onsdag 28. januar 2015

Sorg...

I dag er det ein ny eitt-årsmarkering. 28.januar 2014 døydde Ola, far til Torbjørn, i heimen på Sande, og ein grunnpilar reiste vidare. Torbjørn hadde bursdag i går, og vi trudde i fjor at livet ebba ut på denne dagen, men på sin eigen unike måte utsette Ola avskjeden til dagen etter. Både eg og Torbjørn opplevde at dette var eit val. Eit val gjort i omsorg og kjærleik, og for å ikkje merke ein lukkedag dag med sorg. For slik var far til Torbjørn, han sat alle føre sine eigne behov. Og det kjendes som at det var det han gjorde også denne gong, i eit av livets mest sjelsettande augeblikk.

I dag tenner eg lys, og feirar livet til ein mann som sette store spor etter seg, både som familiemann og som ein del av ei bygd. Sorga var - og er fortsatt stor - men han etterlet seg 3 sonar, som alle på kvar sitt vis representerar same visdom, hjarterom og omsorg som faren. Når ein oppheld seg saman med dei, får ein lynglimt frå faren i kvar og ein av dei. Den lune roa, omsorga, humoren og den enorme arbeidskapasiteten hans, er gjenspegla i ulik grad i alle tre.

Sorg har blitt ein stor del av livet vårt. Og det er vel slik det skal vere. Den tek stor plass, og eg kjenner meg takksam for at sorga er stor, for det tyder på at vi har levd livet godt. Vi har så mykje kjærleik i liva våre, at den bunnlause sorga rommar stor del av oss. Og for kvar sorg ligg stor kunnskap. Vi "smakar" på tomrommet etter den som er borte, og det set eit arr som syner kor stor del av livet vårt som har romma den avlidne. Sorg er eigentleg ein vakker, naturleg og kvardagsleg gjerning. Eg skriv gjerning, fordi sorg ikkje er passiv, men den mest energikrevjande øvinga av alle. I  dei første periodane er den altoppslukande, som januarmørket - men antek etterkvart forma til pulsslaga dine. Noko som er der heile tida, men som ein i kvardagen ikkje merkar særleg, før ein anstreng seg. Då veks den, tek litt over og gjer deg anpusten. Sorga er nødvendig og livgjevande. Du endrar synet på livet, og blir meir gjennomtenkt. Kvardagen er brått ikkje sjølvsagt, men du får plutseleg ei fornemming av korleis verda kan vere utan deg i den.

Dette siste året har bringa nye sorger. Vi miste yngste bror til ho mamma, etter at han først miste kontrollen og tryggheita i kvardagen sin. Å sjå andre ein bryr seg om, streve med livet og helsa gjev og sorg. Og då han døydde - sjølv om vi det siste året var forberedt på at det var ein mulegheit - kom døden også overraskande uventa! Uansett kor ofte ein tenker tanken på døden, så kjem den som eit sjokk. Men denne gangen fekk eg ein tanke om at no er der snart så mange kjære på andre sida av livet, at ein etterkvart kan sleppe litt redsla for døden. Det er ei merkeleg trøyst i det. Sjølv om ein fortsatt er redd for å miste livet - så er døden kanskje litt mindre skremmande?

Sorg over tap av helse og meistring har også prega kvardagen vår. Det å sjå ein livsglad og aktiv gut, bli ein skugge av seg sjølv har vore sjelsettande. Maktesløysa i å ikkje kunne beskytte og helbrede har vore overveldande! Han mista storparten av det livet han kjende, og mammahjartet har grått fossefall. Raseriet har bølga, tyngre enn nokon tsunami. Eg har alltid trudd at eg ville stille meg på det høgste fjell å brøle, ved den minste urett mot mine barn - men eg fekk lære det annleis. Dess meir avmakta over eit tungrodd system har truffe kvardagen vår - dess meir introvert har mammahjartet blitt. "Kva kan eg endre med meg og mi framferd for å oppnå best mogeleg resultat for mitt barn?" "Kva kan eg gjere annleis for å nå fram med mitt bodskap?" Og eg har grått. Meir, oftare og heftigare enn eg nokon gong har grått. Eg har grått på alle legekontor, eg har grått på sjukehuset, eg har grått på foreldremøter, på Rema, stille for meg sjølv både dag og natt. Og eg har nok ein gong fått bekrefta at biologien vår er slik at jo meir kroppen tappar av ein ressurs - dess meir produserer han av same ressurs.

Eg har alltid meint at mi styrke var å framstå sterk. Sorga har lært meg at å syne seg svak, å tørre å vere det, kan vere ei styrke også. Mitt forhold til mine omgivelsar har blitt sterkare, og eg lever eit sterkare og sannare liv. Det får meg til å tenke at kanskje er sorg ei styrke? Det er i alle fall ein ressurs!

Sorg beriker, styrkar og gjer livet ærligare. Å leve med sorg tvingar ein til å reflektere og å vurdere kva som er viktig og ikkje. Fordi det å sørge, er enormt energikrevjande. Meg har det i alle fall tvunget å ta grep om kva eg vil med livet mitt. Å ikkje kaste vekk tida på å forskjønne livet, men at du bruker kreftene på dei og det som gjer deg krefter.

     Livet handlar ikkje om å vente på at stormen passerer - men  om å lære å danse i regnet.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar