fredag 2. januar 2015

Å dele ei appelsin...

Så er 2015 ankommet. Dette året bekymrer meg lite, jamført med tidlegare år. Klart er eg spent på kva som ligg foran oss, men ikkje meir enn det. Dagane rundt årsskiftet set ein i eit retrospektivt fokus, og tankane går like mykje bakover som framover.

2014 har vore eit sterkt år. Som dei 2 føregåande. Eg har vakla meir på kanten av mitt eige "stup" enn komforsona mi skulle tilsei var bra. Dette året har eg felt fleire tårer enn eg trudde var mogeleg. Og dette året har eg endra fokus. Har det vore eit dårleg år? Så langt ifra. Men krevjande, det har det vore. Fleire gonger har eg lurt på om det var slik det er idet det rablar fullstendig for meg.

Den fremste kjensla eg har idet eg no gløttar over skuldra mi, er takksemd. Kvar ein time i 2014 er eg takknemleg for. Eg har verkeleg fått rydda på loftet. Sortert ut kva som er viktig, og kva som ikkje er det. Egoet mitt tek sannsynleg akkurat like stor plass som før, men fokuset har skifta.

I 2014 møtte eg mine innerste redsler i "full frontal", og eg måtte forholde meg til at flokken min kunne endre struktur. Det å møte slike redsler, bør gjer noko med sinnet ditt. Eg har for første gong kjent kva eit psykisk kollaps kjennast ut som, og eg fekk kjenne kva avmakt og panikk gjer med hovud og hjarte. Og ikkje minst fekk eg kjenne korleis ein er etter at ein treff kjellargolvet i full kraft. Då er det berre å reise seg opp att og finne nytt fotfeste, børste av seg nederlaget - og fortsette vandringa. Etter ei slik reise, trur eg aldri eg blir den same att!

No kan eg velge å fokusere på svakheita i den mennesklege psyken idet du treff betonggulvet, eller eg kan velge å fokusere på styrka som krevjast i å reise seg att etter fallet. Eg kjenner at desse vala gjer meg audmjuk, og eg kjenner stoltheit. Stoltheit for kva flokken min evner å mobilisere, og stoltheit over kor mykje flokken min har vokst gjennom året.

Ein klok liten magiker fortalte meg ein observasjon han gjorde gjennom året. Han påpeika kor fritt tårene mine har rent dette året, og at eg var sannsynleg den som hadde grått mest i flokken vår, gjennom året som har vore. Kva syns du om tårene mine då? spør eg utan redsle. Eg trur dei har vore viktige, svarar magikeren. Då får du jo laga plass til nye!

Akkurat så enkelt trur eg det er. Ein må sleppe taket - for å lage plass til nytt. Det gjeld tårer, og det gjeld mennesker i flokken din. Ein slepp latteren laus i gode augeblikk, for å lage plass til ny latter. Vi slepp taket i livet, for å lage plass til døden. Kjenslene må sleppast ut, for å lage plass til nye. Det er ikkje nederlag, det er sunn fornuft. Faktisk så sunt at sjølv ein 11-åring skjønar det.

Difor er eg takknemleg for kvart eit utbrot av kjensler, kvart eit skrik om urettvise, og kvar ei tåre eg har felt i 2014. Det er grunna desse eg har innsett kva for eit fantastisk liv eg lever. Året som gjekk har ikkje vore lett, men det har absolutt vore forløysande. Det har lært meg kva som er viktig, og kva slags skattar eg er i besittelse av. I eine enden har flokken min minka litt, men i andre enden veks den. Den har skifta struktur, men verdien i den har auka.

Så kjære 2014 - tusen takk for alt du har brakt på bana. Det har vore naudsynt, og det har gjett meg stor lærdom. Og eg ville ikkje vore den kunnskapen foruten. Kjerna i flokken min, er ein mann som kvar gong han skrellar ei appelsin, alltid tilbyr meg halve. Eg håpar alle har ein slik person i livet sitt. Og mitt ynskje for 2015 er at vi alle tilbyr ei halve av appelsina vi skrellar til nokon som står oss nær. På denne måten blir 2015 eit fantastisk år, både på godt og på vondt!

                               
Ha eit godt år - tilby nokon halve appelsina di!

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar