mandag 2. februar 2015

Når du står til haka i dritt - gjeld det ikkje å henge med hovudet...

Eg sit i dag med kaffi i koppen, strikketøyet ved sida av meg med ein bestillingsmarius på pinnane. Elias har reist på skulen, med plan om å prøve ein heil dag. Magen er uroleg, noko den forøvrig har vore dei siste 2 vekene. Ubehag, kvalme og smerter, kjem og går kvar dag. Eg har hovudet bokstaveleg tala i magen, då eg har desse smerteperiodane, livredd for at det skal kulminere i infeksjonsinnleggingane eg hadde då Kayla var nyfødd. I dag er uroa like mykje Elias sitt forsøk på heil skuledag. Elias? Han berre ler og smilar strålande for at vi forsøker.

Rett før Elias drar ut døra, sler han på TV'en, og han fer ut døra i ein virvelvind av smil og latter, døra som smell og ekkoet av "elsker deg!" heng att i lufta. Skal til å slå av TV'en for å sette på litt Kurt på stereoen, då eg blir klar over at det er God Morgen Norge som surrar. Tenker at eg kan høyre nyheitene, før eg slepp Kurt'en til. Eg ser at ein av programleiarane har fått Hedda Kise i sofaen saman med ei anna dame, like lys og fager som Hedda. Så eksploderer ein støyande, hjartevarm latter og tek over all lyd i studioet. Eg blir sugd inn i TV'en av energien til ho som sit mellom programleiaren og Hedda. Bjørg Thorhallsdottir heiter ho.

Då eg begynner å følge med, ser eg at ho promoterer ei bok, Veien til Lykke heiter den, og denne dama vekker verkeleg interessa mi. Først og fremst for den varme, litt støyande latteren hennar. Ho fortell om eit kronglete liv, om stor sorg og voldsomme opplevingar. Så seier ho det som absolutt vekka meg.

Når du står til haka i dritt - så er det ikkje lurt å henge med hovudet!"

Etter denne uttala - så dekkar ho ansiktet sitt med begge hendene, og lagar ein "slafselyd" mens ho mima at ho gnikka ansiktet sitt i den billedlege driten i hakehøgda hennar. Programleiaren blir etter denne mimikken drukna i ein herleg, eksplosiv latter. Full av liv og varme.

Og eg kjenner at eg har eit viktig augeblikk, eit augeblikk av oppklaring og forståing. Hadde eg vore ein teikneseriefigur, så hadde det hengt ei gigantisk lyspære over hovudet mitt! Så enkelt - og så vanskeleg! Det korte intervjuet nærmar seg slutten, og sit å kjenner at eg endeleg har fått løysinga. Heng du med hovudete, druknar du i din eigen drit. Så avrundar sjølvsagt Bjørg Thorhallsdottir med mitt favorittuttrykk, mitt mantra og min leveregel - Enten så går det - eller så går det over!

Ho pratar også om å ikkje fastne på stupebrettet i livet, i redsel for å hoppe. Og eg kjenner at eg kan så totalt identifisere meg med denne filosofien. I livet mitt har eg hoppa, gong på gong. Har eg blitt sittande fast i vanskelege livssituasjonar, så har eg endra den. Eg har skifta jobbar, bustad og forhold. Eg har nekta å bli sittande fast i situasjonar som ikkje har vore gode for meg og min vekst. Eg veit at dette har ført til mykje undring hos andre. Men eg har valgt å halde fast på mi overbevising om kva som har vore godt for meg og mine. Dette førte til mamma sitt favorittsitat: Eg har fleire svigersøner enn eg har døtre. Denne statistikken er det mest eg som har sørga for. Men eg har nekta å leve i beslutningar som har vore meir eller mindre gjennomtenkt, fordi eg var redd for kva omgjevnadane mine tenker. Dette er eg faktisk stolt av. For ikkje å snakke om at eg omsider fann lukka i ein alder av 41.

Denne boka til Bjørg Thorhallsdottir blir publisert i dag, og sjølv om ikkje vi feirar mors- og farsdagar her i huset, må eg sei at denne boka står øverst på ønskelista mi. Ho er både filosof, kunstner og foredragshalder, og eg kjenner at denne dama må eg bli meir "kjent" med. Eg kjenner at ho her forstår meg, og eg kan verkeleg relatere til hennar filosofi.

Så istadenfor å sitte her i dag og vere redd for at telefonen skal ringe med beskjed om at Elias må heim, så legg eg beina på bordet, slår litt meir kaffi i koppen, og vel å nyte tanken på at han verkeleg ønsker å forsøke ein full skuledag i dag. Eg har muligens fått meg ein heil fridag i dag - og kjensla av den vel eg å nyte, så lenge den varer. Uten å vere redd for at den ikkje varer så lenge som eg ynskjer.

Torsdag ettermiddag startar eg i jobb att. Og eg vel å kaste vekk redsla for at dette ikkje let seg gjennomføre, redsla for at eg kjem til å slite meg ut i forsøket på å klare å behalde det eg ønsker å drive med, samtidig med hans rekonvalensens. Eg må løfte blikket, og tørre å hoppe frå dette stupebrettet også.

                                         Enten så går det - eller så går det over!

Dette er guten vi ynskjer å finne att i enden av denne vegen....

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar