onsdag 25. februar 2015

Ein ser flisa i naboen sitt auge - men ikkje bjelken i sitt eige....

Lenge sidan eg har drodla no, hovudet er framleis fullt, men tida strekk dårlegare til. Det kostar krefter å jobbe i fullt ved sida av ein gut som treng rehabilitering, men det går no på eit vis. Men du kor deilig det var å byrje på att. Det var ei rein skjær vitamininnsprøyting. Men eg kjenner at det stel kreftene mine, og det går heilt klart ut over han det ikkje burde gå ut over. For å reparere dette, strikkar eg. Manisk!

Strikking er for meg ei fantastisk øving. Du held hendene opptatt, og i hovudet flyt tankane. Eg sit slik i mi eiga verd, og tenkjer. Strikkinga er rytmisk, gjentagande, og på denne måten får ein bearbeidd ting, lenge og vel. Han eg bur i lag med - let meg vere i fred. Han ser kor høgt skuldrane sit - og respekterer behovet mitt. Gud velsigne den mannen der! Det einaste eg har å klage på, er at eg måtte vente 40 år - før eg traff han!

Så sit eg i stolen min då, i kvart einaste ledige sekund, med spøtet i hendene, og hovudet fullt av tankar, som treng sorterast. I bakgrunnen går som regel TV'en, der nyheiter og tanketomme seriar eltast saman av klirringa av pinnane. Og eg grublar.

Krekar, flytting av AMK-sentral, sosialt mediepress om presentering av "lukke". Dette eltar seg inn i smeltedigelen, og kvernar rundt i hovudet mitt. Krekar og menneskerettar er ord som dukkar opp i same setning, og eg blir nesten lattermild. Det var jammen 2 ord ein aldri skulle tru kunne dukke opp i same setning? Hadde det berre ikkje vore så tragisk, kor mykje pengar som blir brukt på denne latterlege rettsprosessen, så kunne ein ledd - høgt og lenge!

Sentralisering av alle operasjonssentralar, både brann, politi og AMK! For det lærte vi av Utøya, at små einingar har negative forteikn, i større hendingar. Eg tygg litt på det. Kjenner tanken er seig, og motstandsdyktig. Kvifor reagerar eg? Er det fordi det er min arbeidsplass? Er eg redd for å misse jobben? Nei! Eg har fast jobb, eg blir berre skufla rundt i Helse Førde-kabalen. (Har eg nokon påverknad i den prosessen - så ynskjer eg å jobbe i sjukehusparken). Motstanden eg kjenner bevege seg, handlar om kunnskap - eg veit kor lange avstander vi har, kor kjennskap til dei lokale forholda er heilt basale. Det ER ikkje bra å fjerne denne lokalkunnskapen i likninga. Verken når det gjeld politi, brann eller AMK. Men den politiske mølla kvernar berre vidare. Grunngjevnadane er alltid at det ikkje opprinneleg var eigen politisk ide som starta prosessane - peikefingen blir retta frå ein sjølve, mot neste. Uansett kven ein pratar med. Regelen om at alle delane av ein total, har spela ei rolle - gjeld ikkje lengre. Det er den andres ansvar.

Blogging, facebook og snapchat - blir latterleggjort av alle. Sjølv om alle er ein del av det. Reklama for bankane med småsparing frå alle beløp som blir trekt frå bankkortet ditt, latterleggjer den neste generasjon nådelaust. Ei blond jente med store tomme auger, himlar med augene der far kommenterer nytt hår, hundar og spraytankabinett verifiserar haldningane dei middelaldrande har til sine eigne born. Og med dette - seg sjølv! Alle dei unge skal sjå ut på same vis, og foreldregenrasjonen ler - og pratar om uansvarleg curlinggenerasjon. Dagens middag, topptur og skrittellar blir avbilda på facebook, men ingen skryt eller forskjønnar sin eigen situasjon. Det blir sagt at vi ikkje klarar nyte nuet lengre - fordi vi er for opptatt av å legge ut bilete på instagram og FB. Maten blir kald og seig før vi et den - og gleda over turen er avhengig av kor mange likes vi får på dokumenteringa vår.

Strikkepinnane klirrar vidare, tankane raser forbi. Inntrykk landar, og eg tenker - "Nei, må legge ut bilde av siste ferdige prosjekt på pinnane". Siste fekk jo 101 likes. Men eg bryr meg ikkje! Eg "forskjønner" ingenting. Eg berre bloggar om dei viktige tinga i livet. Eg er jo den einaste som er att, av det virkelege og ærlege, tenkjer eg med ei oppgjett mine, der eg sjekkar siste likes'en på bildet mitt i news feeden. Eg er jo ikkje slik - det er berre alle andre som er det!

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar