraftlaus. Det er som om eg ikkje synast - som om eg krympar. Eit lite ord som rommar så mykje.

Ordet står som eit lite svart hol, som sug til seg all energi. Som sluken i vasken idet den tømmer siste rest av vatn. Rett før det er tomt sviv spiralen fortare og fortare. Til sist kjem ein gutteral, rallande lyd - idet siste dråpane tømmer seg. Så er det tomt. Berre den tomme skinnande vasken blenker i stilla. Tomt....hult...blankt.

Som den svarte, tunge søvnen - som lokkar seg rundt deg. Omsluttande og stille. Pakkar deg inn som i den lunaste, tjukkaste dundyne. Held deg fast, tillet deg å kvile. Avmakta bur der! Den bedøvar deg, OG styrkar deg. Som ein lun og stille klem. Fast og langsom. Tett og sterk!

Avmakt! Slik den står der - ein tornado av kjensler. Vekslande - forvirrande. Bedøvande som eit smertestillande medikament. Makt - avmakt, styrke og svakheit. Lik eit vakum - lett, men
voldsom. Og ei støyande stillheit.

Håp - fortviling, skiftar raskt som ein stormvind. Kastar deg frå side til side. Rystande og smertefullt. Eit augeblikk er håpet så sterkt du formeleg smakar sødmen, det neste et fortvilinga deg innanfrå. Tungt energiarbeid som krev alt du er god for. Igjen og igjen.

Lengselen slit i deg. Vrir og knyt seg, igjen og igjen. Rytmisk og taktfast, lik ei bølge som slår mot land. Den trekk seg tilbake med løfte om eit snarleg gjensyn. Så - når du ventar lengselen, håpar på håpet - då dukkar avmakta opp att. Som eit svik, eit stille løfte om uoppretteleg tristheit. Den sler rot i sjela - lager arr som ikkje let seg viskast ut.

Er det lov å hoppe av?

"Nei, du må bli - du må tole," kviskrar det i krokane. Du kan ikkje anna...

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar