torsdag 15. januar 2015

Ver utålmodig menneske...

Gudane skal vite at eg treng trene på det!

Tålmod er ikkje min "strong suit". Venting kan vere ein god ting....har eg høyrt. Trur ikkje noko på det - men veit at nokre meiner det er eit perspektiv verdt å vurdere. Sjølv er eg flink til å snu negative ting på hovudet, og eg nyttar frasa "ei velsigning i forklednig" ofte til ungdomane i huset. Eg syns det er viktig å poengtere til ungane at av og til - når katastrofa treff ein "full frontal" - så er den beste tilnærminga å stå med rak rygg, takle det som kjem etter beste evne. Det er om å gjere å ikkje misse hovudet, men halde hovudet klart og jobbe seg ut av situasjonen. Når kaoset legg seg, og ein kan ta eit metaperspektiv over situasjonen, så finn ein alltid noko ein kan ta med seg vidare. Noko av verdi, noko som endrar synet og vidvinkelen.

Men tålmodig? Nope!!

Det fører ofte til at eg seier, eller gjer noko eg angrar på. Noko eg på ein eller annan måte må be om orsaking for. Av og til sit orda for langt nede i halsen, og eg forsøker å vise det i staden. Men kanossagangen må gåast.
Henry at the gate of Canossa

I året som har gått, har tålmodet mitt fått strekt seg, kraftig. Det har ikkje vore ein smertefri prosess. Det er formeleg som om eg har hatt veksesmerter. Men du store alpakka og skapar kor mykje eg har lært undervegs, både om veksesmertene, om meg sjølv og omgjevnadane mine. Ein eller annan har sagt noko slikt som at all lærdom verdt å eige, er vanskeleg å gjennomgå. Det stemmer i høgste grad. Men spørsmålet er, har eg blitt meir tålmodig av denne lærdommen?

Eg trudde behovet for tålmod no hadde avtatt, at no kunne vi slappe av litt og berre la ting gå av seg sjølv ei stund. Diagnosa vart sett, behandlingsplan lagt - NO var det verste over. Heldigvis ba eg uttrykkeleg om å få med meg epikrisa frå HUS, slik at eg hadde svart på kvitt kva nevrologen der tenkte. For kva skjer då vi kjem heim? Jau, vi startar opp med medikament nr 1, eg må ta kontakt med legen ved barneavdelinga her for å få bekrefta ein feil eg oppfatter i epikrisa, angåande oppaukinga av medikamentet. Eg får kontakt, og gjev i same åndedrag legen beskjed om at eg ynskjer litt tett kontakt i kommande periode, då vi ser at medikamentet ikkje er så effektivt som vi håpte i forkant. Eg antydar kontakt enten kvar eller annankvar veke. Legen unnviker å svare, og gjev beskjed om at han tek kontakt etter nyttår.

 I mellomtida blir det raskt tydeleg at vi må opp i maks dose på medikamentet, og at dette har effekt. Men ikkje nok. Han har smertefrie periodar kvar dag, i varierande lengd. Vi når maksdose, og eg prøvar nok ein gong får kontakt med legen ved barneavdelinga, som i mellomtida har sendt innkalling til poliklinikk. Til siste veka i januar. Vi når maksdose 4. januar. Og ser heilt klart at dette ikkje er nok. Han klarer 1,5 timar på skulen 3 gonger i veka. Utenom dette er det lite overskot til anna enn 1 time fysisk aktivitet kvar dag. Så byrjar smertene å bli meir langvarige att. Medikament 2 er planlagt, men eg får ikkje tak i legen som skal skrive ut resept. Til slutt tek eg kontakt med fastlegen, som også prøver i 2 dager å få kontakt med barnelegen uten suksess. Han gjer opp, og vel å skrive ut medikamentet sjølv, sidan det er beskrevet både styrke og dose i epikrisen. Så i dag fekk vi starta opp med dette medikamentet.

Eg sat i går og studerte litt på tålmodet mitt, eller rettare sagt mangelen på dette. Kan det vere at eg når det kjem til stykket er for tålmodig? Eg opplevde faktisk at når diagnosane vart sett, og behandlingsplan vart lagt, så stoppa alt opp att. Kva gjer ein då? Alle forventer betring, at alt skal falle på plass att, og heilt ærleg, så må eg jo faktisk innrømme at det trudde eg og! Det einaste legen faktisk heldt på då eg snakka med han i romjula, var bablinga om psykogene reaksjonar etc etc.

Så i går bestemte eg meg for at no skal eg vere utålmodig. Vi brukte storparten av dei 8 månadane i fjor på å vente på at legane i spesialisthelsetenesta skulle tru at der var eit fysisk problem, at no er vi ferdige med å vente! Eg ringte Barneklinikken på Haukeland, og la att beskjed til Dr Flagrefrakk at samhandlinga med FSS ikkje fungerar som den skal, at eg ynskjer at fastlegen i Florø skal ta over oppfølginga av behandlingsplanen. Dr Asif var tvilsom til at vi kunne det, men det kjem eg i alle høve til å be om. Eg har ikkje avbestilt timen på poliklinikken den 26.januar i tilfelle Dr Flagrefrakk ikkje høyrer av seg. For Elias er sjølvsagt "utkvittert" frå hans behandling, og må re-henvisast om vi ikkje kjem i mål med behandlinga han har planlagt. Men om eg møter opp denne dagen, så er det kun for å informere legen der om at vi ikkje lenger ynskjer å vere pasient hos han.

Eg husker samtalen med Dr Flagrefrakk der han understreka kor viktig det var at alle rundt Elias forstod, og var tru mot behandlingsopplegget. Eg skjønar jo at legen som har fulgt oss opp ikkje er einig i mi framstilling av situasjonen, at kjemien ikkje stemmer, men eg kan ikkje sitte å sjå på at Elias si helse blir sinka av at ein lege ikkje er heilt einig i kva spesialisten har bestemt. Sjølv om eg kanskje lurer på om ikkje det er det faktum at epikrisa i klare bokstaver støttar den versjonen eg har hatt av situasjonen, og at alle vurderingane han faktisk gjorde, vart tilbakeviste av Dr Flagrefrakk. Men det skuffer meg, at ikkje kjemifaktoren blir sett i bakre rekke, og at behandlingsplanen hans blir prioritert.

Desverre for mine omgjevnader, har eg nok ein gong fått understreka viktigheita av å av og til vere utålmodig. Men kanskje eg kan få be om orsaking på førehand for alle feilstega eg kjem til å gjere grunna denne utolmidigheita? Bygge opp ein "sorrykvote" liksom? Eller kanskje vi skal kalle det ei førahandsvarsling av alle kanossagongane eg kjem til å få behov for framover!?!

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar