mandag 19. januar 2015

Kvardagens galskap?

Kjensla av at livet berre rullar sitt eige løp er overveldande for tida. Det kjennast som om det er ingenting av det eg gjer, som får noko innverknad av betyding. Det er ei guffen kjensle.Skulle gjerne sagt at livet var lett, tilfredsstillande og interessant. Men i desse dagane er det ingen av delene.

Framgangen til Elias stoppar opp, smertene er igjen ein konstant i kvardagen. Han er alltid bleik, med svarte skuggar under auga. All framgang, kvar einaste dag, er produsert ved at eg gjer ein eller annan innsats. Motiverer og stimulerer, løfter fram det positive og det kjekke. Men dette krev energi, og energien min er visst vekk.

Det er tungt å stå opp kvar dag, mine plager auker, og energien minkar. Eg slit sjølv med smerter, og bruker smertestillande og betennelsesdempande medisiner kvar dag. Det er eit krav for mitt velbefinnande å vere i fysisk aktivitet kvar dag, og det er viktig for meg å unngå stillesitting. Det siste året har vel innheldt rikeleg av stillesittinga.

Kvardagen er verken gal eller stimulerande i desse dager. Og det er ikkje ok å sei - eg veit det. Men no sit alle i vår kvardag, og ser i min retning. Litt avventande, spørrande, og med ei forventning om at eg har svaret. Eller i det minste eit forslag til eit svar. Og eg? Eg er berre tom.

Fysioterapeuten ser spørrande på meg, kva tenker eg er vegen? No er diagnosane sett, og forventningane om at betringa skal komme, er der. Familien er lei av sjukdom og hensyn, og ser i min retning for at eg skal fikse det. Spesialisten har ikkje lyst å sjå oss i det heile, og igjen fell det på meg å få tak i rette henvisningane og reseptane. Skulen spør meg om korleis eg vil ha det? Jau det skal eg sei deg. Eg vil ha ein unge som er på skulen om dagane - heile dagane - og eg vil at kameratane skal ringe på døra å spørre etter han. Og eg må lage forslag til korleis vekene skal se ut. Og skaffe den rette legeerklæringa, med det rette innhaldet. Det må eg diktere til fastlegen. Heile verda trekk seg litt unna, og forventer at eg skal komme løpande etter dei med fasiten.

I mellomtida ligg Elias her på sofaen med bøkene sine, mest heile veka. No er vi oppe i 5,5 timar på skulen i løpet av ei veke, og det er såvidt det går. For at han skal klare dette, er det opp til meg å passe på at han spiser riktig, at han kviler nok, søv nok og begrenser leik og aktivitet, slik at han klarar desse 5,5 timane.  I tillegg veks pillehaugen, no er vi oppe i 10 tbl pr dag, og det skal fortsatt aukast. Så skal vi samstundes bygge opp kondisjon og uthaldenheit att, og kven er det som må gjer det? Jaudå, det er rett det - det er nok meg.

Og sidan eg "berre" går heime om dagane, så er nok forventninga om at middagen skal både handlast inn og lagast av meg. Sjølv om min kjære aldri seier noko om det ikkje er gjort då han kjem heim, så kjenner eg likevel på at såpass burde eg vel klare?

Alle er lei av situasjonen, ikkje minst eg. Eg er drittlei. Drittlei av å ikkje ha overskot til noko sjølv, drittlei av trang økonomi, og drittlei av at ikkje ting kan ordne seg. Drittlei av smerter, og drittlei av å ikkje komme i mål. Drittlei av å vere heime, og drittlei av å ikkje få til noko. Og i kjølvatnet av alt dette, så snik det seg inn ein tanke. Kva kjem etter dette? Kva blir det neste? Fiksar vi det?

Eg befinn meg så mykje inni mitt eige hovud, inne i mine eigne tankar, at eg i høgste grad er blitt lei meg sjølv. Det i sin tur, fører til at eg blir mindre hyggeleg i periodar, mot stakkaren som bur i lag med meg. Han må forhalde seg til at eg blir sur fordi han går på jobb, og så kan eg faktisk prestere å bli sur då han kjem heim att også. Kva skal ein stakkar gjere? Anna enn å innstille han til Nobels Fredspris for å bu i same hus som meg?!

Dette er blitt eit maraton, der ein må posjonere ut energien.Vi forheld oss til stadig stigning i terrenget. Rett som det er trur vi at vi skimtar toppen - berre for å runde ein sving, kor vi ser at toppen enno er milevis unna. Hadde vi berre visst kor lang maraton vi har meldt oss på?

Kvardagen er så full av småoppgåver som aleine ikkje er noko, men som saman dannar eit majestetisk Himalaya. Difor nyttar det så lite å sei, "Eg er her - berre gje ein lyd om det er noko du treng!" Ein veit rett og slett ikkje kva ein skal gjere med eit slikt utsagn. Det er ein vakker gest - men så totalt unyttig. Då er det kanskje betre å sei "Eg er glad i deg, og ser du har det vanskeleg. Kan ikkje gjere ein drit med det, men eg ser det!"

Eg gler meg til det løsnar att. Vi trudde alt skulle ordne seg med ei diagnose. Men det sette faktisk berre meir press på enkelte delar av situasjonen. Jada, vi anar meir kva medikament vi skal jobbe med - men med diagnosa stig forventningane til verda om betring. Det er som om tålmodet tok slutt, og forventninga om at han skulle bli frisk att auka brått og voldsomt.

Så gler eg meg til å flytte ut av hovudet mitt att. Det er einsamt inne i der. Og jekla kjedeleg. Trur nok eg må endre oppfatninga mi om at eg er interessant. Det er eg ikkje! Eg er sjølvopptatt, narsisistisk og forfengeleg. Ikkje det eg trudde eg skulle sette som eigenskapar på facebookprofilen min. Det skal bli så kjekt å handtere andre sine problem istadenfor våre. Andre sine er så mykje enklare, av ein eller anna grunn.  Kanskje fordi eg ser andre sine problem meir ovanifrå, og har ei klar formeining for kvar grensene går hos andre. Hos meg sjølv berre flyttast dei. Ein liten millimeter kvar dag.

Eg trur det er på høg tid å komme seg på jobb att. Ikkje at eg forstår korleis eg då skal sy saman denne logistikken, men vi finn vel ei løysing.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar